onsdag, 16 juli 2014 07:13

Luxman L-5 integrert forsterkar - Stig Arne si dagbok frå juni 2014

Skrevet av

På slutten av ferien kom eg såpass à jour med ting at eg fekk roa meg ned såpass at eg kunne leika meg litt med stereoanlegget – og testa naboen sin forsterkar medan han var på ferie.

 

 

Naboen sin forsterkar

Naboen i vest har ein Luxman L-5. Eg har sett mykje på denne kvar gong eg har vore på vitjing. Ein fantastisk flott sak, kompakt og tung. Han ser dyr ut – og var det sikkert òg. Men det veit ingen av oss, for naboen fann han i kontaineren til naboen i vest. Altså endå eit hakk vestover. Kva som var i vegen med han? Ein sprengt sikring. Det var det heile. Elles ser han ut som ny, sjølv etter eit dykk i lite gjestmilde omgivnader.

 

Naboen

No har naboen reist på ferie, og eg passar huset og forsterkaren. Me hadde ein avtale om at eg skulle få prøva han når han var vekkreist. Eg var så hissig på han at eg fekk prøvd han ut alt før naboen hadde dratt.

 

Første kvelden gjekk med til avstøving og kontroll med at alt virka, i tillegg til reingjering av alle tilkoplingar og  kontaktar med kontaktspray og piperensar. Andre kvelden var det berre å kopla opp, og å setja på ”Privateering”, med Mark Knopfler. Eg brukar å nytta live jazz til slike testar, men gjorde eit unntak her. Eg er så glad i denne plata, ho har vore på avvegar ei stund, og eg ANTE ikkje kven eg hadde lånt ho vekk til. Men ho kom til rettes. Sidan eg og har fått meg ny CD-spelar sidan sist (meir om det seinare! J) var det ekstra spanande å høyra korleis det læt, for denne plata er ikkje berre nydeleg reint musikalsk, men òg ei oppvising i god lyd. Det må vera den best lydande Knopfler –plata.

 

Ok, eg kopla opp forsterkaren og byrja å spela Mark Knopfler. Eg har googla meg fram til at forsterkaren yter kring 60 watt, og det er såleis ein relativt kraftig sak. Ikkje alle vil vera samd i det, men etter ein lang periode med små og mellomstore radioar frå 70-talet – såkalla receivarar – og diverse Nad 3020 (25 Watt) – høyrer eg at lyden absolutt er kraftig, eg kan skru godt opp, og lyden er høg, kontant og kontrollert, med god kontroll i bassen, og heilt utan ”festkul”, som Knut Vadseth ville kalla det.  Bassen er definitivt meir utsvevande og mindre stram og kontrollert med Nad-en min. Vidare høyrer eg at lyden er rein og detaljert, og at diskanten og er tydeleg tilstades, utan å dominera. Lyden verkar på alle måtar nøytral, frekvensbein og utan eigenkarakter av noko slag. Dei første setningane mine – framleis oppe i hovudet, før eg har byrja å skriva - er ”Dette er ein god forsterkar. Det er ikkje mykje feil her”.

Men du kan ikkje slutta av ei utprøving der. Ingen forsterkarar er like, alle har ulike konstruksjonsløysingar, og ulike komponent er nytta. Det er det som gjer det så spanande. Eg ynskjer å finna ut om denne forsterkaren er betre enn dei eg har (prøvd så langt), sjølvsagt. Me er jo alle ute etter den beste lyden, den flottaste bilen, og den penaste dama. (merk at nokre av oss er meir interessert i godt øl enn flotte bilar). Men seriøst sagt er jobben å finna ut om produsenten har lukkast i å få fram eit produkt som gjer minst mogeleg skade på musikken, slik at du kan ha størst mogeleg utbyte av lyden. Og for å kunne avgjera det, bør du ha gått ein del på konsert, og høyrt ein del god lyd. Noko eg heldigvis har.  

 

Legg meke til den gedigne trafoen.

Likevel tok det meg nesten heile plata å avsløra denne forsterkaren sin ”eigenlyd”. Og det er eit godt teikn. For her er det meste på plass, dvs både bass, diskant og alle dei obligatoriske tinga – men så var det denne hersens mellomtonen, som er så vanskeleg å få perfekt, og som sender audiofile gjennom endelause diskusjonar om kva som er rett – transistor kontra røyr, push-pull kontra single-ended, ditten konstruksjon kontra datten konstruksjon, tilbakekopling, TIM, og så bortetter. For her er eg ikkje hundre prosent nøgd. Lyden er noko ”svart”, med eit snev av hardleik, ei overdriving av dei høgaste, kraftigaste lydane, og ein svak mangel på avstandar bakover i lydbiletet, saman med ein lettare mangel på gjennomsiktigheit og atmosfære. Og alle som har høyrt levande lyd veit at han ikkje er svart, men gyllen, og gjerne høg, men ikkje hard. Slik kan lyden frå L-5 minna litt om Technics-receiveren eg har omtala tidlegare, sjølv om det ikkje er like tydeleg. Nad 3020 har i samanlikning ein mjukare og meir musikalsk mellomtone med mindre betoningar og mindre elektronikk-lyd. Eg fann ikkje eit godt nynorsk  ord for ”betoningar” i farten.

Men alt i alt er Luxman L-5 ein god forsterkar, og avvika frå det perfekte vil vera ubetydelege, og kan hende ikkje-eksisterande,  for alle andre enn hifi-nevrotikarar som meg. Eg skulle ynskje at Nad-en min hadde like god bass, og det er ei sak eg jobbar med. Meir om det seinare ein gong, med andre ord.   

Litt provisorisk oppstilling: Luxman L-5 integrert forsterkar 

 

 

Anna

Det kan sjå ut som om eg har hoppa over april og mai, men det er berre delvis rett. Utførlege notatar om kva eg fann ut og opplevde desse månadane vil koma, dei BURDE jo ha kome før denne reportasjen, men eg berre måtte få ned på ”papiret” kva eg nett har opplevd. Det brann i fingrane.

Så neste gong (artiklar på trappene) vil eg truleg skriva om

 

-CD-spelarar

-plassering av høgtalarar

-IMF Reference Monitor

-eit ”heimebesøk”

-og gjerne andre halvferdige ting; og saker som eg har lova tidlegare.

 

Musikk

Eg var på ikkje mindre enn to konsertar her ein dag, eg høyrte på meisterspelemann Leif Rygg (frå Voss) i Vangskyrkja, der han spelte på ulike hardingfeler og fortalde historier om lydarslåttar og vidgjetne felespelarar. Og kva dei av og til kan stella i stand. Det er ikkje alltid ein høyrer publikum humrar godt i ei kyrkje.

Dette var på dagtid, seinare (på kvelden) høyrde eg den to gongar spelemanns-nominerte folkemusikk-gruppa Earlybird Stringband  spela ei blanding av amerikansk bluegrass og diverse folkemuskikk i puben på Tre Brør på Voss. Den 5-medlemar store gruppa spelte til stor begeistring for dei frammøtte, og måtte fram med ekstranummer før dei fekk gå.

Dei har gjeve ut tre CD-plater.

 

Med "løa" på Store Ringheim som bakgrunn: (frå venstre) meisterspelar Arild Andersen (bass), Signe Lygre Førre (bass), og skiparen av Jazzskulen, John Taylor (saksofon) 

Noko tidlegare på sommaren hadde Jazzskulen på Voss avslutningskonsert, og hadde invitert bassisten Arild Andersen som ”meisterspelar”. Dei vaksnaste elevane på skulen spelar instrumenta sine som profesjonelle, og blandinga av eigne komposisjonar og kjende komposisjonar frå vidgjetne utøvarar var ein fryd å høyra på. Eg har høyrt Arild Andersen på tallause konsertar, men å høyra han her, i fint samspel med dyktige lokale utøvarar, der han høfleg spelar innøvde sekvensar, for så å ta av på slutten, berre for å ”setja standarden”, var ein sann svir. 

 

Konsentrert og intenst samspel mellom Arild Andersen til Høgre og Oda Steinkopf. Konsertlokalet er kjellaren i "løa" på Store Ringheim gjestetun. Legg gjerne merke til flotte utsmykningar på bakveggen. Eit flott lokale med bar og lokale ølsortar. 

 

Ølspalten

Eg har nett smakt ein Hansa ”Her kommer solen”, og det passar fantastisk godt i sommar, for det har ikkje vore anna enn sol på Vestlandet i denne litt tidlege sommarferien min. Det er mogeleg at nokre vil dra litt på smilebandet når ei bergensverksemd talar om sol, men det får så vera. Eg ”testar” normalt ikkje sommarøl, det er jo berre noko tynt skvip for oss som likar litt meir substans i ølet, men ølet frå våre lokale produsentar bør då uansett prøvast ut. Og eg er positivt overraska over dette ølet, og det var eg i fjor og. Eg vil faktisk plassera det framfor både Hansa grøn og blå, og samanlikna det med eit øl Hansa hadde for mange år sidan, nemleg Hansa Lys, eller kva det no var dei kalla det, det var uvanleg aromatisk til å vera ein lys lager. ”Solen” er ein god tørsteslukkar i varmen.

 


Ein god blanding: Frydenlund Bayer for fylde, og litt Hansa IPA for ein fin humlesnert. Jepp, eg blandar dei. 

 

Voss Bryggeri har og eit øl dei kallar «Sommar», og det er eit øl med ein heilt anna substans, som det høver seg eit mikrobryggeri. Her er smaken atskillig meir metta; av malt og humle. Nydeleg. Du får det på Tre Brør i Voss og ikkje så mange andre stader. Eg betalte 75 kr for 0,3 cl. Men det er verd det, for det susar atskillig kraftigare i hovudet etter ein slik øl enn etter ein standard pilsner. Sjekk heimesida, eller ring og få greie på kor du får dette kvalitetsølet, som du absolutt bør prøva.

Biletet, derimot, syner ein kombinasjon eg har nytta mykje i det siste, når eg ikkje har heimabrygg: Frydenlund Bayer og Hansa IPA. Jepp, eg blandar dei. Bayer for fylde, og IPA for ein fin humlesnert i smaken. Berre prøv sjølv!

 

 

Lest 7264 ganger Sist redigert lørdag, 11 april 2020 10:26
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler