onsdag, 02 april 2014 05:08

Nytt om forsterkarar - Stig Arne si dagbok Februar - 14

Skrevet av

Den beste er berre best fram til den neste.

Les meir:

 

Technics-radioen med matchande platespelar SL7. Ein artikkel om Technics sine platespelarer med storleik akkurat som eit plateomslag er naturlegvis i kjømda.

 


 

 

 

 

 

Technics FM/AM Stereo Receiver SA-5370K

Eg fall pladask for denne forsterkaren. Eller radioen. Men lat oss kalla han forsterkaren, i denne samanhengen, for alle radioar har ein forsterkar innebygd, og det er denne eg vurderar no. Han er vidopen, og lynrask. Eg har nytta han i månadsvis, og var GANSKE sikker på at dette var det beste eg hadde hatt – så langt. Det er ein modell frå seint 70-tal, den perioden som ein godt kan kalla japanarane sin gullalder. På 70-talet var det meste funne opp (forlengst), transistorane var så gode som mogeleg, og mange hevdar at sidan dette har det berre gått nedover: Ting vart stadig billegare, og det vart til og med bygd inn feil i komponenta med vilje, slik at dei skulle svikte etter ei nøye utrekna tid (”built in obsolence”). Slik skulle du verta tvungen til å kjøpa ny forsterkar etter ei tid, slik at produsenten kunne tena meir pengar. Og slik går det kapitalistiske maskineriet rundt. Men fram til 80-talet, sånn omlag, var ting laga for å halda, og mykje av dette utstyret funkar like godt den dag i dag. Det er samlinga mi av eldre radioar og forsterkarar etterkvart eit godt døme på. Mange er ikkje klar over kor godt dette utstyret er, for det nyaste er alltid det beste, ikkje sant? Det er i alle fall det me er opplærte til å tru, gjennom utspekulerte reklamekampanjar.

Eg vart obs på Technics-radioane gjennom ein rimelegare modell, som eg fekk i fanget av ein kompis og (nesten) nabo, som ville ha han reparert. Etter reparasjonen kopla eg han opp for å sjekka korleis han spelte, og hadde eigentleg ingen store forventningar. Men han spelte svært godt, og di fleire dagar som gjekk, dess meir begeistra vart eg.

Då eg kom over ei litt kraftigare utgåve (kring 60 watt) frå same modellrekkja på FINN, slo eg straks til, og var frå meg av begeistring over kor fint denne spelte.  Og eg spelte og spelte, og her kunne eventyret slutta. Det gjorde det sjølvsagt ikkje, for ein audiofil er alltid ute etter nye eventyr.

 

 

Yamaha Natural Sound Stereo Amplifier CA-710

Denne forsterkaren, med tilhøyrande tuner, platespelar og kassettspelar, plassert i eit klassisk høgt og smalt rack, kan hende det flottaste eg har sett av sorten; fann eg i ein Fretex-butikk. Det var ganske friskt prisa, men etter at eg hadde greidd å overtyda ekspeditørane om at platespelaren ikkje spelte, grunna manglande reim og knekt stift, og at kassettspelaren ikkje spelte, likeeins grunna morkna reimer, og at dei fleste lys mangla i både forsterkar og tuner, fekk eg heile ”skjiten” for kring eit par tusen kroner, om eg ikkje hugsar heilt feil, og sjølv det er ganske mykje for eit 40 år gamalt anlegg. Eg nølte nokre dagar før eg kjøpte det, for eg HAR alt huset fullt av hifi, og ikkje visste eg kva dette settet var godt for heller. Men eg kunne berre ikkje la høvet gå frå meg, for anlegget var strøkent. Det ser rett og slett ikkje ut som om det har vore brukt. Det ser ut som om det kjem rett frå kartongen. Slik sett er dette settet unikt, og om eg sel det vidare ein vakker dag får eg sikkert ikkje meir enn eit par tusen, men i mitt hovud er det verdt det 10-doble.

