onsdag, 31 desember 2003 23:00

Behringer 8024 Ultracurve - billlig romkorreksjon!

Skrevet av

Her får du profesjonell romkorreksjon for en billig penge!
Sjølv om det kjem avløysar for 8024 i desse dagar, er likevel dette eit fantastisk reiskap for å justere frekvensgangen i lytterommet ditt.


BEHRINGER DSP 8024

Når det gjeld lydkvalitet, er det vel få ting som har like stor innverknad som rommet vi har anlegget i. Det måtte i så fall vere kvaliteten på innspelingane dine. Høgtalarane er også udiskutabelt sterkt medverkande når det gjeld å bestemme kva lytteresultatet vert. Behringer DSP 8024 erein sak som kan avhjelpe mykje av problema med desse faktorane. DSP står for "digital signal prosessor", og i dette tilfellet snakkar vi om ein krysning mellom Digital equalizer, måleverktøy, og DAC (digital/analog konvertar). Ein sak som heilt klart vil vekke sterke kjensler. For motstandaren vil 8024 vere eit ekstra ledd i signalkjelda, som endrar signalet vekk frå det opprinnelege - og dermed det korrekte? For tilhengjaren er dette ein boks som kan trylle gråstein-opptak til gull (eller den motsette vegen), glatte frekvensgangen og få håplause rom til å late som dei har god akustikk. Det har vore mykje debatt om denne greia i diskusjonsforumet vårt. Vi har også fått signal om at varelageret er i ferd med å tømmast. Det er gått lang tid sidan vi tok til å teste dette produktet. Alt for lang tid. Vi kan skulde på mykje, det verste er eigentleg at potensialet til dette produktet er så alt for omfattande….

VERSJON 1.3 - FOR HEILE POTENSIALET 

Programmet til denne saken ligg inne i eit "tusenbein" - ein eprom. Dette er ei minnebrikke, som må lagast i ein "eprombrennar". Då eg fekk min 8024, kom "startsida" og synte programversjon 1.2. Trond har funne ut at denne versjonen ikkje fungerer skikkeleg, så eg har bede importøren om å skaffe meg ein med versjon1.3. Diverre har ikkje denne dukka opp, men Trond har laga meg ein kopi av sin.(Norsk Musikk-distribusjon har nyleg flytta, og ikkje funne att epromane sine…) Så no har eg programversjon 1.3 i staden for 1.2. Men eg har ikkje fått ordna MIDI-koblingar, heller ikkje lasta ned den programvaren som finnest på nettet. Stort sett har eg avgrensa meg til å bruke boksen som han er. Men kanskje det er fleire som kjem til å gjere netopp det? Så her kjem artikkel 1.

ARVE BRUKAR 8024

Eg har no brukt Behringer 8024 som DAC med to ulike CD-spelarar. Ingen av desse har såkalla AES/EBU-utgang eller digital XLR-kontakt, så eg har brukt ein overgangsplugg og ein svært kort kabel (ca 30 cm) frå van den HUL (ikkje digital) Frå begge desse spelarane har eg hatt kontroll-kobling gjennom dei ubalanserte analoge utgangane til samanlikning med lyden når 8024 brukast som DAC. Eg brukte Vincent preamp med digitalinngang, då eg kunne bruke XLR-kontaktar mellom 8024 og denne. Ut frå denne gjekk signalet ubalansert til delefilter og effektforsterkarar. Eg har fått åtvaringar om dette oppsettet, fordi det digitale signalet visstnok skulle vere for svakt frå vanlege digitalutgangar. Men eg har ikkje merka noko spesielt i den samanheng, og konkluderer med at ein vanleg phonokontakt er ok for digitalsignalet.

Etter at tilkoblinga var gjort, måtte eg inn og leite meg fram til rett meny for digital inngang, og då eg fekk til dette, var lyden upåklageleg. Med heilt flat equalizer og masterkontrollen på - 6dB for å kompensere det balanserte signalet, meinte eg å registrere ørlite endring i lydbilete/fokus på både Vincent og Rotel. Men skilnaden var så liten at eg ikkje er sikker på om det vart verre eller betre. Eg kunne ikkje høyre vrenging av noko slag, tap eller mistilhøve på frekvensfløyane. Det einaste eg klart høyrte til skilnad var ein tendens til varmare klang, noko som sjølvsagt også kunne skuldast at signalet vart sendt gjennom to ekstra kabelstrekk.

Når eg tok til å leike meg med equalizeren, vart det tydeleg kor lite som eigentleg skal til for å endre klangkarakteristikkar totalt, særleg i området frå 80 Hz opp til ca 500 Hz. Ei endring på lusne 0,5 dB ein stad eller to skulle knapt vere merkbart. Men gjer dette, og du får fokus på andre ting i lyden, anna lydbilete, varmare/hardare lyd eller andre ganske dramatiske utslag. Prøver du å kompensere frekvensfløyane, må du vere varsam. Om du føler behov for å legge 8 - 9 dB på ekstra, må du vere klar over at signalet innan dei aktuelle frekvensane vert svært 3 gonger forsterka, og du må fylgjeleg dempe mastervolumet i pakt med dette (kanskje ikkje like mykje, men det er ikkje langt unna) Då eg gjorde utprøvingane, hadde eg programversjon1.2. Denne versjonen let ikkje "måledelen" snakke saman med equalizaren automatisk. Eg måtte altså: 1) gjere målingane, og skrive ned nivået på alle 31 frekvensavsnitta 2) kompensere for alle avvik med equalizeren. 3) Måle ein gong til, og justere etterpå. Dette tok svært lang tid. Eg er også i stuss over kor interessante målingane var, då eg brukte dei innebygde white noise og pink noise -generatorane. TACT sin forforsterkar har ikkje berre betre oppløysing enn 8024, men visstnok også ei langt meir avansert måleprosedyre. Trond har tilgang på meir og betre utstyr, og det skal finnest programvare du kan laste ned frå Internett, slik at du ved hjelp av ein MIDI-tilkobling kan få utført mykje betre målingar. Etter å ha styra nokre dagar med å få ei glatt frekvenskurve, var det ein ting eg merka meg. Eg måtte dempe masternivået om lag like mykje som eg hadde skrudd opp sterkaste frekvensavsnitt, for å vere heilt sikker på å unngå forvrenging. Dette gjorde at eg fekk eit totalt sett svakare nivå enn utan 8024. Men eg tykte dette var for dårleg, så eg auka masternivået ein del. Etter nokre veker der eg prøvde å vere sakleg og strukturert, gjekk eg lei, og stilte frekvensgangen etter hjartet og mi overdrivne sjølvtillit! Det var langt meir gøy. Eg la ei utprega varm, rørliknande og musikalsk kurve på, og fekk betre lyd ut av ein del kjedelege innspelingar. Spesielt var det kjekt å lytte til gamle popopptak frå 60 og 70-talet. Beatles, Creedence, Deep Purple, Motown-opptak og anna med ikkje alltid imponerande miks, vart no langt, langt kjekkare å lytte til. Om du ikkje overdriv det du held på med (tommelregel: skru aldri meir enn 6 dB nokon veg), kan du faktisk auke den musikalske opplevinga radikalt. Eg rett og slett følte meg fram, og lagra dei ulike karakteristikkane (du kan lagre mange ulike oppsett).

Eg brukte også 8024 analogt inn-analogt ut. Dette fungerte slett ikkje dårleg. Resultatet var rimeleg støyfritt, men ved samanlikning med oppsettet der 8024 stod som ein DAC, forsvann noko av oppløysinga. Lyden vart ørlite meir grumsete. Ved bruk av meir "normale" høgtalarar (PA-sjølvbygg) enn mine elektrostatar, var dette likevel ikkje særleg problematisk. Så om du ikkje har høve til å arbeide digitalt, kan du likevel ha glede av denne saken. Men dryg ikkje for lenge med å få tak i ein CD-spelar med digital utgang…

DSP 8024 frå Behringer er det produktet eg har vore bort i dei siste åra med størst potensiale innan godlyd. Har du bruk for noko som fargar lyden slik du vil, kan du her i ganske stor grad legge "fargestikk" på opptak som er grå og kjedelege. Du får også ein svært god DAC for desse pengane, og du har ein equalizer med 31 bands oppløysing som kan brukast i eit knipetak. Det einaste problemet med denne boksen, er at potensialet på å gjere målingar og ha ei sakleg analyse av rommet ditt er større enn det boksen slik han er i seg sjølv, kan klare. Samstundes som du kjøper denne, må du altså skaffe deg ein (bærbar) PC med MIDI inn-/utgang, og laste ned måleprogram frå Internett. Om dette kjem nok resten av redaksjonen til å skrive meir… Eg føler meg rimeleg trygg på at skavankar i lytterommet og kanskje også dårleg høgtalarplassering i stor grad kan kompenserast. Når ein berre har saklege målingar å gå etter….. Kjøp DSP 8024 no, før prisen stig att. 3995 kroner kan neppe investerast betre i eit eksisterande stereooppsett.

OM FIRMAET BEHRINGER

Dette er eit tysk firma som har vore innretta mot den semi-profesjonelle musikarmarknaden, musikarar som ikkje har råd til å kjøpe dei aller kvassaste mikrofonane frå Shure eller gitarforsterkarane frå Marshall og Fender. Tydelegvis har dei mange lavkost-underleverandørar, for det er kjent i musikarkrinsar at du kan få ein Behringer songmikrofon for 300 kr - 1/7 av prisen på tilsvarande produkt, støysvake miksebord for eit par tusen og fleire digitale signalprosessorar til nesten leiketøyprisar. Norsk musikk som har agenturet av Behringer fortel at desse produkta vert prisharmoniserte over Europa, slik at det ikkje lenger skal vere bryderiet verd å importere frå andre land. Digitale produkt har stupt i pris heile tida, og det ser ut som mange spennande produkt vert økonomisk oppnåelege for dei fleste, når berre det ikkje lenger må betalast for utviklingskostnadane.

INTENSJONANE BAK DESIGNET AV DSP 8024

Denne equalizaren kan brukast på fleire måtar. Opprinneleg er han nok tenkt å brukast i PA-system for å rette på akustisk tvilsame konsertlokale. Det er eit balansert produkt med utelukkande stereojack- og XLR-kontakter. Så primærbruken var nok mellom miksebord og effektforsterkarar, og har du XLR-kontakter kan du bruke 8024 slik - analog inn og analog ut. Monterer du derimot det medfylgjande tilleggskortet AES8024, med digital inn- og utgang har du høve til rein digital signalbehandling. Då treng du ei digital signalkjelde (t.d. ein digitalutgang på CD-spelaren din), og helst ein DAC etterpå. Då konverterer ikkje 8024 lyden din, og alt skjer digitalt mellom CD-spelar og DAC. Men det er ei tredje løysing: du kan sende det digitale signalet inn, men tappe lyden frå analogutgangen. Du brukar då den innebygde DACen i DSP 8024. Dersom du ikkje har ein heilt vanvittig sjølvtillit, bør du også bruke ein målemikrofon med kulekarakteristikk. Desse kan du få frå Bruel & Kjær for ein 7 - 8000, men Behringer leverer sin ECM 8000 i pakken til under 4000 kr. Denne plasserast i øyrehøgd ved godstolen, koblast til mikrofoninngangen, og deretter kan du justere frekvensgongen. '

2995,- for en meget anvendelig problemløser? Det er da bra?...

Link [importør/forhandler] [produsent

Her kan du lese en dansk "hifi-bruksanvisning" for Behringer Ultracurve 8024 DSP:

Behringer_hifi_use.pdf

Lest 4031 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.