fredag, 20 februar 2026 11:20

6 CD-spelarar - Stig Arne si dagbok februar 2026 Spesial

Skrevet av

Du tenkjer sikkert som eg gjorde for litt sidan, at ingen er interesserte i CD-spelarar lenger, alle strøymer no. Men, som me har forklart tidlegare, eg leitte fram og prøvde nokre CD-spelarar for ein interessert, og vart sjokkert over at resultatet var betre enn strøyming. Har me vant oss til dårleg lyd?

No har eg har kopla opp det meste eg har av CD-spelarar for tida, for å finna ut kven av dei eg likar best. For intet anlegg er komplett utan ein CD-spelar. Kva skal me elles med alle CD-platene? Spel og nyt. Det vert ikkje betre enn dette! Viss du ikkje har ein god platespelar og en god pickup då, vel og merke. Men det skal me nok koma attende til. Eg gjekk inn i ei boble og prøvde ut ikkje mindre enn seks spelarar fortløpande i laupet av nokre dagar. Dagane går som ein røyk når ein har da moro. 

Xenon CDH-05F

Eit merke frå Filippinane, men laga i Japan. Han har vore omtala i februar -22, der eg samanlikna han med ein gamal og rimeleg Philips og fekk godt inntrykk av han. Det kjem jo an på kva du samanliknar med. I mars -22 samanlikna me 4 CD-spelarar, deriblant to frå  Harman Kardon, og framleis sto han sin prøve. 

Men ikkje no lenger. Detaljert og med ei viss djupne, men samanlikna med Yamaha er bakgrunnen svart, og lyden mekanisk. Musikken var Mule Varations frå Tom Waits, ei CD-plate som seiast å ha særs god lydkvalitet. Og, det hadde eg nesten gløymt, spelaren vart omtala att i desember -25, der eg forklarar korleis han vart modifisert til det verre, og måtte attendeførast til originalstand. Framleis er han ikkje heilt original, for utgangskondensatorane er fjerna og erstatta med lus. Det skal normalt vera ei forbetring, men eg får snart prøva ein identisk spelar der det ikkje er gjort. Det vert spanande. Tenk om denne no er like god som eg hugsar min var?  

  

Nad CD 512 (1995-1998)

Ein av dei rimelegaste i Nad sitt utval, so det er ikkje grunn til å venta all verda. Men ein skal vera forsiktig med fordomane sine. Sjå berre på Nad 3020. Han har uansett ikkje vore ein killer akkurat, og ser heller ikkje ut som ei filmstjerne. Eg kan ikkje hugsa at han har gjort nemnande inntrykk. Og når eg no skulle gje han ein ny sjanse gjekk plateskuffa ut og inn heilt ukontrollert, og når eg trykte Play nekta han plent å spela, trass i at han har vore til sørvis fleire gonger. Eg har mest lyst til å levera han på returstasjonen med eit “FY! No kan du ha da so godt!”

PS! SMS frå reparatøren: "På den billege NAD-spelaren er laseren defekt og er skrot.” Greit. So er me kvitt den. Godt å få rydda vekk litt. Hadde vore veldig kjipt å selt han, berre for å oppleva at han gjekk i stykker kort tid etterpå. Då skal beløpet betalast attende, og du har ikkje hatt anna enn bask.   

Nad Monitor Series CD 5000 (1988 - 1991)

Denne vart testa i Stereophile i 2017. Eg har hatt han so lenge at eg ikkje anar kvar han kom frå, og det gjeld mykje av utstyret eg har diverre. Han er frå ein litt påkosta serie frå Nad, derav tilnamnet Monitor. Han har spelt godt, fritt etter minnet. Men når han no ikkje spelte på venstre kanalen, på utgangen “fixed", vart eg nøydd til å nytta variable-utgangen, som er digitalt regulert, eg har i alle fall ikkje funne noko potensiometer. I nemnde test las eg at lyden regulerer seg ned til -20dB ved påslag. Det forklarer at eg måtte skru ekstra høgt opp, noko eg ikkje kan gjera noko med, sidan eg ikkje har fjernkontrollen. Digital senking av nivået fører med seg signaltap, og det kan forklara kvifor lyden var noko flatere, særskilt i djupna, enn eg hadde venta. Han får ny runde hjå reparatøren. Om han finn feilen skal eg koma attende med oppdatering. Viss ikkje vert det returstasjonen på denne og.

