mandag, 29 september 2025 11:21

Hifimessen i Horten 2025 – Del 2: Arve sine inntrykk Spesial

Skrevet av

Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i lag. Så denne gongen besøkte vi tre av hifi-forhandlarane i Oslo, og det har vi allereie publisert artiklar om.

AUDIOAKTØREN

Studer

Terje, ein av hovudmennene bak Horten-messa og HiFi-butikken “Audio-Aktøren”, demonstrerte som vanleg kvalitetane til opptak frå spolebandopptak, Dette trur eg vi må seie er Terje sitt hjartebarn som han gjerne formidlar: storarta lydkvalitet frå opptak, Han kan også skaffe slike spelarar, vedlikehalde dei og gjere justeringar. Han demonstrerer gjerne opptak via dei profesjonelle Studer-maskinene, men også Revox, som mest er tiltenkt heimebruk. Terje har ein visjon om å danne eit nettverk av entusiastar som spelar inn spennande musikk til kvarandre og byter på innspelingar av stor lydkvalitet.

Audio Analoge og QLN

Men det er ikkje berre teip som handlast i butikken. På messa fekk Terje fram svært god lyd ved hjelp av eit forsterkarsett som kom frå Audio Analoge, ler svært raffinert; bygd i rein klasse A og veldig dyrt, over 1,8 millionar. Desse brukte han til å drive eit sett QLN høgtalarar på ein framifrå måte. Normalt er slike klasse A-forsterkarar frykteleg ineffektive og brukar massevis av straum utan å levere meir enn nokre få watt ut til høgtalarane. Terje hadde ikkje fått prisen på dei, men dei kunne i alle fall drive dei store QLN-høgtalarane svært godt.

Signalkjeldene var i høgste grad allsidige. Sjølvsagt spolebandspelarar. Også strøymetenestene kunne brukast, men rosina i pølsa var etter min smak vinylspelarar.

Red Muse 3C med ny Kiseki Blue

Spelaren vi fekk demonstrert var av “boreplattformdesign”, noko som det gjerne er sterke meiningar om når det gjeld det estetiske, men der kvaliteten neppe kan diskuterast. På denne såg vi at ein blå, liten pickup var påmontert. Eg har sjølv ein ganske ny Kiseki Blue, men denne verka mindre. Terje kunne då fortelje at det var ein heilt ny versjon av Kiseki Blue som ikkje var prøvd ut denne. Såleis fekk vi vere dei aller første i Europa som fekk høyre denne. Vi seier ikkje så mykje om lydkvaliteten no, all den tid pickupen ikkje på langt nær var  innspelt. Men kvaliteten på produkta frå Kiseki har alltid levd opp til forventningane eg har hatt.

Kandidat til messa sin beste lyd?

I det store rommet på hotellet fekk Terje anlegget til å spele avsindig godt, så dette kunne ha vore nominert til “Beste lyd” om vi hadde brukt ein slik tittel på messa. Men Audiophile-redaksjonen tykkjer det er for mange kvalitetsfaktorar å ta med i ei slik vurdering, dessutan er mykje av kvalitetane vekta ulikt av oss, slik at vi eigentleg snakkar om personleg smak og behag.

BRYGGEN

Qualio

Elles var det mykje spennande på nedsida av vegen. Eg har alltid hatt sansen for fulltonekonstruksjonar, der eitt element tek seg av heile frekvensområdet, og der det ikkje vert brukt delefilter som kan kvele attakk og dynamikk. Og no har polske Qualio laga sine eigne fulltoneelement som let svært dynamisk og overtydande.  Dei demonstrerte også ein tre-vegs konstruksjon, der to av elementa var monterte i baffelplate på toppen av kabinettet Her var det skikkeleg rasp og trøkk i lyden!

 

Les også messerapprten frå Stig Arne
Les også messerapprten frå Karl Erik

Lest 1859 ganger Sist redigert fredag, 10 oktober 2025 10:27
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.