Wednesday, 31 December 2003 23:00

J&B Senter - endelig hifi i Sandefjord

Written by

Av ein eller annan grunn har det vore vanskeleg å få til ein skikkeleg hifi- forretning i Sandefjord. Grunnen til dette er ukjend, for denne byen er rik på musikktilbod både sommar og vinter, og Vestfold er eit svært folketett fylke. Men iallfall: I Jernbanealleen 30 har no J&B Senter opna, og satsar friskt på eiga produktlinje.

Simen Jonassen fortel at dei har fokus på produkta i skjeringsfeltet mellom musikk/bilde/data, og at dei har særskilt god tru på det danske høgtalarmerket Kira. Vi ser her Albatross 8, som seljast til kampanjepris på 20000 kr.(på det minste biletet ser du eit diskantelement plassert på baksida, så her er det ambisjonar om å formidle tredimensjonal lyd) Merket er ukjent for meg, men Simen fortel at dei er designa av ein av hovudmennene bak fleire B&O-høgtalarar, Jacob Jensen. (Søk på dette namnet på Internett, og Simen lovar du vil finne ut meir). Her er også fleire modellar i rimelegare prisklasser. TV-merket JB satsar på er Telestar. Mellom desse to Kira-høgtalarane ser vi modell Nova, 50 hz apparat på 32", som seljast for 5998 inkludert bord. Elles hjelper dei til med å skreddarsy anlegg ut frå ulike samanhengar

Heimlån ordnast etter avtale og du kan få ulike finansieringsordningar i samarbeid med Cresco finans.

Nettsidene er ikkje ferdige enno, men skulle vere i orden om to -tre veker. Vi ynskjer J&B Senter lukke til.

For kontakt: bruk This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it..

Read 7030 times Last modified on Monday, 18 January 2010 13:10
Audiophile

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.