tirsdag, 28 oktober 2025 21:34

Fire bananpluggar – Stig Arne si dagbok september 2025 Spesial

Skrevet av

Ein test mellom to forsterkarar enda opp med med ein test -med eller utan bananpluggar-. Det var slett ikkje planen. Ganske smalt, for ikkje å seia skikkeleg nerdete. Men bli med på reisa. 

CROFT OTL SERIES 3 R 

Fyrst ei innleiing om kva som gjekk gale denne kvelden. CROFT er eit obskurt engelsk merke, som i all hovudsak sysla med røyrforsterkarar, og av desse har eg ikkje heile oversynet, men han vil koma, for ein test er påemna. Eg veit ikkje om dei er aktive lenger, men apparata er framleis med oss. So no kan eg endeleg peika nase til dei som trur at eg utelukkande spelar på gamal drit. Dette er seriøs hifi.  

Kjøpt brukt

Stig Inge kjøpte denne rørforsterkaren brukt saman med eit sett av dei gamle “fullrange” Martin Logan elektrostathøgtalarane, og selgjaren budde rett i  nærleiken av meg. Han kontakte meg, og eg kontakta Stig Inge. Selgjaren var audiofil og må ha visst kva han gjorde i si tid. For denne forsterkaren er -seier soga- skreddarsydd for å driva elektrostatar, som t.d. Quad ESL 57 - den gamle breide og låge, som ser ut som ein varmeomn. Forsterkaren er av typen “Output Transformer Less”, dvs utan dei  lydforringande utgangstransformatorane. Det er ein sjeldan rase. For å få utgangsimpedansen ned, er i staden mange røyr kopla i parallell. Grunnen til salet var flytting, og som om ikkje det var nok, ei god veninne av meg kjøpte huset etter han, og ho måtte jo ha stereoanlegg. So eg selde og kopla opp eit anlegg til ho, med både CD-spelar og platespelar, som ho nyttar den dag i dag. Endå ein artig tilfeldigheit: Trykk open på CD-spelaren, og skuffa kjem ut i ein rasande fart og går like snøgt inn att. Du lyt halda skuffen ute med handmakt, leggja i plata, so går skuffen inn att. Slik har han vore sidan ho fekk han, og han virka endå. Dette plagar ikkje Linda det minste, for denne dama har orden på skuffene sine.   

Sidan har Croften og ML-ane budd litt rundt i kring, i Bergen, og no hjå meg. Dei har knapt vore i bruk. Og som de veit, me har kontakt med Lars Tørressen i Bergen, ein trollmann med rør og det meste. Han er stendig på besøk her. Han virvlar alltid opp mykje støv, og brått var Croften hjå han for ein teknisk gjennomgang. Han vart friskmeld utan andre åtgjerder enn å sjekka justeringane, og at røyra sat godt i soklane sine. Eg har fått han att, og det slo meg ein dag at han måtte jo ikkje berre stå nede i gangen og støva ned. Eg kopla han opp mot ein eldre Electrocompaniet Pre II forforsterkar, ein kveld ingenting anna virka, sjølv om eg ikkje anar om det er ein god match. Men han sto lageleg til, for han har tilkopling for både MM og MC. Ideell eller ikkje, kombinasjonen har synt seg å fungera bra, passe nivå, og ikkje noko brum eller andre mistilpassingar som eg har kunne oppdaga. 

BANAN

Eg har spelt på dette ei god stund no, og likar det godt. Einslags test vil koma seinare. Undervegs i lyttinga denne kvelden noterte eg meg at høgtalarane var kopla til med bananpluggar, noko Lars måtte gjera for å kopla til eit par gamle Quad ESL 57 elektrostathøgtalarar sist han var her, som berre godtok bananpluggar. Sidan har desse pluggane vorte sitjande på leidningane, inn i mine gamle modifiserte Dali 7, sjølv om desse godtek allslags tilkoplingar. Eg merka meg at eit par av pluggane ikkje var særleg stramme - veldig typisk. Eg har dårlege røynsler med bananpluggar frå tidlegare, medan eg skreiv for ein papirpublikasjon - og fekk betalt for det. Ta den Karl Erik. Me spelte musikk og samanlikna nokre greier, då redaktøren som eg lytta saman med, ikkje var nøgd med lyden, og ytra dei (for meg) vidgjetne orda: "Nei no er eg ikkje eingong samd med meg sjølv”. Me fjerna bananpluggane og putta leidningsendane rett inn høgtalarterminalen, og skrudde fast. Lyden kom seg betrakteleg. Dette var fyrste gongen eg opplevde at ein slik liten detalj kunne bety so mykje. Sidan har eg aldri nytta bananpluggar om eg ikkje må.    

Midt i Bendik Hofseth si utgjeving “Smilets Historie” frå 2007 tenkte eg difor at eg ville fjerna bananpluggane, og skrudde leidningane rett i høgtalarterminalane. Eg heldt fram med lyttinga og planla å byte til ny forsterkar når plata var ferdigspelt.

 

Kva hende?

Det vart aldri bytt forsterkar. For skilnaden eg opplevde før og etter bananpluggar var so markant at eg ikkje forsto nokon ting. Den lyden eg hadde vendt meg til, og likte, var burte og kom aldri att. Ja, bassen var stramare, mellomtonen tydelegare og diskanten plutseleg til stades, men mykje av “atmosfæren" var borte, noko som eg no ikkje kan tolka som anna enn grums grunna dårleg kontakt. Han var falsk. Behageleg, men slørande.   

Dette vart for mykje å ta inn over seg i løpet av ein kveld. Forsterkartesten vart utsett. 

Eg veit frå tidlegare at ei endring i lydbiletet kan ta dagar å venja seg til. Kva hende? Har eg vorte like supersensitiv som Marta Louise? Er Engleskolen neste? 

Her er ting å vurdera i samband med dette:  

1) Forsterkaren vart slått av under omkoplinga, vart grinete og kom aldri til hektene att. Ikkje veldig sannsynleg, men ingenting kan utelukkast.  

2) Meir sannsynleg er at eg hadde fått for mykje heimabrygg, du veit aldri kor sterkt det er og kva effekt det har. Eg fylte glaset opp med alkoholfritt utan at det hjalp, bortsett frå at eg vart edru att og kunne skriva det du no les.

3) Lyden har vorte anten betre eller dårlegare. Det er ingen andre alternativ, om du ser bort i frå ingen endring, og at det er lyttaren som er problemet. Og det må ein alltid ta høgde for. 

Betre - eller?

At lyden har vorte dårlegare kan eigentleg utelukkast, sidan fjerning av eit unødig element (bananpluggen) berre kan gagne lyden, ikkje øydeleggja han. 

Då står me att med betre lyd eller ingen endring, om me skal vurdera dette vitskapeleg. Og det skal me jo, elles har det ikkje noko føremål å setja dette på trykk. Då kan me overlata til kven som helst å meina kva som helst. Det må me uansett tillata, men føremålet med  artikkelen var å setja ljos på endringar me som audiofile er opptekne av. 

Eg skal evaluera inntrykket gjennom dagleg speling frametter, for å sjå om det held seg. Ein pliktar å vera fordomsfri. Men akkurat no tenkjer eg at bananpluggar høver best i ræva på ei banan, og at den kan du… eta. Men kast pluggen. 

Neidå. Verktøykassa må vera rusta for alle slags tilkoplingar. Elles hadde det vore umogeleg å gjera alle dei samanlikningane eg faktisk gjer. 

Bananpluggane me brukte var muligens ikkje millom dei beste, men er nok representative for det som ligg og sleng i mange heimar, og sikkert ikkje dårlegare enn det du får på Biltema eller Clas Olsson. Men merk at det finst betre kvalitetar å få kjøpt, i betre metall, og med skruer som gjer at samankoplinga til høgtaleren kan stramast. Men testen syner heilt klårt at det beste er å unngå unødige overgangar. I skikkeleg gamle dagar var det vanleg å lodda overgangane frå apparat til apparat! Det er garantert betre! Men då er det umogeleg å kopla til nye apparat heile tida, slik me ofte gjer i dag. 

PS. Lytting dei påfylgjande dagane berre stadfesta inntrykket av ein ny og radikalt betre lyd, sjølv om eg framleis finn det vanskeleg å fatte at ein slik liten detalj kan gjera ei so stor endring. Eg vil truleg gjennomføra testen på ny, men rekk det ikkje før “deadline".   

PPS. Etter at plata var ferdig strøyma genererte Apple Music liknande låtar, og her kan det vera nye og spanande artistar å plukka opp. Men dei aller fleste var keisame. Bendik er ein spanande og etter mi meining undervurdert musikar. Og lyden er eineståande open og dynamisk. Heilt i toppklasse. 

 

ØLSPALTA

Dag, Stig Arne og Lars var samla tysdag 30. september for å gjera oss kjende med nokre av dei ølane som blei lanserte på polet 3. september. Stig var operert for grå stær same dag, så Lars måtte vera skrivar.

  1. Shepherd Neame Bishops Finger Kentish Strong Ale (5,2%) var mørk på farge og hadde turre, fine malttonar. Balansert.
  2. Oslo Brewing India Pale Ale (6,7%) Typisk IPA. Tydeleg lukt av humle: Bitter humle i ettersmaken. Stig lurte på om ølen var "overhumla", men me kom til at den berre var på grensa ...
  3. Jåttå Brekkas Norsk IPA (7%) Ein mild og fin IPA med flott humlemiks og gode malttonar som gjekk mot det florale. Jåtta gardsbryggeri leverer!
  4. Monkey Brew Newton Pale Ale (5,2%) Panelet var samstemte i at dette var ein nydeleg øl. Samansett og skikkeleg harmonisk.
  5. Nøisom No11 Amerikansk Pale Ale (5,5%) Både sitrus og runde malttonar. Særs smakeleg!
  6. Disko Brewing Duality Yeah Buddy IPA (7%) Ljose humletonar og brødprega malt. Svært godt! Kveldens höjdare ...?
  7. Haandbryggeriet Jubileum New Drammen IPA (6,7%) Ljos malt med godt integrert humle. Frisk!
  8. Grünerløkka Brygghus Løkka Galaxy (6%) Frisk lukt. Rund og fin i smaken. Matte malttonar. Heilt OK.

 

Lars

 

 

Lest 1117 ganger Sist redigert torsdag, 30 oktober 2025 20:40
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei