mandag, 03 oktober 2022 16:51

TEST: Vera P150/600 RS Spesial

Skrevet av

Vera P150/600 RS er andre forsterkaren frå norske Vera. Eg må innrømme at eg fekk hakeslepp då eg høyrde kva den fyrste Vera-forsterkaren P400/1000 var i stand til å gjere. Og no syner det seg at veslebror er like god....

Eg har innlemma Vera P400/1000 i anlegget mitt. Denne vesle tøffingen greier å levere såpass mykje effekt at det får mine svært tungdrivne MBL 101E2 til å danse. Sannsynlegvis leverer dei i underkant av 1000 Watt når eg skrur opp, noko som fører til eit ganske travelt lydtrykk. Men det syner seg også at dei får MBLane til å spele utmerka også på meir moderate lydnivå, noko som ikkje alle forsterkarar klarer.

Eg hadde altså vorte van med P400/1000, og fekk no sjansen til å prøve om den endå mindre vrengande P150/600 RS kunne klare det same, trass i mindre effektreservar.  Forsterkarane verkar heilt identiske, bortsett frå at den største forsterkaren var utstyrt med kjølevifte, der minstebror måtte klare seg med lufting sidan han drog mindre effekt.

For å ikkje gå tom for effekt, fekk eg låne to eksemplar av P150/600 RS, slik at det var totalt om lag det same å gå på. Så sette eg i gong. Fyrst prøvde eg dei i brukopla modus, saman med min utgamle Audio Research SP 10. Det synte seg å vere uråd å skilje lydlege endringar frå mitt standardoppsett. Eg skifta mellom 2 stk P150/600 RS og 1 stk P400/1000. Så lenge eg har greidd å halde same lydstyrke, var det uråd å høyre skilnad. Så prøve eg med min vesle Topping Pre90, som har meir oppløysing enn den gamle rørforforsterkaren, men det var på same måte, uråd å skilje på anna enn lydstyrke.

Så skifta eg til å bruke berre 1 stk P150/600 RS, og kunne konstatere det same. Lyden var identisk, sjølv når eg skrudde opp lyden ganske høgt. Eg måtte ta i skikkeleg før eg følte at P400/1000 hadde betre kontroll enn minstemann. Så med mindre du har ein meir tungdriven høgtalar enn MBL 101E2 i eit stort rom, og ynskjer å ta lydtrykket heilt ut, vil du klare deg også med ein P150/600 RS. Og om eg skulle ta feil, vil du komme om lag like langt med to eksemplar av den minste høgtalaren.

Du må rekne med at forsterkarane kostar noko rundt 37 500.

Les meir om P150/600 RS hos Vera Audio

Tekniske spesifikasjonar for Vera P150/600 RS frå produsenten

  • Selectable gain in very accurate 3dB steps from 12dB to 30dB as well as mute function
  • CMRR of at least 89dB@100Hz and better than 94dB@1kHz (measured based on the IEC 60268-3 standard)
  • Very low noise of less than 18uV
  • S/N of more than 125dB (stereo)
  • S/N of more than 128dB (bridged)

Continuous power:
Stereo, both channels driven at 8 Ohm

  • 220W with maximum 1% THD+N
  • 180W with maximum 0.01% THD+N
  • 140W with maximum 0.0005% THD+N

Stereo, both channels driven at 4 Ohm

  • 420W with maximum 1% THD+N
  • 340W with maximum 0.01% THD+N
  • 270W with maximum 0.0007% THD+N

Bridged 8 Ohm

  • 800W with maximum 1% THD+N
  • 680W with maximum 0.01% THD+N
  • 600W with maximum 0.0005% THD+N

Bridged 4 Ohm

  • 920W with maximum 1% THD+N
  • 900W with maximum 0,0007% THD+N

DIMENSION AND WEIGHT

  • Width: 29 cm
  • Depth (including terminals): 38 cm
  • Height: 8.2 cm
  • Weight: 7 kg

 

 

Lest 2807 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.