mandag, 09 november 2020 18:51

TEST: Dual CS 455-1 Noblesse - Ei positiv overrasking! Spesial

Skrevet av

Då eg oppdaga at Lydglede hadde Dual platespelarar i sortimentet, vart eg nyfiken. Dual er nok ein av dei platespelarprodusentane som har levert flest einingar opp gjennom åra. Ikkje slik at dei har laga dei mest ambisisøse designa – dei har heller brukt å gjere ting nøkternt, men sinnrikt og funksjonelt, slik at kunden får så mykje for pengane som råd. Så her prøver vi endå ein modell, denne gongen ein ganske rimeleg modell.

Som skribent er det sjølvsagt alltid moro å prøve ut toppmodellane. Men Dual er ganske uoversiktleg, og den mest ambisiøse modellen; «Primus Maximus» er ikkje norsk lagervare. Og sidan han manglar prefikset CS, er det ikkje sikkert at han er laga i Tyskland heller. Så eg fekk prøve ein CS 800, som er den nest dyraste av CS-modellane. Med denne gjekk det dårleg då eg skulle skifte pickup, så eg fekk tilsendt ein ny, rimelegare modell, CS 455-1 Noblesse, som ligg på like under 8 kilokroner. Denne spelaren var ein Limited Edition-utgåve i spesielt eksotisk treverk, men det finnest alternativ frå Dual, også billegare.

Som ein kan forvente, er pakkinga av CS 455-1 gjort på ein nøktern og effektiv måte, med dei ulike delane plassert på gjennomtenkt vis, slik at vårt kjære postverk ikkje kan lukkast i å påføre uhell (eg såg spelaren verte snudd på hovudet då eg henta pakken, men det gjekk fint). Under utpakking er det verd å merke seg rekkefølgja av delane, slik at du kan pakke spelaren ved seinare behov. Spelaren har flytande oppheng, som er festa med transportskruar, slik at du kan vere trygg på at opphenget er i orden. Dual var elles kjent for flytande oppheng som fungerte svært godt. Sjølv har eg prøvd ein femti år gammal variant som ikkje lot seg påverke med mindre du daska til spelaren, så om dette er like bra som i gamle dagar, lovar det godt.

Spelaren er altså logisk pakka. Du må fjerne transportskruane, montere tonearmsloddet, tallerkenen, og passe på at spelaren står i vater. Beina er ikkje justerbare, så her må du ha eit greitt underlag i utgangspunktet. Så må du balansere ut tonearma, og sette stifttrykk og antiskating rett. Dette er ganske enkelt, og gjerast ved å skru på to skalamerka skiver på armbasen. Til sist settast akryllokket på i hengslene, og du er klar til avspeling.

Ettersom spelaren er utstyrt med ein Ortofon OM 10-pickup, hadde eg små forventningar til lyden. Eg har sjeldan prøvd ut komplette spelarar på dette prisnivået. Rett nok har den 5000 kroner billegare CS 455-1 Noblesse automatikk, og dessutan høve til avspeling av 78-plater, men det er no lydattgjevinga vi fyrst og framst er ute etter, og der sit mykje i pickupen. Det fylgde med ein justeringsmal for pickupskift, men ingen 78 rpm monopickup, så dette må du eventuelt skaffe deg på eiga hand. Den større modellen eg nettopp hadde testa, var utstyrt med ein Ortofon 2M Red. Sjølv om dette også er ein billegpickup, (kostar 11 -12 hundrelappar) er det ein pickup som har vore rekna for å vere mykje for pengane når armen er den rette, og lettvektsarmane til Dual absolutt bør vere innanfor. Og OM 10 (utgått, erstatta av OM 5) kostar godt under tusenlappen.

Overraskinga

Då eg starta opp med fyrste plate, var sjokket stort. God, kanskje endåtil betre bass enn det eg fekk frå storebror CS 800. Og jammen var det betre lydbilete også. Korleis kunne dette vere mogleg med ein såpass billeg pickup? Eg måtte til å samanlikne med referansespelaren, som er i ein heilt annan liga – 15 gonger prisen til CS 455. Og ja, det var svært stor skilnad. Men eg opplevde skilnaden som mindre enn då eg samanlikna CS 800 med referansen.

Eg burde utforska dette betre. Det er ikkje logisk at OM10 skal låte betre enn 2M Red. Sistnemnde kan monterast CS 455-1 Noblesse som ekstra oppgradering for nokre ekstra hundrelappar, og det kan hende at 2M Red treng meir innspeling enn den billegare OM 10. Men vi kan iallfall så langt slutte at CS 455 er eit forbaska godt kjøp. Spelarane skil seg frå kvarandre designmessig. CS 800 har dei reinaste linjene, er mest elegant og påkosta, men den funksjonelle automatikken, det flytande opphenget og det estetisk tiltalande med den billegaste modellen gjer at denne er eit forbaska godt kjøp. Og for den som er glad i treverk, er denne spesialutgåva ekstra interessant.

Dette var som sagt ei overrasking. Kanskje ikkje så mykje over platespelarane som over pickupane. Eg har prøvd Ortofon 2M Raud fleire gonger. Det er ikkje ein superpickup, men han kjem som regel godt ut av samanlikningar med pickupar i eiga prisklasse. OM 10 har eg ikkje høyrt før, men i denne samanhengen kjem han minst like godt ut som den noko dyrare slektningen. Stort sett får du det du betalar for når du kjøper platespelar, men i mitt oppsett fungerte altså det billegaste alternativet forbausande godt. Det er vanskeleg å seie kvifor, men eg peikar på to ting: At OM 10 passar perfekt saman med armen på CS 455, og at forforsterkaren min ikkje er heilt nøytral, men samsvarar betre med OM 10 enn 2M Red.

Konklusjon

Uansett er det all grunn til å vurdere CS 455-1 som platespelar om du ikkje vil bruke mykje pengar på vinylmediet. Han er ikkje av referansekvalitet, og langt frå perfekt når det gjeld oppløysing og dynamisk nyanseringsevne, men har ein svært musikalsk og triveleg spelestil som vanskeleg kan mislikast. I tillegg får du ein heilautomatisk spelar, slik at det er minimal fare for å knekke stiften, eller la han gå på tomgang i insterilla når du går frå anlegget mot slutten av plata. Og så får du 78rpm, slik at du kan spele bestefar sine gamle steinkaker. Altså er dette spelaren for uerfarne vinylbrukarar, den som er på budsjett, den som kjøper sin første platespelar, eller den som har arva ei platesamling. Og dei lette Dual-armane er kanskje nettopp det du treng for å kunne gje din gamle MM-pickup optimale arbeidsvilkår.

Prisen for Dual CS 455-1 Noblesse er kr. 7.995,-.

Les meir om Dual CS 455-1 Noblesse hos Lydglede

 

 

Lest 4492 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.