søndag, 16 mai 2021 12:41

TEST: Musical Fidelity M8s forsterkarsett Spesial

Skrevet av

Likar du overflod?
Her er overflod!

Musical Fidelity er ein elektronikkprodusent med ein svært spennande og lang historie. Grunnleggjaren, engelske Anthony Michaelson, var fyrst og framst musikar (klarinettist). Men han var også ingeniør, og den eine eigarparten av røyrforsterkarprodusenten Michaelson & Austin, som hadde nokre effektforsterkarar med uvanleg godt rykte i gamle dagar. Men Michaelson hadde fleire ambisjonar, og starta MF. Der tok han til å eksperimentere med nuvistorar, ein slags mellomting mellom rør og transistorar laga av metall og keramikk, som MF framleis brukar i ei heil produktlinje, frå riaa-trinn og CD-spelar til forsterkarkonstruksjonar. Desse spennande produkta skal kunne by på mange av fordelane til rør utan dei fleste problema. Også lagast mange andre produkt i mange prisklassar, også reine transistorkonstruksjonar, mellom anna eit nydeleg riaatrinn som har vore prøvde ut av Audiophile.no. Effektforsterkarar på opptil 100Watt i klasse A er heller ikkje kvardagskost, og den myteomspunne Titan effektforsterkaren er nok den kraftigaste effektforsterkaren som har vore tilgjengeleg på marknaden, som visstnok kunne levere 4000 watt i 2 ohm. Få har høyrt dette monsteret, men det skal vere testa av Stereophile. Vi kan nok rekne med at dette prestisjeproduktet har vore med i tankane til konstruktøren når M8-S700M skulle designast.

Men Musical Fidelity si produktlinje har utvikla seg vidare. Klasse A-produkta er borte, og det nye toppsettet av forsterkarar er 8-serien, som består av ein integrert forsterkar med rå data, men framfor alt forforsterkaren M8s Pre og monotrinna M8s700, som eg no altså har fått sjansen til å prøve ut. Dette er ein av dei meir brutale forsterkarsetta på marknaden, og det lovast 700 ekte Watt i 8 Ohm pr kanal. Det medfører at eg får usannsynlege 1350 Watt til kvar av mine 4 Ohms MBL 101e mk 2 høgtalarar. Desse høgtalarane har ein grusom akilleshæl; dei spelar berre 80 dB/Wm, så du treng eigentleg uendeleg med krefter. Og det får dei no. Greier M8s700 denne jobben, vil eg påstå at dei er rigga for å klare kva som helst av høgtalarar. Eg gler meg, men ikkje berre for å spele høgt. Greier forsterkarane å spele med finesse, eller er det berre grove musklar?

Musical Fidelity har vore gjennom store endringar. Her i landet har dei fått importør, og produksjonen er lagt til Taiwan. På importøren Audiocom sine heimesider forteljast det at dei no er austerrikske. Det ligg eit intervju med grunnleggjaren på Musikal Fidelity sine websider, men det gjev slett ikkje svar på alle spørsmål.

Uansett, det var svært spennande å få ganske nøyaktig hundre kilo elektronikk frå MF inn i Audiophile-stova. Godt, forsvarleg innpakking som tok si tid å pakke ut. Men til slutt var anlegget klart til bruk.

Utprøving

Eg måtte gjere dette i fleire etappar. Forforsterkaren M8sPre skulle prøvast ut på min referanse Vera 400/1000 effektforsterkar. Andre etappe var å prøve M8s700-settet. Fyrst med min yndlingsforforsterkar ARC SP 10, etterpå Topping 90-settet. Så ville eg prøve reint M8S-oppsett med både for -og effektforsterkarar. Ettersom eg lyttar mest seriøst om morgonen i helgane, tok dette si tid, og forsterkarane vart lenge på besøk. Det synte seg å verte eit svært triveleg besøk...

Designet til Mobile Fidelity er ganske tradisjonelt. Kabinetta til effektforsterkarar er store, tunge boksar med kjøleribber, av/på knapp med blå diode på framsida, og tilkoplingar på baksida. Men det er signal ut, i tilfelle du skulle finne på å biampe anlegget ditt. Forforsterkaren er også heilt enkel med inngangsveljar og volumkontroll på vanleg måte. Det litt meir spesielle er at anlegget er utstyrt med XLR-kontaktar, så du kan kjenne deg rimeleg trygg på at signalet ikkje vert påverka av kablane nesten uansett kor lange leidningar du har. Der er også doble høgtalarterminalar, slik at biwiring også er enkelt.

Inntrykk saman med Audio Research SP 10 forforsterkar

Fyrste utprøving var med vanleg RCA-leidningar, ettersom min gamle ARC SP 10 forforsterkar ikkje har balanserte tilkoplingar. Eg var utålmodig etter å prøve musklane desse effektforsterkarane hadde, og måtte berre lytte litt før mi vanlege oppvarmingsøkt, men fann seinare ut at det var svært lite å bry seg om. MF er klar til finlytting før det er gått eit kvarter – Eg kunne iallfall ikkje registrere skilnadar om eg lar forsterkarane stå på over natta. Veldig greitt.

Eg spelte altså via ein 35 år gammal rørforsterkar, og kjende umiddelbart att signaturlyden av denne. Det var uråd å detektere innverknad frå M8 effektforsterkarane i fyrste omgang. Eg prøvde ut mange musikkalternativ utan å finne noko særpreg som ikkje kom frå forforsterkaren. Og det var svært vanskeleg å høyre skilnad når eg samanlikna med Vera 400/1000. Det vil seie, heilt til eg fann ut at eg skulle skru opp volumet. Det synte seg at eg kunne spele himmelhøgt med stålkontroll. Stygge lydtendensar var det ikkje spor av, før inventaret og vindaugsrutene tok til å røyre på seg. MBL 101 skal visstnok tåle nesten uendeleg med effekt (oppgjeven til å tåle over 2 kW i peakane), og her fekk dei noko som kunne drive dei inn i galskapen. Effektreservane her var ufatteleg store, og når det kan utslette mbl 101 sin akilleshæl såpass fullstendig, dristar eg meg til å hevde at M8S-700M kan drive kva som helst av tungdrivne høgtalarar.

Monotrinna saman med Topping Pre90

Men eg måtte prøve å finne eigenlyden til desse beista. Og det var tydeleg at det ikkje gjekk når SP10 fekk dominere. Denne vart difor etter kvart skifta ut med den svært så nøytrale Topping Pre90. Billeg og liten, med få inngangar. Ikkje rare karen, men ein svært så nøytral forforsterkar. Eg gjekk også over til balanserte kablar.

Skilnaden var stor. Umiddelbart sakna eg min kjære ARC SP 10, men var sjølvsagt klar over at lyden vart mindre prega av elektronikken. Pre90 er klart meir nøytral, og etter ein halvtimes tilvenning vart eg klar til å leite etter særpreget til monoblokkene. Eg måtte ta fram Vera 400/1000 og gjere samanlikningar. Etter fleire lytteøkter måtte eg også no konkludere at det var svært lite skilnad mellom desse to effektforsterkaralternativa. Eg skulle svært gjerne disponert to stk Vera, slik at effektreservane var likeverdige (Vera 400/1000 er designa for også å kunne brukoplast som monotrinn, og vil då ha om lag like mykje effekt som M8S-700M). Eg kom etter kvart fram til at M8S-700M hadde ei aning meir å gå på når eg spelte svært høgt, noko eigarar av tungdrivne høgtalarar med større lytterom enn mitt (vel 40 m2) vil sette pris på. Det er noko heilt eige å oppleve den autoriteten som syner seg når du dreg på med skikkeleg bråkemusikk som til dømes Yello «The Eye» og 1812-overture på Telarc. Til trøyst for dei som må nøye seg med Vera, kan eg seie at 400/1000 har like god kontroll på bassen når det spelast på «fornuftige» volum (til og med litt ufornuftige lydtrykk går greitt). I dei fleste kvardagssituasjonar kunne begge forsterkarane formidle oppløysing og detaljar i like stor grad. Det er altså når du har bruk for dei verkeleg store effektreservane at det er skilnad å snakke om. M8S-700M kan iallfall reklamere med «ingen jobb for stor», og taklar også normale oppgåver med bravur. Eg skulle naturlegvis prøvd desse forsterkarane også på mindre krevjande høgtalarar, men kan ikkje tenke meg at dei ikkje klarer både stort og smått.

