mandag, 01 september 2014 18:31

Ein heilt vanleg kveld - Stig Arne si dagbok frå august 2014

Skrevet av

Ein heilt vanleg lyttekveld kan by på både overraskingar og framsteg. Om høgtalarplassering, kablar og pluggar

Dei siste vekene har eg gjort dei siste forbetringane i stereoanlegget mitt. Dvs, sjølvsagt har eg ikkje det. Eit stereoanlegg kan betrast i det endelause, og det vil eg sjølvsagt halda fram med. Nei, eg meiner eit par openlyse forbetringar som skulle vore gjort for lenge sidan, men som eg berre ikkje har fått tid til. Eller gidda. Men i løpet av sumarferien jobba eg opp energi til dette. Eg SKULLE ha jobba i hagen og måla vindaugskarmane, men du veit…

 

Eit langt og godt lytterom med skråtak
Eit langt og godt lytterom med skråtak

 

Oppstilling

Den fyrste forbetringa var ei betre oppstilling av høgtalarane. Etter mykje eksperimentering står dei no tettare enn dei gjorde, og førte til at eg fekk mykje betre ”substans” i lyden, og mykje meir kraft i midten av lydbiletet. Samstundes sit eg lengre bak enn eg brukar å gjera, og dette gjev mykje meir atmosfære. Meir om dette i ein eigen artikkel.

 

Høgtalarkablar

Den andre forbetringa var at eg bytte høgtalarkablar. Eg er tilhengjar av enklast moglege kablar, og helst einskilt-leiar (single-core). Det vil seia ein einaste (tjukk) leiar, i motsetnad til kablar med mange og tynne leiarar. Dette gjeld både signalkablar og høgtalarkablar. Overgongen frå ”multi-core” leiarar, som eg har nytta i det siste, av di eg ikkje hadde noko anna sist eg dreiv med oppkopling, og til einskilt-leiar, var dramatisk. Dvs. MYKJE større enn eg rekna med. Eg har korrekturlesaren min som vitne på det. Men dette skal og verta ein eigen artikkel.



Bulltetplugg

Lytte-aleine-fest

Då er me endeleg framme til ”den heilt vanlege kvelden”. Siste forbetring: Å byta pluggar i leidningen frå CD-spelaren til forsterkaren. Den eine enden av denne signalkabelen (fono-kabel eller Phono cable) har Bullet Plug, slik eg nyttar i alle signalkablar, men den andre enden har Monster-pluggar. Eg har tydelegvis gått tom for Bullit då eg lodda denne kabelen, og det var på tide å byta. Eg har tidlegare samanlikna Bullet-pluggen med nær sagt alle andre pluggar, i alle fall svært mange, og konkludert med at Bullet-pluggen var overlegen reint lydmessig – avdi han er enkel og logisk i konstruksjonen, med eit godt grep og eit minimum av metall. Eg har skrive om dette for mange år sidan, i anten Fidelity eller Audio Video. Eg var difor aldri i tvil om at bytet ville føra til betre lyd. Men ein skal aldri vera sikker, og aldri ta ting ”for gitt”. Så dermed vart det standard prosedyre: Fyrst lytta med leidningen slik han var, så lodda om til Bullet, og så lytta att. Eg tenkte at det var litt i overkant å nytta ein heil kveld til dette, sidan det berre var tale om å byta pluggar i eine enden av ein kabel. Det får vera grenser for kva ein høyrer skilnad på! Eg var litt usikker på kva musikk eg ville nytta til ”testen”, men styrte etter lyst-prinsippet og sette på ei plate eg ikkje hadde høyrt på lenge, nemleg ”Kill to get crimson” med Mark Knopfler. Eg høyrte gjennom praktisk tala heile plata, slik eg brukar gjera, for å få eit sikkert grep om lyden frå plata, før eg drog ut leidningen for lodding. Eg tok meg god tid med loddinga, for eg veit at om eg stressar, og skundar meg, er eg ein dårlegare lyttar. Så sjølv om dette tok litt tid, var eg roleg og konsentrert når eg starta lyttinga att, og hugsa veldig godt kva eg hadde høyrt ein liten time tidlegare; inklusive påfyll av drykk.

Normalt startar ein lyttinga på litt lågt nivå, for så å jobba seg opp til litt høgare nivå, etterkvart som øyregangane ”mjuknar opp”. Når ein startar lyttinga på ny, kan ein ikkje byrja att på same nivå, det vert eit litt for stort sjokk for øyrene og leverposteien i mellom. Difor byrja eg litt lågt, og skrur opp etterkvart. Men det er visst at alle samanlikningar bør gå føre seg på same nivå, difor noterte eg nøye kvar volumkontrollen stod før eg skrudde ned for lodding.

