Monday, 31 October 2005 23:00

Antique Sound Lab Wave AV

Written by

Rør, ja. Det skal vere fine greier. Generelt flotte lydeigenskapar, men også generelt dyrt. Og sjeldan utstilt i demorom, så den nyfikne kan få høyre om "rørlyd" handlar om det storarta, musikalske, eller det ulne, upresise.
Her er ganske klassiske monoblokker til under 7000 kr, baserte på to 6L6-rør pr. kanal Men er 25 Watt nok for folk flest?

Av Arve Åheim, november 2005

 

På ein måte var eg litt skuffa då eg opna kassene med monotrinna. Dvs. det var tre kasser, ei lita kasse med to mindre kasser oppi, og ned i  desse to endå mindre effektforsterkarar og ein pakke med godt innpakka rør.  Ei handbok utforma som ei slags notatblokk gav meg tekniske data:

 

Inngangsimpedanse:                  100 kOhm

Dempingsfaktor:                        0,82

Signal/støy på full utgangseffekt: 87 dB (0,6 mV)

Signal/støy på 1 Watt, 8 Ohm      74 dB

Nomniell forsterkning                  25,6 dB

Følsomheit:                               740 mV

THD på 1 watt                           0,3%

THD på full effekt                               3%

Frekvensområde på 1W               14 – 68 000Hz ±1 dB

Frekvensområdet full effekt         21 – 39 000Hz ±1 dB

”Global NFB i dB”                               1 dB

Straumforbruk                            90W

Sikring                                      3A

Vekt                                         6,5 kg


Koplingsskjema og tips til feilsøking er også i notatblokka. Alt du treng, med andre ord.

 

Eg har stor forståing for dei som svergar til single-ended triodeforsterkarar. Det vesle eg har høyrt på desse forsterkarane, tilseier at konstruksjonsprinsippet og dei spesielle røra forløyser lydlege kvalitetar som det er ekstremt vanskeleg å oppnå på andre måtar. Men slike forsterkarar vert typisk vanskelege å ha i vanlege anlegg. Med ein del unntak har single-ended forsterkarane gjerne ein litt spesiell klangbalanse. Men det verste er at dei leverer svært lite effekt, oftast i området under 7 Watt, og då skal du ha ganske lettdrivne høgtalarar for å ha det gøy over tid og til all slags musikk. Så eg er eigentleg mest begeistra for KT88/6550-røra, med alternativet EL 34 på andreplass. Desse er trauste og stabile, og har svært lite eigenlyd. Dessutan kjenner eg dei frå ymse gitarforsterkarkonstruksjonar.

Men her kjem Antique Sound Lab med arbeidshesten framfor alle når

det gjeld gitar-rør, 6L6. Eg veit at det finnest nokre hifi-konstruksjonar med dette røret i byggesett, men det er ganske sjeldan å sjå ein konstruktør som baserer seg på dette utgangsrøret. Det vert liksom så lite effekt, og ikkje er det triode heller. Mellom to stolar – kvifor eit sånt kompromiss? Det kan ikkje berre vere kostnadane? Dei kraftigare alternativa kostar rett nok meir, men ikkje så mykje. Her måtte ting finnast ut ved lytting.

 

Utforming av monotrinna.

Denne kan knapt vere enklare, men det er likevel svært estetiske ting vi har her. Slanke, djupe forsterkarar med ei ørlita frontplate der straumbrytar og ei raud (!) lysdiode er plassert saman med logoet. På toppen ser vi ei symmetrisk oppbygging med inngangstrioda fyrst, deretter dei to utgangsrøra, og nett- og utgangstransformator pent plassert bakom. Dei få tilkoplingane er på baksida, ein nettbrønn, ein inngang og høgtalarterminalar. Ulikt mange rørkonstruksjonar er her berre 8 Ohms tapping frå utgangstrafoen. Dei fleste konstruktørar har alternativ for dei med høgtalarar med lågare impedanse, slik at ein kan eksperimentere med kva som let best. Då eg kjøpte effektforsterkar frå Roy Grant for mange år sidan, laga han slike ekstra 4 Ohms utgangar for meg, men sa at det var heilt unødvendig. I ettertid prøvde eg ut dette, men det har faktisk lite effekt på 6550 ultra-lineære konstruksjonar over dei fleste høgtalarar, med visse unntak. Det kan godt hende at Antique Sound Lab har funne ut at dette ikkje trengs, men mistenksam som eg er, ville eg helst prøvd ut dette sjølv.

 

Oppstilling

Eg brukte først AV25ane til å drive elektrostatpanela til mine InnerSound Eros. Desse høgtalarane er svært lettdrivne, og spelar etter spesifikasjonane 96 dB på 1 watt (kanskje ei smule overdrive, men ikkje mykje. Det kjem an på plassering, delefilterbruken og kvar i frekvensområdet vi snakkar om).  Med 25 Watt skulle eit teoretisk maksimalt lydnivå på 109 dB vere oppnåeleg, noko som burde vere rikeleg. Forsterkarane vart plasserte på same stad som andre effektforsterkar i utprøvingssamanheng. Her kunne eg gjort meir ut av ting, ved å utnytte det som eg tykkjer er største argumentet for å kjøpe monotrinn, nemleg at forsterkarane kan plasserast tett på høgtalarane, og den audifile kan spare store pengar ved å bruke lange signalkablar, medan dei ofte mykje dyrare høgtalarkablane kan vere svært korte.

Som bassforsterkar brukte eg fyrst InnerSound sin medleverte, men det synte seg at Vinent sin nye SP 331 mk II var mykje betre, så mesteparten av tida var det denne som var kompanjong for AV25ane. Forforsterkar varierte mellom Vincent SA 31 og Rogue Metis. Signalkjeldene varierte mellom Linn Sondek LP 12 med fleire pickupar, og ymse SACD-spelarar.

Etter ei rask kontrollytting lot eg forsterkarane vere påslått tre døgn før den seriøse lyttinga tok til. Rørforsterkarar kan av og til bruke lang tid på verte innspelte, men etter ei veke kunne eg ikkje seie at det skjedde endringar av lyden.

 

Lyttinga

Den mest markante eigenskapen til eit lydprodukt er nesten alltid klangeigenskapane. ulinearitet i bass, mellomtone og diskant er lette å få ”auge” på, og det fyrste som slo meg var at AV25 var svært beherska i diskanten, spesielt ved bruk saman med Metis forforsterkar. Også familiens 17-årige ungdomshifientusiast kommenterte: ”Gidd du høyre på når diskanten manglar?”. Og samanlikna med SP 331 eller mi referanse Copland CTA 520 er det heilt tydeleg at noko manglar. Mykje ”kvardagselektronikk” så vel som ting med høgre ambisjonar har ei kunstig ”glorifisering” av øvre mellomtone-diskant. Betre kontroll, og kanskje ei neddemping av dette frekvensområdet kan i visse samanhengar vere positivt, spesielt saman med CD og litt lystklingande avspelingsutstyr. Dette er i sterkaste laget saman med AV25-forsterkarane. Her er ikkje slik utklinging av instrumenta som eg ynskjer saman med elektrostatane. Det negative med dette er at utklinging av instrumenta ikkje er så naturleg som eg skulle ynskje. Kanskje ein mismatch i impedansetilpasninga? Diverre kunne eg ikkje undersøke dette nøye. Men skulle eg kjøpt desse forsterkarane med tanke på fast bruk saman med elektrostatar, ville eg bede om ei spesiallevering med tanke på anna impedans enn dei fabrikkinnstilte 8 Ohm. Klangmessig er det viktig å bruke tid og tanke på å finne dei rette høgtalarane. Eg kan tenkje meg at t.d. dei tradisjonelle horna frå Klipsch vil vere svært gode matchar her. Horn kan til tider vere litt uregjerlege i toppoktavane, og då er AV25 si klangbalanse godt passande. Dessutan er 25W meir enn nok til skikkelege horn.

Men perspektiveigenskapane til AV25 gjorde at eg fort flytta fokus frå klangen. Her skjedde det noko som eg ikkje har høyrt i anlegget sidan min gamle Grant G100AS rørforsterkar dreiv elektrostatane. Spesielt ved bruk av vinylriggen, men også gjennom min relativt rimelege SACD-spelar var dette utruleg bra, og eg assosiserte sterkt Conrad Johnson sine klassikarar på dette feltet. Dette må vere unikt i prisklassen, iallfall oppfordrar eg andre leverandørar av like flotte produkt om å melde seg…

Dynamikken var også svært bra. Klippegrensa låg svært høgt oppe når ein tenkjer på dei relativt spartanske Watta som er oppgjevne, og heile vegen opp dit bar forsterkaren preg av stor nyanseringsevne og musikalitet. Eg prøvde å nyansere ut i kva grad dynamikken vart komprimert når vi gjekk i klipping, men det var faktisk så høgt at eg ikkje påviste slikt før lyden vart skikkeleg stygg. Og ved lave lydnivå var nyanseringsevna aldeles storarta. Så fann eg ut at eg skulle bruke AV25 sine 25 Watt til å drive transmisjonsbassane i InnerSoundhøgtalarane, og forsterkarane bytta  rolle.

Fyrsteinntrykket var umiddelbart større utklinging i diskantområdet, men så dukka det opp eit sterkt sakn etter AV25 sine fantastiske perspektiveigenskapar. Dei små røreffektforsterkarane er langt flottare når det gjeld plassering av instrument og korleis innspelingsrommet framstår i opptaka. Dette fann eg etter kvart ut var AV25 si aller sterkaste side, og på dette feltet gjer AV25 ein jobb på linje med effektforsterkarar til fleire gonger prisen. Elles registrerte eg at desse små forsterkarane fint greidde å levere nok bass til det meste av akustisk musikk, også slikt som orgelmusikk og klassisk musikk utan dei aller største fortissimopartia. Til rock hadde forsterkarane absolutt sjarm i bassen, men mangla den kontrollen på basselementa eg helst ville hatt.

Men utprøvinga måtte halde fram, AV25 skulle settast på dei verkelege harde prøvene, og brutal bass av ymse tappingar vart henta fram. DSOTM vart spelt. Fyrst som vinylutgåve, deretter på CD/SACD. Nei, ikkje klipping eller manglande nivå i dei djupaste oktavane. Men sjølv om den fundamentale hjerteslags-bassen var skikkeleg til stades, var bassen ganske utflytande.

Så grov eg fram”Rimshot” frå Erykah Badu sin CD ”Baduism”. Det er toskete å spele så høgt at klipping vart noko problem, men det avslørte at dei to andre alternativa eg samanlikna med, hadde mykje betre kontroll på transmisjonsinjene. Skikkeleg tøffe anslag på bassen eller basstromma hadde ein tendens til å klinge vidare utan ordentleg kontroll. Så sjølv om AV25 var kraftig nok til å spele høgt både i toppen og botnen av frekvensområdet, er det ikkje forsterkaren som passar best til høgtalarar som går djupt i bassområdet, og som du forventar kan vere litt vanskelege å kontrollere.

Telarc si fyrste innspeling av 1812-overtura måtte diverre spelast berre over CD, då eg ikkje hadde påmontert pickup som kunne klare å halde seg oppe i vinylutgåva sine brutale riller. Her lukkast det meg etter kvart å få klar klippelyd i bassområdet, noko som skjedde på utriveleg høgt lydnivå og på ein etter måten svært danna måte, slik vi kan forvente frå ein godt laga rørforsterkar.

Eit snes andre album vart prøvd ut, mellom anna den direktegraverte ”Track Record” frå Sheffield, og dei små, snille rørforsterkarane  greidde igjen bassattgjevinga betre enn kva det vil vere naturleg å forvente. Heilhjarta musikalsk, men utan den kontrollen som må til for å gje betre basskarakter enn ”godkjent”. Men eg understrekar at eit oppsett der eg baserte mitt biampa høgtalaranlegg på fire sånne vil altså kunne by på det meste av mine musikalske ynskjemål, også i bassområdet.

 

Saman med BW 802D

Det vart til at AV25ane fekk vere med ein tur til Trondheim, og besøke Trond sitt lytterom. Her vart dei brukte i eit oppsett der ein Musikal Fidelity Trivista 300 på godt over 300 Watt vart avløyst av dei audmjuke 25 rørwatta, medan Trivistaen berre hadde jobb som forforsterkar. Lydmessig vart dette som forventa, flott tredimensjonalitet, godt nok lydtrykk til det aller meste, men ganske ulineært – ein smule meir utklinging og luft i overtonane var ynskjeleg, og bassen hadde litt vanskeleg for å stoppe slik han burde.  Men i det store og heile, og spesielt når det gjeld det musikalske, gjorde desse små effektforsterkarane det svært bra ut frå føresetnadar og pris.

 

Både i mitt og Trond sitt referanseanlegg var altså frekvensgongen ulik samanlikna med våre faste forsterkarar.

AV25 forsterkarane er oppgjevne til å spele frå 21 – 39 000Hz ±1 dB, men det opplevast ikkje sånn. Likevel, klangbalanse heng i langt sterkare grad saman med høgtalareigenskapane. Ei uvanleg klangbalanse er uhyre lett å legge merke til, men på den andre sida er det ingenting som er så lett å venne seg til som ei litt avvikande klangbalanse. Det vert som å gå med farga solbriller. Etter nokre minutt har hjernen omstilt seg, og du opplever ikkje noko ”farging” lenger. Då er det langt vanskelegare om lyden manglar viktige eigenskapar, eller om attgjevinga er prega av stygg forvrenging eller manglande dynamiske eigenskapar. Men Sjølv om Trond sine nye 802D skal vere langt lettare å drive enn tidlegare versjonar av høgtalaren, er det også her tydeleg at forsterkarane ikkje har skikkeleg kontroll på basselementa. Å kople så billege effektforsterkarar mot desse høgtalarane er vel ein usannsynleg kombinasjon, men bortsett frå bassattgjevinga og klangbalansen var det ingenting å utsette på å bruke korkje lydtrykk eller musikalitet.

 

Eit lite problem dukka opp då eg besøkte Trond. Det eine monotrinnet lagde litt vrenging vesentleg tidlegare enn det andre. Då vi inspiserte dette trinnet, såg vi at det ikkje stod heilt støtt, og det kunne sjå ut som det hadde fått seg ein fysisk skade, eller at det eine beinet var litt skeivt. Vidar Sonesen skal få høve til å kommentere dette. Vi reknar med at vrenginga heng saman med dette, og at det ikkje er typisk for produktet.....

 

Konklusjon:

Om du ikkje lar deg skremme av den manglande utklinginga i diskanten, er dette ein svært musikalsk effektforsterkar. Brukt i den rette samaheng, saman med ikkje for tungdrivne høgtalarar og ein god forforsterkar, fungerer dette svært godt, og er du av dei som elskar tredimensjonalitet og perspekstiveigenskapar, er dette ein godbit. For mine ganske lettdrivne hybridelektrostatar er det ein svært god match i eit biamp-oppsett, og med den rette forforsterkar vil tredimensjonal reproduksjon av musikken kunne nytast til fulle.

Høgtalarar med svært open diskant og litt kraftig utklinging, utan dei heilt store ambisjonane i det djupaste bassområdet vil vere svært aktuelle samarbeidspartnarar. Dei treng ikkje vere spesielt lettdrivne heller, for 25 Watt er faktisk ganske mykje, sjølv om det vert alvor.

Altså ein klassisk røreffektforsterkar. På 25 gode Watt, tilgjengeleg i ein uvanleg lav prisklasse.

 

Importør:   http://www.audioart.no/


Pris: kr 6900/paret

Read 5597 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.