Tuesday, 10 September 2013 08:11

Hortenmessa 2011 - del 2.

Written by

Her kjem andre delen av messerapporten frå 2011, som heller aldri før har vore publisert grunna no løyste tekniske problem. Fleire videoreportasjar, og aktuell no når ny messe kjem i slutten av oktober. (webred.)

Les meir:

Kontrapunkt

På Brygga Hotell Horten heldt Kontrapunkt til og, og her var det hyggeleg å treffa ein gamal kjenning, Willy Tangen. Eit par halvstore Linn-høgttalarar spelte via Naim elektronikk, mengder av han, og sjølv om lyden både var lovleg høg og slett ikkje av den typen eg normalt spelar, var lyden påtakeleg levande og ekte, og minte meg om at eg MÅ finna eit høve til å prøva ut ein Naim forsterkar ei gong. Eit par Linn Sondek platespelarar sto og stilt ut, og det er eit godt syn. Eg går nesten i fosterstilling når eg ser slikt.

På naborommet, som var nesten likt, var lyden like påtakeleg innelukka og daud, og eg lurte fælt på årsakene til dette. Til at lyden kunne vera så ulik. Det var trass i alt ikkje SÅ stor skilnad på utstyret som vart nytta i dei to romma. Men etter ein runde ut på gangen, og ein prat med nokon, og når eg kom inn att, hadde dei skrudd opp litt, og brått endra heile lyden karakter. No var han varm og inviterande. Framleis ganske annleis enn i naborommet, ein annan del av sanninga, for å seie det slik, men ikkje noko dårlegare av den grunn. Det er alltid noko å læra i hifi, og ikkje minst at ein ikkje skal vera so kjapp til å døma noko nord og ned!

Soundwave as

Her, på møterom 6, rett opp trappa frå frukostsalen, spelte Swans F 2.2, ein 3-vegs høgtalar med to åttetommarar og banddiskant. Forsterkaren var den heilt nye Hegel H 30, og dette var den fyrste messa kor denne vart spelt på. Forforsterkaren var P 30. Kjelda var Sonos, via Hegel HD 20 Dac. Dette var altså eit reint stereooppsett, og via musikk av Bodil Niska og Trace Atkins, passe høgt, var dette ein fornøyelse å lytta til. Ein flatskjerm midt mellom høgttalarane gjorde ingenting for å auka djupna i lydbiletet mellom høgttalarane, men dette var ein del av oppsettet, kor ein og spelte David Foster via eit heimekinooppsett, med ein Yamaha RX-A3010 receiver. Legg merke til Swans-høggtalarane eg tok bilete av, utrulege messetilbod! Desse høgttalarane ser DYRE ut, og var prisa som om du var på Fretex! Nesten då.

Dacapo hifi

I eit stort rom (Plenum B, Bankettsalen) demonstrerte Jørgen Gustavsen Usher B 10 DMD, ein stor høgttalar med diamantdiskant, og hadde gjort mykje ut av å dempa rommet. Han sette stor pris på at me kommenterte dette positivt.

Han fortalde engasjert om dynamikkomfanget på ein del plater, dvs. skilnaden mellom det svakaste og det sterkaste signalet på plata, og dette kunne vera så lågt som 8dB på populær-musikk. Dette er tilpassa den manglande dynamikken til minianlegg, mobiltelefonar og MP3-spelarar, og ikkje eit normalt stereoanlegg. Diverre. Men me fekk høyra god musikk, legendariske Weather Report; Kari Bremnes og Yello (Touch), og eit gledeleg gjenhøyr med Sheffield Music, ”I ve got the Music in me” (Thelma Houston), kor dynamikkomfanget var målt til 18 dB på CD-versjonen og 24 dB på den gamle LP-versjonen. Som de sikkert hugsar, var dette ”direct to disc”, dvs rett frå mikrofonane og inn på (LP)-plata. Eller ein master, iallefall. Ingen datamaskiner og bandopptakarar her. (CD-varianten må stamme frå eit parallelt opptak på bandopptakar). Forsterkarane var to stk Elektrocompaniet AW 120, i mono.

Audiofreaks

For Audiofreaks stilte som vanleg Peter Djordjevic, og fekk god lyd ut av eit sett store Avalon Transcendent høgttalarar, som sto NESTEN rett fram. Kor vart det av desse notatane, men bileta avslører at det vart spelt frå datamaskin og Kuzma Stabi S platespelar (med Stogi arm), denne enkle og nesten geniale konstruksjonen med eit tjukt røyr med eit tverrstykke sveist på, og 3 ”hjul”. Elektonikken elles var Conrad Johnson ET 5 (pre) og Edge G 8 (effekt). Han kunne elles syne eit par besynderlege produkt: Ei hylle  frå Finite Elemente for fjernsynet eller datamaskina, som samstundes var dockingstasjon for i-pod, og høgttalarar for fjernsynet! (soundboard Horizontal 51). To små element peikar framover, og ein subwoofer nedover. Sjølvsagt var denne hylla litt tjukkare enn ei vanleg hylle, men ikkje mykje. Ser berre litt ekstra moderne og ”high-tech” ut. Sjå bilete.

HRT er kjende for sine billege og gode ”Music Streamer” USB dac-ar frå California, og her kunne Peter syne ein heilt ny (prototype): Ein USB-dac med hovudtelefon-utgong og volumkontroll. Han kan i nauda driva ein effektforsterkar direkte.

Highend

 

Eg hugsar at aktive Montana høgtalarar, med korreksjon, spelte veldig fint, via EMM-labs CD-spelar, Olympia forforsterkar med separat straumforsyning, og forsterkarar frå Pbn Audio, dvs Peter B Noerbaek. Det vart spelt musikk av Ferenc Snetberger, om det er slik det stavast; relativt lågt, og eg kjende likevel ingen trong for å pruta volumet opp. Ein god indikasjon på  høg oppløysing, og låg forvrenging.

 

 

Hjå Kondo by Audionote Japan var det mykje fantastisk utstyr å sjå, mellom anna ein  flott Revox spolebandopptaker, B 77 trur eg det var. Ein Oracle platespelar, alltid eit flott syn, var utstyrt med Triplanar arm og ZYX 4D pick-up. Forforsterkar var Kondo KSL-M77, effektforsterkar ein Ongaku integrert (!) forsterkar på 22 Watt. Det er berre å la volumkontrollen stå vidåpen, so funkar dennne integrerte forsterkarar som ein effektforsterkar, og du styrer volumet frå forforsterkaren. Elementary, James. Me lytta via Rockport Mira Z høgttalarar til Andreas Wollenweider, hugsar han? Kablane var og Kondo (eg kommenterer normalt ikkje kablar, men gjer unntak når det passar). Her var og primus motor for heile messa, Terje Nilsen å sjå, og introduksjonen til den flotte messe-katalogen,  med ei fantastisk forside, var god lesnad. Me siterer: ”Det er ikke feil å kjøpe rå mobiltelefoner, i-poder og dockingstasjoner. Men det blir definitivt feil når stereoanlegget ryker ut og blir erstattet med små avspillere, som kun inneholder komprimerte musikkfiler. De fleste nordmenn har mye plass i hjemmet sitt.” Desse hersens kvinnfolka... Kva er forresten ein rå mobiltelefon? Dårleg steikt? Kelner!

Og kelnarane serverte ein flottt ”jubileumsmiddag” til oss laurdagskvelden, med diverse underhaldning, deriblant ein fantastisk opptreden frå to av utstillarane på messa på ståbass og piano.  Arve var og frampå med ei politisk nidvise, treffande i desse valtider. Vel blåst!

 

Fleire videoinnslag og intervju:

 

Norsk Audioteknikk:

 

Zoom Q3HD via Swan:

 

Høyum Hifi:

 

Oslo Hifisenter:

Audiocompaniet:


Audio Norge:

Electrocompaniet:


Besøk og Audiophile-TV for fleire video-reportasjar.



Read 6201 times Last modified on Wednesday, 25 September 2013 12:43
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
More in this category: « Hifi-inntrykk frå Horten 2011