fredag, 30 november 2007 23:00

Quad ESL 2905 – fjerde generasjon.

Skrevet av

Quad er legendariske for si trauste produktutvikling. Og for elektrostathøgtalarane sine. Ny modell ikkje oftare enn kvart 10. år. Og no har vi venta lenge…


Av Arve Åheim desember 2007

 

Etter å ha masa på Nebyhifi heilt sidan det tok til å ryktast at Quad sine nyaste elektrostatar var klar for marknaden, kunne eg endeleg  motta meldinga om at dei var sende. Mi 79-årige mor, som opp gjennom åra har vent seg til det meste av ekstrempakkar, kontakta meg og fortalde at det hadde dukka opp ein pakke til meg i garasja. På 170 kg . Og mesteparten av denne vekta var ikkje høgtalar… Det er veldig greitt at Quad no har høgtalaremballasje som er så skikkeleg som dette. Men bilen måtte finne seg i å stå utanfor garasjen i heile testperioden.

Då høgtalarane endeleg var komne inn i lytterommet, måtte det jobbast mykje med oppstillinga. Quad sine fyrste elektrostatmodellar, femti år gamle konstruksjonar, har eg fått jobba med ved fleire høve, og desse er dei mest vanskelege høgtalarane eg veit å stille opp. Dette på grunn av at den øvste diskanten er ekstremt retningsverkande. Ikkje som ei lommelykt, slik mange elektrostatar er, snarare som ein laserpeikar.

Men den nye modell 2905 var vesentleg enklare på dette feltet. Med unntak av Martin Logan sine bogeforma elektrostatar og Beverigde modell 2, har eg ikkje vore borte i elektrostatar som spreier høgfrekvensen så godt. Definitivt beste frå Quad nokosinne, og slik at du slepp å vinkle dei nemneverdig innover. Men sjølv om det er større lyttevindauge her enn på elektrostatar flest, er dei ikkje akkurat enkle å stille opp. Dette er fulltoneelektrostatar, og det må jobbast ein god del for å få frekvensgongen og perspektivet optimalt. Eg måtte plassere dei litt over 1 meter frå bakveggen. Avstanden til sideveggane vart nok litt for liten (her hadde eg for det meste 40 cm ), for eg har alltid fått best lyd ut av fulltoneelektrostatar som desse når dei plasserast så langt frå kvarandre som det er rom for. noko som stemte godt med ESL 2905. Eg justerte dette litt fram og tilbake, og trur at rombreidda mi på 4.5 meter (minus skåp og eit   peisutspring) er akkurat litt for lite til at eg fekk så mykje luft rundt høgtalarane som det optimale. Potensialet når det gjeld perspektiv er veldig stort, og sjansen for ”ping-pong-diskant” (slik at det verkar som øvste diskanten kjem frå anten høgre eller venstre høgtalar når du flyttar på hovudet) er veldig liten.





Eg greidde å få avstanden mellom høgtalarane til å vere stor nok til å nyte perspektiveigenskapane veldig godt, men eg trur høgtalarane faktisk har potensiale til å klare endå meir. Har du eit rom med skikkeleg  breidde, er det berre å separere dei så langt frå kvarandre som råd. Eg fann det meiningslaust å teste dei i lytterom #2 og #3, då dei er så små at eg ikkje får ut perspektiveigenskapane der. Å prøve dei ut på langsida av rommet kunne nok vore ein god ide, men eg valde å arbeide med å optimalisere plasseringa i det 41 m2 store lytterom #1.

 

Korleis er så lyden?

Eg må innrømme at det umiddelbart var veldig enkelt å la seg imponere av totalopplevinga av ESL 2905. Som alle elektrostatar har dei ei heilt anna tilnærming til musikken enn tradisjonelle konstruksjonar, og i tillegg var det sånn klasse over nye Quad at eg vil påstå at mange lydlege kvalitetar var ekstraordinære.   Men la oss sjå på detaljane.

 

Frekvensar:

Ein av dei tinga eg likar best når det gjeld klangeigenskapene til dei fleste gode elektrostatar, er den saumlause overgangen mellom dei ulike frekvensavsnitta. På ESL 2905 verkar nesten dumt, og frykteleg vanskeleg å beskrive den klangmessige eigenarten til desse, men det må gjerast, då det trass alt er ”personlegdom” også i desse høgtalarane:

Diskant.

Dette er saman med toppmodellane frå Magnepan definitivt beste diskant eg har vore bort i, eit godt merkbart hakk betre enn Arnold Nudell/Genesis sin sirkulære banddiskant. Vi snakkar om verkeleg superoppløysing. Luft mellom instrumenta som ingenting anna enn livesituasjonar kan samanliknast med (i gode rom, der du sit nær dei musikalske utøvarane). Og ekstremt naturleg utklinging frå mellomtonen og oppover så langt eg kan sanse, sannsynlegvis endå høgre. Mellomtonen er fortryllande, og akkurat så fri for resonansar og eige særpreg som det aller beste eg har høyrt, også frå elektrostathald.

Etter kvart som vi går nedover frekvensområdet, vert det tydeleg at behovet for den perfekte signalkjelde og elektronikk er svært ynskjeleg. Min luftige, men dynamisk forsiktige Marantz SA 7001 er ingen god match her, og eg ville svært gjerne hatt ein Esoteric-CDspelar i oppsettet for å unngå det anemiske, og likevel ha lyden detaljert og oppløyst. For her er det naturleg å stille svært høge krav – dei høgste du kan sjå deg råd til, eigentleg. Det heng saman med potensialet, og ikkje mismatching. Relativt rimeleg elektronikk kan nemleg vere svært så tilfredsstillande, som vi skal komme attende til.

Bassen er generelt veldig god, vesentleg betre enn på tidlegare Quad-konstruksjonar. Den kabinettlause konstruksjonen til fulltoneelektrostatar gjer sjølvsagt at du slepp den type resonansar som gjev det vi kallar typisk kasselyd. For lyttarar med tradisjonelle kassehøgtalarar verkar dette uvant, men frigjerande når du høyrer det for fyrste gong. Mange elektrostatar har likevel resonansar, spesielt i øvre bassområde, av eit anna slag enn ”bokselyd”, som skuldast at dei er høge, og stort sett relativt lette ut frå det enorme ”seglet” som utgjer elektrostatmembranen. Når vekta av ein elektrostat skal bestemmast, er det ei grense for kor stiv og rigid ramma for dette seglet kan lagast. Men på ESL 2905 har Quad gjort noko veldig effektivt og enkelt, montert ein avstivar frå oppe på høgtalaren ned til golvramma. Denne kan strammast, og det har ein soleklar innverknad på lydkvaliteten. Vidare har Quad montert eit anker på 8 kg som skal skruast på høgtalarfoten i bakkant. Dette hindrar både velting av høgtalarane, og gjer både bassattgjevinga og dynamikken betre. Jaktar du på slik kabinettlaus, ekstremt nøytral bass, er det få ting som kan måle seg med dette. Botnen er i seg sjølv ganske djup, rett og slett som ein funksjon av dei 140 x 65 cm store panela. I denne toppmodellen til Quad er det 8 panel, så bassen er djup nok til at eg kunne spele DSOTM sine hjarteslag med overtydande og ganske øyredøvande lydtrykk. Men sjølv om dette er veldig bra, vil vel somme oppleve bassattgjevinga som litt mindre tilfredsstillande enn det ein kjenner frå endå større elektrostatar (eg hadde ein gong Acoustat 4 med ca 10% større membranflate, som faktisk spelte endå eit hakk djupare og endå høgre. Men eg kjenner ikkje til nokon annan fulltoneelektrostat i produksjon i dag som kan måle seg med dette. Ein kan sjølvsagt kjøpe hybridhøgtalarar, men då er det ikkje til å unngå at du får kasselyden på kjøpet. Ei naste reelle alternativ i prisnivået (og litt oppover) er etter mitt syn Magneplanar magnestatar, som kanskje liknar litt, men likevel er heilt annleis enn Quad ELS 2905. Kva du bør velje er mest av alt eit spørsmål om korleis du opplever bass og dynamikk. For dynamikk er verd eit kapittel for seg…

 

Dynamikk, bass og sånt.

Dei minste dynamiske nyansane er veldig viktige for musikkopplevinga, og iallfall eg kjem ofte i dilemma rundt desse når eg vurderer kva høgtalar eg ynskjer meg. På den eine sida er det kjekt å kunne dra på volumet med realistiske lydtrykk (og gjerne litt ekstra). Sørgjeleg nok har dei høgtalarane som taklar dette gjerne problem med oppløysinga eller klangbalansen, og så er det forbaska vanskeleg å finne høgtalarar som spelar bass skikkeleg nyansert. Høgtalarar med veldig høg oppløysing har ofte element som ikkje fiksar å spele særleg høgt utan at oppløysinga tapar seg.

