torsdag, 01 juli 2021 16:46

Høgtalarar for gjenbruk – Stig Arne si dagbok for mai 2021 Spesial

Skrevet av

 

Ein USB-høgtalar frå uventa hald, nokre gamle høgtalarar og nokre gode øl. Og litt musikk

Høgtalarar

Eg er seint ute, dette er mai-dagboka og ho burde vore publisert før juni er over, naturlegvis. Det går truleg ikkje denne gongen. Når dette hender, vert eg raud og hektisk, og klarar ikkje å fintenka. Eg må berre setja meg ned med ein øl og ein akevitt og skriva det fyrste og beste eg kjem på. Lause trådar får berre liggja. Då passar det bra å skriva om dei høgtalarane eg har prøvd ut i det siste, 3 par nærare bestemt, alle gamle, men alle interessante. 

Tannoy Sixes 611 (1991-1993)

Terje fann desse høgtalarane på den lokale returstasjonen. Han ringde og forklarte. -Kva fabrikat er det, spurde eg. -Tannoy, svara han. -For guds skuld ta dei med, seier eg. Tannoy er ikkje ein kven som helst innan høgtalarar. Han godsnakka med dei tilsette og fekk dei med seg. Altso høgtalarane. Store! Spanande! Dei var ein smule herpa, men ikkje verre enn at eg fiksa skadane på det svarte vinyltrekket med svart tusj. Plasten nedst på kabinettet hadde fått seg ein smell eit par stader, men dette let seg ordna med lynlim. Men aller fyrst kopla eg dei opp for å sjekka at dei virka. Og det gjorde dei. Eg tok av grillane, legg øyret kloss inntil elementa og lyttar etter liv. Utruleg nok spelte samtlege element. So kvifor var dei kasta? Eg har kjøpt høgtalarar på Finn i dårlegare tilstand enn dette! 

Høgtalarane kjem frå ein av Tannoy sine billege seriar, Sixes. Men eg tenkte dei kan vera gode for det, i alle fall om dei får litt stell og eventuelle forbetringar. Elementa kan nemleg vera dei same som i dyrare seriar, medan kabinetta er mindre påkosta. For det er ytedyktige høgtalarar, dette, med ikkje mindre enn to 8-tommarar per kabinett, det øvste eit sokalla koaksialelement (med diskanten plassert inni basselementet sitt sentrum), som Tannoy er kjend for. Ikkje veldig mange lagar slike element, dei to utan tvil mest kjende er nok Tannoy og Kef. Men Tannoy var fyrst ute. Merk at  membrandiameteren i realiteten er nærare 7 tommar enn 8, og dette er ganske typisk. Høgtalarane er sekskanta, so her har Tannoy gjort ein veldig god jobb med å spreia resonansane inni kabinettet, og dei ser bra ut, i alle fall når du godtek “form follows function” som det heiter på nynorsk. Men dei ser litt feite ut, breie men låge, veldig lite elegant. Plassér dei på høge spissar eller ein liten fot, so ragar dei litt høgare, og diskantelementet kjem nærare ideell lyttehøgd.   

Kabinettet er lukka, noko eg set stor pris på. Dette gjev som regel ein mykje meir presis bass. Men uansett er attgjevinga i bassen forvirrande. Stundom feit, stundom slank, alt etter kva musikk eg spelar. Øvre bass er av og til so slank at eg er freista til å trykkja inn Loudnessknappen. Og med denne slanke bassen uteblir noko av framdrifta og moroa. Ikkje veit eg grunnen heller. Kabinettet kan vera litt for stort, eller litt for lite, eller Tannoy har bomma litt på verdiane i delefilteret. Heilt unaudsynleg og ganske irriterande. Tannoy oppgjev at systemet er 3-vegs, men dei to elementa deler på bassen, det er lett å sjå. Utslaga i bassen er likt for begge elementa. Dei er naturlegvis avskårne oppover der mellomtone og diskant tek over. Det er meir vanleg å kalle slike konstruksjonar 2,5-vegs. Og sjølvsagt, med to 8-tommarar som samarbeider om bassen er lyden relativt slagkraftig, og høg. Dermed kan du ha mykje moro sjølv med ein liten forsterkar. Og litt høgare opp, i eit breidt mellomtoneområde, er lyden fantastisk. Han er veldig open og detaljert, og likevel behageleg mørk. Dette er høgtalaren si verkeleg sterke side, som gjorde at eg brukte han ganske lenge. Men høgare opp går det litt til helsike att. Diskanten er tydeleg framheva, med unaturlege s-lydar. På høge volum vert lyden ropande. Anten skulle diskanten vore dempa litt meir i delefilteret, eller det er rett og slett ein topp i frekvensgangen grunna hornladinga. Eit horn forsterkar sume frekvensar meir enn andre, slik at det kan vera ei utfordring å få ein jamn frekvensgang. Dette trudde eg verkeleg Tannoy hadde taket på, etter å ha brukt denne typen element i lange tider. Men her har dei slurva, og eg enda opp med å skru ned diskantkontrollen på forsterkaren. 

