Saturday, 20 March 2021 10:50

TEST: The LOOP frå Soulines Featured

Written by

Vinyl er eit spennande medium som mange er nyfikne på. Det er stor fokus på platespelarar og pickupar, men du treng også ein riaa-forsterkar av god kvalitet. Her er ein interessant nykommar...

The Loop design og fasilitetar

Loop framtonar seg som ein alminumsgrå, enkel boks med dempebein og ei raud, skinande diode på fronten som einaste pynt. Ikkje eingong straumbrytar finn du, den er på undersida, i fronten av forsterkaren. Han står på tre dempebein av god kvalitet, noko som normalt ikkje er nødvendig på elektronikk, men her snakkar vi om ein rørkonstruksjon, iallfall for MM-delen. Og då er det eit poeng å isolere røra frå mikrofoni og vibrasjonar frå underlaget. Her står to rør, ECF80 i NOS-kvalitet. Desse er eg ikkje kjend med, men dei skal ha ei levetid på over 5000 timar etter det produsenten skriv. Eg veit ikkje om ekvivalentar, og konstruktøren seier at dette er dei einaste som fungerer i The Loop.

Forsterkaren har eit design som minimerer sjansen for feedback og mikrofoni, eit svært tungt og massivt kabinett og tre spesielle dempebein. Eg merka såleis ikkje feedback, og må seie at eg ikkje kunne registrere den aller minste tendens til brum eller susing.

Elles er The Loop konstruert slik at røra berre er inne i signalvegen for MM-pickupar. Moving Coil-delen er bygd opp av J-fet transistorar, og det er brukt moderne loddeteknikk (SMD), som har mindre plassbehov. Dette er neppe for å spare plass, for kabinettet er ikkje særleg fylt opp. Men det er ein god ide for å gjere ting små for å ha god, støyfri avstand mellom komponentane. Såleis er straumforsyinga innebygd, utan at The Loop har problem med nettstøy.

Erfaringar med lytting

Produsenten tilrår at ein brukar ein straumkabel av så god kvalitet som råd. Som kabelagnostikar prøvde eg difor mi gamle nettledning frå Electrocompaniet. Eg kunne ikkje registrere skilnad, så det vart til at eg brukte den medfylgjande standardkabelen.

Ved hjelp av nokre lett tilgjengelege dip-brytarar kan ein velje mellom 200, 100 og 50 Ohm på MC-inngangen. Ettersom min favorittpickup Kiseki Blå helst skal ha 400 Ohm, måtte eg gjere fleire utprøvingar med ulike pickupar. Det var naturleg å prøve Kiseki, som ligg i ein prisklasse som samsvarar med The Loop, men eg ville også prøve Audio Technica AT33SA, som skal lastast frå 100 Ohm og oppover. Eg ville også prøve MM-inngangen.

Etter litt prøving, fann eg ut at 200 Ohm passa best til dei AT33SA, og sidan The Loop ikkje har høgre innstillingar, vart dette også tilfelle med Kiseki Blå, som eg fall attende til. AT33SA er ein flott pickup, men eg tykkjer Kiseki sin personlegdom er meir etter mitt hjarte, for å seie det på den måten.

Ingen av pickupane var i stand til å provosere the Loop sin MC-del med å ha for lavt signalnivå og skape støy og sjenerande susing, sjølv om riaatrinnet var oppgjeve til å ha 64 dB forsterkning. Men så er dette MC-pickupar med over 0,4 mV signal, så det var som forventa. The Loop burde ikkje ha slike problem før det skal brukast pickupar med nivåstyrke under 0,2 mV.

 

Musikalsk karakter

Rett ut av boksen var The Loop prega av å trenge oppvarming. Ikkje alvorleg, men bassen var noko tilbakehalden, og diskanten i kvassaste laget, iallfall når vi snakkar om forventningane til den rørbaserte delen. Men etter at eg lot han stå på ein dag, var ting på plass. Med oppgjevne 5000 timar levetid på røra, er det ikkje kritisk å la han stå på nokre timar. Eg opplever ofte at rørprodukt treng å varmast opp før dei spelar optimalt. Når dei er heilt nye og ubrukte, slik som denne, er det også gjerne behov for ei viss innspeling, så det vart godt 24 timar før eg tok til å lytte kritisk. Som dei fleste riaaforsterkarar treng han å varmast opp ei stund. men eg sløkkjer alltid anlegget når eg går på jobb. The Loop treng ikkje lange stunda for å fungere optimalt, vi snakkar om kanskje ti minutt, noko som er vesentleg raskare enn mi gamle referanse SP 10, der eg opplever det nødvendig å vente iallfall dobbelt så lenge før eg kan slappe heilt av med godlyden.

Dynamikk: Det er oftast pickupen som er syndaren når anlegget får kritikk på dynamikkfeltet. Det er to felt her, evna til å spele kraftige musikkparti, altså overraskande fortissimo og imponatoreffekter. Viktig nok, men for mange er det minst like viktig med dynamisk nyanseringsevne, spesielt for dei som lyttar til klassisk musikk og kompleks progrock. Her må ein god riaa vere både støyfri og godt dimensjonert. Ein allsidig riaa må ha nok gain til å forsterke pickupar med lågt nivå, men også klare kraftige parti utan stygg vrenging.

Perspektiveigenskapar: Riaatrinnet si rolle er viktigare her. Utan at det utan vidare kan lesast ut av spesifikasjonane, vil det vere stor variasjon i kor godt desse vert formidla. Er dette viktig for deg, må du rekne med å bruke litt kronasje, også på pickup.

Klangmessig sett vil sjølvsagt pickupvalet igjen vere det mest avgjerande. Men riaa pregar også klangen, så det er viktig at dette fell i smak. The Loop er på dette feltet svært tiltalande, og ligg forsiktig på den varme sida av «dønn nøytral», kanskje der EAT-e-pro er (denne var min referanseriaa, som no har forlete meg) Toppfrekvensane er svært naturtru, i den grad pickupen kan klare å leve opp til dette, og totalt fråver av «elektronikkaktig» klang, som kan opplevast på eldre, billege reine transistorkonstruksjonar. Bassen er også både saftig og kontant, og bassautoritative innspelingar vert definitivt ikkje hemma av The Loop. Mine to pickupar fekk vise at dei kunne spele bass, om enn på kvar sin måte. I det store og heile gjeld dette klang totalt over heile frekvensområdet – så lenge pickupane heng med, klarer også The Loop seg utmerka.

 

Korleis utprøvinga vart gjennomført

I ein vinylrigg er det såpass mange faktorar som heng saman med i kva grad det er symbiose mellom komponentane at eg måtte køyre mine to yndlingspickupar kvar sin omgang med referanseplatene. Eg har difor prøvd å forklare skilnaden i måten dei spelar platene mine gjennom The Loop. Hugs at AT33SA er ein optimalt tilpassa pickup i denne samanhengen, medan Kiseki Blue har lågare last enn det produsenten tilrår. Eg tok difor MM-inngangen i bruk for å sjå om Kiseki endra karakter når han fekk 47 kOhm, som er standard på alle MM-pickupar, og det gjorde han. Klangbalansen vart meir open, og det kom meir luft over toppoktavane. Men samstundes forsvann mykje av dynamikken, og det vart ein del susing. Logisk nok når forsterkninga gjekk frå 64 til 38 dB, etter det som er oppgjeve av produsenten. Men det vart også klart at The Loop var forrykande god på MM-inngangen. Eg bestemte meg difor å spele via denne inngangen som ei siste utprøvingsrunde. Men ikkje med Kiseki eller AT33SA. Eg blada gjennom pickup-kassa. Rigga opp gamle Grace F9, utan å verte heilt fornøgd med utklinginga. Kanskje pickupen var for gammal? Eg gjekk så til min gamle referansepickup, Dynavector sin billegaste, høgoutput-MC-pickupen DV10x5. Verdas lettaste pickup å jobbe med. Og det var saker!

 

Nokre døme:

Eagles. Platene derifrå er kjende for å ha god bass. Ikkje noko imponatoraktig, men naturleg og tydeleg artikulert bassgitar, så analogt det kan bli, sjølv om det manglar litt utklinging i den øvste diskanten.

Eg spelte i hovudsak «The best of», sidan dette albumet passar til namnet, og eg slepp å skifte mellom alle platene, og fordi «Desperado» kjem som siste kutt. Her kan det av og til vere problem, særleg for pickup, men også og riaatrinn. The Loop gjorde det tydeleg kva for ein pickup som passa best her; toppfrekvensane vart vesentleg meir utklingande saman med AT33SA, og bassen tydlegare artikulert. Kiseki Blue vart formidla med feitare bass og meir lukka toppoktavar. Til sist kom vi til avspeling med gamle Dyavector DV10x5, som er kjend for å vere snill heile dagen, også med «Desperado» som inste låt på plata, utan å utfordre riaatrinnet på nokon måte. Eg forventa altså at det skulle gå heilt greitt, men at det skulle verte så bra, var eg ikkje budd på. Eg merka at DV10x5 sjølv etter mange års fartstid som referanse i anlegget mitt, ikkje hadde avslørt alle sine fortrinn for meg så langt, for no erfarte eg nye sider. Her var betre oppløysing i toppen, nesten like bra som med dei langt dyrare MC-pickupane eg hadde brukt tidlegare. Og bassgitaren vart teikna forsiktig, men svært tydeleg. Det kunne nesten sjå ut som MM-delen er The Loop si aller sterkaste side. Men det er ikkje grunnlag for å trekke forhasta konklusjonar – det er ikkje nødvendigvis slik at det eine oppsettet er betre enn det andre – berre annleis. Vi kjem attende til dette i konklusjonen.

Joni Mitchell har fleire spennande album, og eg har henta fram Don Juans Reckless Daughter for bassen si skuld, og Blue på grunn av det svært intrikate lydbildet. Bassen var slik han skulle på «Overture» og «Cotton Avenue» Enkel og naken, men likevel sjokkerande. Dette er ei ganske brutal utfordring for vinylriggar, men her var alt i orden, sjølv om det var skilnadar på bassgitaren. Her likte eg måten Kiseki Blue formidla fylde og entusiasme på, betre enn AT33SA si djupe bassattgjeving og generelt meir korrekte spelemåte, så vel som den litt eplekjekke, men litt diffuse attgjevinga via DV10x5. Såleis er det greitt å oppleve at forventningane passar til pickup-pris.

Eg brukar alltid å ta med Dark Side of The Moon når noko avansert skal prøvast ut. Her gjer kombinasjonen Kiseki Blue/The Loop ein flott jobb, slik det må vere lov å forvente til ein såpass dyr konstellasjon, medan DV10x5 ikkje greidde å henge med når det kom til klokkeklemta like godt som dei to andre. Klokkeklemtinga var no best via AT33SA så lenge eg spelte MoFi si halvfartsgraving, medan bassen var feitast og flottast på standardugåva med Kiseki. Som eg har opplevd tidlegare, er det vanskeleg å bestemme seg for kva ein likar best – standardutgåve med saftig bass, eller halvfartsutgåve med superdetaljert lydbilde. Det fine er iallfall at The Loop gjorde dette tydeleg.

Supertramp: «Crime of the Century». Denne spelar eg fordi det er så utruleg mange detaljar, massevis av dynamikknyansar, og mykje som kan provosere ein riaa. Skal du vere skikkeleg stygg med ein riaa, skal du spele dette albumet på ein mc-pickup med kraftig utsignal. Med AT33SA hadde The Loop betre tilpassa impedanse, og når alt kjem til alt, fekk denne pickupen meir ut av potensialet sitt enn min favoritt. Dynamikken er forrykande på alle måtar, og bassen autoritær så langt ned i frekvensområdet bassgitar og basstromme rekk. Kiseki er på si side meir innsmigrande i klangen, varmare og mindre fokusert på dei djupe frekvensane. I staden for å gå heilt i botnen, vert det levert fin overtonestruktur på bassgitar og trommeskinn, men utan den utklinginga som gjer at musikken verkar skikkeleg oppløyst, med helling mot det varme i klangen. Og som gammal bassist likte eg svært godt formidlinga av dette instrumentet via Kiseki. Eg måtte også prøve DV10x5 pickupen, for å vurdere kvaliteten på MM-inngangen Umiddelbart vart det tydeleg at ein annan pickup var i bruk. Sjølv om DV10x5 var vesentleg mindre oppløyst enn dei to dyrare pickupane, var lydbilde og dynamikk svært truverdig. Men sjølv om DV10x5 er god, greier han ikkje heilt å formidle den same klang når trommeskinn vert slått på, eller same knivskarpe lydbilde og utklinging i toppen som dei dyrare MC-ane. Likevel med lydattgjeving så bra at ein kan lure på kvifor ein på død & liv absolutt skal ha desse lågoutputsgreiene.

No var ikkje mine pickupar av dei mest ondskapsfulle, men The Loop fekk prøve seg, og synte seg å levere meir nøytralt enn min favoritt for tida, den 35 år gamle ARC SP 10. Her evna begge riaatrinna å formidle tydeleg skilnad på pickupane. basstrommeskinnet på «school», og kanskje særleg på «Hide in Your Shell» let akkurat slik det skulle, og lydbildet var intrikat og fullt av nyansar. Eg er tilbøyeleg til å hevde at The Loop gjer ein av dei beste formidlingane av dette albumet eg har høyrt. ARC SP 10, som eg brukar til kvardags, er ikkje så nyansert, og berre den dobbelt så dyre EAT-e-pro vil eg tru kan måle seg når det gjeld nyanseringsevne.

Elpiano overstyrer ikkje elektronikken, og når pickupane sporar så bra som dei gjer, er «Bloody well right» unnagjort utan innvendingar på noko felt. The Loop syter også for at detaljane i perspektivformidlinga og dynamikken skjer perfekt. Faktisk formidlast heile albumet på ein måte som eg vanskeleg kan tenke meg gjort betre.

Så over til det klassiske. Eg var i humør til å spele Ein midtsommarnattsdraum med Previn på EMI ASD 3377, ei plate som har mykje godt dei same utfordringane som Supertramp, men endå meir når det gjeld perspektiv og klang. Også her fungerte avspelinga upåklageleg med Kiseki. Eg prøvde også DV10x5, som ikkje heilt hang med på perspektiveigenskapane og utkinginga til dei andre pickupane, men det var definitivt ikkje The Loop si skuld. Ein betre høgoutput-moving coil-pickup vil sannsynlegvis stadfeste dette.

 

Konklusjon:

The Loop er ein svært god riaaforsterkar, slik du må ha lov å forvente når prisen er over 30 000 kr. Her får du dei dynamikk, perspektiveigenskapar og klangbalanse av høgste klasse. Men som alltid må også The Loop parrast med dei rette partnarane for å kunne yte optimalt. Eg fekk best utteljing for pengane når eg brukte han saman med Audio Technica AT33SA, som vart lasta med 200 Ohm. Dette gjorde at AT33SA fekk fritt spelerom til å syne alle sine kvalitetar. Det fekk ikkje Kiseki Blue, som skal ha ørlite meir last, helst minimum 400 Ohm, som ikkje var eit alternativ som The Loop kan justerast til. Litt frustrerande, for sjølv om eg held Kiseki for å vere ein betre pickup enn den langt rimelegare AT33SA, var matchinga mellom sistnemnde og The Loop betre.

Når det gjeld riaatrinnet sin evne til å takle MC-pickupar med spesielt høgt eller lågt utsignal, hadde eg ikkje pickupar som kunne prøve ut dette. Begge pickupane mine leverer ca 0,4 mV. Forsøket med å prøve Kiseki Blue inn i MM-inngangen, gav for lite gain, slik ein må forvente. I MC-inngangen var det altså andre bollar, og eg er rimeleg sikker på at det vil fungere godt med alt frå 0,25 og oppover til 0,6 – 0,7 mV med dynamikken i orden, utan å skape susing eller overstyring. Pass også på at pickupen din passar til 50 – 200 Ohms last, så skal det gå veldig bra med MC.

Svært spennande var det å prøve The Loop sin inngang for MM-pickupar, der den elles ganske tilgjevande og ukritiske Dynavector DV10x5 blomstra skikkeleg opp og synte nye referansefakter. Det er likevel usannsynleg at ein sånn relativt rimeleg pickup vil verte kopla saman med den kostbare The Loop, men har du ein av dei meir ambisiøse (og sannsynlegvis mykje dyrare) høgoutput MC, til dømes frå Benz eller van den Hul, eller ein skikkeleg god MM-pickup, vil du fryde deg saman med The Loop.

Eg kan absolutt gå god for The Loop når du brukar han innan desse rammene. Gjer du det, vil du få ein godt tilpassa vinylrigg av referansekvalitet.

Pris for The Loop er kr. 33.750,-

Importerast av Soundground i Bergen.

Les meir om The Loop hos Soulines

Les også vår test av Soulines Kubrick DCX

 

 

Read 7295 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.