onsdag, 31 desember 2003 23:00

Rotel RA 1062

Skrevet av

Rotel har vore ein av dei sterke produsentane i mellomsjiktet, og har såleis ambisjonar om å levere nesten-high-end til relativt lav pris. Satsinga på forsterkarsida er kanskje noko av det dei har lagt mest vekt på gjennom åra. Her er siste versjon av integrerte forsterkarar i den relativt fornuftige effektklassen.

Denne integrerte forsterkaren er oppgjeven til å levere 2x 60 watt, og har mange funksjonar som du vil sette pris på. Balansekontroll er det mange produsentar som kuttar ut for tida, men heldigvis er denne på plass på RA 1062. Av og til er dette eit must. Her er to tape inn- og utgangar, med opptaksvelgjar, slik at du kan lytte til ei signalkjelde medan du speler inn på ei anna. For den som kopierer lyd real-time er dette ein stor fordel. Dessutan kan du kople anna utstyr som t.d. equalizer inn på ein enkel måte.

Her er øyretelefonutgang på fronten, og sjølv om eg ikkje hadde tilgong på referansetelefonar denne gongen, var det tydeleg at denne utgangen var langt betre enn slikt som fylgjer med bærbare spelarar. Lydkvaliteten her var meir enn godkjent.

Faktaboks

Watts/Channel
all channels driven,
unbridged, 8 ohm load
20 Hz - 20 kHz, 0.03% THD
2 x 60 watts
Total Harmonic Distortion
(20 Hz - 20 kHz)
0,03% max
-
Intermodulation Distortion (rated power) 0.03% max
Damping Factor (8 ohms) 150
Input Impedance/Sensitivity
Phono (MM)
Line level inputs
-
-
160mV /33k ohms
Frequency Response
Line Level Input
-
10-100k Hz, +/ -3 dB
Signal to Noise Ratio (IHF A)
Phono (MM)
Line level input
-
-
>95 dB
Power Consumption: 300 watts
Dimensions (W x H x D): 430 x 92 x 355 mm
17 x 5 5/8 x 14"
Weight (net): 7.8 kg, 17.2 lbs.

Elles er her veljar for to sett høgtalarar. Og kontaktane på baksida er dei beste eg har sett sidan Mark Levinson-forsterkarane var på besøk i huset. Betre enn dette kan det ikkje gjerast i prisklassen.

Ein litt spesiell sak er ”countour”. Her kan du velje mellom fire ulike equalzeringar.+3dB eller +4dB ved 100 Hz, +3dB ved 10kHz, eller ein kombinasjon med både bass- og diskantheving. Sjølvsagt kan du også køyre flatt utan desse innstillingane. Mi personlege meining er at dette er fornuftig, samanlikna med tradisjonelle tonekontrollar, som gjerne vert skrudd på fullt, og dermed hevar effekten i frekvensavsnittet inntil 12 dB. Det er slikt som sprenger høgtalarar – spelar du 12 dB høgre enn resten av frekvensområdet, er det snakk om å køyre forsterkaren over klippingsgrensa, sjølv om volumkontrollen står langt under klokka 12. Rotel sine + 3dB er tross alt ikkje meir enn fordobling av effekten….
Som vinylentusiast er eg glad for phonodelen. Aller helst ville eg hatt Rotel sin mest påkosta MC-riaa, men utprøvinga over denne enkle MM-inngangen må absolutt godkjennast. Rotel har endå ikkje laga ein dårleg riaa, og denne phonoinngangen er utmerka.

Lyden
RA 1062 er altså ein fin sak som gjev forventingar om å skape god lyd. Og etter ei to døgns oppvarmingsperiode prøvde eg denne saman med fyrst nokre enkle heimebygde høgtalarar, deretter dei flotte analysereiskapa ProAc Studio 125. I det fyrste tilfellet var det ingenting å utsette på RA 1062. Forsterkaren er utstyrt med ei solid straumforsyning, og verkar kraftigare enn sine oppgjevne 60 Watt i 8 ohm. Men når ProAc vart brukt, greidde ikkje denne relativt rimelege forsterkaren å henge med, spesielt når vi snakkar om romoppleving og dynamikk. Det må nok seiast at Monrio Asty til same pris klarer alle lydidrettar til dels mykje betre, så er du utelukkande opptatt av lyd, er nok RA 1062 ganske så anonym i samanlikning.

Når likevel denne forsterkaren vil vere interessant for mange kjøparar, er det ut frå dei mange fasilitetane han kan tilby. Rotel har alltid gjennomtenkte løysingar, og den komfort og design du får her, er også kvalitetar å ta med seg. Ikkje minst har eg stor sans for å kunne spele vinyl på eit så høgt nivå.

konklusjon

Mer informasjon

Til eit oppsett som harmonerer med prisklassen rundt 7000 kr for ein integrert forsterkar, er det mange konkurrentar frå mellom anna Teac, Denon og ikkje minst Neby sine andre agentur Vincent og Marantz. I kva grad Rotel RA 1062 er tingen for deg, vil dels vere eit spørsmål om å tilpasse dei andre komponentane, dels eit spørsmål om din personlege smak. Dette er ein svært allsidig forsterkar med stor brukskomfort, men om lydkvalitet er det viktigaste, finnest det betre alternativ.

Importør: www.nebyhifi.no
Produsent: www.rotel.com

Lest 5956 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.