Saturday, 30 September 2006 23:00

Ming Da MC-3R Nordic mk II

Written by

Sjølv om Arve etter kvart har retta referanseanlegget inn mot minimalisme, og brukar ein passiv forforsterkar, er han fullstendig klar over at ein forforsterkar av godt kvalitetsnivå kan løfte dei lydlege kvalitetar. Ming Da MC 3-R levert av Audiofoni A/S i Skudeneshavn med tilføyinga ”Nordic MK 2”, er ein slik forforsterkar…


Av Arve Åheim juni 2006, publisert oktober 2006

Firmaet Audiofoni og Ove Sandhåland har fått til eit godt samarbeid mellom Ming Da og norske rørspesialistar, og kan no levere forsterkarar som har innlagt ein del modifikasjonar som standardutgåvene til denne kinesiske produsenten ikkje har. Såleis er forforsterkaren MC 3-R i mk II-utgåva utstyrt med langt betre komponentar, loddetinn og tilpasning enn det du får om du bestiller sjølv rett frå fabrikken.
Etter kvart har det dukka opp mykje rare forsterkarar frå Kina, men her er ein verkeleg interessant sak. Eigentleg er konstruksjonen henta ut av teikningane til den gamle, men legendariske Marantz-forforsterkaren modell 7, men utan riaa og ein del fasilitetar som gamlefar hadde (monoknapp, tonekontrollar og sånn. Eg er dessutan ikkje sikker på om rørval og straumforsyninga er identisk, utan at dette treng vere noko negativt)

Prisen på forforsterkaren er ein bagatell av det du må betale for ein original Marantz i dag (såg ein slik som gjekk for $6000 på E-bay nyleg), og det er ingen grunn til å tru at du gjer eit lydmessig betre kjøp om du vil ha vintage i staden for denne nyvinninga.
MC 3-R har eit digert 5Z3P-rør i straumforsyninga, noko som dominerer utsjånaden i sterk grad. Forsterkaren har eit vernedeksel med tanke på små fingrar og kjæledyr, men han ser heilt klart lekrast
ut utan dette.
Utforminga er i luksuriøs, skinande metall, og min utlånte plast-fjernkontroll er no erstatta av ein betre sak i metall. Elles har inngangskontaktene til forforsterkaren fått plass på høgre side. Dette er veldig greitt når du skal endre på noko, om du då ikkje må ha forforsterkaren på høgre side av signalkjeldene.

Lyden
Eg brukte god tid til å vere sikker på at forforsterkaren var innspelt, men det såg ut som Audiofoni hadde tatt seg av dette. Og utprøvinga fann stad med ganske brutalt samanlikningsgrunnlag, for både Vincent sin nye SA 31 mkII og Rogue Metis var på besøk i det same tidsrommet. Vi må vel også nemne at Teac Esoteric X-01 fekk vere signalkjelde ei stund, så iallfall prismessig må det seiast at denne relativt rimelege forforsterkaren til 8500 kr fekk bryne seg saman med dei store.
For å ta det beste fyrst: Dynamikkeigenskapane til MC 3-R var ikkje mindre enn storarta. Dette spelte slik ARC SP10-linjedelen gjorde i sine velmaktsdagar, med alvorleg trøkk og kollosalt engasjement. Og når Teac Esoteric X-01 fekk vere signalkjelde, var det påfallande kor fint også mindre nyansar kom fram i opptak. Under desse øktene lærte eg mykje om kor bra digitalmediet eigentleg er, når det berre vert tatt vare på detaljane.

Klangmessig er MC 3-R ikkje så nøytral som Rogue Metis, men byr på ein sjarmerande open og samstundes varm mellomtone og øvre bassområde, utan at dette på nokon måte er påfallande. Du må nok tenkje gjennom matchinga med resten av utstyret, men dette er ein utruleg god sak som vil stå for tilføring av speleglede og garnityr til musikken, nettopp det mange kjøparar av rørutstyr er på jakt etter. Den perfekte match for eit anlegg med analytisk og superdetaljert digital signalkjelde, og dessutan glimrande saman med  monotrinna MC 300 C frå same produsent, her kunne ein verte religøs av attgjevinga av all slags akustisk musikk, kanskje spesielt madrigalar og kormusikk. Eg la også merke til at samansetninga av super-CD-spelar og gammal rørkonstruksjon gjorde at eg gjerne vart sittande lenger og meir konsentrert om musikk som i utgangspunktet er ganske krevjande og litt perifer i min musikksmak. Dette er kanskje noko av det sikraste kvalitetsteikn eg kan tenkje meg - når utstyret stimulerer deg til å utvikle din musikksmak. Med andre effektforsterkarar var MC 3R mk II noko av det mest engasjerande eg har høyrt når det gjeld å spele dynamisk pop- og rockemusikk. Det er uvanleg  god samanheng i klangkarakteristikken, diskanten er open og utklingande, og bassen er sjarmerande og innbydande, utan å verte avrunda eller utprega, ut over det som fylgjer av litt sluggertendensar når musikken er i heftigaste laget. Og det er noko eg ser på som eit stort pluss til dei aller fleste musikkformer.
Er det ikkje pussig at ein del hifientusiastar plutseleg har fått sans for jazz og ting dei ikkje høyde på eit par år tidlegare? Av og til har eg opplevd at ei forbetring av anlegget har gjort meg nyfiken på nye musikksjangrar. Her er eit sånt produkt som gjer at du får lyst til å utvide horisonten.
Eg trur nok at dei aller fleste av oss vil sette pris på desse kvalitetane, så den siste innvendinga kjem på det som gjeld romoppleving og tredimensjonalitet. La gå med at Rogue Metis er ein del dyrare (faktisk 4400 kroner), men om tredimensjonalitet er svært viktig i ditt anlegg, er dette eit betre val, særleg om du i tillegg har behov for innebygd riaa. Om du derimot har lagt størst vekt på det dynamiske i musikken, er MC 3R eit billeg kvalitetsalternativ som mange anlegg vil ha godt av, og mange musikkelskarar kan verte lukkelege med.
Har du råd til dobbel pris, er dette ein preamp i slekt med Vincent SA 31, men med vesentleg betre mellomtone og opnare utklinging av spesielt perkusjon, men også andre akustiske instrument. Totalt sett mindre eigenlyd spesielt i bassen, og både naturleg og festleg klangideal. Dessutan er her fjernkontroll.

 

 

Ein sjarmerande forforsterkar som utvidar din musialske horisont og tek vare på ditt gode humør. Ikkje analytisk og supernøytral, men snarare engasjerande. Her leggjast det vekt på driv og speleglede i musikken. Definitivt noko du bør oppleve, og vurdere dersom du står på spranget til å oppgradere med ny forforsterkar. Ganske unik i prisklassen.

Teknisk info:
Utgangseffekt: 100mv-10v
Utgangsimpedanse: ca 20k Ohm
Total harmonisk forvrenging: <0,003%
Frekvensrespons: 10Hz-85KHz +-1dB
Signal til støy forhold: 90dB
Inngangar: 4 par rca
Utgangar: 2 par rca
Rør: 1x5Z3P, 2x12AX7, 1x12AU7
Mål: (dxbxh) 340x220x120mm
Vekt: 8,5kg

Pris: 8500,00

Forhandlar: www.audiofoni.no

Read 8853 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
More in this category: « Parasound Halo P3 Linn Kolektor »