PS. Feilen er funnen og spelaren er komen i retur. No funkar han slik han skal. rapport vil fylgja.  

 

Yamaha CDX-480 (1994-1995)

Også denne har eg hatt so lenge at eg ikkje anar kvar han kom i frå, heilt til ein kamerat gjorde meg merksam på klistrelappen på baksida, Fretex 7.1.03. Har m.a.o. hatt han i snart eit kvart hundreår. Skal seia tida fyk. Han har gjort teneste på festane me skipa til på jobben sidan eg meiner å hugsa at han ikkje var heilt rein i mellomtonen og ikkje ville bruka han heime. Eg skjønar no at det mest sannsynleg var forsterkaren sin feil. Ein venleg kollega tok han med seg frå lageret på jobben og leverte han på døra mi, og dermed unngjekk han dynga. Det er eg utruleg takksam for, for denne har verkeleg falle i smak, no når eg har prøvd han ut på ny, med eit heilt anna anlegg sjølvsagt enn eg hadde tidlegare. So feil kan ein altso ta, og det er ikkje fyrste gongen. Eg har ingen oversikt over modellutvalet til Yamaha, på den tid eller no, men dette var minstemann i ein rimeleg serie. Og det kan og vera grunnen til at han spelar so godt, for han er enkel, medan dei to storebrørne (580 og 880) hadde kompliserande detaljar som digitalutgang og allslags finessar, som ofte er unaudsynlege og i verste fall lydforringande. Kjem eg over ein av desse modellane prøver eg gjerne å finna ut meir.  

Ein særs interessant omtale finn du på nettet (MegaLampizator) av ein flink elektronikk-kyndig kalla Lampizator. Han karakteriserer lyden frå spelaren som stor, open og naturleg varm. Han fekk han tilrådd av entusiastar som meinte denne spelaren var spesiell; i all si enkelheit og kan hende difor. Til dømes har utgangssteget ein einaste (dobbel) integrert krets (IC), mange meiner dette er betre enn ein einskild pr kanal. Ikkje spør meg! Eg har berre eit kveldskurs i elektronikk frå AOF. Og ikkje for å skryta, Elektronikk for alle, del 1, frå Aschehoug. Det var elles morosamt å notera seg fylgjande ironiske kommentar: "Det er ikkje mykje Yamaha nedi der. Transporten er frå Sony, og og DAC-en frå Matsushita/Technics (MASH)”. Denne type “lån” er heilt vanleg. Kjøper du ein Mazda, risikerer du å få ein Toyota, som har investert stort i Mazda.     

I bladet eyefi, som i 2001 vart slått saman med Audio med Håvard Holmedal som redaktør, skriv Øyvind Ruud i ein test av oppfylgjaren CDX 596 i 2002 at han har ein varm, øyrevenleg og harmonisk spelestil, og vidare “varmt, rent og nydelig”. Her har han treft essensen i karakteren til desse spelarane. Det er CDX 480 som fortel meg kva musikkinstrument som faktisk er i bruk, medan dei andre berre lagar lydar.    

Bruktpris: Frå 500kr til fleire tusen, som for dei fleste rimelege spelarar alt etter tilstand, og om fjernkontroll eller originalinnpakning fylgjer med.

