fredag, 23 januar 2026 19:25

Tandberg Sølvsuper 12 mot Croft Series 3R OTL – Stig Arne si dagbok januar 2026 Spesial

Skrevet av

Ein meir usannsynleg samanlikning kan vanskeleg tenkjast. Ein gamal billeg Tandberg-radio, nærast som ein hushaldningsartikkel å rekna, mot ein high-end rørforsterkar av uvanleg konstruksjon. Sidan Croft-en er ein rein effektforsterkar, har eg kopla han opp mot Electrocompaniet Pre 2 forforsterkar, ikkje av di det er den einaste eg har, eller den som passar best kva veit eg, men av di det har synt seg å fungera greitt, og at han har inngang for både MM og MC, og det er jo pokker so praktisk. Eg har diverre ingen Croft forforsterkar, men skulle ynskja eg hadde, etter effektforsterkaren sine prestasjonar å døma.   

Tandberg

Men likskapar finst. Dei er begge gamle. Sølvsuper 12 er frå kring 1977, og frå den rimelege serien, medan dei meir eksklusive og dyrare modellane bar tilnamnet Huldra. Eg har lytta til mange frå begge seriane, og framleis er det denne eg so langt likar best. Du kan lesa meir om han alt i oktober -24, men det var før eg hadde modifisert han, ved å kopla vekk den permanente loudnessen. Klypp av dei to leidningane som er lodda på toppen av volumpotensiometeret. Det er såre enkelt, og klarar du ikkje det, skal du aldri opna dekselet på eit elektronikkapparat. Den modifiserte versjonen, slik denne også er, er omtala i juni -25 og litt i juli. 

Croft

Engelske Croft vart skipa av Glenn Croft, ein mann eg gjerne skulle hatt høve til å ringja eller vitja i dag, for å få eit betre oversyn over dei mange for- og effektforsterkarane han laga frå 70/80-talet og fram til han døydde i 2021. Det var ei lita verksemd, men Glenn er uansett ei legende, slik han lagde enkle og rimelege produkt med utsøkt lyd. Fyrst med røyr, seinare også hybride modellar. Særskilt godt likar eg dei eldste med enkle kabinett utan omsyn til utsjånaden. Innmaten var alltid perfekt og ryddig, og alltid med punkt-til-punkt lodding; aldri printkort. Men eg har på ingen måte oversyn over alle modellane, sjølv om eg brukte ein heil kveld til å googla. Takk til Lars Tørressen i Bergen for informasjon og bilete han tok av innmaten medan han sjekka at alt fungerte. Utgangsrøyra er 6as7 dobbelt-triode, same som Atma-Sphere nyttar.  

Sjeldan rase ja, men det finst og andre OTL-forsterkarar. Fyrst ute var truleg Futterman. Andre var N Y Audio Labs, og av dagens finst Graaf og Atma-Sphere. Sistnemnde er ein avansert konstruksjon der utgangskondensatoren er eliminert. 

Konstruksjon Tandberg

Sølvsuperen er ein heller enkel og gamaldags konstruksjon med transistorar. Han er ikkje DC-kopla, og har kondensator på utgangen. Det har Croft og, meir om den under. Han yter kring 22 watt i 4 Ohm, vel halvparten i 8, men spelar uansett omlag like høgt som alle andre forsterkarar eg har rundt 20 watt - og det gjeld alt mellom Electrocompaniet 25W og NAD 3020, via ein heil stabel Tandberg. Men her gjeld det å ikkje ha fordommar. Det er lyden som tel, og gjett om eg har brukt ein del timar i tronestolen for å finna ut korleis desse apparata spelar. Eg trur ingenting, eg finn ut. Det er skilnaden på religion og vitskap. Og me minner nok ein gong om at denne forsterkaren er “tukla med”, og spelar langt betre enn originalversjonen. Reparatøren min har godkjent "modifikasjonen”, det var faktisk han som anbefalte han, og andre modifikasjonar er ikkje gjort, sidan dei like ofte gjer apparatet dårlegare som betre, om ein ikkje er verkeleg ekspert på området.

Konstruksjon Croft

Denne krev ein litt grundigare gjennomgang. Det er ein rørforsterkar, men ingen vanleg slik. Han har ingen utgangstransformator, difor påskrifta OTL - Output Transformer Less. Rør har høg utgangsimpedans, og kan ikkje utan vidare driva høgtalarar kring 8 Ohm, som er industristandarden i dag. Transformatoren transformerer spenninga ned til nokre få Ohm, men han påverkar bassen negativt. Det er ei kjend sak. Eg har aldri likt bassen frå vanlege røyrforsterkarar generelt, det var nok medverkande til at eg på eit tidspunkt gjekk over til transistorforsterkarar. Dei er dessutan mindre, lettare og billegare. Og har betre bass, av di transistorane ikkje treng transformator for å driva høgtalarane. Dei har naturleg låg utgangsimpedans. Slik vart verda transistorisert.  