Eit ganske uvanleg og fasinerande produkt dette, men óg frustrerande, med ei merkeleg blanding av (veldig) sterke sider, side om side med irriterande svake. Men om du får dei til å passe til rommet ditt, anlegget  og elles din personlege smak, har du ein knall høgtalar for småpengar. So gode er dei faktisk, at eg vurderte å skru dei fullstendig frå kvarandre og freista forbetra dei, men eg innser at eg ikkje er høgtalaringeniør, og at eg ikkje nødvendigvis hadde kome i mål, trass i timesvis, vekesvis og månader med arbeid og lytting. So eg melder pass og går vidare til andre prosjekt. Det er berre å innsjå at me ikkje rekk over alt, sjølv om viljen er til stades.  

Mordaunt Short MS 5.10 (1992-?)

Dette er vel den minste i ein eldre serie med MS. Men langt i frå den eldste. Dei var det Stig Inge og meg som importerte i vår studerande ungdom i Bergen, med storselgjaren MS Pageant. Verksemda døypte me talande nok Stereo-Stig, og me køyrde til England for å henta høgtalarane, og land og strand rundt i Noreg for å selgja dei. Men det er ei anna soge. Desse småtassane kom eg over lokalt -brukt- for ein rimeleg penge, og slo til. Dei kan jo koma til nytte ein dag. Og det gjorde dei ganske raskt, i eit anlegg til medlem av familien. Men fyrst måtte eg prøva dei. Det synte seg at bassen måler magre 5 tommar, og so får du ein diskant på kjøpet. Dei var stadig på listene over tilrådde høgtalarar i engelske hifi-magasin, oftare enn dei større modellane, so eg var spent på å høyra dei. Ein slik liten høgtalar kan korkje spela høgt eller lågt (i bassen), so det er, i mine auge (eller øyre), ein ganske kjedeleg sak. Ja, du kan kopla til ein subwoofer for å få meir bass (Stig Inge si tilråding), men dei kan ikkje spela høgare av den grunn. Du treng uansett ein relativt sprek forsterkar for å få ein slik liten ineffektiv høgtalar til å spela høgt, og veldig høgt vil han uansett ikkje kunne spela, for det er grenser for kva ein liten 5-tommar kan ta i mot og levera vidare. Og nettopp av den grunn er han utstyrt med eit sokalla Positec krinslaup som vern mot overstyring. Og kan hende difor fungerer dei den dag i dag.   

Likevel spelar dei forbausande høgt for storleiken, og frekvensgangen var jamn og fin. All slags musikk var lett å gå til. Grunna den valde utforminga av fronten er både bass/mellomtone- og diskantelementet dekt av ein grill, som du kan ta av, men det vil neppe kona godta. Då ser dei ikkje ut. Grillane slører til noko av lyden, som dei fleste sikkert har oppdaga i desse covid-tider; med maske på. 

Sum

Resultatet er at lyden ikkje er veldig godt oppløyst, og dei brettar heller ikkje ut eit særskilt djupt perspektiv. Dei spelar pent og nøytralt, og vil eigna seg godt om ikkje rommet er for stort. Men alt i alt står eg ved det eg sa høgare oppe: Ein heller kjedeleg sak. Men det kan godt hende at fjerning av Positec-krinslaupet hadde gjeve ein opnare lyd. Det hadde eg gjort viss eg var deg. Men då er du altso dårlegare sikra mot nedsmelting av elementa, og bør kopla opp noko meir robust for dei heftigaste festane. 

Den tredje høgtalaren sparar eg til neste gong. Det er kan hende det mest spesielle “kontainerfunnet” eg har gjort på lenge. 

Bang&Olufsen

Sidan dette er eit “sumarnummer”, høver det vel å ta med ein USB-høgtalar. Eg var på terrassen hjå naboane i vest ein kveld, Sigrid brukar spela musikk frå mobilen sin til ein liten JBL GO. Denne gongen såg eg han ikkje - men lyden var framifrå. Stor, behageleg, som om han kom frå eit skikkeleg stereoanlegg. Eg spurde kor i helsike lyden kom i frå, og dei peika på ein liten kvit firkanta boks hengande på ein spikar på veggen, etter ei lær-reim: Steinar og Sigrid hadde investert i ein ny B&O Beoplay P6. Utan å spyrja meg. På Lyd og Bilde sine sider fann eg det eg trengde å vita: Spesifikasjonane. Innhaldet i boksen på eitt kilo og 17x13x7cm er to fulltonar på 1,5”, truleg ein på kvar side, og eit basselement på 4”. Ikkje mykje å skryta av dersom det var ein høgtalar til eit stereoanlegg, men heftig nok for ein liten USB-høgtalar. Og so er han heller ikkje billeg; 3-4000 kroner alt etter butikk. Eg trudde lenge at B&O berre var design, men har måtta endra oppfatning. Dei har laga mange fine produkt, både før og tydelegvis framleis. For dette lét veldig balansert og fint, med ein stor og ikkje-irriterande lyd, overhodet ikkje forstyrrande for samtalen oss i mellom. Eg kunne godt tenkt meg ein slik. Det er berre å slå opp spikrar på altan-veggane.     

Musikk 

Eg har vore på konsert med Keiino. Det var eit uhell. Eg sverger. Men når du er mannskap, eller Staff på “nynorsk”, lyt du berre stilla opp. Gruppa turnerer landet for tida, i ein dobbelt-dekka buss med tilhengjar. 

Keiino er eit norsk-samisk samarbeidsprosjekt som vart starta i 2018 i samband med deltakinga i MGP 2019, der gruppa vann den norske finalen. Eg skal unnlate å seia kva eg meiner om MGP og denslags musikkunderhaldning, det ville ikkje sett pent ut på trykk, men når gruppa fyrst er her, og du står rett utanføre inngongen og ser på scena kor kort skjørt Alexandra Rotan hadde, kunne eg ikkje dy meg. Det ville vera temmeleg snobbete å ikkje nytta høvet til å høyra eit par låtar. Det er popmusikk dette, krydra med elektronika, dance og joik. Det siste, i alle fall, set eg stor pris på. 

 

Og det er verkeleg noko eige å høyra musikk live. Det er høgt, tydeleg og livaktig. Trommelyden var knalltøff, trommisen kunne fortelja at trommene var frå 80-talet av merke Yamaha, kjøpt brukt for kr 6000. Han fekk sjokk når eg fortalde at eldste son min har kjøpt eit sett DW for 100.000. Songar og joikar Fred Buljo har ei utruleg kraftfull stemme, ein fryd å høyra på, og det same gjeld Alexandra. I tillegg hadde ho ein fornøyeleg sceneopptreden, ikkje ballett akkurat, men herleg søt og ungpikeaktig, slik det sikkert var meint å vera. Ein del av låtane var riktig gode, medan andre ikkje var heilt etter ein jazzar sin smak. Og so smelta naturlegvis heile salen når dei framførte "Millom Bakkar og Berg” av Ivar Åsen, frå diktsamlinga Symra frå 1863. “Keiino" er elles andre lekken i Kautokeino, nordsamisk for veg. So veit me det. Og mykje anna eg ikkje visste før eg slo “Keiino” opp på Wikipedia.  

Ymist

Ute av form: “Vart du trøytt etter andre vaksinedosen?” “Nei, eg er alltid trøytt”. Det kan du unngå ved å koma deg ut i sola og vrengja av deg T-skjorta. Mange nordmenn har for lågt nivå av D-vitamin i blodet etter ein lang vinter. Kanskje er det bra for høyrselen óg. 

Ølspalta

Sjå kva katten (Lars) kom hittom med her ein dag! Han har som vanleg snike seg innom Polet. Tre søte små boksar (alle IPA og kring 6%). Engelske Fantasma er attpåtil glutenfri. “Frisk og veldig god! Ikkje sprenghumla”. 7F Velstand (Sju Fjell frå Bergen) er ikkje like frisk men likevel god, denne kan du drikka om vetturen óg. Kjøp nokre 7F og les på boksen. Bryggjemeister Gahr Smith-Gahrsen, om det er han som står bak, er ein god skribent og stor humorist. Lervig med det lett provoserande namnet "Perler for svin” er “nydeleg rund og fin, passe humla, forfriskande syrleg. Litt matt avslutning”.

Då er både tid, plass og krefter brukt opp, sjølv om det svar mange fleire som skulle omtalast. Dei får venta til neste gong. Lat oss avslutta med Hansa Sommerøl, butikk, 4,7%, små boksar. Denne er nydeleg frisk og fin, ein av sumarfavorittane mine. I mange år skydde eg sumarøl, det er jo normalt berre noko tynt piss. Men er det varmt, er denne god. 

 

Lest 1186 ganger Sist redigert torsdag, 01 juli 2021 19:54
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.