Effektforsterkarane er laga for å kunne drive kva som helst, og mine «umulege», tungdrivne MBL-høgtalarar tvingast til disiplin. Med 700 Watt pr kanal (endå meir til mine 4 Ohms høgtalarar. Produsenten informerer ikkje om kor mykje det ytast i 4 Ohm, men nokon hadde målt dei til 1350 Watt). Her er autoritet av ei anna verd, utan at lyden på noko vis kan kallast hard eller vrengd, uansett kor høgt eg skrudde volumet. Ved samanlikning med min referanse-forsterkar Vera 400/1000, må eg nok ha dobbelt sett av slike for å greie noko liknande. Eg sit med inntrykk av at MF her har laga det kraftigaste effektforsterkarparet eg har hatt høve til å prøve ut. Klangbalansen er svært nøytral, men dynamikken kjem likevel i fokus. Spesielt når det gjeld kraftige fortissimoparti, som leverast med entusiasme av ei anna verd. Og nyanseringsevna er også svært bra, alt etter kva forforsterkar og signalkjelde som brukast.

Treng du verkeleg så kraftige forsterkarar?

Dette er sjølvsagt opp til den einskilde entusiast å vurdere. Har du eit lite rom, lettdrivne høgtalarar, driv nærfeltslytting og elskar viser og kammermusikk, er det andre alternativ. Monoblokker på 700 Watt i 8 Ohm er overkill for mange. Men hugs at når avstanden mellom høgtalar og lyttar aukar, stig også behovet for effekt ganske valdsamt. Og det å ha nok å gå på når det er stor dynamisk variasjon i musikken er alltid viktig. For oss med svært tungdrivne høgtalarar er det frigjerande å sleppe å leve på grensa av effektforsterkarane si yteevne, og vite at det er nok å ta av uansett kva ein måtte finne på. Ut frå erfaringane med kombinasjon saman med Audio Research SP 10, er dei tydelegvis svært så allsidige. Og det til ein pris som er til å leve med.

Fokus på forforsterkaren

Så var tida komen for å sleppe til M8sPre. Eit imponerande, fullbalansert apparat med nøkterne funksjonar. Alt du treng, endåtil Tape in/out, to balanserte inngangar, volumkontroll og inngangsvelgjar, og eit riaatrinn for vinylentusiasten. Dette sistnemnde var tilpassa både MM og MC, men kunne ikkje justere ut over dette valet. Eg prøvde mine to yndlingspickupar, og det gjekk veldig bra med Audio Technica AT33SA, medan Kiseki Blue ikkje ville samarbeide. Du må altså vere nøye med pickupvalet ditt om du er vinylentusiast, og rett og slett leite opp ein som både passar til din eigen smak og denne riaadelen, om du ikkje satsar på separat riaa.

Dette er ein svært nøytral og fullstendig støyfri forforsterkar av ganske tradisjonelt design, men ekstremt forfina. Saman med M8-700M monoblokkene er han heilt på linje med det mest nøytrale eg har høyrt. Det er ei god hjelp at forforsterkaren har to balanserte inngangar, i tillegg til rikeleg med generelt gode, vanlege RCA-inngangar. Sjølv om evna til å hugse lytteinntrykk er noko som er usikkert, dristar eg meg til å hevde at settet er i likeverdig klasse med ASR Emitter 2 Exclusive når det gjeld nøytralitet og detaljformidling, berre endå kraftigare. Forforsterkaren tilfører marginalt med eigenart. Eg vil nesten kalle han kjedeleg, fordi han påverkar signalet i endå mindre grad enn Topping 90Pre. Ut over ei veldig overtydande evne til å formidle luft og rom rundt einskildinstrumenta, er eg ute av stand til å beskrive eigenlyd til denne forforsterkaren.

