Monday, 31 January 2005 23:00

Vincent SA 31 MK II forforsterkar

Written by

Vincent sin SA 31 kåra vi for ei tid tilbake som ”Best buy” forforsterkar, med svært musikalske eigenskapar. Ein ny forsterkar med same namn + MK II har dukka opp, med etterlengta fjernkontroll. Men er lyden like god?

 

 

Av Arve Åheim februar 2005

 

Eg var svært begeistra for gamle SA-31 sine eigenskapar, og har i ettertid ikkje funne forforsterkarar som har bydd på så mykje godt til så låg pris. Eg var difor svært gira på å prøve den nye SA-31 MKII, men var litt forundra over at prisen no hadde dobla seg. MKII konkurrerer altså ikkje med MK I, men med den andre Vincent rørforforsterkaren eg har prøv ut, SA-T1 til same pris.

 

Utforming og utsjånad.

Det var heilt klart at vi her hadde med ein ny konstruksjon å gjere, noko som eg også fekk beskjed om frå importøren. Assosiasjonane til den gamle SA 31 var absolutt til stades, mellom anna på grunn av den rimeleg bryske straumbrytaren som var plassert midt på fronten, men også tonekontrollar og loudnessfunksjon. Og framleis ingen balansekontroll. Byggekvalitet og generelt inntrykk var likevel at dette var eit svært skikkeleg og solid produkt som var laga for å vare i mange år, med kontaktar og utstyring elles i glimrande kvalitet. Assosiasjonane til litt dyrare Vincent forforsterkarar var også klare. Her var ikkje mindre enn 6 linjeinngangar, som alle kunne styrast frå fjernkontrollen i tillegg til volumet. Største saknet ved den gamle SA 31 var altså innfridd…

Elles var utsjånaden ganske typisk Vincent. Ein del skilnad frå gamle SA 31, men ikkje så veldig lik den identisk prisa SA-T1. Kanskje meir i samsvar med transistorforforsterkarane SA 93 og 91? Eg opplevde han iallfall som tiltalande.

 

Så fjerna eg dekselet for å sjå innmaten, og fekk meg ei overrasking. Dette tok eg meg ikkje tid til då eg prøvde ut den fyrste SA 31, og no fekk eg altså sjå det for meg ukjende røret 6N16.

Fire av dei absolutt minste røra eg nokonsinne har sett var monterte inni. Aldri sett maken nokon stad. For små til at noko er skrive på dei, og svært mystiske. Men for all del, dei rettferdiggjer å kalle SA31mkII ein rørforsterkar, noko som også pregar lydkvalitetane til forforsterkaren. Så når eit rørsett er så lite at det kan samlast i ei fyrstikkøskje, har eg ingen problem med det. Elles anar eg ingenting om korleis dette røret er bygd opp, forventa levetid, og andre eigenskapar. Men så lenge forsterkaren er god, er ikkje dette noko problem.

 

Lyden

Etter ganske kort tid var det klart at den nye SA31MKII ikkje berre innfridde forventningane ein måtte ha etter å ha høyrt den tidlegare forforsterkaren med same namn. Det var tydeleg at klangbalansen framleis var utprega "rørete", men meir moderne. Litt strammare, medan dynamikken på same tid var endå meir nyansert, og hadde utruleg nok meir å gå på i dei kraftige partia.
Etter å ha prøvd forsterkaren litt ut og inn i anlegga ein månads tid, vart det tydeleg at det hadde skjedd ei ytterlegare forbetring av desse kvalitetane. No utvikla dei dynamiske eigenskapane seg til noko heilt rått, på linje med det eg kunne hugse ut frå ARC i sine velmaktsdagar.  Skal ein samanlikne med ARC SP10, må begge brukast som linjeforsterkarar, og det gjev litt feil nivå for rettferdige samanlikningar, men eg gjer eit forsøk likevel. ARC sin gamle toppmodell er nok vesentleg meir klangnøytral, og har meir tredimensjonalitet over seg enn denne nykommaren. Men når det gjeld dynamikk, noko av det eg var mest fornøgd med på ARC SP 10, er det svært liten skilnad. SA 31 MK II er eit dynamisk råskinn!

Eg kunne ikkje dy meg, og kopla saman forsterkarane slik at SP10 var brukt som riaa, medan SA 31 var linjeforsterkar. Og kombinasjonen synte seg å vere ei av desse svært sjeldne symbiosane mellom utstyr som er så moro å oppleve. Eg prøvde å samanlikne med Rogue sin relativt rimelege forforsterkar Metis, som også er rørbasert i linjedelen. Litt urettferdig, då Metis har svært høg kvalitet-for-pengane-faktor, kostar 5000 kr meir, og er på eit klart høgare ambisjonsnivå. Også her var kombinasjonen med SP 10 sin Riaa god, men totalt annleis. Metis fokuserte på luft og tredimensjonalitet i lyden der SA 31 MKII heller ville konsentrere seg om dynamiske nyansar og kraftige dynamiske uttrykk. Det vart to vidt ulike måtar å lytte til musikken på, og eg kom i ”hokken skal ein godblunke tel”-stemning. Ikkje før Teac Esoteric X-01 SACD-spelar i 100 000 kr-klassen dukka opp i anlegget, fall SA 31 MKII igjennom. Sjølv om SA31 MKII absolutt gjorde ein heiderleg innsats på den andre forforsterkaren sitt "spesialfelt", var det klart at tredimensjonalitet og nyanseringsevne gjorde Rogue Metis til eit meir attraktivt produkt, eigentleg ein divisjon høgre i lydkvalitet, tett på verkeleg hi-end. Men dette vert ikkje påfallande fokusert før du tek til å bruke av det mest kostbare utstyret. Trøkk i musikken vart formidla både kraftig på ekstremane og nyansert i detaljane hos Vincent. Dynamikk og ei klangbalanse som er slik du kan forvente deg frå ein rørforforsterkar, er valutaen du får hos Vincent, men for flotte perspektiveigenskapar og ekte hi-end må du altså legge i mellom dei 5000 kronene.....