Marantz CD-72 mk II (1993)

CD 52 var den fyrste i denne serien, og i 1993 kom CD 72 mkII og CD 72 mkII SE, der SE står for Special Edition, signert Ken Ishiwata, den geniforklarte designaren og modifikasjonsguruen knytt til Marantz. Dei stadige oppgraderingane synte seg å vera ein smart måte å kvitta seg med restlageret på, medan dei planla nye modellar med den nye teknologien som var på veg. Dette er ein av dei spelarane som stendig dukkar opp i “vintage”-spaltane, eller Olde world, eller kva dei no kallar seg. Det er ein sokalla klassikar. 

Men spelar han godt av den grunn? Marantz har alltid fått god omtale for CD-spelarane sine, men vonde tunger seier at dei berre har designa lyden til marknaden. Og “marknaden” er den gemene hop, og ikkje alltid dei mest sofistikerte lydarane. Eg trur eg fekk denne spelaren i byte mot ein annan som virka, og har måtte dra han med til reparatøren fleire gonger enn eg kan hugsa. Det gjeld forresten dei andre og.  

Toppmodellane frå Marantz har godt rykte, men denne her? Lyden er desidert grå, eg sel han til den fyrste og beste som byr 500kr. Strøken. Perfekt for samlarar. 

Marantz DR 17 (1998-2000)

Til sist prøvde eg denne, og det gledde eg meg verkeleg til. Marantz er eit vidspurt merke. Opphaveleg amerikansk, frå den tida all forsterking var basert på røyr. Ei tid var dei eigd av Philips, no er dei slått saman med Denon. Apparatet me talar om her er ein sokalla CD-opptakar, dvs. ein CD-spelar med moglegheit for opptak. Dette var populært ei stund, men no gjer folk dette på datamaskinene sine, eller ikkje i det heile, sidan musikken er tilgjengeleg på strøymetenestene. DR står for Disc Recorder, og maskina er basert på den meir kjende modellen CD 17, som er ein heilt vanleg CD-spelar, og slik sett er CD-delen identisk eller tilnærma lik. I same serien fanst forsterkaren PM 17, og desse apparata fekk god omtale i hifi-blad verda over, men seinare har dei ikkje vore spurd. Både eg og Stig Inge har prøvd begge utan særskilt hell, og no forstår du kvifor me stort sett ikkje sløser vekk pengar på hifi-magasin lenger. Dei er slett ikkje alltid til å lita på. Om du no undrast på om audiophile er noko betre, skal du vita at ingen av oss tener eit øre. Me skriv avdi me likar det. Det er hobbyen vår. Og dette er ei dagbok, ikkje ein test.  

DR 17/CD 17 er litt av ei maskin, stor, tung og heller dyr. Det var med store forventningar eg la Marte Halvorsen i plateskuffa, eller i alle fall CD-plata hennar, som er full i detaljar og  masse gitarar ein lyt prøva å skilje frå kvarandre. Eit opptak som kan diskuterast, men med djupn i lydbiletet, ope og dramatisk når alle fyrer laus. Med denne plata høyrer du kva spelar som berre rotar på overflata, og kven som går i djupna i musikken. 

Maskina vart nytta til kopiering, og deretter sett vekk, men leita fram att for denne gjennomgangen. Han kom til meg via Stig Inge frå Michael Fremer, vidgjeten “analog-guru” frå det amerikanske magasinet Stereophile, og med signaturen hans på topp-dekselet. Reine samleobjektet! 

Sidan maskina kom frå “over there” må han koplast til 110Volt. Det synte seg at den innebygde trafoen ikkje var “universell” med omskiftar til ulike land sine spenningar, og innkjøp av ny trafo på 220/240V var ikkje rekningssvarande. Ingen problem, sidan eg har ein japansk Koden step down-transformator for slike høve på 350VA (Watt), og det skulle vera rikeleg.

