onsdag, 11 september 2013 12:24

Stig Arne Skilbrei

Skrevet av

Stig Arne Skilbrei - Seniorskribent

Meir om Stig Arne:

Stig Arne er utdanna ved Universitetet i Bergen, med psykologi som ein del av graden, og er dermed meir enn vanleg klar over at me høyrer det me vil høyra, like mykje som det me faktisk høyrer. Han er ein utprega visuell lyttar, han ser stereoperspektivet like mykje som han høyrer det, og ingenting må difor stå i vegen mellom høgtalarane. Ikkje TV, ikkje høge rack, og det må vera langt mellom høgtalarane og bakveggen, slik at musikken får leva som på ei scene. Stig Arne bur på Voss, ei bygd med levande musikktradisjonar og eit yrande kulturliv. Han er styremedlem i den lokale jazzklubben, og går på konsertar så ofte han kan. Stig Arne meiner at den viktigaste oppgåva til stereoanlegget er å gjenskapa atmosfæren frå opptaket best mogleg. Og han opplever at enkle og rimelege anlegg ofte meistrar denne tilsynelatande enkle, men kan henda vanskelegaste av alle oppgåvene til stereoanlegget, like godt som eit dyrt og komplisert eit. 

 

Platespelar: Helst flytande opphengt, men kva som helst som er tungt og resonnansfritt. Har "alt" frå Thorens via Linn Sondek til Technics SP-10.

Pick-up: Prøver gjerne ein ny for kvar kveld eg spelar vinyl, og kan halda på ei stund. Favorittar: Pickering, Ortofon, Lyra og Koetsu.

CD-spelar: Det eg måtte ha, helst ein eldre Philips med TDA 1541-serie DAC

Ekstradac for Mac: HRT Streamer II+

Kassettspelar: Philips har gjeve dei beste opptaka så langt

Forsterkar: Alt som er like bra eller betre enn eit godt eksemplar av NAD 3020, inkludert røyrutstyr (EAR og Marantz 8B) 

Høgtalar: Det eg måtte ha, og det eg kjem over, av høgtalarar med godt ry. Helst lukka kabinett. Har klassikarar frå JBL, Kef (105) og B&W (801) mellom mange andre

Signalkablar: Heimelodda einskiltleiarar (solid core) med Bullet Plug

Høgtalarkablar: Einskiltleiarar (som i installasjonskabel), uterminert, skrudd fast i forsterkar- og høgtalarterminal for optimal kontakt. 

 

Musikk: Jazz og joik, folkemusikk og verdsmusikk, vaksenpop og rock, og gjerne sjangerblandingar.

Lest 5574 ganger Sist redigert torsdag, 16 oktober 2014 13:54
Administrator

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Karl Erik Sylthe Rudi »