Wednesday, 31 December 2003 23:00

Klår lyd: Pure Sound A 8000 CD-spelar

Ein ny importør i Os utanfor Bergen, Puresound, har presentert oss for eit par spanande produkt frå produsenten Pure Sound. Likskapen i namn er pure coincidental


Av Stig Arne Skilbrei
Medlyttar Dag Helleve


Verda er ikkje stor, og eplet fell ikkje langt frå stammen. Puresound (.no) er starta av sonen til ein god gamal hifi-kompis av meg, Morten Hauge. Sonen heiter Henning, og inporterer  Nola, CIAudio, Heco, Pear Cable og Pure Sound til Noreg. Nok reklame. Sjekk heimesida. Uansett tok karane, som du nesten ikkje kan skilje frå kvarandre på telefonen, kontakt for å høyre om eg ville vitja dei etter gamalt. Og sjå og høyra litt på produkta. Det ville eg naturlegvis, og ekstra kjekt er det når eg vert henta rett etter jobben og vert køyrt både fram og attende.

 

Pure Sound
imageDenne produsenten fortel internettstaden relativt lite om. Det er tydelegvis ei verksemd i England, med produksjonen i Kina. Ikkje akkurat uvanleg i desse dagar.  CD-spelaren er ein eksisterande modell som kan kjøpast også under andre namn, men denne varianten er ”tweaka” av Pure Sound guru Guy Sergeant. Det inneber visstnok, mellom anna, at her er nytta andre røyr enn i standardversjonen. Ikkje så mange andre, men desto meir interessante, produkt er i sal: To integrerte røyrforsterkarar, eit fonosteg, og ein mc-trafo. Den eine røyrforsterkaren skal me koma attende til.
Kven bryr seg om kva som er inni ein CD-spelar? Og kven forstår seg på det, om eg ramsar det opp? Færre enn dei som likar å tru det, trur no eg! Ein transport og ein neve IC-ar, ikkje sant? Ok: Produsenten opplyser at transporten er Sony 213Q, og at ein 24-bit 192KHz Dac (ingen produsent nemnd) tek seg av datastraumen, som etter konvertering går vidare til ein OPA 2604 OP-amp for filtrering. Dette er ein kostbar op-amp med godt rykte. Og her er eit poeng: Berre i kostbare spelarar kan ein koste på seg slike relativt nye, dyre og vellåtande op-ampar med låg vreng (forvrengning). Utgangstrinnet er dobbelttrioden 6N3. Som noko ganske uvanleg brukar spelaren 20 sekunder etter påslag for oppvarming og stabilisering av røyrkrinslaupa før han er speleklar. Eg var ikkje plaga av dette, og min medtestar har heller ikkje kommentert det. Om røyra seier reklamen noko interessant: -Mange CD-spelarar nyttar røyr for å skape ein eufonisk, nesten sirupsliknande kvalitet, som går ut over detaljeringseigenskapane og hurtigheita.  Pure Sound nyttar røyr for å få lyden nærare konsertopplevinga.

 

Pur glede
Med eit slikt namn har CD-spelaren verkeleg noko å leva opp til, røyr eller ikkje. Det betyr ingenting for meg kva som er inni ein spelar, berre han let godt. Eg har ikkje eingong brydd meg med å opne topploket og sett inni, noko eg alltid brukar gjera. Kan henda avdi eg nett har kjøpt meg ny (brukt) spelar og ikkje er i marknaden for ein ny. Om ikkje, kan det godt henda at eg hadde måtta ringt Henning og spurt han kva han skulle ha for denne spelaren. Så god er han. Eg ringde forresten uansett, var nok litt nysjerrig, og prisen er visstnok kring 12 000.-.  Dette er, etter mi meining, ingen ublu pris for ein spelar som gjev eit solid inntrykk, let godt, og som er ukomplisert og enkel å bruka, akkurat slik eg likar det.
Spelaren har to utgangar, ein analog ut med RCA-pluggar, og ein digital ut. Det er alt. Og det kan godt henda at det er denne enkelheita, denne reinleiken i signalvegen, som er bidragande til den gode lyden, like mykje som alt anna. Eg likar enkle produkt. Dei fleste av oss har anlegg med berre single-ended inn- og utgangar, trur eg. Balansering kan gjerast på so mange ulike måtar, og når nokre produkt i eit anlegg er balanserte, og andre ikkje, kan resultatet like godt verte dårlegare som betre. Jadå, eg har høyrt døme på det og, sjølv om alle ser ut til å ta for gitt at lyden alltid er betre balansert. Eg kjenner meg tryggast når alt er ubalansert (eller balansert). 



imageEg har vanlegvis ein heil stabel CD-spelarar i anlegget mitt. Har hatt det sidan eg byrja å kjøpa CD-spelarer på Fretex. Vanlegvis har eg tre oppkopla samstundes, den gode gamle ”referansen” på bånn, ein mellomklasse-spelar oppå der, og siste frå Fretex på toppen. Denne måtte no vika plassen for Pure Sound A8000, og det sto klart for fyrste stund at her har me eit verkeleg godt produkt, eit produkt som let eit godt hakk betre enn alt eg sjølv har. Og det var ikkje særleg vanskeleg å høyra. Lydbiletet er vaksnare, mørkare, med eit solid grunnfundament, ein ”metta” (i motsetnad til tynn og pistrete) mellomtone, og ein oppløyst og detaljert diskant i heilt riktig nivå med resten. Og perspektivet er monaleg djupare enn alle dei andre spelarane. Eg høyrer eigentleg ikkje noko til røyra, ikkje til transistorane eller IC-ane heller. Ikkje vil eg høyra det heller. Når ein komponent er rett og godt konstruert, er det musikken du skal høyra, ikkje elektronikken. Det er heile poenget.


Test 2
Eg kunne ha brodert ut lytteintrykket i det vide og det breie, men overlet heller ordet til min vanlege medlyttar og språkvaskar, Dag Helleve. Han har også lytta til spelaren, både i mitt anlegg og i sitt eige. I hans anlegg har spelaren vore kopla til Pure Sound A 30 integrert røyrforsterkar, Holfi integrert transistorforsterkar, og Sonics Alegretto høgttalarar. Våre konklusjonar er nesten samanfallande. Stikkorda eg noterte meg frå Dag er –eit djupt lydbilete. Ein naturleg attgjeving av musikk, kan lytta utan å verta lei. Naturleg vokal, tankane går mot konsertopplevinga. Ope og detaljert lydbilete. Diskanten aldri hard; silkediskant. Organisk attgjeving av stemmer spesielt. Kan hende den CD-spelaren som har kome nærast til analog-lyden (LP). Kari (kona) kommenterte også positivt. 


Konklusjon
Me har naturlegvis ikkje kunna samanlikna denne CD-spelaren mot alt som finst der ute. Dermed kan me naturlegvis ikkje seia korleis Pure Sound A8000 vil måla seg mot akkurat DIN CD-spelar. Men me kan seia at han har hevda seg ypperleg mot alt Dag og eg har kunna stilla opp. Spelaren har det eg vil definera som ein desidert ”high-end” lyd. Ein ”vaksen” lyd med substans, eit naturleg klingande mellomtoneområde med glans, rike klangfargar og god tonalitet, og ein veloppløyst diskant som ikkje dreg merksemda til seg. Lydbiletet er også merkbart djupare enn samtlege spelarar me samanlikna med, og kunne godt minna om opplevinga i ein konsertsal (vårt viktigaste testkriterium, men meir om det ein annan gong). Om du vurderar å legga ut litt ekstra pengar for å få eit verkeleg godt produkt, er dette definitivt ein av dei spelarane du bør vurdera – røyr eller ikkje. Ei siste samanlikning med ein annan cd-spelar med godt rykte, til rundt ti tusen kroner, gjer  meg ganske trygg på at Pure Sound 8000 er mellom dei beste spelarane under ca 15.000 kroner.


Pris: 12 000 kr

Link til importør

Read 6786 times