tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Vossajazz 2009

Skrevet av Stig Arne Skilbrei

Etter veret å døma er einkvan der oppe veldig glad i jazz. Fredagen var veret so godt som det er mogeleg, og tok seg ikkje opp att til same standard før lenge etter påske. Altanen bak billett- og servicekontoret til Vossajazz på Park Hotell Vossevangen bada i solskin, og det vrimla av yre medarbeidarar, VIP-ar og artistar, alle med ein øl eller eit elegant glas kvitvin i handa...

Av Stig Arne Skilbrei - påska 2009


Trude Storheim sjølv, sjefen for det heile, vart filma og intervjua. Ho hadde ikkje kvitvin i handa. Det var akkurat som på fjernsyn eller film, og den gode stemninga kosta også underteiknaren ein øl, medan han venta på akkrediteringsbeviset sitt. Er det fest, so er det fest, og Vossajazz er FEST!

Opning

Den offisiellle opninga, i år som i fjor, var i Vossasalen, det nye flotte tilbygget bak Park Hotell Vossevangen. Dette har på ein måte vorte Voss si nye storstove, og har alt hysa konsertar med mange kjende namn, jazz eller ikkje. Også i år opna Ivar Kvåle festivalen med luren sin, og det er lika vakkert kvart år. Det fyrste biletet med den blå bakgrunnen er derifrå. Jon Skjerdal sto for den offisielle opninga, knakande morosam som vanleg, og Arne Hjeltnes fylgde godt opp med underhaldning i rein stand-up stil. Mykje betre enn politikarar med flosklar om jazz, som dei vanlegvis overhovudet ikkje har greie på, og som aldri kan verta ferdige. Men dei er Vossajazz ferdige med, heldigvis.

Debashish Bhattasharya

Prøv å uttala dette litt utpå kvelden! Men opninga vart etterfylgt av denne fargerike gjengen (Debashish er leiaren på indisk slidegitar), og det er utruleg herleg å høyra litt ikkje-europeisk musikk innimellom. Debashish snakka om "unconditional love" til du nesten fekk nok, men bodskapen var enkel: Du skal ha kjærleik til alle og alt du gjer, og det er tydeleg at det hjelper. Gitarspelet hans er truleg noko av det beste som kan oppdrivast, og saman med tett komp på diverse trommer og perkusjon var dette ein fest både for øyre og auge. Dette var opningskonserten, ikkje å forveksle med tingingsverket som gjekk laurdag (Solveig Slettahjell).

Frøy Aagre

Frøy Aagre heldt sin konsert i gamle Festsalen, kor mang ein vossing har feira gymnasjubileum eller anna. Frøy var fyrste gong på Vossajazz som 12-åring, og bestemte seg visstnok der og då for å verta saksofonist. Til latter frå salen introduserer ho "Siberian", eit "tingingsverk som ingen har tinga", og me er no attende til europeisk jazz, som pianisten Misha Alperin (Russland) hevdar har utvikla seg forbi den amerikanske. Men dei har vel aldri vore særskilt glad i amerikanarane, russen. Gruppa er i høvet forsterka med Mathias Eick, ein av dei beste me har på trompet for tida. Bassisten og pianisten fyller fint ut i lydbiletet og bidreg til ein heilskapleg klang, i tillegg til fine individuelle prestasjonar. Dette var harmonisk, vakkert og til ein viss grad dempa ned, men aldri kjedeleg, berre vakkert og godt. Alperin var attende til Voss for tredje gong i år, med sin eigen konsert, og det var synd å måtte velje ut denne konserten til fordel for Frøy, men slik er det når fleire konsertar overlappar. Eg har sett Alperin før, og var litt oppsatt på å høyre Mathias Eick, som har ein heilt særeigen tone i trompeten sin.

The Core and More

Me runda av kvelden med The Core and More, eller; eg hugsar ikkje so mykje etter denne. Dette var eit utvida The Core med Jonas Kullhammar (saksofon) og Magnus Broo (trompet). Dette var ein litt annan type jazz, eller meir av det same. Desse karane har drukke atskillig meir tran, her var det bånn pinne, full pupp, stå på, heile vegen. Ein fantastisk energiutladning av ein konsert. Less is more, heiter det seg, men her vart det til "More is not less, More is More!"


Solveig Slettahjell og fleire

Laurdag startara konsertane tidleg og går ut over heile dagen, men me er litt som Dracula, står opp seint, et frukost når andre et kvelds, og kom oss ikkje på konsert før til Tingingsverket med Solveig Slettahjell, i farta døypt om til Slettafjell av ein som ikkje hadde lese namnet godt nok. Men her er det kø, Solveig er populær, og har naturlegvis med seg eit stjernelag av musikarar, og i tillegg fire lokale songarar. Med staheit og tolmot kjem me oss til slutt inn, dels takka vera at mange har gjeve opp og gått. Dette øydela naturlegvis litt av konserten, men me fekk med oss siste halvparten inklusive eit uptemo nummer som redda konserten frå det monotone. Nokre meinte dette var kjedeleg, sjølv vart eg berre fylt med velvære. Solveig si stemme smeltar sterke karar som ingenting. 








Ekstremjazz

Nede ved vangsvatnet var store ressursar (og mykje pengar) nytta til å halda ein gratis utandørskonsert med mykje attåt, ekstremsportsutøvarar kom ned frå himmelen med skjerm, ski og bunad, og det heile var regissert av Jon Balke og Francesco Scavetta (koreografi av dansen). Diskusjonen vil nok halda fram også til neste år om det er dette ein skal bruka pengar på. Men som eit arrangement for å skapa generell blest om festivalen for andre enn tradisjonelle jazzarar er det nok eit godt og kan hende naudsynleg tiltak.

Utover laurdagskvelden gjekk me glipp av ulike konsertar av ulike årsaker, planlagde og ikkje planlagde, men det er ikkje so ustrukturert som det høyrest ut, for mange av desse har jo ein garva konsertgjengar høyrt før. Det eg derimot IKKJE ville gå glipp av var Morten Abel bak trommene i si eiga kompisgruppe, og det såg ut som om dei hadde det veldig moro. Jadå, Morten kan også spele trommer, og han klarte også å syngja ved sidan av. Ikkje uventa av ein mann som har dominert norsk pop sidan – "e ein gammal mann". Gjengen diska opp med artige variantar av gamle slagarar. Det kan ikkje forklarast på ein annan måte, det må høyrast.

Folkemusikkgruppa Sver blandar folkemusikk, individuelle prestasjonar og underhaldning på ein måte som fall godt i smak hjå publikum. Du gjekk ikkje derifrå når du fyrst var komen. Kvelden slutta med Real Ones med gjester, og lærte meg at du skal aldri døma ei gruppe utifrå siste opptreden. Denne gruppa, som etter mi meining leverte eit noko usamanhengande reportoar, med dårleg lyd, som oppvarmingsband for Neil Young på Koengen i Bergen i fjor, lagde ein kjempekonsert i Vossasalen denne kvelden, med nesten alt som var på Vossajazz av gjester. Slik er jazzens vesen: variasjon og improvisasjon. Her gjekk det for seg. Partyjazz!


Sundag og Silje

Sundagen kom me oss tidleg opp og var på konsert klokka 7 (om kvelden). Kaffien virka ikkje, so me måtte ha oss ein akkevitt attåt, og då måtte me jo også ha ein øl, for det høyrar saman. Men me rakk fint konserten med Silje Nergaard, som lagar sereigne melodiar du kan hugse og plystre til – ikkje vanleg kost innanfor jazz. Melodiane spenner frå jazz til pop, og stemma hennar er mjuk. Du kan avskrive henne som kjedeleg, men ver varsam med det, for i neste augneblinken kan det koma ein feiande frisk låt, og alt i alt var dette ein flott konsert. Men regien er kan hende noko stram, slik at hennar dyktige musikarar ikkje slepp seg laus i kreative soloparti. Heilt i motsett lei var Andy Emler Megaoctet i Fraktgodsen, ein ellevill konsert kor alle var like mykje komikarar som musikarar. Dei e løygne, franskmennene. Kvelden slutta med Mike Gallaher Trio, Mike som var kjend gitarist i USA, og som gifta seg med ei vossajente. Etter fleire år med flytting og utprøving –derimellom USA att – er han no attende på Voss, og denne gongen trur eg han vert verande. Han heldt ein kjenslelada konsert i Osasalen etter han kom att for ikkje lenge sidan, og fylgte fint opp i dag med Øystein Lydvo på bass og Kåre Opheim på trommer. Ein gild konsert. Mike er ein gitarvirtuos som beherskar tilsynelatande alle sjangrar, og blandar det meste, men likar jazzen aller best.

Og med dette takkar eg Vossajazz og alle friviljuge medarbeidarar for endå ein flott avvikla Vossajazz. Økonomisk gjekk festivalen i balanse, er det siste eg har høyrt, og det borgar jo vel for neste år. Eg har alt byrja å gle meg.




link til Vossajazz

Lest 5297 ganger Sist redigert lørdag, 19 oktober 2013 06:42