Monday, 17 March 2025 19:47

STIG SINE PLATER: Tromsø Big Band - 69° 39′ North.

Written by

20 år gamle TBB har gjeve ut si andre plate i 2024, 69° 39′ North. Frå før har dei "In Traffic" frå 2011 på samvitet. Den har eg ikkje lytta til endå. 

Vent litt. I 2017 gav dei i samarbeid med Lisa Simone ut albumet «Lisa Simone with Tromsø Big Band. Live at The Edge». Då vert det tre utgjevingar.

Spotify informerer om - viss du skrollar litt nedover - at TBB har 804 lyttarar pr. mnd, og at dei med leiar Fred Glesnes, har samarbeidd med fleire internasjonalt kjende storheiter opp i gjennom åra. Wikipedia lister opp m.a. Randy Brecker og Nils Landgren, saman med norske Karin Krog, Kåre Kolve, Petter Wettre og Geir Lysne.

Mange storbandplater er masete greier med slitsam lyd. Denne utgjevinga er eit herleg unntak. Komposisjonane er heimelaga, og stemninga ustressa. Dette er ei lett plate å gå til. Her er det ingenting som irriterer, derimot mykje som smørjer øyregangane. 

5 kutt byr plata på, til saman 36 minutt, og alle låtane er komponert av Fred Glesnes. Lyden er innsmigrande. Stilen kan kan hende karakteriserast som “moderne mainstream” (der fekk eg litt hjelp av Lars Mossefinn, mangeårig leiar av Vossa Jazz). Ein kamerat ringde og høyrde nokre sekund før eg rakk å skru ned. -Kjedeleg, sa han. Ja men kjære folk. Du kan ikkje døma etter nokre få takter. Eg kosar meg med denne plata og har spelt ho mange gonger alt. Herlege låtar og super lyd. Eg skrur stadig opp, både musikken og lyden inviterer til dette. Kan sikkert nyttast som testplate! Trygg tilråding. 

Musikarane på denne innspelinga:

Kilde: Jazz i Norge

Fred Glesnes - Musikalsk leiar og komponist, tenor saksofon, fløyte
Rolf Figenschau - Alt saksofon
Øyvind J. Karstad - Alt saksofon
Frode Nilsen - Tenor saksofon
Sondre A. Kleven - Bariton saksofon, bassklarinet
Torbjørn Ingvaldsen - Trombone
Rolf-Gunnar Monsen - Trombone
Karoline Thomassen - Trombone
Håkon Rasmussen - Trombone
Vidar Alvestad - Trompet, flygelhorn
Christian Hyld - Trompet
Bengt Haugseth - Trompet
Morten B. Strøm - Trompet
Thomas Ragnar Larsen - Giitar
Joakim Kristiansen - Bass
Einar Berg-Olsen - Piano
Ole-Morten Indigo Lekang - Trommer
Tobias Solheim-Nilsen - Vibrafon, perkusjon

 

Read 677 times Last modified on Monday, 17 March 2025 21:32
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.