Wednesday, 03 November 2021 06:18

TEST: Sigberg Audio – nytt norsk design av gammalt konsept Featured

Written by

Vi prøvar SBS.1 aktive høgtalarar og ein stk Inkognito 10 subwoofer

For ganske lenge sidan, den gongen då få av dei som les dette hadde råd til hifi, var det alltid snakk om meir eller mindre imponerande bass. Dei små Tandberg HIFI12 i konfirmasjonsanlegget mitt var greie, dei. Men bass? Så fekk eg høyre om subwooferar......

Det var fleire som var opptekne med utfordringane rundt bassattgjevinga i stereoanlegget. Dei er det mange av. All bass krev eit visst volum, elles hadde det vore unødvendig med store kontrabassar og langstrakte tubarør. Løysinga er sjølvsagt å bygge store høgtalarar med store basselement, men det kan skape ufred i heimen. Og sjølv om ein får lov til å boltre seg med slikt, er ting ikkje heilt enkle likevel. Bassattgjeving heng nemleg alltid saman med rommet, og den same basshøgtalaren kan låte ganske ulikt når han spelar i ulike rom. Dessutan er plassering av basshøgtalar svært viktig for sluttresultatet. Og plassering av lyttaren....

Sub?

Vi er visstnok i stand til å registrere basstonar heilt ned til under 20 Hz, og då vil vi naturlegvis at stereoanlegget skal kunne formidle dette til oss, sjølv om den fornuftige musikkelskar ikkje er så ambisøs. For å få så djupe tonar til å klinge ut skikkeleg, trengs helst eit rom på storleik med ei kyrkje, og dei færraste moderne daglegstover er i nærleiken av dette. Og det er ikkje berre snakk om «lange frekvensar», det skal også flyttast mykje luft. Då trengs det ganske mykje energi, og anten store eller fleire små element. Skal ting gjerast heilt optimalt, trengs også ein hektoliter eller tre med høgtalarkasse,

Så det var berre ressurssterke entusiastar som tok utfordringa med å skape «realistisk» bass i heimen. Men så vart det kommersielt tilgjengeleg såkalla subwooferar. Dette var i utgangspunktet basshøgtalarar som skulle vere i stand til å spele djupare enn dei oktavane som normalt var i musikken. Den fyrste eg fekk lytte skikkeleg på var svenske Audio Pro sin aller fyrste. Imponerande på mange måtar, men samanlikna med resten av frekvensområdet var bassen ikkje så artikuert eller «rask» som ein skulle ynskje. Men djupt i frekvens gjekk han.

Neste kommersielle sub-suksess var då Arnold Nudell og Infinity konstruerte ein subwoofer med to små sattelittar. Snertne, møbleringsvennlege, og lydleg godt nok til mange brukarar. Sjølv om eg opplevde konseptet som bra, var det nødvendig å jobbe mykje med plasseringa. Men den spesielle servo-bassen var faktisk mykje betre enn det aller meste eg hadde høyrt av såkalla «subwooferar» den gongen. (I dag er servoprinsippet erstatta med DSP – ved hjelp av ein målemikrofon, eit dataprogram og ein automatisk equalizer justerast bassområdet meir presist enn nokonsinne).

Dette har vorte ein slags standard innan rimelege anlegg til PC-bruk – to satellittar (som regel av plast), med frekvensattgjeving frå ca 200Hz til 10kHz, med ein «sub» som tek seg av frekvensane under, kanskje ned til 60 Hz når du er heldig. Alt du treng i ein pakke; forsterkarar er også innebygd. Desse billege løysingane bør unngåast om du likar musikk. Men konseptet er ikkje dumt, eigentleg.

Sigberg Audio – sub og to satelittar

Etter å ha flytta på slike PC-anlegg i jobbsamanheng var det ei oppleving å bere dei to kassene frå Sigberg i hus. Eg pakka ut og rigga anlegget til i lytterom #2, ein glasveranda på 24 m2, og prøvde å plassere høgtalarane på fornuftig vis. Utpakkinga av satelittane var veldig greitt, og eg måtte berre prøve å spele på dei utan subwoofer. Det gjekk som forventa – mangla ein god del i den djupe bassen, men trass alt akseptabelt når vi tenkjer på at dei ikkje er tenkte å spele åleine, dei greidde å formidle greie 60 Hz-tonar, men var sjølvsagt lyse klangmessig. Likevel var det to ting som merkast med ein gong –flotte persepektiveigenskapar, og uvanleg god dynamisk nyanseringsevne, spesielt når ein tenkjer på at eg så langt ikkje hadde rigga opp bassen.

Eg brukte litt tid på plasseringa før eg pakka opp neste kolli, og fann satellittane heilt uproblematiske. Du bør plassere dei med ein viss symmetri i rommet, men du treng ikkje vere pinleg nøyaktig. Du kan ha dei tett på det meste, så lenge du ikkje har dei tett på harde flater, eller plasserer dei for høgt. Heller for lågt, om du vil ha realistisk lydbilde. Du bør heller ikkje vinkle høgtalarane innover – dei skal spele rett fram, om du vil ha eit detaljar og luft i lydbildet. .

Så pakka eg ut bassen – ein av dei meir fornuftige subwooferar eg har sett. Han er eigentleg ganske svær, men gjer lite av seg fordi han er så smal. Då kan han plasserast på mange måtar, endåtil hengast på vegg (det fylgjer med beslag med tanke på dette, men eg prøvde ikkje desse. Vil ikkje ha for mange hol i veggen), settast i attmed veggen, eller leggast flatt på golvet. Fire gummibein festast då på same side som høgtalaren, som då skal fyre ned mot golvet – dette fungerte best i begge romma mine.

Av gammal vane plasserte eg subben midt mellom satellittane, noko som gjorde lydbildet truverdig. Det var tre innstillingar å velje melom. Preset 1 som skal brukast når du har eit eksternt delefilter, til dømes når du har eit multikanalsanlegg, preset 2 som er tilpassa Sigberg sine eigne høgtalarar og preset 3 som er den tradisjonelle avrullinga til eit vanleg stereoanlegg.

Eg tok også nokre alternative plasseringar, og fann ut at bassen eigentleg varierte ein god del, også når eg prøvde ut DSP-systemet. Eg må innrømme at bassattgjevinga heilt klart var av det betre eg har vore bort i opp gjennom åra. Dei andre tinga som eg bryr meg om, var også til stades i svært høg grad. Evna til å «pinpointe» - å registrere kvar musikarane er plasserte i innspelingslokalet kan vanskeleg gjerast betre (då må du i tilfelle leite etter svært gode innspelingar, og kanskje finne andre forforsterkarar enn dei to eg brukte), og Harry Belafonte in Carneige Hall, Supertramp, og Paavo Berglund-innspelinga av Shostakovich 11.symfoni var sterkt imponerande. Her var det ulike sider av mine tre referansepickupar som skapte karakter og prioriterte i større grad enn når eg skrudde på ymse knappar.

Det er naturlegvis betydeleg synergi mellom høgtalarar og sub, slik det bør vere mellom produkt av same merke. Og her er det saumlaus overgang. Det å ha berre ein subwoofer, verkar ikkje som noko problem, ting heng skikkeleg saman. Det er nok slik at dess djupare frekvensane vert, dess meir usikker vert retningssansen. No har eg rett nok ikkje høyrt korleis doble subbar verkar, men det er iallfall ikkje noko problem om du berre har ein. Den presise dynamikken vitnar også om eit godt gjennomtenkt produkt, heilt utan barnesjukdomar av noko slag.

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte prøve subben saman med mine MBL 101eII. Dette er høgtalarar som slett ikkje treng noko hjelp i botnen, tenkte eg. Og det kom rett nok ikkje djupare tonar enn det eg høyrer over anlegget elles, men det skjedde noko med det eg må beskrive som «autoriteten» i attgjevinga av bassglade innspelingar. Å spele Saint-Saens sin orgelsymfoni førte nesten til at pusten vart dunka ut av meg, Toccata og Fuge i D-moll med Virgil Fox (direktegravert plate), og hjarteslaga på DSOTM var så markante at eg ikkje har høyrt maken. No fekk eg tankar om kva MBL sine «Extreme» utgåver kan vere i stand til med sine basstårn (eg har aldri høyrt desse, men no har iallfall fantasien tatt av). Så eg lurer på om det eigentleg er mykje meir å hente på å velje to (eller fleire) subbar? Den eine eg brukte saman med MBLane gjorde at eg aldri var i tvil om at her var nok hestekrefter – han sparka frå slik ein racerbil akselererer, om du skjønar kva eg meiner.

 

Men det var likevel utfordringar

Eg prøvde DSP-boksen, men trass i mykje trykking, flytting av mikrofonar og eksperimentelle sprell, fekk eg eigentleg ikkje lyden betre enn då eg brukte dei førehandsgjevne innstillingane frå Sigberg. Sjølv om eg fleire gongar har prøvd ymse equalizer-løysingar, var dette fyrste gongen eg prøvde noko sånt på eit såpass seriøst oppsett. No kostar ein DSP ikkje mykje samanlikna med eit komplett høgtalaroppsett, Eg reknar med at dei som har gjort seg fleire erfaringar med DSP greier å utnytte potensialet til slikt langt betre. Sannsynlegvis er dette spesielt bra for den som må møblere ut frå andre omsyn enn dei reint lydlege, for det er utfordringar når det kveikast skikkeleg djupbass i eit rom. Eg fekk altså det subjektivt aller beste resultatet ved å plassere høgtalarane eit godt stykke frå sideveggane, og ein halvmeter eller så frå bakveggen, og på stativ som gjer at diskantelementa ligg noko lågare enn øyrehøgd. Subben hadde eg i midten, og det var merkeleg likegyldig om elementet peikte framover eller mot golvet. Eg trur det hadde vore endå enklare å plassere subben om eg hadde fått til DSP betre, men det går godt an å klare seg utan. Bruk berre litt tid på plasseringa.

Tidlegare (og rimelegare) satellitt/mono sub-kombinasjonar har av og til vorte kritiserte for å ha for lite kanalseparasjon i bassen. Dette er slett ikkje tilfelle med det anlegget eg prøvde ut. Delefrekvensen skal vere ganske mykje over 100 Hz for at du skal merke noko til dette. Og når eg i hovudsak spelte vinylplater, var det ikkje merkbare problem med dette – kanalseparasjonen til pickupar er ikkje allverda.

Eit lite problem kan vere at skikkeleg djupbass kan trigge armresonansen til platespelaren, så du vil kanskje ha behov for eit subsonisk filter. Mange riaatrinn har slikt, men det aller beste er å treffe med matchinga mellom arm, pickuparm og drivverk. Eg hadde ingen slike problem med Denon 103, Kiseki Blue og Audio-Tehnica AT33Sa (den siste hadde best artikulasjon av bass).

Konklusjon

Dette anlegget innfrir alle forventningar, og har i tillegg stort potensiale. Ut frå prisen på anlegget, som omfattar både høgtalarar og innebygde forsterkarar, er det ein fornuftig pris, særleg når det funkar så godt med berre ein sub. Eg skjønar det kan meir enn kva eg greidde å få ut av det i dei vekene eg hadde det på besøk, og eg tok til å fatte kva godt hjelpemiddel DSP kan vere, sjølv om eg likte meg best (fekk best lyd) når eg ikkje hadde dette. Dette kan godt komme av manglande peiling på å bruke slike hjelpemidlar.

Anlegget sitt særpreg er stor grad av klangmessig nøytralitet, svært gode perspektiveigenskapar, og flott dynamisk nyanseringsevne, så vel som skikkeleg evne til å levere fortissimo heile vegen. Vidare har anlegget eit stort potensiale gjennom at ein kan bygge det ut mef fleire subbar, og endå til utvide til multikanal om ei vil. Ved hjelp av DSP og litt jobbing kan du få til imponerande kinolyd utan at det vil gå ut over realsme i musikkattgjevinga.

Eit svært gjennomtenkt og skikkeleg produkt.

 

Prisen for SBS.1 er kr. 58.990,-

Prisen for Incognito 10 er kr. 24.990,-

Les meir om SBS.1 hos Sigberg Audio¨

Les meir om Incognito 10 hos Sigberg Audio

 

Read 3841 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.