Saturday, 02 November 2024 08:09

30-årsjubileum for Osafestivalen i 2024

Written by

Årets Osafestival var den 30. i rekkja. Grunna coronarestriksjonane og kravet til avstand flytta festivalen i 2020 inn i Voss Idrettshall for dei store trekkplastera på kveldstid, og med god plass este talet på besøkjande til det mangedoble. Frå 18 programpostar og 2 mill. kroner i omsetnad i 2018 auka dette til 50 og 4,6 mill. i fjor. Tala for i år har eg ikkje, og eg har ingen planar om å ringa festivalleiar Ida Dyrkorn Heierdal for meir info. Ho skal får kvila seg eit par dagar. 

TORSDAG

Festivalen tjuvstarta alt torsdag med to konsertar i baren på 3 Brør, som tidlegare var potetkjellar i denne flotte trebygninga på Torget midt i Voss sentrum - ein populær tilhaldsstad både for vesser (vossingar) og turistar, særskilt sumarsdagen med uteareal. “Supportbandet" Vegard Hansen og Ragna V. Sletten, som fann både samspelet og kjærleiken på Osa-akademiet tidlegare, varma opp med vakre låtar på trekkspel og fele, og som alltid med folkemusikarar - lystige og mindre lystige soger mellom låtane. Men dei siterer eg ikkje, for det er musikarane sin løyndom, ein del av showet som dei reiser rundt med. Dei som ikkje møter, lyt berre finna seg i å gå glipp av moroa! God lyd frå gamal Bose PA. 

Straks etter spelte Erlend Viken Trio, med ståbass, fele og gitar. Nydelege melodiar og samspel, der alle og fekk utfolda seg solo. Det er mykje jazz i folkemusikk! Ingen trommeslagar, men ein gitar kan og vera ganske perkussiv i anslaget. (Dette var dagen før deira nyaste album Ville Veier vart utgitt - red. anm.)

FREDAG

Kl. 3 på dagen intervjua Gro Holm - kjend frå NRK og tydelegvis ein ven av folkemusikk! - eit av originalmedlemane i den legendariske gruppa Folque, Jørn Jensen. han fortalde levande om korleis denne venegjengen frå skulen og nabolaget heller ville spela på Klubb 7 og festivalene enn landskappleiken. -Var det turnebuss, groupies og full pakke? spurde Gro. -Ja, svarde Jørn utan nøling, til humring frå publikum. Etterpå vart begge sider av vinylplata frå 1974 spelt frå ein ussel platespelar. Kvifor ringde du ikkje, Ida? Eg kunne stilt med ein som var 100 gongar betre. Likevel var lyden fasinerande frå PA-anlegget i “potekjedlaren” på 3 Brør, med endelaust mykje meir og djupare bass enn det dei aller fleste av oss hadde frå stereoanlegget på den tida. 

Raskt scenebyte til Idrottshallen, so flott tilrettelagt og dekorert at du ikkje tenkjer at det er ein idrottshall om du ikkje veit det. Hardingfele-legenden Knut Buen opna festivalen, og slapp til Trondheimssolistane med Gjermund Larsen, i skjeringspunktet mellom klassisk og folkemusikk. Alltid like fasinerande å høyra eit stort orkester med stooor lyd i ein stooor hall, masse høgtalarar og masse forsterkareffekt. Ufatteleg presisjon fiolinistane seg i mellom når det går som fortast. Du kan nesten ikkje tru at det går an. Trampeklapp frå eit publikum som har reist seg etter ei heidundrande avslutning. 

Folque tribute

Jørn Jensen lova oss ein ganske anna versjon av Folque enn på vinylplata, og det kan me skriva under på. No har eg rett nok ikkje høyrt so mykje på ho, men noko liknande som Tuva Syvertsen og mannskapet hennar presenterte - og like bra! - har eg sjeldan høyrt. Fine låtar pålagt rock med ein sløy trommis, som får alt til å sjå so lett ut. Det såg ut som om han kunne gjort dette i sømne, og med ein rytme som høyrer jazzen til. Fleire av artistane var ikkje dei same som nemnt i programmet, difor vågar eg ikke å nemna namn. Som eit “lydteppe" var det lagt på ein tung og dump bakgrunnslyd, det var definitivt for mykje av det gode. Men ein super konsert likevel. Du kan meina kva du vil om hårsåta til Tuva, som kan mina om noko frå våronna, men stemma hennar, det milde vesenet hennar, og dei korte og treffande kommentarene mellom låtene kan smelta stein. 

 

Gåte er ikkje heilt mi greie, og lydbiletet minte heller ikkje mykje om føregåande konsert. Eg bestemte meg for å gje dei 3 låtar for å halde meg på setet. Tredje låten var skikkeleg heftig og utruleg tøff, men når dei returnerte til ein langt rolegare fjerdelåt gav eg meg for kvelden. Men eg heldt ut lenger enn nabodamene som gjekk i andre låten.  

LAURDAG

Laurdag kunne by på Knut Reiersrud med TRAMP, som han saman med andre framførte både på Osafestivalen og Vossajazz i 1994, der eg var til stades. Denne gongen kom han åleine. Om å gjenskapa Tramp, sa Knut i fylgje salt-peanuts.eu til festivalleinga at -det går ikkje. Anten er dei daude, eller so spelar dei for Nils Petter Molvær.

Vidare spelte Martin Hayes på fele saman med Brian Donnellan  på concertina og Jimmy Higgins på bodhran og slagverk, det var ei heller roleg affære, om ein ikkje sat heilt framme for å få med seg alle detaljane. 

Atskilleg meir fart vart det med The Dancers Brew og The Alehouse sessions, “som sett på fjernsyn”! Den gongen frå ein pub i Irland, om eg ikkje hugsar feil. Denne gongen er dette elleville pubmiljøet frå forne tider med tilhøyrande musikk framført i Idrottshallen, med hjelp frå Barokksolistene og Mamelukk under leiing av skiparen Bjarte Eike. Og for eit helsikes liv dei stelte i stand. 8 mann og 4 damer på scena, med drikkeviser, slåttestev, slostkampar og dans, fantastisk koreografert. Ein fest for både øyre og auge, som høver seg på ein laurdagskveld. Som å vera på teater, kino og konsert samstundes. Ikkje går glipp av dette om dei kjem til ei scene nær deg.

Etter notata ser det ut for at eg har hamna på nachspiel med REOLO etter at stolane var rydda vekk og gjeve plass til dans. Eggande rytmer, tunge grooves med bass og trommer, heftig musikk i skjæringspunktet mellom folkemusikk og beatrytmer. Det resulterte i fullt golv med dansande til allslags dans, anten dei kunne det eller ikkje. Eg høyrer til sistnemnde. Kven bryr seg! PS. dei har gjeve ut plate. 

Eg takkar audmjukt, som og i fjor, for akkreditering og ei strålande helg. Eg er sikkert ikkje åleine om å vera utsliten, men samstundes fylt til randa med musikk og opplevingar.   

 

Read 514 times Last modified on Saturday, 02 November 2024 16:26
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.