Denne ekstra-trafoen skulle i fylgje reparatøren min ikkje presentera noko problem. Derimot kunne han informera om at laser og elektronikk neppe er identisk med CD 17 grunna opptaksfunkjonane og truleg vil spela dårlegare enn denne. Og her er me samde: Lyden var skuffande flat, matt og diffus, og det var fort gjort å konstatera. Etter 3-4 låtar gadd eg ikkje meir, sjølv om eg har som prinsipp å spela like mange låtar på kvar spelar, som regel mesteparten av ei CD. Alle skal ha like vilkår og like god sjanse, difor tek dette tid om du vil gjera ein seriøs jobb. 

Men det er lov å ha andre meiningar. På nettet har eg mellom anna lese "Inside this superbly finished package is an extremely fine digital recorder, as well as an exceptional playback machine.” Notert. 

OPPSUMMERING

Det har vore forbausande stor skilnad mellom spelarane, etter mi ringe meining, noko som gjer det viktig å leggja ned litt arbeid i det om du har fleire konkurrerande. Umiddelbart kan det høyrest ut som om alle spelar likt, men etter kvart som du kjem utetter på plata trer skilnadane fram. 

Ein annan sak er at berre å få gamle spelarar til å virka er ein heil jobb. Dei må som regel alltid har nye strikk eller tannhjul til transporten, akkurat som kassettspelarane, og andre feil kan og dukka opp. Og det gjer dei. Eg kan opplyse om namn og tlf.nr. til reparatøren min om du gjerne vil ha liv att i ein gamal slitar.

Om dette vart litt mange spelarar og mykje å halda styr på, kan eg avsløra at den eg hadde størst utbyte av, og som no står permanent i anlegget, er den unnselege Yamahaen. Eg har og tidlegare prøvd DVD-spelarar utan særskilt hell, men aldri Blu-ray. Desse kan spela både DVD og CD, om det er slik at andre i familien og må få bestemma litt. 

ØLSPALTA

Bolken om CD-spelarane vart lang, eg er heilt utsliten. Men no har eg pausa nokre dagar og orkar å hiva på nokre øl! Har nemleg nokre notat frå i fjor, på øl du får tak i den dag i dag. Om dei ikkje er stabile geni, er dei stabile gjengangarar.   

Me byrjar med Estrella 5,4% frå Barcelona, ein nydeleg øl. Bit svakt på tunga, men er fyrst og framst maltdriven, i retning toffee. Toner av frukt og eple, i fylgje Lars. Ein musikalsk øl mao, som me begge likte. Eit velkome hakk opp frå norsk butikkpils på 4,7%.

Bernard Lager frå Tsjekkia 4,7% får du på Rema, og han er forbausande kraftig på smak til å vera ein butikkøl, skreiv eg 20.desember. 11.okt. skreiv eg noko heilt anna, so denne laut eg kjøpa på ny i dag og sjekka. Han er fyrst og framst maltdriven. Slik sett er desse to fyrste i same kategori. 

Staropramen 5% frå Praha laut eg og kjøpa på ny, det er rett og slett for lenge sidan eg har prøvd dei, og notata var uklåre og til dels motstridande. Sprett korken, og ei nydeleg lukt av humle breier seg under nasa og når du luktar i flaska. Frisk, men ikkje utan substans og tyggekvalitet. Myrk gul fage. Ein av favorittane.   

Perla Export 5,2% frå universitetsbyen Lublin i Polen, derimot, hugsar eg godt og har eit klårt intrykk av. Eg kjøpte no likevel ein slik og, for å sjekka. Ein utprega frisk og lett øl som er perfekt i sumarvamen, med ein nydeleg snek av humle. Kjøp heller denne enn sommarøl! 

Desse fire finn ofte vegen ned i handlekorga. Rimelege er dei og.   

Stig Inge seier skål frå Japan og ville gjerne vera med å pynta opp ølspalta denne gongen, med to japanarar og ein tyskar.  

Lest 984 ganger Sist redigert fredag, 20 februar 2026 15:28
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler