FERDAMINNE
Me har sjølvsagt diskutert dette på førehand. Og det er ikkje fyrste gongen me er her, so dette har me forsåvidt vore gjennom før: Redaktør Karl Erik er den som tar sikte på å rekkja over alle romma, og skriv utførleg om alle produkta; med bilete. Han er eit organisert menneske, han Karl Erik, det skal han ha, og slik må ein vel og vera, om ein er arkitekt. For korleis hadde elles husa våre sett ut? Eg er meir ein vims som går seg vill, og som skriv om det som fengjer meg, og drit i resten. Og Arve gjer som han vil. Brått er han vekke, og dukkar ikkje opp att før det ringjer for friminutt.

Korleis meiner lesarane ein Messerapport skal utformast? Me tek gjerne imot synspunkt på det. I gamle dagar - sjekk t.d. The Absolute Sound - var ein messerapport noko dei presenterte på dei siste sidene, nærast som sovemiddel. I dag blir messene slått stort opp. I kva grad skal eg bry meg om lyden på dei ulike romma? Er det noko eg skal dela, eller overlata til lesarane sjølve å finna ut av? Det eg likar er ikkje sikkert du likar. Men sidan du les dette, er du kan hende likevel interessert i kva eg meiner? Det er ein vanskeleg balansegang dette. Etter 50 år med HiFi har eg utvikla til dels bastante meiningar om mangt, men ein skal ikkje pressa desse ned over hovudet på folk. Eg er diverre kjend for nettopp det. Eg fortel gjerne om dei, men me pliktar etter mi meining å opptre høfleg og balansert. Det gjeld og i skrift. Elles er det jo berre kjeft å få. Eg har skrive for mange redaktørar, og dei kan fortelja deg at dei nyttar omgrepet “balansert" heller enn “objektivt”. Det er langt mellom objektive sanningar. Lytting er ei subjektiv oppleving.
STOLLEIKEN
Om denne lange og akademiske innleiinga mest minna om ei oppgåve på gymnaset kalla “definer messerapport”, er eg no klar for å springa frå rom til rom.
Det er vel rett å seia at messa i år var noko nedskalert i høve til i fjor. Om dette skuldast føreståande ombygging av hotellet, eller konkurranse frå Oslo-messa veit eg ikkje. Eg vonar det framleis er plass til to messer, for me likar både Horten, hotellet og staden. Og sauene. Me må støtta Horten-messa, og ikkje snakka ho ned eller spå nedlegging. Tilstrekkeleg mange utstillarar er framleis til stades til at det alltid er noko å få med seg, og god lyd å høyra.
Og det gler meg å kunne fortelja at det var mykje god lyd å høyra, og lite eller ingen dårleg. Og det trass i at oppstillinga av høgtalarane stort sett ikkje var slik eg ville gjort det sjølv. Av plassomsyn eller andre omsyn er det visst naturleg å stilla høgtalarane nær bakvegg, med (litt for) stor avstand mellom dei, og vinkla inn mot sentrum, på rein intuisjon kan hende. Men dette gjev eit relativt grunt stereoperspektiv, for lyden kan ikkje oppstå bak veggen, berre mellom høgtalarane og veggen. Difor bør dei ideelt sett flyttast fram. Og står dei for langt frå kvarandre, oppstår eit tomrom i midten. Men me må ta utgangspunkt i lyden slik anlegget står, og i dei aller fleste romma kunne me nyta ein balansert og godt definert lyd.
SENTRUM AUDIO
Eitt rom var unntaket. I eit L-forma rom sto høgtalarane langt frå bakvegg, og ikkje so langt frå kvarandre, berre svakt vinkla inn. Dette gav eit holografisk og godt definert stereoperspektiv. Utstillaren var Sentrum Audio frå Moss, ved Frode Kleven og broren. Anlegget var oversikteleg, med Kora TB 140 integrert røyrforsterkar og ein mellomstor svartlakkert golvståande høgtalar frå (nye) sf, dvs. Sonus Faber, kalla Sonetto G2. Enkelt kan og gjera det! Musikken var ein cover av Maria Mena, “I was made for loving you", i tillegg til Dylan, og Sofie Zelmani. Og dette er jo ein av dei kjekke tinga med utstillingar: Finna ny musikk. Ho der Zelmani har eg aldri høyrt om. Du må installera Shazam på mobilen din.

QUALIO AUDIO/CUBE AUDIO

På Bryggen, hotellet sitt “anneks” på andre sida av vegen, heldt Qualio til på rom 215, med polsk-bygde høgtalarar. Her spelte Qualio IQ Ultra, ein nydeleg og original skapnad. Nedre del er eit vanleg kabinett med 10” bass, oppå der er mellomtone og diskant montert på ein gjennomsiktig plexiglas-baffel (sjå bilete). Dermed vert ikkje heilskapen so høg og ruvande som han kunne vore. Proporsjonane er vellukka. Prisen på kring 130.000 avhengig av finish er jo ein god slump pengar, men finish og detaljar er utsøkte. På terminalen på baksida kan motstandar av ulik storleik setjast inn for å tilpassa nivået på diskanten til elektronikken og rommet, heile vegen frå 1 til 5 Ohm. Raskt og utan lodding. Her spelte Julia Hulman “anyone”, Solveig Slettahjell og Vertavokvartetten "Gud Gjemmer”, Cohen spelte “one more time”, og Geoff Carstalucci “Blackbird”. Høgtalarane hadde ein viss avstand til bakvegg og peikte (nesten) beint fram, og spelte nydeleg, uansett musikk.



Kvar halvtime vart det skifta over til eit ti tommars fulltone-element i eit kvitt golvståande transmisjonlinje-kabinett kalla Cube, og her fann eg det vanskelegare å vurdera lydkvaliteten. Det vart spelt litt lågare, og fulltonar har tradisjonelt ein litt uregjerleg og framtredande mellomtone, som berre kan justerast med sugekrinsar. Eller sugekrets på dansk. Ein fulltone er grovt sett eit "utvida” mellomtone-element med lett membran og ein lett talespole med tynn spoletråd, for å halde vekta låg nok til å kunne gje attende eit minimum av diskant, i tillegg til mellomtonen. Eit relativt lite og lett membran klarar ikkje spela mykje eller djup bass, so du må vera førebudd på å forsake både bass og diskant, i tillegg til at den tynne spoletråden heller ikkje toler høg effekt. Grunnen til at fulltonehøgtalarar likevel aldri synest å gå av moten, er at han er enkel og rimeleg å realisera for ein amatør som uansett ikkje har kunnskapar til å konstruera ein fleirvegshøgtalar med delefilter. I heldige tilfelle kan ein fulltonehøgtalar ha ein mellomtone som får deg til å grina.


AUDIO AKTØREN
Terje Nilsen er den eine av dei to skiparene av messa. Den andre er Jørgen, som eg trur Karl Erik og Arve har stoff om. Eg brukte ikkje lang tid hjå Terje, ikkje hjå dei andre heller for den del, me skal jo rekkja over mest mogeleg, men nok til å stadfeste at Terje hadde utsøkt lyd i år og. Ein låt som let særskilt godt var frå LP-plata The Standard The Super Jazz Trio, og denne er berre å få kjøpt fysisk, t.d. frå Discogs. Ho finst altso ikkje på strøymetenestene. Platespelaren var litauiske Reed Muse 3C, med ein heilt ny Kiseki Blue pickup (boron microridge) som hadde verdspremiere på messa! Som vanleg har han med seg dei store svenske QLN-høgtalarane Reference 9 med nydeleg finish, 3-vegs med 10” bass, akkurat det som trengs for ein uanstrengt og mektig lyd. Og blikkfanget Studer B 67 spolebandopptakar. For eit syn! Rein hifi-porno. Denne spelte “midnight Sugar” med Eri Yamamoto trio, eit av dei mest dynamiske opptaka Terje kjenner til. Forsterkinga var frå Audio Analogue, og dette anlegget spelar godt uansett diett. Terje er stilsikker og stiller med interessant musikk kvart år, jamfør favoritten min frå i fjor, “Mourning Grace” med Patricia Barber. Er det lov å avslutta litt personleg? Viss ikkje må redaktøren sletta det: Det er og viktig for meg at Terje, so langt eg kjenner han, framstår som ein hyggeleg og tillitvekkande mann som alltid tek i mot meg med klårt blikk og fast handtrykk.




RESPONS
Respons-høgtalarane er ikkje til å ta feil av med sine skrånande avrunda sider, som ein pyramide som har vore på karbo-diett. Dei er ikkje billege, men visste du at å laga eit slikt kabinett kostar ti gonger so mykje som eit rektangulært?

Den utstilte versjonen er golvståane trevegs, med 8” bass i eit bassreflekskabinett. Eg har jo sett denne høgttalaren mange gonger før, men denne gongen sette eg meg ned for å lytta. Og han spelar jo veldig fint. Konstruktøren, Reidar Persson, har brukt 20 år på å finjustera han. Men han hadde sett meir elegant ut med bassrefleksporten på baksida.
Han som styrte musikken visste nok ikkje kva han gjorde då han spurde om nokon hadde spørsmål, for det hadde eg jo sjølvsagt. Og dei andre hengde seg på. Vi var 5-6 personar til stades, og alle hadde innspel. Reidar var like blid uansett spørsmål og såg ut til å kosa seg storleg. Ingen bastante påstandar, ikkje ein gong frå meg, ingen krangling om kva som er best osv., men berre god stemning og intelligent meiningsutveksling.

For her var det mykje å ta tak i. Høgtalarane var ekstremt vinkla inn. Slik vil sume ha det. Både på golv og veggar var det mengder med svarte skumgummi-liknande matter, og av desse finst det to typar: Med lukka eller open struktur. Dette var Auralex-matter med open struktur, som sjølvsagt er det beste for demping. Bassen var likevel djup og i overkant fyldig, noko som stadfester mistanken min om at skumgummi ikkje demper godt nok uansett, i alle fall ikkje bass. Han er for lett. Musikken som vart spelt var Peter Weniger “Half Life”, Patricia Barber “You and the Night and the Music” og anna.

Eg spurde Reidar kvifor han ikkje hadde kosta på seg ein ti-tommar i eit såpass stort og dyrt kabinett, for bassen var ikkje særskilt kontant. Men meir kan ein ikkje venta frå ein åtte-tommar i eit reflekskabinett. Dessutan har dei jo alt ein versjon med større kabinett og 10” bass, som Knut Vadset, redaktør i Fidelity har eller hadde. For å vera heilt ærleg hugsar eg ikkje svaret. Reidar forsvarte bassrefleksprinsippet med at basselementet må få pusta utan motstand. Og det er eit legitimt argument. Men det finst og argument (og målingar) som syner at lukka kabinett, med støytputa av luft, gjev mindre ettersleng og betre transientattgjeving. Einkvar konstruktør tek eit val etter eigen overtyding, rett eller feil! Det er heller ikkje so enkelt å samanlikna dei to prinsippa, for dei krev ulike basselement, og det lukka kabinettet skal normalt vera mindre. Difor er ein skumpropp i opninga til eit reflekskabinett inga ideell løysing.
Fleire ting vart og diskutert, etter kvart takka eg høfleg for meg og gjekk ut på gangen, men då kom Reidar springande etter og ville prata meir! Og det gjorde me, om endå eit interessant tema: Eg spurde korleis det kunne ha seg at eit rektangulært kabinett kunne (i eit konkret tilfelle) ha betre stereoperspektiv enn eit med skrånande sider. Me fann ut at det rektangulære hadde mykje brattare avskjæring i delefilteret enn “pyramiden". “Enkelt”, sa han. “Eit brattare filter har mykje betre styring på spreiinga av lyden. Eg brukar 24dB-filter”.
“Men sånt kan jo ingen amatør laga” seier eg. “Eg er ingeniør” svara han med sikker mine. Me skildest som dei beste vener!

CONSOLIDATED AUDIO BERLIN / LITTLE FWEND
Du snakkar meg om hyggelege folk. Dei kom i strie straumar på messa. Er dei like hyggelege heime og? Lasse Gretland heiter ein slik, som eg og Stig Inge har vore so heldige å verta kjend med. Saman med ein kamerat starta dei Little Fwend , ei verksemd som produserer tonearmslyftarar til platespelar. Han synte meg og Karl Erik ein slik på messa. Disco mk3 er ein forbetra versjon i rustfritt stål. Ein snedig liten sak som opererer glatt og lydlaust. Denne passar til Technics SL-1200 frå 1979 og opp til dagens modellar. Andre modellar vert og laga for andre spelarar.

Samstundes samarbeider han med ei verksemd i Berlin om MC-trafoar av høg kvalitet, og distribuerer desse. Dei er ikkje billege. Trur det var snakk om kring 40 000kr eller litt meir.
Men dette er på entusiastbasis. For salt i grauten jobbar han for ei verksemd som kreativ tilretteleggjar, og har m.a. laga reklamefilmar. Han er utdanna filmmann frå England.
Lasse er klassisk audioentusiast, med ein elsk for gamalt utstyr som EMT og Altec Lansing. Han har reist rundt i Japan og vitja sokalla Jazz Kissa, som er kafear og barar som spelar musikk på slikt utstyr. På desse turane legg han sjølvsagt og ein tur innom Stig Inge (Lyra). Det pussige namnet Fwend er eit urbant gatespråk for Friend. Der er ein fwend ein enda betre ven enn friend.
Lasse anbefalar hifideli.com for eit djupdykk i platespelaren si vidunderlege verd.

REPARERA?
Dei som har trong for å få noko reparert, kan notera seg at ikkje mindre enn to slike verksemder reklamerte for tenestene sine på messa: Re:Elektro på Furnes (Hamar), tlf 911 14 454, og B.H Audio i Skien, ved Brian Haave, tlf. 916 90 688. Eg fortalde Brian om røynslene mine med å fjerna den automatiske loudnessen på Tandberg Sølvsuper 12, og slik omvandla han til ein superforsterkar. Han lytta interessert. Han meinte han hadde ein slik heime, so dette skulle han sanneleg prøva!



Me takkar som vanleg arrangørane, utstillarane og baren for ei hyggeleg helg.
Les også messerapprten frå Arve
Les også messerapprten frå Karl Erik