mandag, 05 oktober 2020 20:31

TEST: Apollon – greske, guddommeleg gode rørforsterkarar. Spesial

Skrevet av

Lenge sidan eg har hatt effektforsterkarar med rør i anlegget. Med tungdrivne høgtalarar er det eit avgrensa utval som er kraftige nok, og som også er til å betale. Så kom Radomir Gambiroza frå Sound Ground i Bergen på besøk med Tsakidiriks Apollon, eit sett rør monoblokker på 150 Watt, og det til ein pris som må seiast å vere fornuftig.

Oppsettet – og tidlegare erfaringar

Eg har ordna meg eit ganske atypisk stereoanlegg, og innrømmer at eg har mala meg inn i eit hjørne – men for eit godt hjørne å vere i! Eg har frykteleg tungdrivne høgtalarar, med ekstreme behov. Effektbehova stettast ved ein Vera Audio klasse D-forsterkar, som styrast av ein 35 år gammal Audio Research SP 10 forforsterkar. Eg har ein brukbar pickupstall med eit godt dusin ulike pickupar, der mine referansar er Audio Technica AT33SA og Denon DL 103. Eg har ein tolvtoms pickuparm, rigga på ein Super ScoutMaster med Rimdrive og tung tallerken frå VPI. Sist eg prøvde rørforsterkarar til dei ekstremt tungdrivne MBL 101E mk 2, måtte eg til med 500 watts Manley Neoclassic. Desse vart ikkje verande i anlegget på permanent basis, mest av alt fordi 20 stk KT 90-rør medfører vesentleg varme og kostnadar til rørskift. Då er Tsadirikis Apollon lettare å tilfredsstille, med 8 KT 120-rør til utgangen. Det vert også varmt – så varmt at desse monotrinna bør plasserast ganske frittståande, med god avstand til kvarande og alt anna, men trass alt ikkje så valdsamt som dei veldige Manley-forsterkarane, som eliminerte fullstendig behovet for oppvarming i stova.

Den andre røyrforsterkaren eg har fått til å fungere, er Rogue M180. Denne hentar ut litt meir effekt – 180 kontra 150, og brukar akkurat dei same utgangsrøyra. Ein svært interessant konkurrent, heilt til du finn ut at Rogue kostar rundt det dobbelte av grekarane.

Tsakiridis

Dette er for oss eit heilt ukjent merke. Dei handlagar fleire rørprodukt, og handverksmåten gjer at du kan velje mellom fleire variantar. Eg har gått for dei kraftigaste effektforsterkarane, monotrinna med namnet «Apollon». Her kan du velje mellom fire ulike variantar: «standard» Apollon med 70 Watt basert på EL34-rør, det billegaste alternativet til 27 500 kr, Apollon Pluss, som leverer 90 watt med 6550-rør, pris 34 000. Den versjonen eg har fått prøve ut, Apollon Ultra, har KT 120 og leverer 150 watt, medan toppmodellen Ultima er identisk, bortsett frå at loddingar og signalveg er gjort med sølv, og elles har ekstra flotte komponentar. Dette hevar prisen til 71 000 kr, utan å endre spesifikasjonar på nokon måte.

Forsterkarseriane Aretmis og Achilles er også interessante konstruksjonar, men diverre ikkje aktuelle i mitt testoppsett, der eg er avhengig av helst hundrevis av watt. Der er også integrerte forsterkarar i programutvalet, forforsterkarar, MC-forsterkar, ein rørtestar, og endåtil ein passiv «testforsterkar» der du kan nivåtilpasse utgangsnivået for to ulike signalkjelder for å gjere A/B-samanlikningar. Her er det altså noko for ein kvar smak og lommebok.

Så er det utsjånaden. Røyrforsterkarar må byggjast skikkeleg, for det er transformatorar både på straumforsyninga og på utgangen, og desse bør vere store og tunge, spesielt når vi snakkar om kraftige forsterkarar som dei vi snakkar om her. Difor vert dei ofte laga med ein noko traust utsjånad. Tsiardirikis har løyst dette ved å eksponere røra synlege i fronten, og med eit pleksiglasdeksel for å verne røra. Du er aldri i tvil om at det handlar om rør.

Straumbrytaren i fronten lyser grønt når forsterkaren er påslått, men knappen er litt krøklete i bruk, trykkjer du ikkje skikkeleg, sprett han ut att. Men du venner deg fort til korleis det skal gjerast.

Tsakiridis har også ein vendar der du kan velje mellom to grader av tilbakekopling. Denne verkar fyrst og fremst inn på kor kontrollert du ynskjer at forsterkaren skal ha over bassattgjevinga. Eg fekk best resultat i mitt oppsett ved å sette han på «Normal». Dette var det mest edruelege, sjølv om det vart feitare lyd ved å velje «Low»-posisjonen.

Ein annan spennande fasilitet er triodedrift. Alle forsterkarane har denne opsjonen, som gjer at forsterkaren arbeider på enklare måte enn når dei går i den meir effektive ultralineære drifta. Typisk mister dei inntil halv utgangseffekt med like stort straumforbruk. Til gjengjeld leverer dei ein på mange måtar betre lydattgjeving, ofte meir tredimensjonal og ein triveleg, varmare klangbalanse. Men du kan ikkje spele heilt så høgt som du gjer ved ultralineær modus. Likevel vil eg tilrå at du prøver ut triodedrift, for det er trass alt ikkje meir enn 3 dB reduksjon i lydtrykket om du halverer effektbruken.

Ultralineær drift

Dette er det mest fornuftige om du skulle slumpe til å ha behov for å drive tungdrivne høgtalarar med 81 dB/Wm, eller har ambisjonar om å spele svært høgt. Det vart likevel til at eg spelte med triodedrift i dei vanlege vekedagane. Eg spelar normalt ikkje så høgt anna enn i helgane.

Med ultralineær drift og «Normal» tilbakekopling var det faktisk slik at eg var nesten fornøgd med effektreservane, også når eg spelte rock og typisk forsterka musikk. Dynamisk nyanseringsevne er svært god, spesielt i kombinasjon med ARC SP10 som har dette som ein av sine sterkaste sider. Når det gjeld å ta heilt ut energien på plater med dei aller sterkaste fortissimoane, leverer Apollon det du kan forvente. Men ikkje så kraftige kanonskot på 1812-overtura som Vera sin 5 gongar sterkare klasse D-forsterkarar. Ettersom dette verket stort sett spelast for å provosere, er det ingen grunn til å kalle det eit vesentleg problem. Så til min vanlege bruk av anlegget, vil eg seie effektreservane til Tsakiridis er tilstrekkelege. Men ikkje når eg ein sjeldan gong vil bolse litt...

Triodedrift

Eg må innrømme at denne modusen vart mest brukt, totalt sett. Nei, eg måtte nok spele litt lågare enn ved ultralineær drift. Triodedrift reduserer utgangseffekten til 110 Watt, og sjølv om dette utgjer berre nokre få dB, men det kunne merkast. Likevel, faktum var at eg faktisk spelte mykje oftare i veka når eg hadde røyrforsterkning heile signalvegen. Det vart til at eg spelte – på beherska lydnivå – ganske oftare til kvardags enn det eg har for vane. Dette er eit godt teikn, for ingenting er betre for anlegget enn at det vert brukt. Og 110 oppgjevne triodewatt er no trass alt relativt brukbart med effekt.

Kvalitetane ved lydattgjevinga var svært gode. Instrumenta klang meir «kroppsleg», på same måte som songarar som Cab Galloway, Harry Belafonte og Dusty Springfield i endå større grad stod fram på scena for deg enn det vanlegvis gjer. Det verka som detaljane vart måla med finare penselstrøk enn med ultralineær drift, endå det slett ikkje var tendensar mot tilgrauting av detaljane i nokon av desse posisjonane (berre om eg spelte høgt med låg tilbakekopling)

Generell utprøving

Det er mange som trur at røyrlyden er varm. Det kan absolutt diskuterast! Men det er klart at røyr er annleis, og det er fleire måta å beskrive dette på. Eg hallar til ei forklaring om at røyrforsterkarar i hovudsak høyrest meir naturlege ut enn transistorkonstruksjonar, og tenkjer at røyrforsterkarar har fullstendig fråvær av «transistorlyd». I kva grad dette er ein realitet, må den einskilde lyttar vurdere, for her er eg ganske så subjektiv, og har lite å støtte meg på, anna enn sjølve opplevinga. No spelar eg på ein Klasse D-forsterkar, men eg har hatt stor glede av effektforsterkarar med røyr. Og min Audio Research SP 10 forforsterkar har 12 rør i signalvegen, pluss tre i straumforsyninga. Det er ein lang og kronglete veg eg har vandra, og eigentleg er det tilfeldig at eg ikkje har eit sett Manley Neoclassic 500 watts røyrforsterkarar med 20 KT 90 rør. Men det hadde vorte varmt og dyrt i lengda..

Måten Apollon-forsterkarane formidlar musikk på, er svært overtydande. Dei er svært dynamiske, formidlar både nyansar og skikkelege fortissimo slik at eg av og til får lyst til å vende tilbake til røyreffektforsterkarar. Dei har, spesielt under triodedrift, stor evne til å formidle at musikarane er på scena, føresett at opptaket er godt, og dei har ein måte å formidle grunntone og nerven til eit instrument på eit uvanleg truverdig måte.

Etter kvart som eg spelte ulike musikksjangrar over tid, opplevde eg at Apollonane vaks på meg, spesielt under triodedrift. Pentodedrift vart berre nødvendig når eg skulle spele høgt, og dei musikksjangrane der dette var naturleg. Til å høyre Fleetwood Mac, ymse visesang og kammermusikk valde eg triodemodus.