OTL

For at ein OTL-forsterkar skal kunne driva høgtalarane utan transformator, er fleire rør kopla i parallell for å bringa impedansen ned til akseptabelt nivå. Dette gjer forsterkarane store, og varme. I dette landet er det siste nærast som ein fordel å rekna, men det vert mange røyr å byta ut når dei har tent si tid, og det er vel ein av årsakene til at det er den vanlege varianten med transformator som rår grunnen i dag. Men det er ingen grunn til å ikkje finna ut kva ein OTL-forsterkar er god for i dag, i alle fall ikkje når eg hadde ein slik ståande i kjellaren. Det er rett nok Stig Inge sin, kjøpt her i landet, men grunna vekt og storleik finst det ingen umiddelbare planar om å frakta han til Japan, difor er han no “vår”! Slik som mykje annan utstyr me har i lag. 

LYD

Transistoren har forlengst konkurrert ut røyra grunna effektivitet og kost. Men det tyder ikkje at han let betre til bruk i ein forsterkar. I eit lesarbrev i eit hifi-blad skreiv ein teknisk kyndig at det er ingen forsterkande element som har større bandbreidde og mindre forvrenging - utan tilbakekopling - enn trioderøyr. Han vart ikkje motsagt av redaktøren, som og er teknisk kyndig. Og medan Tandberg Sølvsuper 12 spelar veldig godt, er det ikkje tvil om at Croft 3R tek mellomtonen til eit nytt nivå. Sjeldan har eg høyrt ein mellomtone som er so mjuk, so glatt, so fri for forvrenging som dette. Levande, umiddelbar, open og heilt utan den mekaniske lyden som pregar so mange andre. Stemmer er ei openberring. Eg går tom for adjektiv. Eg har lytta til Inger Marie Gundersen, Cassandra Wilson og mange andre, alle opptak i verdsklasse. Det er med menneskestemmer du kan skilja klinten frå kveiten, gjerne damer - mor di si stemme er den fyrste vokalen du høyrer i livet ditt. Du tek ikkje feil av denne. Eg har ikkje funne betre forsterkarar i huset, so denne vert ståande. Alt anna høyrest kunstig og mekanisk ut. Er eg no brått vorten fanatisk tilhengar av røyrforsterkarar? Me får sjå.  

Er alt dimed berre fryd og gaman? Nesten, men ikkje heilt. Røyr må bytast og kostar pengar. Det gjer meg lettare nervøs. Effekten er svak, eg tippar 15-20 watt, trass i den fysiske storleiken. Det er akkurat nok, men ikkje meir heller. Importøren i Noreg, Vidar Sonesen i Audio Art i Treungen, Telemarksområdet, seier seg samd. Han importerte to Croft 3R, denne kan vera den eine. Den andre må gjerne høyra frå seg!

Trass i liten effekt er bassen presis og utan lyte. Nivået er perfekt, medan andre lett kan overdriva. Ingen imponatoreffekt her, berre klår, open og presis lyd gjennom heile registeret.   

Forsterkaren likar truleg best høgtalarar med 8 Ohms motstand eller meir. Og det skal leggjast til at utgangskondensatoren og er eit naudsynleg vonde, akkurat som utgangstrafoen er. Men han øydelegg ikkje bassen i same grad, tvert i mot, sidan han filtrerer vekk den aller djupeste bassen. Dermed treng ikkje forsterkaren bruka krefter på å pumpa ut denne. 

Konklusjon?

På same måten som eg har vorte tvinga til å omvurdera CD-spelaren att, i konkurranse med strøyming, vert eg no nøydd til å vurdera røyrforsterkaren att som eit alternativ til transistorforsterkaren, OTL eller ikkje. Dette hadde eg ikkje rekna med. Ingen av delene. 

PS.

Eg varsla i desember at januar skulle verta ei oppsummering av året som gjekk. Men det framstod som keisamt - eller kjedeleg, for dei som ikkje ferdast på vestlandet - når eg har andre og meir aktuelle prosjekt å skriva om. Som og varsla, ølspalta går ut denne månaden, men kjem att.        

 

Lest 770 ganger Sist redigert lørdag, 24 januar 2026 13:35
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler