tirsdag, 04 november 2025 11:28

OSAFESTIVALEN 23. - 26. OKTOBER 2025. EIN FESTIVAL FOR ALLE

Skrevet av

Avisa Hordaland spurde folk på Vangen om dei hadde høyrt om Osafestivalen. Nokre hadde, men ville ikkje delta. Dei om det. Dei yngste hadde ikkje eingong høyrt om festivalen. Slik er det når ein går med nasa nedi mobilen heile tida. Hadde dei løfta blikket litt, kunne dei sett at det hang banner på kvar einaste lyktestolpe gjennom heile Vangsgata, slik det brukar når det hender noko stort i bygda. Og Osafestivalen er definitivt eit slikt storhende.

OlliBolli

Osafestivalen er ein årviss folkemusikk-festival skipa til av Ole Bull-akademiet på Strengjarhaugen på Voss, på folkemunne Kringsjå, etter det tidlegare pensjonatet. Og festivalen har verkeleg vorte ei kraft i det lokale kulturlivet. Voss er eit sterkt merkenamn. Det har lenge vore kjend for skisenteret, smalahove og heimabrygg, sidan 1973 Vossajazz, og no ekstremsportveko og Osafestivalen i tillegg. Den litt rare overskrifta oppsto då eg på den lokale puben vår Skrot kom i prat med ei ung dame frå England som skulle arbeide i 6 månader på Ole Bull-akademiet, og som ikkje på berre livet klarte å uttala dette på noko som kunne likna på norsk. “Gløym da”, sa eg, “berre hald fram med å seie ollibolli-akademiet, det er mykje artigare”. 

Bare Egil Spellemannslag

Eg starta med overskrifta “ein festival for alle”. Og det er ikkje å ta munnen for full. Festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland har løfta festivalen frå å vera ein reindyrka folkemusikkfestival til å verta ein for alle. Hadde du venta å finna Bare Egil i programoversikten? Neppe. Er det folkemusikk? Ja denne gongen i alle fall! Med Egil Hegerberg på vokal, Frode Haltli på skrekkspel og gitar, Roald Kaldestad på gitar og mandolin, Tuva Syvertsen og Erik Solli på fele og hardingfele og Gjermund Silset på kontrabass, har du eit stjernelag som kan folkemusikk som ingen andre og meir til! Eg har sett fleire av dei på jazzfestivalar og! Og so lovte eg å skriva at Ida er landets søtaste festivalsjef. Som om eg trengte ei påminning om det. 

Egil starta med signaturlåten sin, Ææææææ osb, dvs låten Æ39, og held fram med ei rekkje låtar med heilsprø tekstar, som “halde tritt med Trump”, “hasj", og "Bergen er ei f,i,,,by". Sa han verkeleg det? Det høyrdest slik ut! Hasj ville han byrja med avdi svigermora kom på besøk. Og “oppi lia” var eit harselas med jazz, openlyst eit peik til Vossajazz! Egil er ein sjeldan kombinasjon av musikar, låtskrivar/komponist og komikar, ein underhaldar av fyrste klasse, og latteren sat laust i heile salen. Og sanneleg kunne han ikkje danse og. Om me skal kalla det dans. Eg hadde ikkje på førehand gjort meg opp ei meining om kva han derre Egil var for noko, men no er eg blodfan. Og for ein lyd Sprilt (tidlegare Voss Lyd) har fått til. Anders ber fram song og tale so tydeleg som eg sjeldan høyrer.

Fengande låtar, fyrsteklasses musikarar og god lyd, og ein sprøyte gal frontfigur. Kva meir kan du forlanga? Dette var topp underhaldning, på tvers av sjangrane.  

Eg har teke nokre bilete i von om å få fram atmosfæren i salen, delikat omgjort frå idrottshall til konsertsal. Om redaktøren ikkje er nøgd med kvaliteten, kan han bruka om att dei frå i fjor, viss dei er noko betre. Myrkret gjer det vanskeleg å ta tydelege bilete.

Hovudtyngda av konsertane gjekk føre seg i denne mykje omtalte idrottshallen frå kl. 18.30 og utetter, kvar kveld, og på det belet har sjølv B-menneske som meg og Johnny klart å gneka svevnen ut or augne, fått i oss litt mat og ei øl.  Seinare på kvelden høyrde me det Bergensbaserte folkrockbandet  9 grader nord, såg Håkon Odden frå Frikar gjera halsbrekkande C moment uti folkemusikken, og til slutt Osaklubb for festløvene og dei danseglade, til langt på natt. 

Laurdagen var me innom Pumpegris i Ungdomshallen kl. 6, og i idrottshallen vart me kjende med Huun-Huur-Tur, og det er ikkje ei turisthytte på Hardangervidda, men strupesongarar frå republikken Tuva, på grensa til Mongolia. Berre på Osafestivalen og den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde har du normalt høve til å oppleva slik esoterika. Rytmisk og tilgjengeleg. Kan høyrast på  strøymetenestene (rette namnet er visst Huun Huur Tu). 

Siste konserten før Dans med Kvarts var Annlaug Børsheim frå Ulvik, rocka låtar med referansar til folkemusikk og anna. Kunne med stort hell vore framført på kva som helst festival. Den blide dama med pappkopp var ei av fleire hyggelege og sørvisinnstilte elevar frå Voss Folkehøgskule. Bilete er teke etter at baren var stengd, og innhaldet i koppen er ukjend.      

I motsetnad til Vossajazz, som gjerne har både opningskonsert fredagen og tingingsverk laurdagen, hadde Osafestivalen tingingsverket sitt sundagen; som siste konsert, klokka seks. På ettermiddagen, vel å merka. Denne skal eg fortelja om i detalj i del 2, ho handlar om utvandringa til Amerika, i tekst og musikk. Ein sogetime utanom det vanlege.         

     

Les meir på nettsida til Osafestivalen

 

Lest 526 ganger Sist redigert tirsdag, 04 november 2025 11:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.