Friday, 29 February 2008 23:00

Dynavector Te Kaitora Rua -dyr og deilig pickup...

Written by

Ein av dei dyraste på marknaden, men ikkje den dyraste i Dynavector-programmet. Det kan nok forsvarast å levere ein pickup til 24 000 når dei nærast prisa syskena frå same produsent kostar 14 og 35 tusenlappar. Men kan ein så stor investering forsvarast, eigentleg?

 

 

Av Arve Åheim mars 2008

 

Sjølv innbarka vinylentusiastar med skyhøge ambisjonar vil stille spørsmål om det ikkje er galskap å betale så mykje for ein slitedel som ein pickup no eingong er. Snakkar vi om ei levetid på knapt 2000 timar (dette er å ta hardt i, dei færraste held 1500 timar), er altså timeprisen for å spele musikk 12 kroner, eller om lag 9 kr for å spele av ein gjennomsnitts-LP. Men ein får trøyste seg med at det finnest langt dyrare pickupar, dyrare hobbyar, og at Håvar Snapa sikkert gjev god innbyttepris når Te Katitora Rua tek til å eldest.

 

Det er altså med ei viss andakt, og med høg puls ein monterer opp ein Te Kaitora Rua i pickuparmen. Heldigvis fylgjer det med eit monteringsdeksel i plast som pickupen kan stå i under monteringsarbeidet. Eg hadde særleg lite lyst til å knekke akkurat denne nålefana….

Eg var så heldig å få låne ein pickup som alt var innspelt, og etter det nødvendige justeringsarbeidet var alt klart til utprøving. Det går nokre rykte om at ekstra høgt stifttrykk er gunstig for dei dyrare Dynavectorpickupane, men eg valde som vanleg å halde meg til produsenten sitt oppgjevne maksimumstrykk. Eg tok heller ikkje omsyn til rådgjeving om annleis overhengsjustering i min JMW9Signaturearm. Det er ymse meiningar om armgeometrien her, men eg brukte justeringsmalen heilt etter boka. Og vart lønt med sporing på 80 µ, akkurat slik eg kunne forvente. Supersporing er veldig kjekt å kunne imponere med, men eg gjorde ikkje særleg mange sprell med å sette Te Kaitora Rua på belastande prøver der sporingseigenskapane verkeleg vart utfordra. I staden vart det spelt musikk, slik no eingong intensjonen med ein dyr vinylrigg er.

Klangeigenskapane
Det som var umiddelbart imponerande med Te Kaitora Rua var ei oppleving av fullstendig korrekt klangbalanse. Dette høyrest så naturleg ut at du kjem ned på nivået der du lurer på kva mikrofon som har vore brukt under opptaket når det er noko som bryt med forventningane ein etter kvart byggjer opp. For dette er storarta, og gjev eit inntrykk du neppe kjem til å gløyme. Ikkje slik at det nødvendigvis er vakkert, herleg eller i samsvar med andre positive omgrep, slik andre kostbare pickupar ofte har levert. Men veldig, veldig ekte. Kanskje ein fullstendig match med anlegget mitt elles? Uansett er dette med på å forklare ein såpass rå kilopris…

Dynamikk
Også på dette feltet er Te Kaitora Rua i stand til å trollbinde lyttaren. Men min snart 22 år gamle ARC SP 10 køyrt med riaadelen åleine, greier erfaringsmessig dynamikken endå betre når output frå pickupen er iallfall 0,4 – 0,5 mV. Men så mykje utsignal krev at det brukast fleire viklingar i spolen, og då vil massen auke. Då vert det meir å flytte på, og det kan gå ut over dei dynamiske eigenskapane. Akkurat som når det kan vere eit poeng å bruke lettmetallfelgar i staden for tunge stålfelgar. Det er såleis ganske sikkert heilt medvite at konstruktørane av Dynavector ikkje har kraftige signal ut frå anna enn sine to rimelegaste pickupar (som eg elles er svært godt fornøgd med). Men skilnadane er til dels ekstreme, og sjølv om litt meir output normalt gjev SP 10 meir å arbeide med og lågare støygolv, er kombinasjonen mellom min gamle rørforforsterkar og dette rasedyret av ein pickup heilt utruleg. Kanskje ikkje er hundre prosent optimalt, men likevel ein pickup eg svært gjerne skulle hatt i stallen. Han fungerer utmerka i JMW 9 Signature-pickuparmen, sporar fint 80µ på tilrådd stifttrykk, og er ganske grei å montere opp. Somme stiller spørsmål ved armgeometrien til denne unipivoterande armen, men pickupen har iallfall vorte oppmontert heilt etter armen sin medfylgjande sjablong, og alt høyrest svært greitt ut, for å underdrive.

Billegare søsken
Dei rimelegare alternativa frå Dynavector er også gode pickupar, men stiller i andre klassar, både økonomisk og lydmessig. Av dei eg har prøvd, enda eg med den rimelegaste som referanse. Ikkje fordi dei dyrare pickupane er dårlegare – det motsette er tilfelle. DV10x5 er mi referanse fordi det er svært godt samsvar mellom kvalitet og pris, fordi han passar i veldig mange pickuparmar, fordi han har høgt utsignal, og fordi han greier å gjere ein god del av dei tinga eg ynskjer meg av ein pickup. Men skilnaden ved direkte samanlikning mellom denne 3000-kroners småkaren og rasedyret Te Kaitora Rua, er himmelvid, slik ein kan forlange ut frå prisen. 10x5 er mykje, mykje grovare i oppløysinga. Frekvensfløyane, spesielt diskanten, er veldig unyanserte og manglar presisjon. Bassen heng ikkje med når ein høyrer Te Kaitora Rua sin ekstreme attakk (berre rå innspelingar av rock a la Pastorius på Joni Mitchell ”Don Juan`s Reckless Daugther” gjer at du eit augeblikk er meir imponert over trøkket som kjem ut av det høge utsignalet frå veslebror. Men når du går attende til testobjektet, er det tydeleg att dette er fattigmannstrøyst, når det spelast fort med slagattakk over basstrengane, og det ekstreme lydbildet til Mitchell utfaldar seg i all sin prakt. Irritasjonen over den spesielle miksinga av stemma og dubbingane forsvinn når du høyrer presisjonen i teikninga av lydbildet, og all kompleksiteten i denne krevande musikken. Tilsvarande opplevingar er det også på mange av mine klassiske plater. Flotte å høyre på med 10x5, men når den kritiske sansen tek overhand, vert det liksom litt for snevert. Noko av det same kan hevdast om ein skulle tatt DV20, der eg har testa utgåva med høgt utgangssignal. Denne er nok betre enn 10x5, særleg når det gjeld oppløysing i øvre mellomtone og opp, dessutan med større og djupare lydbilde. Men alt i alt ikkje så veldig ulik 10x5-utgåva som eg også har ståande klar til referansesamanlikning.
Eg hadde ikkje 17 D mk III tilgjengeleg i testperioden, men har ganske godt minne om korleis denne var i samanlikning. 17 D hadde noko av den same fantastiske oppløysinga, men var trass alt ikkje fullt så sikeglatt og naturleg oppover frå mellomtonen og til topps, ein halv tanke meir analytisk i inntrykket der Te Kaitora Rua berre var rein musikk utan at baktankane melde seg i det heile tatt. Eg har også ei kjensle av at du får mykje opnare og luftigare lydbilde for meirkostnaden. Skilnadane i bassområdet er eg meir usikker på, men det er ganske klart at det genrelle frekvensområdet er endå meir saumlaust og naturleg attgjeve. XX2 er også ein pickup som burde ha vore nemnt på denne skalaen, men den har eg ikkje testa.
For å yte denne svært dyre pickupen fullt rettferd, burde eg hatt ein optimalt tilpassa forforsterkar, og magekjensla mi seier at eg i så fall hadde hatt endå fleire superlativ rundt spesielt dei dynamiske eigenskapane, som eg likevel vil hevde er ekstremt nyanserte og genrelt svært gode, langt over det ein kan forvente seg lenger nede i dei meir edruelege prissegmenta.

 

Konklusjon
Dette er ikkje pickupen for kven som helst. Og du vil ganske sikkert ikkje kjøpe denne utan å gjere svært nøye vurderingar med tanke på resten av utstyret, musikksmaken din og ikkje minst lommeboka. Og i mi begeistring over noko av det aller beste eg har vore bort i når det gjeld vinylavspeling, er det veldig vanskeleg å gje edruelege råd. Om du ikkje har eit svinaktig godt anlegg elles, er det viktig at du har dette på plass. Men no kan det ikkje utsetjast lenger, det må seiast at:
Med Te Kaitora Rua får du ein pickup som er meir naturleg klangmessing enn det meste lydreproduksjonsutstyr. Her er også detalrikdom og nyanseringsevne du sannsynlegvis ikkje har høyrt maken til – og som slett ikkje alle anlegg eller musikksjangrar gjev deg høve til å sette pris på. For min eigen del vil eg vere svært fornøgd. Eg har elektrostathøgtalarar med svært god oppløysingevne, og er musikalsk altetande, med særinteresse for klassisk musikk så vel som mykje av den komplekse rocken som er innspelt frå midten av 70-talet og utover. Men eg veit eg kjem til å føle behov for ein ny riaa etter kvart, og denne kjem til å koste ein god del meir enn pickupen, skal eg verte fornøgd. Lommeboka kjem ikkje til å tåle dette, så eg må diverre avstå.

Ein referansepickup som gjev den klangen som du kan måle alt anna opp imot. Sjølv nokre masterteipar og direktekopiar av slike eg har høyrt (rett nok for mange år sidan), har ikkje gjort så kraftig inntrykk på meg.
Og om du skulle sitte i seriøst lag der ein diskuterar kva som er verdas beste pickup, kan du spørje; ”Kva med Dynavector Te Kaitora Rua?”. Eit spørsmål som bør takast alvorleg.


Pris: 24 000 kr, men kronekursen er ikkje så sterk som før, så....
Importør: Planetsnapa

link til norsk importør link til produsent

Te Kaitora Rua oppmontert i VPI JMW 9 Sig - ein glimrande kombinasjon

 

 

 

 

 

 

 

 

På plass i rilla.

På plass i rilla. Sporar 80µ med 2,2 g stifttrykk, og spelar som eit vedunder

Te Kaitora Rua oppmontert i VPI JMW 9 Sig - ein glimrande kombinasjonSporar 80µ med 2,2 g stifttrykk, og spelar som eit vedunder

Read 5037 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.