Wednesday, 16 June 2021 14:17

SoundGround – eksotisk butikkbesøk på Bryggen i Bergen Featured

Written by

Kloss i ærverdige Tracteuren, lenge den einaste uterestauranten i Bergen, nøyaktigare i Jacobsfjorden 7, ligg ein høgst uvanleg “hifi-butikk”. Arve har alt vore der, og Radomir har vore oppe hjå Arve i Selje og levert utstyr til test. Det kan du lesa meir om under Arve sine artiklar/testar. Radomir eig og driv studioet saman med kona, begge frå Beograd i Serbia dessutan, og saman har dei to born, so langt, men kven veit kva dei kan finna på å laga til under neste nedstenging.

Med særs få hifi-produkt til sals, kan du neppe kalla dette ein ordinær hifi-butikk. Og det er det då heller ikkje. Eitt av vilkåra for å få leiga lokalet, som er ganske lite men innbydande, og dessutan relativt rimeleg å leiga, er at verksemda måtte vera knytt til handverk av eit eller anna slag. Og sidan Radomir er utdanna møbeldesignar frå Beograd, er hovudproduktet faktisk hifi-skåpet, som du ser på bilda. Og som ivrig hifi-entusiast, kva betre å fylle “racket” med enn stereo?

Radomir talar godt nok norsk til at me skjønar at han han har budd i Noreg i mange år. Dagjobben er i telekommunikasjonsbransjen, so studioet er ope normalt berre fredag og laurdag, eller etter avtale. Korleis Radomir enda opp i Noreg, sidan han ikkje er gift med ein bergensar? Av di han som barn og ungdom utvikla ein sterk fascinasjon for arktiske strok gjennom å lesa om polarheltane våre. Han ville sjekka Noreg før han reiste vidare for å vitja kusina si i Australia. Det er alltid ein grunn. 

Etter utspørjinga var det på tide å spela litt musikk, frå platespelaren Soulines, som trass i ein tilsynelatande kompleks utsjånad og konstruksjon ikkje har flytande oppheng. Armen er utstyrt med ein vanleg rimeleg MM-pickup, Nagaoka 200, som Radomir føler har noko ekstra i høve til dei to rimelegaste modellane. Han er ikkje nokon snobb, Radomir. Han berre elskar god musikk og god lyd. Men heilt billege er nok ikkje monoblokkene på 150 Watt som er kopla opp, heller ikkje røyr-forforsterkaren, begge frå greske Tsakiridis. Ein rimelegare integrert forsterkar (Tsakiridis Theseus) på 15-16 Watt kan etter ynskje koplast opp mot eit par Boston A 40, som tør vera kjend for mange. Med desse små, gamle høgtalarane (6,5” bass og ein billeg kon-diskant frå Peerless) fyller forsterkaren lett rommet med lyd, hevdar Radomir. Verksemda lagar sjølv alle trafoene, som har livstidsgaranti!

  

Radomir har tydelegvis god høyrsel, ung som han er. “Eg spelar aldri høgare enn opp til 20”, seier han. Han startar med å skru volumet opp til 10, og eg høyrer ingenting. Eg får etter kvart lokka han til å skru opp litt, og erfarer nok ein gong at eit anlegg må spela nokre låtar for å opna opp for lyden, sjølv om det har stått til oppvarming lenge. Etter ein mindre korreksjon frå baksida opnar lyden skikkeleg opp, og anlegget sitt potensiale byrjar å koma til sin rett. Fine ting dette, tydelegvis, sjølv om anlegget ikkje er plassert slik eg ville gjort det. Men denslags er opp til kvar einskild. Når eg peikar på at hifi-møbelet er såpass høgt at det kan skjerma for stereoperspektivet frå låge høgtalarar, parerar Radomir med at han i og for seg er klar over det, men at skåpet nesten må vera såpass høgt, for å gje plass til anlegget; og at det er godt å sleppa å bøya seg for langt ned til platespelaren. Løysinga på problemet kan vera å skubba skåpet lenger bak mot veggen, og høgtalarane lenger ut på golvet. Skåpet er relativt djupt for å gje plass til utstyr som er djupare enn ein Nad 3020, og det gjeld det meste. 

Rundt på baksida ser eg leidningar og kablar som er tjukkare enn brannslangar, men når Radomir kan fortelja at han óg er elektronikkutdanna, let eg temaet klokeleg liggja. Me har ikkje heile dagen heller. Men han innrømmer at nokre av kablane er overkill.  

Med Nora Jones, Pink Floyd, Iggy Pop og det som verre er, går volumet etter kvart opp til svimlande 25, sånn sirka kvart på 12, og då er det høgt nok sjølv for meg, og personleg rekord for Radomir. Og prov på at me hadde ei hyggeleg stund, til musikk me begge kunne lika.   

Les meir om SoundGround

Les også Arve sin test av Tsakiridis Apollon

Les også Arve sin test av Soulines Kubrick DCX

Les også Arve sin test av Soulines The LOOP

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
More in this category: « Meridian MQA Lossless