Me likar oss best heime når hauststormane herjar. Men stundom lyt ein ut for å finna inspirasjon, for å læra noko, og for å ha noko å reflektera over når du er heima. Ein slik læringsarena er Osafestivalen, skipa til av Ole Bull Akademiet på Voss, årvisst i oktober. Hit kjem kvedarar og musikantar frå heile landet og vidare, og dei kan framføre dramatiske forteljingar, slik folkemusikk typisk nok byr på. Eg sette av helga, møtte fram på utvalde konsertar (eller rettere so mange som eg rakk over) og deler med glede inntrykka frå nokre av dei.
Jeg følger Savage Rose på Facebook, og det dukker av og til opp annonsering av konserter på gang. Vanligvis i Danmark, og jeg tenker ofte «skulle gjerne ha vært der». Denne gangen var det noe som ikke helt stemte med dette vanlige scenariet, for datoen for denne konserten var identisk med min siste aften i et fire dagers København opphold.
Fyrst ein korreksjon frå fredag, eller to. Då eg skreiv denne, fredags kvelden langt på natt, var eg dyktig sliten, og hadde rota vekk programmet, dvs programfaldaren i papirformat. Det som låg på nettet - på Vossajazz.no - var ikkje på langt nær so utfyllande. Difor vart reportasjen mangelfull, utan konkret info, slik som namn på artistane og relevant bakgrunn. Eg beklagar. Nytt programhefte vart henta inn i dag, det ligg på alle kafear og denslags, i dette tilfelle stamkafeen (Ringheim kafe). Uansett valde me å publisera fredagen med alle sine feil og manglar, for å vera ajour med hendingane. Ny og forbetra versjon kjem vonaleg, men fyrst laurdag og sundag.
Leverandøren av PA og lyd i Vossasalen var ikkje IC, som eg skreiv, men CT.