Den tradisjonelle utforminga er forfina i svært stor grad. Likevel, somme vil nok etterlyse ein meir raffinert riaa, innebygd DAK og blåtannmotakar. Dette er produkt som Musical Fidelity også har på repertoaret i fleire prisklassar.

Eg prøvde også M8Pre saman med Vera. Det fungerte utmerka, og stadfesta det same inntrykket av ein svært nøytral forforsterkar, og eit oppsett som trygt kan samanliknast med det meste. Eg vil likevel seie at eit komplett M8-sett er meir tilfredsstillande, då Musical Fidelity har utvikla dette som eit sett der komponentane er tilpassa kvarandre, også designmessig. Det hadde vore interessant å prøve M8-settet opp i mot Mark Levinson ML 33 og ASR Emitter 2 Exclusive, det råaste eg har hatt i hus. Eg er stygt redd for at sikringskrinslaupet på ASR hadde stengt ned forsterkaren om eg hadde prøvd å skru han like høgt som M8-settet. Det er vanskelegare å seie noko om korleis ML 33 hadde oppført seg, men trass i godt over 100 kg vekt og 96 utgangstransistorar pr kanal, var no desse monsterforsterkarane oppgjevne til berre 500 Watt i 4 Ohm, altså ikkje kraftigare enn min Vera 400/1000 (om eg ikkje kjøper ein til, då). Så då er nok M8-settet eitt av dei aller kraftigaste kommersielt tilgjengelege forsterkarsettet på marknaden.

Elles må det nemnast at M8 ikkje er einaste forsterkaralternativ MF har. Her er også ein meir utradisjonell «Encore»-serie, med moderne, integrerte forsterkarar for den som vil ha lettvint tilgang på strøymetenester og denslags. For å ikkje gløyme serien med novistorkonstruksjonar, og dei heilt billege produktlinjene.

Konklusjonar:

M8Pre

Forforsterkaren kan best beskrivast med ordet «korrekt». Kanskje ein konsekvens av engelsk, avmålt veremåte? Ein forforsterkar som diskret held seg i bakgrunnen utan å markere seg på nokon måte, som passar på at lydbilde så vel som dynamikk og frekvensar får den fridomen som skal til for å få nøytral musikkattgjeving. Berre vinylentusiastar med store krav til allsidig riaa har noko å sette fingeren på -ver nøye med pickupval, så går det nok bra.

Effektforsterkarane

Eg kjenner ikkje til forsterkarar med tilsvarande styrke som desse. Dei spelar utmerka, utan noko som kan kallast svake sider, og kan drive kva som helst av høgtalarar. Formidlar nyansar så vel som autoritet over heile frekvensområdet. Fullstendig støyfrie, genererer ikkje særleg varme på tomgang, og til ein pris som ikkje kan kallast anna enn rimeleg. Og så passar dei til både eigen og andre sine forforsterkarar. Har du stort rom, store og tungdrivne høgtalarar bør du prøve korleis livet vert lettare med 700 nøytrale watt. Sjølv om effektforsterkarteknologien etter kvart har fått til klasse D-konstruksjonar av svært høg klasse og massevis av effekt, syner Musical Fidelity at tradisjonell AB-klasse framleis må reknast med i den absolutte toppklassen.

Komplett sett

Det må vel seiast å vere symbiose når M8 spelar som sett. Eg har likevel vanskeleg for å påpeike kva denne synergieffekten skulle vere, for både monotrinn og forforsterkar greier seg utmerka godt saman med produkt av andre produsentar. Å kunne styre effektforsterkarane med same fjernkontroll vil vere greitt, og det er også greitt å ha samsvar i designet for den som bryr seg om utsjånad. Som pakkeløysing er det også ein svært hyggjeleg pris for utstyr på dette kvalitetsnivået.      

 

Pris for Musikal Fidelity M8s-PRE er kr. 39.995,-

Pris for Musical Fidelity M8s-700M er kr. 34.995,- pr. stk.

Norsk importør for Musikal Fidelity er Audiocom

Les meir om Musikal Fidelity M8s-PRE hos Musikal Fidelity

Les meir om Musikal Fidelity M8s-700M hos Musikal Fidelity

 

Lest 4568 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.