Eg har ein murbenk med steinplate på for plassering av anlegget. Ei heilt ideell og totalt resonnansdaud løysing. Forsterkar og tuner er plassert på benken, med platespelaren framfor på golvet, som ei rask og førebels løysing. Den einaste praktiske ulempen med dette anlegget (forsterkar pluss tuner oppå, evt. omvendt), er at det er relativt stort og ruvande, slik moten var på tidleg 80-tal. Settet er på ingen måtar mellom dei dyraste og kraftigaste Yamaha hadde på denne tida, men det yter kring 60 watt og har ei viss vekt og soliditet. Alle knappar, inklusive volumkontrollen, har ein fin gange med akkurat passe motstand, totalt utan slark. Dette er noko av det beste eg nokon sinne har opplevd. Ein fantastisk byggekvalitet. Alt anna eg har kopla opp etterpå verkar som noko billeg dritt.

 

Eit fantastisk forsterkarsett, med den beste finishen eg nokon sinne har opplevd frå slike sett. Alle kontrollar har ein fantastisk presisjon og akkurat rett motstand. Ein sann svir å nytta i det daglege.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg brukte ganske mykje tid (og litt pengar) på å få forsterkarsettet og platespelaren til å funka prikkfritt, men då dette var gjort, vart det ståande, for det spelte overraskande fint. Særskilt spelte det godt via fono-steget (platespelarinngangen), og det er difor denne forsterkaren har vorte nytta til mesteparten av pickup-testinga sa langt. Eg hadde ikkje noko formeining om KOR godt denne forsterkaren spelte, for eg samanlikna han ikkje med noko anna eg har, eg berre spelte og var nøgd. Dette er i tråd med den filosofien eg nyttar. Ingen A-B test, berre lytting over tid. Når du då, etter å ha gjort deg godt kjend med produktet, koplar opp noko anna, høyrer du svært godt kva som skjer.

 

 

NAD 3020

Og slik var det, at då eg kopla Technicsen opp at ein kveld, fekk eg litt av eit sjokk. At to forsterkarar kan låte so ulikt er nesten ikkje til å tru, når du tek i betraktning at begge to sikkert er fornuftig konstruert, og sikkert måler fint. Technicsen, som eg kjende godt frå før, spelte framleis flott, bevares, men presentasjonen var likevel totalt annleis enn med Yamaha-settet. Eg måtte kopla Yamaha-settet opp att, for å stadfeste at eg høyrte rett. Men det var ingen tvil. Og eg tenkte at dersom ein av desse spelar ”rett”, kan den andre umogeleg gjera det. Begge kan ikkje ha rett.

Eg vart liggjande å tenkja etter at eg la meg denne kvelden. Kven spelte rett? Kven av dei presenterte musikken og perspektivet slik eg kjenner det att frå scenene og konsertsalen? Og korleis kunne eg finna det ut? Eg hadde ein mistanke, men eg ville ikkje trekkja forhasta konklusjonar. Eg tenkte at eg måtte kalla inn kompisane mine som dommarar, men  tenkte og: Har eg ein forsterkar som kan tena som ein anerkjent referanse, ein dommar som alle kan respektera og semjast om? Tankane gjekk til NAD 3020, som eg har ein heil stabel av. Denne forsterkaren treng ingen nærare presentasjon. Han er med i absolutt alle oversiktar over klassisk utstyr som er vellydande, og som har tålt tidas tann, for å seia det slik. Men eg tenkte og: -Å nei. Må eg verkeleg kopla opp att denne gamle velprøvde forsterkaren. Ikkje kan den spela høgt med sine 20Watt heller. Kva moro kan eg ha med denne gamle «haugen»? Eg har nemleg litt varierande røynsler med denne gamle forsterkaren, alt etter eksemplar og modell. Hugs at dette var billege greier, og at lyden kan variera frå eksemplar til eksemplar. (Ein gong i framtida, når eg har tid og viss helsa held, som dei seier dei gamle, skal eg laga den definitive guide over NAD 3020.)  Eg plukka ut ein meir eller mindre ut tilfeldig, som eg trudde funka, og der einaste ”modifikasjonen” var at eg hadde fjerna plastikken frå ladelyttane og inngangskondisane. Dette får alltid forsterkarane til å spela reinare, men meir om det ei anna gong - det vert ein heilt annan artikkel. Og så heldt eg fram med å lytta dagen etter. Med NAD 3020. Framleis ingen A-B test. Det var heller ikkje turvande. Inntrykket frå gårsdagen sat etsa i minnet.

 

 

Eg hadde ikkje trengt å bekymra meg. NAD-en spelte fantastisk, frå fyrste sekund. Han var ikkje det minste morgongretten, slik den førre eg hadde oppkopla, som brukte ei heil plateside på å spela seg inn, uansett kor lenge han hadde stått på. Sjokk nr 2: Han spelar tilsynelatande/i praksis like høgt som 60-wattarane. Sjokk nr 3: Han spelte lika fint på vinyl. Og det var ingen tvil om at presentasjonen var svært lik som med Yamaha-forsterkaren. Ein mjukare presentasjon av musikken, med tilsynelatande MINDRE perspektivisk djupne, men desto større avstand mellom musikarane framme og bak i lydbiletet. Technics-forsterkaren gav ein hardare og meir skjelettaktig presentasjon av musikken, med større djupne i lydbiletet, men til gjengjeld ingen differensiering i djupna. Og lang erfaring har lært meg dette: Når ein komponent presenterer eit perspektiv som er uvanleg djupt, samanlikna med alt anna du har, KAN det vera rett, og det er fascinerande å lytta til. Men det er like sannsynleg eit resultat av ein skeiv frekvensgang, tilsikta eller ikkje, eller ein annan konsekvens av ein ikkje optimal konstruksjonen. Eg har i alle fall konkludert med at Yamahaen og NAD-en er to fabelaktige forsterkarar, og eg har ingen hast med å kopla vekk NAD-en. Litt motviljug må eg konkludera med at NAD 3020 faktisk lever opp til myten. Det ER verkeleg ein fabelaktig liten forsterkar – endåtil 30 år etter. Om du har eit godt eksemplar. Og Natural Sound? Ja, det kan vera at Yamaha faktisk meinte noko med dette ordtaket. At dei har gjort noko rett. Og Technicsen, stakkar, som går ein uviss lagnad i møte? God nok for alle som ikkje har tre meter mellom høgtalarane og bakvegg, slik som meg, og som difor høyrer absolutt ALT som skjer i stereoperspektivet. 
Les og Karl Erik sin gode og informative test om Nad D 3020, dagens digitale alternativ til 3020, som etter det eg veit framleis er verdas mest selde forsterkar.

Kva har alt dette lært meg? At du aldri vert utlært som audiofil. Det produktet du har i dag, er det beste i verda berre fram til neste produkt. Og moralen? Ta livet med ro. Bruk det du har og konsentrer deg om musikken. Ikkje lat utstyrshysteriet ta knekken på deg. Lat hi-fi vera ein hobby, og ikkje ein konkurranse om kven som har det dyraste anlegget og den «beste» lyden. Og dersom du heller ikkje kan trena utan pulsklokke, bør du snakka med ein psykolog.

Vyrdsamt, -.


 

 

Forsmak på komande artikkel: Min gode ven Stig Inge Bjørge (busett i Japan og grunnleggjaren av Lyra Cartridges) har vore på vitjing med yngste sonen sin, Kevin, for å vitja meg og familien i Haugesund. Me var mellom anna hjå Lars Tørressen i Skivebakken i Bergen og høyrde på anlegga hans. Merk flasketuten. Reportasje vil fylgja! :-D

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ingen artikkel utan eit "feelgood"-bilete: Frå ein dag i hagen i fjor, med ei god veninne og sjølvplukka jordbær frå eigen hage.

Lest 7153 ganger Sist redigert tirsdag, 08 april 2014 19:36
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei