Tuesday, 18 November 2014 21:08

Test av riaa'er. Del 1 – North Star Design Phono. 

Av Arve og Rudi, 16. november 2014.

Arve sine inntrykk av North Star Design Phono:

Innimellom ymse ikkje-audiofile gjeremål, fekk eg nok en telefon frå Rudi. Han lokka med tre spennande produkt, mellom anna eit italiensk riaatrinn, frå North Star, som eg aldri hadde fått lagt hendene på, men som hadde imponerande utsjånad, og som ikkje kosta allverda. Slike freistingar kan eg aldri seie nei til…

Utprøvinga vart ei samanhengande, hektisk økt der eg skifta mellom to riaatrinn og leika meg med å spele inn ein ny pickup. Men sjølv om dette eigentleg var ein stor fest, har eg prøvd å dele erfaringane inn i tre ulike artiklar. Så her oppsummerer eg erfaringane eg fekk med dette italienske riaatrinnet.

Eit allsidig riaatrinn

Dette er eit italienskbygd apparat med flott utsjånad – ting frå Italia har ofte flott design, og dette er absolutt noko som ser pent ut i anlegget ditt, med få synlege dupedittar. Dette hadde straumbrytar på baksida, men var tydeleg konstruert med tanke på å vere permanent påslått. Eg la merke til at trinnet kunne justerast til det aller meste av pickupar ved hjelp av ei lang rekkje dipswitchar, akkurat slik som Whest eg prøvde ut før sommaren – eit apparat til 30 000 som hadde flott design og fine kvalitetar. Om North Star var like god ville det vere svært hyggjeleg, for prisen var berre rundt ein tredjedel….

Eg spelte ganske mykje på dette riaatrinnet saman med Takumi pickup den fyrste tida under innspelinga av pickupen, og eg måtte levere det attende før den eigentlege sluttfasen og oppsummeringa av pickupen sine kvalitetar. Så inntrykket eg danna meg, var at North Star riaaen var eit produkt som tilstreba så nøytral klang som muleg. Dette er sjølvsagt eit ideal for mange, og saman med andre eigenskapar som fråver av støy og ei bråte justeringalternativ, og ikkje minst den hyggjelege prisen, er det nok mange som vil finne North Star riaaen som eit svært aktuelt alternativ. Men no må det også innrømmast at eg er ein tendensiøs vinylkamerat, som ikkje alltid vil ha ting heilt superkorrekt. Eg er glad i røff dynamikk, og ynskjer at nyansane som finnest på innspelingane skal vere tydelege. Klangmessig er eg også gladare i ekstra sprut, og brukar gjerne metaforen der ”Technicolorfargar” kjennest betre enn det fargespekteret ein finn i danske kriminalseriar på TV. Når anlegget mitt elles tilstrebar nøytralitet i veldig stor grad, vil eg gjerne ha det ekstra tydeleg, organisk og levande når det spelast vinyl. Så i mitt oppsett kjenner eg at dette riaatrinnet manglar litt ngoma. Andre eigenskapar var fint på plass. Klangbalansen var svært korrekt – i starten kanskje litt for tilkneppa og nøytral når ein skulle ha det gøy etter min smak, sjølv om slikt gjerne justerast gjennom matching til anlegget elles. Dynamikken var også realistisk, men her heller ikkje heilt etter min smak når det skulle rockast eller spelast store symfoniske verk. Sjølv om sublime nyansar kom godt fram når ein lytta spesielt etter korleis einskildinstrument spelte. Det var altså tydelegvis eit svært godt riaatrinn, og kanskje midt i blinken for den som vil kunne justere seg presist til alle pickupar, utan å blakke seg fullstendig.

 

Konklusjon North Star:

Dette er ein riaa som er veldig nøytral og oppløyst, og som kan justerast til det aller meste, om ikkje alt av pickupar. Eg fann han litt for presis og analytisk i mitt oppsett, men om dine preferansar er i retning det å få så presis attgjeving som muleg, er dette eit svært rimeleg alternativ. Skal du finne tilsvarande justeringsval på eit riaatrinn som er like nøytralt, må du betydeleg opp i pris.  

Arve, november 2014.

 

 

Rudi's inntrykk av North Star Design Phono:

Som Arve er inne på, sobert og ganske eksklusivt design, minner meg litt om enkelte Jeff Rowland og BAT produkter. Finnes både i sort- og sølvfarget design, synes faktisk at begge tar seg meget godt ut. North Star design som merke, kjenner jeg ikke i det hele tatt fra før. Synes forøvrig at det er litt morsomt at et Italiensk firma kaller seg for North-Star, men greit nok, fin å se på er den uansett.

Italienske produkter er ofte himmel eller helvete, som regel utrolig fint design, men byggekvaliteten kan mange ganger være så som så, Alfa Romeo er jo et eksempel, lett å elske, men etter et par år enda lettere å hate.

Byggekvaliteten til North Star er det nok ikke noe i veien med, men kvaliteten i plasten på dip-switchene kunne nok godt vært øket litt, de er nemlig laget av et ganske bløtt plastmateriale, og knekkes av ganske lett hvis man ikke er lett på hånden når man justerer de til ønsket posisjon, noe jeg erfarte med begge eksemplarer jeg prøvde. North Star riaaen er laget slik at den kan tilkobles ekstern strømforsyning om ønskelig, og man må derfor bruke kabel-loop på baksiden når den interne strømforsyningen skal anvendes.

 

Som Arve egentlig har beskrevet...... veldig nøytral, liten filter-effekt, tyst, moderat forsterkningsnivå med maks 60db. Jeg kunne godt tenkt meg 65-70 db for å kunne bruke pickuper under 0,25mw uten å måtte skru opp volumet altfor mye. Bra gjennomsiktighet og oppløsning, jeg hører at mye smådetaljer gjengis klart og tydelig (les liten filtereffekt), og det hele gjengis mot en ganske så sort bakgrunn. North Star riaa'en er liksom nøytraliteten selv, det er ikke noe som utpeker seg veldig negativt. Problemet er at den utpeker seg ikke sånn veldig i noen positiv retning heller (igjen tatt i betraktning av den lyden som faller meg best i ørene for tiden). Har man pickuper som Benz Lp, eller Benz Ebony/Ruby, Ortofon Rohman eller lignende, kan sikkert North Star phone være et meget heldig valg. Da vil man dra full nytte av disse pickupenes klangkarakter på godt og vondt, det er en riaa som gjør jobben den er satt til, ikke noen store plusser, men samtidig ikke noen store minuser heller ... that's it. North Star riaaen oppfører seg som en veldig god cd spiller...... altså dønn nøytral, ren og analytisk, og selvfølgelig.... er det slik lyd man er ute etter, så er North Star riaa'en et kjempekjøp i prisklassen, det er det ingen tvil om.

Rudi, november 2014.

 

 

Read 6892 times
Administrator

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.