Sunday, 03 January 2021 12:32

Råd til neste vinylgenerasjon - eller korleis velje ein fornuftig platespelar for den som ikkje har gjort det før... Featured

Written by

Det heile starta vel for lenge sidan. Etter å ha vorte indoktrinert med eit utval vinylplater gjennom heile oppveksten er barna mine forlengst i etableringsfasen. Så på sett og vis var eg ikkje forundra, men ganske fornøgd då ei av dei spurte «Pappa, kan du skaffe meg ein bra platespelar?

 

Kva er eigentleg «bra nok» når vi kjem til platespelarar? For å svare på dette, må ein finne ut kven lyttaren er. Eg har enda opp med ein rigg som ligg på den stressa sida av hundre kilokroner, men det er ingen som startar der. Dei mange vurderingane og kompromissa eg har gjort i vinylriggen, er for garva fanatikarar som har helde på med vinyl ein mannsalder eller to. Du kjem veldig langt med nokre få tusen også, og mange håpefulle vil vere ganske fornøgde med ein langt rimelegare spelar enn min. Nokre erfaringar er likevel fornuftig å formidle, også for den som skal halde seg til edruelege budsjett.

Nokre ord om vinyl-hygiene

Somme kan vere så heldige at dei arvar ei større vinylsamling. Då er det viktig å ta godt vare på desse verdiane. Om du ikkje likar musikken, bør du iallfall syte for at platene har så høg kvalitet som råd. Plater som knitrar er mindre verd enn dei som er strøkne. Når ein er ny for vinylmediet er det viktig å handsame platene på ein trygg måte. Vinyl er ganske robust, men tåler ikkje alt. Helst skal platene ligge i omslaget sitt, og vere så støvfrie som råd. Ta aldri på rillene, og balanser platene med peike- og langfinger på etiketten, medan tommelen på ytterkanten av plata når du skal ha henne inn/ut av omslaget.

Ei børste med karbonfibrar er fornuftig å bruke før avspeling. Andre børstar eller klutar kan også brukast, men karbonfibrar lagar i mindre grad statisk elektrisitet, som kan vere ei plage om du har tørr og varm stoveluft. Du kan også avhjelpe slike problem ved å auke luftfukta med mykje grøne plantar eller luftfuktar. Nokre platematter er også med på å jorde platene, men ikkje alle – einskilde matter kan faktisk ha motsett effekt. Det finnest også ein del platereinsemaskiner som er utmerka for å få til god platehygiene, men mange av desse er dyre. Du kjøper ikkje slikt før du har ei platsamling på nokre hundre album, vil eg tru. Men ei platebørste har dei fleste råd til.

Ein annan sak som er kjekk å ha, er ei nålebørste. Det samlar seg ofte støv på stiften, og dette fører til dårleg lyd så vel som auka slitasje. Børstene er typisk små og har korte, stive børstehår. Desse må brukast med varsemd – nåla tåler ein god del, men ikkje alt. Med mindre du har ein DJ-platespelar må nåla alltid brukast i same retning som plata roterer. Ver lett på handa.

Våt avspeling, der platene smørjest inn med eit eller anna stoff, vil eg ikkje tilrå. Det har ofte med seg partiklar som ikkje merkast før plata har tørka, med irriterande knitring som resultat. Då må plata reinsast med ei spesialmaskin. Men eg har funne to våtvaskemiddel som eg kan tilrå. Begge er ikkje slikt du finn på Elkjøp, men er du heldig, kan du kanskje komme over LAST. Dette er to stoff som påførast platene. Det fyrste er eit rensemiddel som består for det meste av destillert vatn, men også eitt eller anna som fjernar statisk elektrisitet. Dette vaskast skitne plater med. Så tilfører du det andre stoffet, som fungerer som skismurning, og kan faktisk fjerne merkbart mykje plateknitring. Dette stoffet har eg påført nykjøp sidan tidleg 80-tal, og platene mine frå den tida er framleis svært støyfrie.

Det andre produktet er meir kjent, Dishwasher. Dette består av ein treklosse med ei pute cordfløyelliknande stoff. Denne skal fuktast med reinsevæske. Dishwasher sitt eige stoff heiter «D4» eller tidlegare «D3», men du treng ikkje nødvendigvis bruke dette. Eg har brukt både LAST sitt reinsemiddel, og ikkje heilt utblanda konsentrat til platereinsemaskiner som L'Art du Son eller Okki Nokki. Elles kan ikkje destillert vatn øydelegge platene dine, bortsett frå etiketten, men bruk minimale mengder – plata bør ikkje vere våt, og dropar lagar knitrande tørkeflekkar.

Kjøpe brukt platespelar

Igjen finnest det nye platespelarar i butikkane, og ein del av desse er både rimelege og gode. Men om du leitar rundt på bruktmarknaden, finn du mange eldre spelarar med stort potensiale. Før CD-alderen var det mange produsentar som lagde svært ambisiøse spelarar, og nokre av desse omsetjast i dag til fornuftige prisar. Kanskje du arvar ein gammal spelar med høg kvalitet? No må ein hugse at gullalderen for mediet var på 70-talet, så desse spelarane er gjerne 40-50-60 år gamle, og treng vedlikehald eller reparasjon. Då er det kanskje best å bruke spesialistar til dette. Snakk med ei spesialforretning, dei har nettverk og kompetanse.

Det finnest fleire drivsystem for platespelarar, og om du er heldig finn du kanskje ein spelar med mellomhjul. Dette er ting som krev mykje for å låte perfekt, og det er nødvendig med spisskompetanse for å restaurere dei. Men då kan du få svært god lydattgjeving.

Eg vil seie at reimdrift er den billegaste og enklaste måten å lage spelarar på. Eldre slike spelarar treng kanskje skifte reim og ein drope olje på lageret til tallerkenen. Slike spelarar kan ha svært høg kvalitet, men dei aller billegaste brukar også reim. Det kan vere vanskeleg å vurdere kvaliteten om ein manglar erfaring med platespelarar, men du kan som eit utgangspunkt kjenne kor tung spelaren er, og kor tung platetallerkenen er. Veg dei mykje, er dei typisk påkosta konstruksjonar som det løner seg å renovere. Lette spelarar av plast er sjeldan mykje å samle på.

Om vi snakkar om det som passar best for den som er ny i gamet, er det trass alt direktedrift som er det tryggaste. Enkelt sagt er dette spelarar utan reim, der platetallerkenen er svinghjul. Dei går ekstremt rett, og er sjeldan problem med, så lenge dei får ein ørliten dråpe olje kvart femte år. Flesteparten av desse er produserte i Japan, og har høg kvalitet. Mest kjent er nok Technics SL1200, ein god spelar, som av og til er litt overprisa. Dyre 1210-arar bør vere ganske nye – produksjonen heldt det gåande lenger enn nokon annan direktedrift-produsent, og no er han starta opp att, med eit par svært oppgraderte variantar. Ganske dyre, men for Technics-entuiasten sikkert verd pengane. Men det kan vere fornuftig å sjekke brukmarknaden – ein SL 1500 kan vere like grei som ein 1200, og mykje billegare.

Dyre platespelarar kjem gjerne utan arm, slik at du må ta stilling til desse, men meir normale utgåver har dette ferdig montert. Armar er ikkje vanskelege – dei skal berre passe på at platespelarstiften, «pickupen» held seg i rilla, og elles har det bra. Det finnest manuelle, halv- og heilautomatiske armar, der dei heilautomatiske utvilsamt er dei mest behagelege, der du trykkjer på ein knapp, så får platespelaren pickupen i rilla – men all automatikk kan gå sund, så det tryggaste er å ha ein manuell. Men gløymer du å løfte armen etter avspeling, slitest stiften ved å gå om att og om att inste platerilla. Eit greitt kompromiss er halvautomatikk, der du må sette stiften i rilla manuelt, men har automatisk retur av armen etter avspeling av platesida. Likevel må det nemnast at automatikk kan gå i stykke etter nokre år, og må då reparerast. Ein manuell spelar byr sjeldan på slike problem.

Når vi kjem til pickupar, er det eit hav av alternativ å velje mellom, og mange ulike ambisjonsnivå. Her er det viktig at pickup og arm passar saman. Såleis er det greitt at armane kan justerast på ein grei måte. Skal du skifte pickup, gjeld det å halde tunga rett i munnen. Pickupar kan fort få skade. Det beste er om pickuphuset «shellet» kan takast av armrøret, og at du kan montere pickupen fritt. Om pickuphuset og armen er bygde saman, er det lettast å få fagfolk til å montere pickupen. Ting skal justerast, noko som er viktig for optimal lyd og minimal plateslitasje.

Når platespelaren er klar til bruk, manglar det endå ein komponent i vinylriggen, den såkalla RIAA-forsterkaren, som skal «avkode» ei skeiv frekvenskurve som alle vinylplater er innspelte med, og dessutan forsterke opp det svært svake signalet som kjem frå rørslene mellom magnet og spolar i pickupen. Desse er svært svake, og verst er det for dei med Moving Coil-pickup – dei treng anten ein transformator (ein såkalla «SUT») eller ein eigen MC-forsterkar. I gamle dagar var så å seie alle forsterkarar utstyrt med ein 47 kOhm phono-inngang. Har du ein slik forsterkar og ein Moving Magnet-pickup, er ting ganske enkelt. Hugs på jordleidninga. Denne skal festast til ein eigen skruterminal på baksida av forsterkaren, om lag der pluggane frå platespelaren er plasserte. Gløymer du dette, får du støy i form av ei svært forstyrrande during.

Drøymespelaren

Det vart til at eg fann ein Pioneer PL-L-1000 platespelar til dotter mi. Ein strøken slik dukka opp på Finn.no, og ved hjelp av gode vener fekk eg sjekka spelaren og etter kvart transportert han heim til meg. Detre er nok ein av dei mest komfortable platespelarane som har vore laga. Her er fullautomatikk som kan betjenast med lokket på. Spelaren er kvartsstyrt, og går 99,999% rett. Han er utstyrt med ein tangentialarm som har standard SME-pickuphus som kan takast av om du vil montere ny pickup, og som er svært enkel å justere om du ikkje har dei aller råaste pickuputgåvene Dessutan ser han svært flott ut, og er relativt lite påverkeleg for det som skjer elles i rommet. Ein spelar som er laga akkurat slik ein platespelar bør vere, særleg om han skal brukast av ein som er fersk i vinyl-gamet. Einaste dumme var at han var utstyrt med ein Ortofon 2M Raud pickup. Ikkje noko gale med den pickupen, eigentleg eit fornuftig val for ferskingar. Det dumme var at eg samanlikna han med referansen min. Då mi håpefulle hadde høyrt femten sekund med Kiseki Blå-avspeling konstaterte ho at lyden av denne var langt betre, og kom med spørsmålet: «Kor mykje kostar den blå pickupen.......?»

Kvar skal ein handle spelar?

Det er mange andre spelarar som er aktuelle for den som er ny i vinyl-gamet. Brukte spelarar kan vere eit godt alternativ, særleg om du har ein mentor eller ei spesialforretning i nærleiken, som kan hjelpe deg om du står fast. Har du ikkje dette, er det tryggare å handle nytt, slik at du har garanti. Likevel, det er ikkje alle som arbeider i elektronikkbutikkane som veit korleis ein platespelar skal justerast, så det kan vere greitt å stille nokre tekniske spørsmål:

  • kor stort stifttrykk skal spelaren ha?
  • korleis nullstiller og justerer ein stifttrykket?
  • Kva skal anti-skatinga stå på?
  • Har de andre pickupar enn den som står på no?
  • Er det moving magnet eller moving coil?

Kan ekspeditøren ikkje svare på desse spørsmåla, bør du finne ein annan ekspeditør, eller ha med ein veteran.

Og for den som handlar brukt:

  • Technics-spelarane som er direktedrivne brukar å vere bra. Sjekk at automatikken verkar
  • Spelarar utan drivreim er direktedrivne, og bør vurderast. Sjekk japanske frå Pioneer, Yamaha, Sony og dei andre store hifi-merka frå gamle dagar.
  • Beltedrivne platespelarar av merke Thorens, Dual,Lenco og dei japanske som ser skikkelege ut. Philips fungerer også brukbart, men er ikkje i same liga som dei andre.
  • Trekk forsiktig i armen, og sjekk at han ikkje daldrar
  • Spelarar med SME pickupshell kan skru av dette, og gjer pickupjusteringar enkelt.
  • Spelarar der pickupen setjast direkte inn iarmen i ei eiga fatning, har gjerne T4P-montering. Det er ganske få pickupar som passar til desse spelarane, og dei er ikkje av særleg høg kvalitet. Greie konsoument-platespelarar, men om du har ambisjonar, bør du styre unna desse. Eit par unntak finnest, men du vil uansett berre ha tilgong på eit avgrensa utval pickupar. Og pickupane er viktigaste komponenten i vinylriggen.
  • B&O-platespelarar er verd ein artikkel for seg sjølv. Dei er spesielle, og kan gje bra resultat.

 

Read 4463 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.