Så kom stunda då eg skulle gå attende til referanse effektforsterkar. Eg tok utgangspunkt i å spele Christine McVie og Lindsey Buckingham sitt fellesalbum. Pickup var den lett mørkklingande og nøkternt forsiktige 40 år gamle Accuphase AC 1, som passa musikk og anlegg godt. Lyden på dette opptalet er slett ikkje fullkomen, men akkurat slik at Apollonane kunne blomstre, med si gode romoppleving, dynamiske nyanseringsevne og hyggjelege klangbalanse. Jadå, dette er ei rein lystoppleving, der eg ikkje bryr meg så veldig om i kor stor grad anlegget attskapar lyden frå opptaksrommet, men rett og slett likar lyden. Så det var med noko tungt hjarte eg muta lyden og slo av effektforsterkarane, for så å overlate drifta av høgtalarane til meir moderne og korrekte klasse D-konstruksjonar. Anlegget eg hadde satsa på. Korleis var skilnaden?

Det fyrste eg måtte gere var å justere til tilsvarande nivå på Vera-effektforsterkaren. Eg hadde i utgangspunktet funne det best å dempe gain på denne, men når eg skulle gjere ei rettferdig samanlikning med Apollonane, måtte dei spele på nokolunde likt lydnivå. Då dette var gjort, tok lyttinga til.

Det var påfallande kor mykje likt det var med lyden, så mange fyrstegongslyttarar vil vel undre seg over kor lite som skilde såpass ulike konstruksjonar. Det var faktisk langt større skilnad då eg skifta mellom platespelarane eg hadde til dispoisjon, men det vil vel ikkje overraske den hardbarka audiofile? Tsakidirikis var klart mest komfortabel når eg spelte på Accuphase AC-1, medan Vera gjorde meir av seg når den litt meir pågåande AT33SA var i rillene Men for meir krevjande musikkelskarar vil ein vel få nokre vanskelege nyansar å velje mellom:

  • Vera sin stålkontroll i bassområdet, eller Tsakidirikis sin saftige og sjarmerande bassattgjeving?
  • Spele stygghøgt og ha massevis av overskot til kanonskot og hardrock ved å bruke Vera, eller vil du ha lange lyttekveldar der Tsakidirikis syter for at dei mest innsmigrande sidene av musikken er det du legg mest merke til? Spelar du musikk med små besetningar er saken klar. For eigen del merka eg at eg uvilkårleg skrudde volumet generelt noko høgare. Kanskje fordi eg kunne, men også fordi eg opplevde at Vera hadde bruk for litt meir «styrefart». Tsaidirikis spelar like fint på merkbart lågare volum.
  • Det er også nokre mindre skilnadar i lydbildet når du samanliknar forsterkarane direkte. Vera er meir framoverlent, du kjem tettare på musikarane, medan Tsakidirikis har djupare scene, der du merkar tredimensjonal attgjeving i noko sterkare grad.

 

Konklusjon

Det er få forsterkarar som kan gje slik feelgood-kjensle som Tsakidirikis sine Apollon Ultra. For meg har det vore ein sann svir å ha dei på besøk nokre veker, spesielt fordi det synte seg at dei kunne takle mine svært krevjande høgtalarar på ein tilfredsstillande måte. Heilt optimalt er det ikkje,så gløym øyrevoksblåsande lydtrykk når du har 150 Watt til å takle 81 dB/Wm-tungdrevne høgtalarkonstruksjonar, men det greidde seg. Og det er ikkje heilt stålkontroll av bassen, slik ein får med Vera. Men det er tydelege teikn på at Apollon Ultra er i stand til å drive det aller meste av ganske tungdrivne høgtalarkonstruksjonar når dei får spele i ultralineær modus. Dei vil nok klare det meste av høgtalarar også når dei går i triodedrift. Dette vart flittig brukt, med volumkontrollen mindre oppskrudd, noko som gjorde at eg spelte musikk oftare, og det er i høgste grad ein kvalitetsindikator – kva er sikrare kvalitetsindikator enn anlegget vert flittig brukt?

Min hifi-rigg er ikkje optimal med tanke på testing, ettersom høgtalarane er svært spesielle, og forforsterkaren nesten antikk. Mine innvendingar med tanke på manglande effekt vil vere ikkje-eksisterande i praksis – du vil ikkje sakne Watta, men snarare vere imponert når du dreg på volumet. Du har endåtil rom for å køyre triodedrift. Dette reduserer effekten, men ganske marginalt. Og treng du å guffe på, er det ikkje kvalitetsforringande å køyre ultralineært. Lyden vert berre litt annleis. Mange vil også kunne ha interesse av dei mindre og billegare forsterkarversjonane frå Tsakidirikis. Dette greske merket kjem vil til å merke oss framover. Byggekvalitet, modellval og ikkje minst utruleg gunstig pris/kvalitetsnivå gjer at det bør vurderast av den som vil ha ein musikalsk forsterkar, og som ikkje er redd for røyr. Hugs – einkvar audiofil bør minst ein gong i karrieren vere eigar av ein god røyrforsterkar. Apollon, i sine mange versjonar, er både tingen for den hardbarka og erfarne røyrentusiast med klart definerte behov, så vel som introduksjon til røyrforsterkarane sitt spennande univers.

 

Importør: www.soundground.no

Produsent: http://www.tsakiridis-devices.com/index.html

 

Lest 4737 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.