 

Konkurrentar på pris:

Elles bør vi merke oss dei andre alternativa frå Vincent. Trass i ein noko annleis utsjånad er SA-T1 identisk prisa, og har ganske like lydeigenskapar, kanskje litt meir forfina, mindre "rør-aktig" (sjølv om denne kanskje er meir i pakt med gode rør-forforsterkarar når det gjeld perspektiveigenskapar og andre hi-end-dyder), med mindre varme i klangen. Ikkje fullt så imponerande innan det dynamiske, men kanskje meir naturleg? No fekk eg ikkje høve til å gjere direkte samanlikning. Likevel såpass lik at det er vanskeleg å forsvare to sterkt ulike modellar. Vi har også gamle SA 31 til halv pris, som framleis må erklærast som best buy-alternativet, trass i mangelen på fjernkontroll, og litt meir uartikulert i midbassområdet. MKII sin ”rørlyd” er rett nok tydeleg, men mindre påfallande enn i det billegaste alternativet.

 

Så kva skal ein velje?

Om du er på jakt etter verkeleg hifi og har hi-end-ambisjonar, vil nok tredimensjonalitet og  klangmessig nøytralitet telje mest for deg. Då er det best å spytte i dei ekstra 5000 og gå for Rogue Metis, som er meir av eit hi-end rasedyr enn den trass alt ganske rimelege SA 31MKII. Vincent lagar fine rørprodukt,men du kan ikkje på ein lettvint måte justere klangbalansen ved rørskift. 6N16-røra sat fast då eg prøvd å dra i dei, så eg er ikkje sikker på om det er meininga at du skal kunne skifte dei sjølv. Det finnest heller ikkje noko stort utval av versjonar av dette røret, som ein kan bruke til å justere klangbalansen, slik ein gjerne gjer med andre forforsterkarar. Sjølv om SA-T1 er plundrete å opne, brukar han iallfall normalt tilgjengelege rør, så for den eksperimentelle er nok denne meir fornuftig.

Når det gjeld tredimensjonalitet og romoppleving, kan ikkje SA 31 MKII måle seg med den vesentleg dyrare Rogue Metis som må seiast å vere ”luftens herre”, med uvanleg mykje tredimensjonalitet og rom rundt instrumenta. Men om du lyttar sterkt emosjonelt og er glad i dynamiske nyansar og kraftfulle uttrykk er faktisk SA 31 MKII i høgste grad tilfredsstillande på dette feltet. Bland ikkje saman desse to produkta, for valet er kritisk. SA 31 MKII har ganske mykje klangleg varme, og slektar meir på gamle rørforsterkarar enn Metis, som er ein svært nøytral og moderne sak der perspektivkvalitetar er meir opplagte.

 

Konklusjon

Vincent SA 31 MKII sitt sterkaste kort er dynamikkeigenskapane, som både kan takast heilt ut når det gjeld, men likevel er så rike på nyansar og detaljar som ein kan ynskje seg. Bortsett frå trass alt mindre detaljrikdom og ein relativt varm klangbalanse, gjer denne dynamikkviljen at SA31 MKII nærmar seg min gamle Audio Research SP 10  i spelestil. Men på ein moderne tilnærmingsmåte;  med passeleg gain til å gå saman med CD-spelarar, med fjernkontroll, og fullstendig støyfri. Altså ein veldig musikalsk og engasjerande forforsterkar, vel verd pengane. Denne kunne eg hatt i anlegget mitt utan å ha det vondt!Dei svake sidene er eigentleg gode i prisklassen; klangmessig høyrest dette ut som ein rørforforsterkar, og evna til å formidle perspektiv og tredimensjonaliet er til stades, om enn ikkje så skikkeleg som du oppnår med den 5000 kr dyrare Rogue Metis.

Det er såleis ganske greitt å tilrå innkjøp av SA31 MKII om du er på jakt etter ein rørforforsterkar, om det ikkje hadde vore for Vincentfamilien sine mange syskenbarn. Gamle SA 31 manglar den flotte dynamikken, litt presisjon i bassområdet og ikkje minst fjernkontroll, men kostar altså halvparten, og må vere forforsterkaren eg tilrår for budsjettanlegget.

Til same pris kan du få SA-T1, som heller ikkje har den same dynamikken, men kanskje litt meir nøytral klangbalanse enn SA 31 MKII, fjernkontroll, og høve til å skifte rør, som kanskje er tingen for den som legg litt meir vekt på nøytralitet og perspektiv. Dei som er svært fokusert på  hi-end-dydane, må nok gå utanfor dette prissegmentet. Men for dei som vil ha engasjerande, glad rør-lyd på eit greitt prisnivå, kan eg absolutt gå god for Vincent SA 31 MKII.

 

Pris: 7 995.00

 

Importør: www.nebyhifi.no

Link til produktet hos produsenten: http://www.vincent-tac.de/en/design/dl4/sa31mk.php

Read 8465 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.