Eg lytta med seinka skuldrer. Dette var trass i alt ikkje ein viktig test - eg skulle ikkje skriva ein lang test om pluggar. Eg skulle berre dobbeltsjekka det eg trudde eg visste frå før, samstundes som eg hygga meg med god musikk og ei god øl. Likevel er det viktig å stille med ope sinn, og nettopp av di eg var mottakeleg for kva som måtte kome, vart eg overraska. Det første eg la merke til, sjølv på lågt nivå, var ein større detaljrikdom. Dogget på ruta var dunsta vekk, og musikken sto tydelegare fram, heile vegen frå den djupaste bassen til diskanten. Eg var ikkje i tvil. Eg trengde ikkje nytta hjernekraft for å innbilla meg det. Så gjekk eg fram til anlegget for å skru opp til det nivået eg hadde før bytet, og vart sjokkert over å sjå at nivået var NESTEN like høgt som det var før bytet, sjølv om eg oppfatta det som lågt. Etter oppskruing oppfatta eg framleis nivået som lågt. Dette kan tolkast på fleire måtar, men eg oppfattar det slik at ein del forvrenging forsvann. Etter dette skrudde eg godt opp, og nytte klar og høg musikk slik eg aldri har gjort det før med dette anlegget.

 

Bulltetplugg

Presisjon

Men dette var ikkje det einaste eg oppdaga eller oppnådde denne kvelden. Under den innleiande lyttinga høyrde eg at eg hadde litt meir nivå i venstre enn høgre kanal, og dette irriterte meg. Så kom eg til å tenkja på at eg hadde dulta borti høgre høgtalar tidlegare på kvelden då eg retta på teppet, og oppdaga ”til min store skrekk” at denne hadde vorte skubba eit par cm bak. Etter at eg trekte høgtalaren fram til merket sitt att, forsvann denne ubalansen. Hugs dette, neste gong du tykkje kanalbalansen er skeiv: sjekk om begge høgtalarane står like langt framme. Eg skal seinare forklare ein veldig enkel måte å måle dette opp på, for du kan ikkje alltid lita på avstanden frå bakveggen. Både veggar og lister kan vera skeive. Hugs dessutan at den eine høgtalaren kan spela marginalt høgare enn den andre, grunna produksjonstoleransar. Om du ikkje kjem i mål kan du difor prøva å byta om på venstre og høgre høgtalar.

 

 

Best utan pute! NB høgtalaren står ikkje fullt så nær peisen som biletet gjev inntrykk av. Men det er nok best å flytta han når eg fyrer i peisen med gran. 

Demping

Tredje og siste oppdaginga denne kvelden: Den høgre høgtalaren står farleg nær peisen, som diverre står litt i vegen for høgre høgtalaren. Denne har irregulær form (sjå biletet). Eg har difor brukt å ha ei pute inni dette holrommet, for å dempa eventuelle resonansar. Under den innleiande spelinga fjerna eg denne puta, berre for å sjekka om det skjedde noko (sidan eg no har høgtalaren LITT lengre i frå peisen enn tidlegare). Og det gjorde det. Bassen og stereoperspektivet klarna og vart stramma opp. Eg burde skjønt det. Eg har høyrt før at høgtalarane bør stå mest mogeleg fritt, utan dempematerial nær ved. Om det ikkje er likt på begge sider i alle fall. Eg har framleis ikkje symmetri til sides for høgtalarane, men har likevel jobba med å få det mest mogleg likt, og sidan høgtalarane no står tettare saman enn før, dvs lengre frå sideveggane, har eg minimert dette problemet så godt eg kan.

 

Med demping (pute)

Til slutt: korleis kan eg høyre slike små skilnader so godt? Det er ikkje av di eg har noko betre høyrsel enn andre, snarare tvert i mot, som den halvdøve og godt vaksne mannen eg etterkvart har vorte. Ikkje har eg noko betre anlegg enn andre heller, eg hadde nær sagt ”tvert i mot” her og. Nei, det skuldast heilt andre ting: Å optimalisera bruken av det ein har. Eg er så heldig å ha eit stort lytterom no, med lang avstand mellom høgtalarar og bakvegg, slik at lydbiletet verkeleg får breie seg ut. Det er og høgt til taket, som attpåtil er skrått, slik at eg er lite plaga med resonansar. Eg kan difor analysera lydbiletet mykje betre enn tidlegare.

 

 

Ja eg veit, dette kjem hulter til bulter, det var heilt andre artiklar eg har lova å skriva, men eg ville skriva dette siste før eg gløymde det. Dei lovde artiklane har eg jo alt halvveges gløymt, så dei tek det litt lengre tid å skriva ut. Men det kjem.

 

Stig Arne    

 

 

 
Lest 6348 ganger Sist redigert lørdag, 21 desember 2019 09:22
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler