Thursday, 16 November 2006 23:00

Rogue Perseus - forforsterkar i særklasse

Written by

Rogue er ein amerikansk rørforsterkarprodusent som har greidd å gjere seg sterkt markert med svært gode produkt til langt hyggelege prisar enn konkurrentane det er naturleg å samanlikne med.

 

 


Av Arve Åheim 17. november 2006

Når det gjeld forforsterkarar, er det eit sterkt neglisjert ledd i signalkjeda. Dette kjem nok av at i vår tidsalder er det lite forsterkning som ikkje skjer anten i avspelaren eller i effektforsterkaren. Når vinylentusiastane etter kvart er vant til å måtte skaffe seg separat riaa til pickupsignalet, har dette ofte kostbare forsterkarleddet vorte kutta ut. I den grad ein også kan klare seg utan balanse- og tonekontrollar, er det nok med volumkontroll, og inngangsveljarar for den som brukar anna enn CD-spelaren.Sjølv har eg skaffa meg ein Creek OBH 22 som tek seg av det mest basale. Her kan eg styre inngangsval og volum med fjernkontroll, og har minimalt med ledd i signalvegen. Men av og til får eg smertelege påminningar om at denne teoretisk optimale løysinga ikkje alltid gjev den største musikalske utteljinga. Og då Perseus kom på besøk, vart eg på nytt smerteleg klar over dette.

 

Utforming

Perseus er ei vidareføring av Metis-designet. Fjernkontrollane er identiske og styrer berre volumet, med same litt treige reaksjonstida som krev litt tilvenning. Elles er også dette ein svært slank forforsterkar, så lav at det er laga hol i chassiset for å få plass til røra. Desse stikk altså opp, og skift av fire stykke 12AU7-rør til ein leik. Som det ganske sikkert kan vere fornuftig å leike nokre gonger, for å finne ut kva rør som er dei beste til ditt anlegg og til din smak. Erfaringane eg gjorde med veslebror Metis synte at det er større skilnad på rørtypene enn eg opplever til vanleg, t.d. med min Audio Research SP10. No prøvde eg i fyrste lytteomgong ikkje ut andre enn standardrøra, men det er ikkje nødvendig for å komme til dei konklusjonane rundt produktet eg har gjort.

I tillegg til straumbrytar og obligatorisk blå lysdiode, er fronten utstyrt  med ein knapp for muting, bypass-funksjon, og tre vridbare knappar for inngangsval, volum og balanse – ein fasilitet som i dag oftast kuttast ut til min store frustrasjon. Rett nok er dei fleste CD-ar akseptabelt balanserte, men det finnest unntak. Og for meg som har hovuddelen av musikksamlinga på vinyl, er det svært greitt å kunne justere dette.

Bypass-funksjonen vart ikkje prøvd ut av meg, men vil heilt sikkert vere viktig for den som vil kombinere stereo med multikanallyd, der ein vil styre stereosignalet direkte, medan lyden frå SACD-ar og DVD-film kan styrast utanom Perseus direkte til multikanalforsterkaren utan at du treng å kople om pluggar.

”Fixed output” er ei dårleg term for ”tape out”, og les du ikkje instruksjonane er det kanskje ikkje logisk nok at ”variable output” er der volumkontrollen verkar (I eit anfall av manglande tålmod og macho-haldning til instruksjonsheftet greidde eg iallfall å skremme både meg sjølv og katten då eg gjorde fyrste gongs oppkopling).

 

Vinyl-moro

Den innebygde riaa-forsterkaren gjorde meg svært begeistra. Den rimelegare Metis er ein forforsterkar som trygt kan samanliknast med det meste, men har berre eitt stille for pickupar, den obligatoriske 47 kOhm MM-pickup-inngangen. Perseus har sjølvsagt det same, men i tillegg kan du ved hjelp av 6 innvendige dip-switch (kjenner diverre ikkje noko nynorskord for sånt) velje mellom MM og MC –forsterkning, resistans 100 – 300 – 1000 og 47 kOhm, og kapasitans 0 eller 150 pF. Det er altså råd å tilpasse forforsterkaren til det aller meste av pickupar.

Det lukkast meg ikkje å få tilgong på passande superoppløyste og krevjande MC-pickupar under tesperioden, så eg måtte nøye meg med den Dynavectoren eg brukar som referanse, min DV10x5. Denne fungerte til gjengjeld så godt at eg vart like klar over avgrensingane i yteevna som når eg brukar ARC SP 10 som riaa, og tydeleg betre enn Metis, som eg tykte eigentleg fungerte svært godt med Dynavector sine hi-output-pickupar.
Eg skulle eigentleg ynske meg utvendig styrte tilpasningar til pickupar, slik det er på min gamle SP 10. Men dette betingar andre kontrollar enn desse innvendige som lydmessig truleg er betre enn ekstra lange signalvegar som ein kan risikere å måtte lage seg om ein ynskjer denne forma for brukskomfort. Og du tenkjer ikkje mykje på innstillingane når dei fyrst er unnagjort.

Lyden

Det essensielle er veldig moro å skrive om. Etter å ha vore begeistra over Metis, særleg etter å ha fått høve til å prøve ut ulike rørtypar, kan eg melde om ein på nesten alle måtar betre forforsterkar.

Når det gjeld dynamikk, er det svært liten skilnad til Metis eg kan melde utan å gjere direkte samanlikning. Her er alt klippestøtt og nyansert i slik grad at det er vanskeleg å tru det kan gjerast betre. Kanskje eitt og anna brutalt basstrommeslag eller basunrekkja til Dvorak 8.symfoni kan seiast å vere endå betre med Metis då denne var blodtrimma med kostbare superrør, men det er ei urettferdig samanlikning når Perseus no var utstyrt med ganske vanlege standardrør. Uansett eit felt som ein skulelærar utan vidare gjev karakter 6 på.

Klangbalansen på Metis var svært god. Men sjølv med standardrør er Perseus eit godt hakk betre. Det er snakk om ein opnare lyd, ei utklinging, spesielt opp i den øvre del av mellomtonen og diskanten som er både veldig naturleg og rik på alle detaljar. Eg har faktisk ikkje høyrt noko liknande før, og reknar med at dei avgrensingane eg opplevde kom av resten av anlegget. Bass og nedre del av mellomtonen er også svært korrekt og flott utan at det vert gjort noko ekstra ut av dette frekvensområdet. Også når vi går til det verkelege djupbassområdet under 40 Hz, er det skikkeleg fundament i dei instrumenta som går så djupt, men ikkje den ringaste tendens til fedme eller noko som helst overdriving. Her held kvalitetane seg godt over det eg via mitt anlegg kunne detektere, og eg måtte nok ha kalla inn Esoteric-CD-spelaren eg hadde i vår for å kunne beskrive dei i detalj.

Perspektiveigenskapane til Perseus er i store trekk ganske like det du finn på Metis, med spesielt kjenneteikn ei ekstrem evne til å teikne instrument langt ute og bak på fløyane – her er Metis heilt eineståande. Men det er all grunn til å tru det er meir å hente gjennom å skifte til andre rør. Eg tek også eit lite atterhald på at eg endå sit att med ein del inntrykk frå bruken av Esoteric X-01 i oppsettet, elles er anlegget akkurat det same.

Når det gjeld djupne i eit symfoniorkester, å kunne gje att vokalar som Joni Mitchell og Eva Cassidy i realitisk storleik, eller spele Harry Belafonte eller Jim Reeves med brystkasse og det heile, er Perseus ein einar, og gjer at vi får assosiasjonar med det som reknast for å vere det aller beste av elektronikk.

 

På jakt etter noko negativt

I det forsøket eg nesten er programforplikta til, å finne innvendingar mot Perseus, er det uråd å finne noko lydleg negativt. Dette er ein ”rett” forforsterkar, så å seie utan sonisk fingeravtrykk.Samanlikna med å køyre signalet direkte gjennom Creek OBH 22-potmeteret, opplever eg lyden som langt meir naturleg, dette sjølv når eg brukar riaa-delen av ARC SP 10 og Linn Sondek LP12/Dynavector DV10x5 som signalkjelde. Teoretisk kan dette vanskeleg stemme, då eit ekstra forsterkarnivå på sett og vis må tilføre lyden noko, og ikkje vere så fullstendig i samsvar med det som ligg innspelt som når signalet går direkte. Og det skuldast definitivt ikkje at Creek har brukt dårlege potmeter (les omtale om OBH 22 seinare).  Dette har nok med måten vi opplever musikk og lyd på, og er eit fenomen på linje med utgangstransformatorar og ”gode” lyttar i signalvegen.

Eg finn heller ikkje det minste å utsette på byggekvalitet – alle brytarar, potmeter og kontakter er glimrande, og forforsterkaren er sett saman svært så skikkeleg.

Så då sit eg att med ting som ikkje relaterar seg direkte til lyd, sånt som reaksjonstida til fjernkontrollen, talet på inngangar, utforminga med rør som stikk opp gjennom topplokket og gitteret over desse – ting som går på utsjånad og personleg smak. Og eg for min del LIKAR denne – ein pen sak som ikkje ruvar høgre enn 6 cm (med røra og dekselet må du doble dette, og produsenten tilrår at du har minst to tommar luftig over desse) Rogue brukar også standardbreidde 46 cn, men spelaren er uvanleg djup, nesten 38 cm, og du treng som vanleg plass på baksida til å få gjort tilkoplingane.

 

Rørskift

Etter at den eigentlege utprøvinga var unnagjort, fekk eg også tilsendt to sett med alternative rør. Desse medfører sjølvsagt ein meirkostnad på forforsterkaren, men er likevel ei svært enkel oppgradering alle kan gjere utan at Perseus må ut av huset.

 

Sjølvsagt kunne eg ikkje stå for freistinga til å prøve det dyraste rørsettet fyrst. Dette var frå Mullard, der dei to framste og viktigaste røra hadde hatt spesialbehanding og sjølvsagt kosta deretter (rundt $100 pr rør).

Hugs no på at eg i utgangspunktet ikkje hadde funne det aller minste å sette fingeren på med Perseus, og at eg med mitt noverande referanseanlegg berre måtte erklære forforsterkaren som langt overlegen signakjeldene. Så kan ein håpe på at det skjer ytterlegare forbetringar frå ei slik plattform? Men det skal eg seie at det gjorde!

Å beskrive endringane er vanskeleg.

 

 

Det vil seie, perspektiveigenskapane vart nok merkbart betre. Ikkje slik at perspektivet vart større, men heller tydlegare definert, og Metis ville no vert sett på plass om eg hadde gjeve meg tid til å gjere ei direkte samanlikning.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den klangmessige nøytraliteten som var i utgangspunktet var så å seie identisk. Likevel vart musikkopplevingane rikare og meir intense. Eg prøvde å formulere endringar i klang, dynamikk og perspektiv, men med unntak av den siste, er det så lite endringar av desse faktorane at det vil vere heilt feil å snakke om anna enn knapt merkbare endringar. Eg blir altså nøydd til å samanlikne frå andre sanseinntrykk:

 

 

Har du prøvd ein god tomatsaus? Ein heimelaga som smakar godt av solmodne tomatar og dei kryddene du likar aller best, avstemt slik det skal vere? Dersom du har i ørlite sukker – mindre enn ei teskei, akkurat så mykje at ting endrar seg. Smaken vert definitivt ikkje søt, men det smakar endå meir tomat.

Med RCA-røra vart kanskje dynamikken meir fokusert, og lydendringa kan kallast ei fokusering mot det litt meir distinkte. Eg assosierar litt i retning Ming Da MC-3R Nordic mk II sine dynamiske eigenskapar, men må skunde meg å seie at det er i langt meir forfina og perspektivrik form enn dette røvarkjøpet.

 

 

Rørskift er svært enkelt å gjennomføre, og dersom du fjernar gitteret på toppen av forsterkaren, kan du gjere det direkte utan å opne apparatet.

 

Samanlikningar

Det er svært naturleg å samanlikne med den noko rimelegare Rogue Metis, ein forforsterkar det er lett å rope halleluja over. Perseus er nok klart betre, spesielt når det gjeld evna til å spele supernøytralt. Men Metis har svært sterke sider, spesielt når det gjeld når det gjeld evna til å gje att tredimensjonale eigenskapar på innspelingane. Også når det gjeld dynamikk trur eg det skal mykje til før du opplever Rogue som særleg tilbakeståande saman med Perseus. Men om du har ambisjonar utover MM eller hi-output MC når det gjeld pickupval, er det rett og slett nødvendig å høyre Perseus før du vel mellom disse to. Til dei som ikkje prioriterer vinylsida, vert valet altså eit spørsmål om i kva grad du vil ha det heilt nøytrale framfor ”berre” dynamikk og tredimensjonalitet.

Min kombinerte inngangsvelgjar og potensiometer Creek OBH 22 (kjem eiga omtale) er ei ”reinare” løysing, men denne forsterkarlause boksen let merkeleg nok mindre nøytralt enn Perseus, spesielt ved bruk av CD-spelar, så eg har mistanke om at det må jobbast meir med tilpasning mellom signalkjelde og denne boksen. Samanlikninga med vinyl over ARC SP10 tape out + OBH 22 er svært interessant, men ein Dynavector DV10x5 er trass alt ikkje så superoppløyst at det er naturleg å beskrive skilnadar på oppsetta.

Eg ergrar meg over at eg ikkje har fått høve til å prøve ut toppmodellen av Rogue sine forforsterkarar, modell 99. Er denne betre enn Perseus, må det vere ein sensasjonell sak…

 

Konklusjon

Eg har ikkje vore så fornøgd med ein forforsterkar sidan 1987 då eg kjøpte min siste. Og aldri vore så tett på det fullkomne lydmessig. Mi gamle referanse ARC SP 10 har framleis rikeleg å by på når det gjeld MC-pickupar med nok ”utgangseffekt”, men eg hadde så avgjort ikkje vore lei meg for å skifte til Perseus, ein forforsterkar som er i ytterpunktet i skalaen når det gjeld kva som er muleg å få til i anlegget mitt av forbetringar.

Eg må beklage at eg ikkje har fått høyre ARC og Conrad Johnson sine nyaste toppmodellar, og ser ikkje bort frå at desse samt andre eksotiske og kostbare konstruksjonar bør vere med i vurderinga når eit anlegg i ekstremligaen skal byggjast opp. Men eg kjenner meg ganske sikker på at Perseus har dydar gode nok til at han absolutt kan vere saman med desse utan å skamme seg.

Under 20 kkr er dette ein usannsynleg billeg superforforsterkar. Så då har du spart pengar, og kan like godt spandere på deg dei aller beste røra.

 

Tekniske data frå produsenten

Frekevensområde: 10 –50k Hz 61 dB

THD <0,1% tyisk, <1% på oppg. Effekt

Utg. 1V RMS

Mål: 18 1/8”x14”x2 5/8”

Vekt 20 LBS, 25 Lbs med emballasje

Pris: 18 990 kr

(Inkludert standardrør. Spesialrør i alle prisklassar kjem i tillegg)

Link til importør: www.plsn.no

Link til produsent:

Read 7882 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.