Torsdag 29. Juli 2010
Tor Martin Brekkeflat

Tor Martin Brekkeflat

Nettside adresse: Send på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Det var eigentleg tilfeldigheiter som bragte meg til Tau og Electrocompaniet / WestControl i slutten av april. Men etter eit møte hjå WestControl på føremiddagen, blei det full omvising hjå Electrocompaniet og demonstrasjon av ein del av dei nye produkta deira. Og det kjem mykje spanande frå den kanten no. Her kjem presentasjon av godbitane...

Torsdag 06. April 2006 00:00

Om den lukkelege amatør

Dette er historia om den lukkelege amatørmusikar. Ein som gler seg til alt som har med musikk å gjere, som har musikken som noko av det viktigaste i livet og som ikkje ville bytt det ut med noko anna. Dette er historia om meg.

 

Tirsdag 13. Januar 2004 00:00

Ein jazzists 10 beste plater

Eg fekk for ei stund sidan spørsmål om å skrive ein artikkel med overskrifta ”ein jazzist sine ti beste plater.” Av ulike grunnar blei det ikkje gjort då, men eg skal no gjere eit forsøk. Dette er jo eigentleg ei umogeleg oppgåve, og eg føler meg med eitt plassert i platebutikken til Rob Flemming i Nick Hornby si bok ”High Fidelity.” Der flaug oppgåver med å rangere dei ti beste av det meste (stort sett innan musikk) veggimellom heile tida.

 

Tirsdag 07. Desember 2004 00:00

Den ultimate jule-CD

Jula nærmar seg, og mange av oss skal køyre mange timar i bil for å kome oss heim til familie og vener. Julemusikk frå stereoanlegget er obligatorisk, men svar meg ærleg no: Er det ikkje mykje skvip du høyrer på? Kven er det som har valt ut desse songane...? Er det du eller ein tomsing i eit eller anna plateselskap?

 

Mandag 26. Desember 2005 00:00

Eit minne

Sigurd Køhn, ein av dei fremste jazzsaksofonistane i landet, var ein av dei mange som omkom under flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia 2. juledag i 2004. Det er litt seint med ein nekrolog no, og dette er heller ingen nekrolog. Dette handlar om eit minne om ein saksofonist eg såg opp til, og som eg ved fleire høve har hatt gleda av å høyre live og snakke med.

 

Torsdag 19. Oktober 2006 00:00

Lily Allen - Alright, still...

Kven er det som syklar rundt i London heile dagen fordi purken har teke lappen hennar...? Har du høyrt på radio siste månadene, er det stor sjanse for at du veit svaret. Lily Allen har to singlar som blir spelte mykje for tida. Men skal du kjøpe, kan du like godt ta med heile albumet heim. Dette er nemleg veldig bra!

Fredag 15. September 2006 00:00

Karin Krog og Steve Kuhn - together again [CD]

69 år gamal norsk jazzsongarinne møter 68 år gamal amerikansk jazzpianist. Kva får me då? Får me tidenes partyplate, heftige rytmar, psykedeliske akkordgongar og alternativ instrumentbruk? Nei, me får ikkje det. Men kva får me eigentleg?

 

Mandag 26. Desember 2005 00:00

Sigurd Køhn quartet – This place [CD]

Sigurd Køhn døydde som kjent 2. juledag 2004 då tsunamien overraska han og hundretusenar av andre i Søraust-Asia. Køhn var på velfortent ferie i Thailand med familien sin etter å ha spelt inn plata ”This place” med jazzkvartetten sin. Plata blei gitt ut i haust, og fortener så absolutt ein omtale her.

 

Torsdag 01. Desember 2005 00:00

Jamie Cullum – Catching tales [CD]

Jamie Cullum har klart å vise fleire enn meg at han er ein svært dyktig jazzpianist. Når han i tillegg skriv fengande låtar og arrangement og syng kult, gjer det han til ein av mine favorittartistar for tida. Men sjølv om dei to førre albuma har vore spanande, har eg ikkje heilt følt at Cullum har treft innertiar enno. Klarar han det med sitt nye album, ”Catching tales,” mon tro...?

Mandag 21. November 2005 00:00

Katie Melua – piece by piece [CD]

Eg likte det første albumet til Katie Melua. Enkel og roleg musikk blei toppa av ei vakker og særeigen stemme. Konseptet kunne høyrast kjedeleg ut, men var det ikkje. Eg gledde med difor veldig til album nummer to (”Piece by piece”) skulle kome. Med enno fleire låtar skrivne av Melua sjølv, hadde eg tru på at dette kunne bli eit enno betre album.

Side 1 av 8

Annonser


Banner
Banner