ELS 2905 er annleis. Dei spelar høgt, og leverer bass ned dit eg finn det nødvendig, rundt 30 Hz. Dette gjer dei med sånn pondus som må til for å ha realisme. Dei færraste vil såleis kjenne behov for subwoofar til desse store elektrostatane, sjølv om ein skulle ynskje å dra volumet opp. Men om du verkeleg skal rocke ut, vert det litt ubehageleg (naturleg nok). Det fine med ELS 2905 er at dei har eit oppløysingsnivå som er heilt ekstremt, og her er dei i særklasse, kanskje med konkurrentar i langt dyrare horn frå Avantgarde. Denne svært låge ”lytteterskelen” gjer at du slepp å skru opp noko særleg om du ikkje absolutt vil. Det er ikkje berre eit heilt blankpussa vindauge mellom deg og musikken – det er snarare å samanlikne med at ruta er heilt fjerna. Krystallklart, med ein forunderleg mangel på eigenlyd. Dette er tett på det som kan opplevast via Stax sine aller beste øyretelefonar med den aller beste elektronikken, og med god margin den beste høgtalaren eg har erfart på dette feltet.

Den produsenten eg finn som kjem nærast den gjennomsiktige, kontante og presise bassattgjevinga, er Magnepan. Men desse høgtalarane har ikkje slik uvilkårleg god oppløysing. Du må skru opp volumet ganske betydeleg, for desse sin lytteterskel er minst 6 dB høgre enn Quad, om du skal klare å få like godt inntrykk av nyansar og mikrodetaljar i musikken. Når så Magnepan også treng minst tre gongar så mykje effekt for at det skal spelast morosamt, får vi ei veldig utfordring på å skaffe elektronikk som passar godt saman. Quad er veldig krevjande til lydlege kvalitetar, men når det gjeld effekt klarar dei seg faktisk veldig godt med 70 -80 Watt, sjølv i mitt relativt store lytterom #1 på litt over 40 m2 . Og det er utruleg mykje lettare å finne ein ”perfekt” 70-wattar enn ein tilsvarande god på 3 - 400 Watt, som eg opplever Magnepan treng.

 

Tilkoplingar er av betre kvalitet enn det eg hugsar frå tidlegare modellar. Her ser vi også strammeskruen som du brukar til å sikre optimal avstiving av stabilisator-staget bak på høgtalaren.

 

 

Perspektiveigenskapane

Elektrostatar har ofte svært god formidling av perspektiv. Spesielt elektrostatar som spreier lyden kan formidle luft mellom instrumenta, avstand til tak og veggar i innspelingslokalet veldig godt. Og her har Quad funne på noko nytt. For mange konstruksjonar som spreier lyden, mister ein dynamisk dimensjon som heilt plane membranar ser ut til å greie best. Mine InnerSound har t.d. veldig god dynamikk og god formidling av detaljar, men eit sørgjeleg smalt lyttevindauge for å ha det optimale. Dei opprinnelege Quad ESL 57 var ganske like, berre verre. Om du greidde å tilte/vinkle høgtalarane perfekt, fekk du (og får du framleis) ein av dei aller beste formidlarane på dette feltet – dersom du held hovudet i nøyaktig rett posisjon (eg meiner ein tannlegestol må vere beste lyttestolen til gamle-Quad, slik at du ikkje flyttar øyrene bort frå optimal plassering. Verdas vanskelegaste høgtalar å plassere, trur eg) Nye Quad ESL 2905 er totalt annleis. Lyden spreier seg svært godt. Ikkje som på Beverigde modell 2, men om lag like godt som t.d. Martin Logan sine bogeforma elektrostatpanel. Så du får eit perspektiv som er heilt utruleg.

Du høyrer Harry Belafonte i Carneige Hall gjere alle smårørsler med hovudet som ein sjølvsagt ting. Overtonar på ulikt slagverk på gode opptak gjev deg klar formeining om korleis instrumenta er plasserte, og korleis bruken artar seg. Betre perspektiveigenskapar er det vanskeleg å tenkje seg, (sjølv om inntrykket av Beverigde 2 for om lag 30 år sidan framleis sit i kroppen som ei eineståande referanse, og at eg så langt ikkje har fått høyre mbl-høgtalarane på 1,5 tonn og like mange millionar i pris). Einaste forsiktige ankepunkt eg finn i det heile, er at på dette feltet med basstromme/bass ikkje er heilt så sjølvsagt attgjeve som når Magnepan gjer same jobben. Og til gjengjeld formidlar Quad ESL 2905   tredimensjonal informasjon betre enn Magnepan (eit lite atterhald for kva som skjer i skikkeleg store rom)

 

Elektrostatisk høgtalarprinsipp er fantastisk, og byr på heilt andre opplevingar enn konvensjonelle høgtalarar. Men dei indre delene er høgspente, og skal ikkje opnast. Det er det heldigvis ingen grunn til heller....

 

 

 

Kostnad.

Dette er ein høgtalar som må takast med i rekneskapen når du skal finne verdas beste, øvste hylle. Sjølv om han ikkje er fullkomen, er prisen eigentleg billeg sett ut frå kva du får, og ikkje minst kva du må bruke på utstyr ut over høgtalarar. Eg veit ikkje om høgtalarar i prisklassen 70 000 eg heller ville satsa på, om eg hadde rom og elektronikk som passa til ESL 2905. Men det er ikkje berre å springe og kjøpe, du må vere klar over at du får ein primadonna i hus.

For det fyrste er det ekstremt lett å høyre lyter på anna utstyr. Mismatching er rett og slett skikkeleg irriterande, om enn ikkje akkurat utåleleg. Sjølv elles godt utstyr får sine mindre heldige sider tydeleg synleggjort. Eg fekk veldig god lyd saman med Rogue Cronus integrerte forsterkar, medan mi vanlege referanse, Copland CTA 520 ikkje heldt mål, trass i at han er uvanleg god saman med andre elektrostatar eg har prøvd. Skilnadar mellom Cary og Audio Research SP 10 er no mykje lettare å sette ord på. Relativt små variasjonar i eigenskapane til ulike rørsett kjem fram på ein nesten påtakeleg måte. Og pickupar av mindre god kvalitet er nesten ikkje til å halde ut å lytte til. Det var så stor skilnad på Benz LP og Denon DL 103R at det ikkje var gøy ein gong.

I tillegg kjem dei kostnadane du må pårekne deg i plasseringa av høgtalarane i rommet. Dei er så gode til å gjere sine spesialitetar, at eg nesten garanterar at du ikkje kjem til å orke å ha dei plassert mindre enn optimalt. Du må ha eksakt lik avstand til bakveggen   for begge to, og det påverkar perspektivet om det same ikkje gjeld for avstanden mellom deg og høgtalarane. Du bør ha minst to meter mellom høgtalarane innbyrdes, og   iallfall det same mellom deg sjølv og høgtalarane sine innerkantar. Plasser ikkje sofabordet mellom deg og høgtalarane, det er så vidt du kan ha ein fotskammel der om du ikkje får ekstra god avstand mellom høgtalarane. Og jobb mykje med vinklinga. Ikkje for mykje innover, men ikkje rett fram heller. Brått finn du at perspektivet er perfekt, men det er svært usannsynleg at du får til dette på fyrste forsøk. Du må jobbe mykje med desse høgtalarane, om ikkje anna så fordi gevinsten er så enormt stor. Same kva eg gjorde i denne relativt korte utprøvingsperioden, hadde eg ei kjensle av at det uansett var att mykje av forbetringspotensialet.

 

Konklusjon:

Alt i alt er Quad ELS 2905 ein draum av ein høgtalar, og i den verkelege verda kanskje den aller beste musikkformidlar du kan ta med deg inn i heimen. Sterkaste sider er oppløysing og perspektiveigenskapar, og at dei kan spele så lågt du vil. Her kan skruast høgt opp om det er ynskjeleg, men du treng ikkje trigge naboar og romresonansar – ESL 2905 har den mest sjølvsagde spelestil eg har høyrt, og du kan spele så lenge du vil utan å verte ukonsentrert eller trøytt, gjerne heile natta. Dessutan er han slett ikkje dyr ut i frå kvaliteten på det du får. Eg trur dette er den mest kostnadseffektive hi-end-høgtalar på marknaden. Sjølv om dei er ekstremt gjennomsiktige, er det ikkje vanskeleg å drive desse elektrostatane med relativt fornuftige forsterkarar – eg kom fint i mål med ein etter måten ganske rimeleg konstruksjon med EL34-rør; Rogue Cronus greidde dette svært godt, sjølv om potensialet sjølvsagt er enormt for endå betre (og dyrare) elektronikk, så prøv gjerne det absolutt beste du kan sjå deg råd til.

Endå viktigare enn elektronikken er å spandere skikkelege signalkjelder. For eit kvart irritasjonsmoment i kompomissprodukt vil stå fram ganske overtydeleg sterkt og grelt.

Med desse små innvendingane er eg klar til å gje ELS 2905 mi absolutt beste tilråding. Har du topp anlegg og rom som passar, er det berre å skrive seg på ventelista – det er lang leveringstid, som du kan bruke til å planlegge utpakking og lagring av emballasjen.

 

Den sjølvlysande logoen ESL 2905

har i fronten - tiltalande eller prangande?

 

Importør: www.nebyhifi.no

Pris 69 995 kr

Lest 8340 ganger
Administrator

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « QLN 604mk II Soliloquy 6.3 »