fredag, 26 september 2025 15:11

På vei til Horten. Andre stopp: Stereofil Spesial

Skrevet av

Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere  interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest spennande aktørar innan HiFi.

Skrevet av Arve

MBL

Ja, dei hadde dei fantastisk prisa MBL 101 Extreme, som er ein kandidat til å kallast verdas beste høgtalar om nokon absolutt skulle ha ein slik tittel, Dessutan hadde dei eit oppsett med MBL-elektronikk slik at summen for alt saman vart over 7 millonar kroner. Spesielt strøymeboksen var god meinte Jens, faktisk den beste han hadde prøvd, endå prisen utgjorde “berre” 100 000 av desse milionane. Men det eg synes er det mest attraktive produktet, er høgtalarane. Det har ikkje vore gjort endringar på desse rundstrålarane på rundt 15 år, og modellutvalet går frå toppmodellen i fleire hakk nedover. Diskanten er felles for alle modellane, men det er berre dei to største modellane som har den fantastiske, rundstrålande mellomtonen (“ananasen”, som han av og til vert kalla)

Leak

Leak er også eit merke dei er spente på, med pris på 1800 for billegaste alternativ. Det er snakk om fleire typer produkt, også pakkeløysingar som ligg rundt 30 - 40 tusenlappar. Høgtalarane er ekstra spennande, der kabinetta er sandwich-konstruksjonar

Devialet (skrevet av Karl Erik)

Få dager før besøket hos Stereofil mottok vi en pressemelding fra svenske Audionord om at en ny generasjon Devialet Phantom var rett rundt hjørnet, med en ny serie kalt Ultimate. Og før jeg rakk å publisere en nyhetsartikkel med den i overkant tabloide overskriften Devialet Phantom Ultimate – den Ultimate Devialet Phantom? kom Stereofil oss i forkjøpet og la ut et oppslag på Hifisentralen.

På fredag var et sett 98 og et sett 108 allerede på plass i butikken, og Jens og Marius fortalte at de var den første butikken i Europa som hadde disse nye modellene rigget opp i butikken. Dermed var også vi de første innen media i Europa som fikk lytte til dem.

De nye modellene er mer påkostet enn de tidligere, og den minste modellen Devialet Phantom Ultimate 98 har en pris fra 19.490,- pr. stk til 23.490,- pr stk, avhengig av finish. Den betydelig større Devialet Phantom Ultimate 108 har tilsvarende en pris pr. stk. fra 41.990,- til 48.990,- for den eksklusive Opéra De Paris.

Og det er alltid morsomt å høre på et sett med Devialet Phantom, der det blir nesten overnaturlig hvor høyt de kan spille med en vanvittig dyp bass. De tidligste generasjonene hadde likevel en begrensning i musikalitet, men det korte inntrykket vi fikk av Ultimate ga inntrykk av godt balanserte høyttalere.

Og som Arve skrev:

Veldig gøy var det å høyre dei siste modellane av Devalet. Ultimate 98 leverte usannsynleg stor og dynamisk lyd i eit usannsynleg lite kabinett. Prisnivået var heller ikkje urimeleg.

Graham Audio

Graham Audio er også eit spennande merke, som tek mål av seg til å gjenskape dei legendariske BBC-høgtalarane, der LS 3/5A er den mest kjende, men det er fleire modellar som kan vere interessante for dei som ynskjer seg ekte bass og høgre lydtrykk, utan å miste musikaliteten LS 3/5A er kjend for?

Quad

Quad er eit spennande merke, og alle har vel høyrt om dei legendariske elektrostatane. Dei er snart ventande inn på lager, og fortener sjølvsagt å komme i fokus. Men dei konvensjonelle høgtalarane som Quad også lagar, må ikkje komme i skuggen, heller ikkje elektronikken. Både rørforsterkarane og den nye, nostalgiske utgåva er vel verd å få med seg. Quad er ein ganske spesiell hifiprodusent, som har vore i handelen sidan 1957 då den fyrste versjonen av elektrostathøgtalaren kom i handelen. Dei fyrste modellane var kjende for å spele med ekstremt god oppløysing, men mangla litt bass, og for å ha den smalaste sweetspot på marknaden. Dei siste modellane eg har høyrt mangla slett ikkje bass.

PS av Karl Erik

Stereofil har nettopp lagt ut melding om at Quad ESL 2912X vil bli demonstrert på deres høstmesse den 10. og 11. oktober. Jeg regner med å være til stede, og kommer tilbake med en rapport med intrykk av disse elektrostatene til rundt 220.000,-.

Audio Note

Ellles har Stereofil agenturet på merket Audio Note hamna hos Stereofil. Her har ein så å seie alle typer hifi-produkt i tre prisnivå; kostbart, dyrt og avsindig. Merket er kjent for å ha høg kvalitet, og leverer musikk så naturleg som du har lov til å forvente ut frå prisnivål. Det var ikkje høve til å lytte til og fordjupe seg i desse flotte produkta, dels fordi tida ikkje strakk til, dels fordi ikkje alle var i butikken, det skal alvorleg sterk økonomi for å kunne halde dei beste av desse produkta på lager.

Wharfdale

Wharfdale er eit meir oppnåeleg høgtalarmerke. Dette merket har eg kjent til heilt sidan eg tok til å interessere meg frå Hifi,  men modellane av i dag er meir sosifiserte enn dei var på tidleg 70-ral, sjølv om dei absolutt var fornuftige den gongen. I dag er beste tilbod utstyrt med eit kraftig stativ, slik at dei får ei vekt på rundt 70 kg. Prisen er 32 000, men for musikkentusiastar med betre økonomi finnest det også ei dyrare superutgåve.

Technics

Technics platespelarar er legendariske. Største produsenten av direktedrift i mange år, og attende med endå skikkelegare utforming. Dette vert 4.generasjon av DJ-spelaren SL 1210, og alle dei andre modellane. Men ingen med heil- eller halvautomatisk arm. SL1300G er den nyaste, med pris på 38 000. Siste versjon av den aller beste SL 1000, er styggdyr, men også eit drivverk som kan alt.

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.