Saturday, 22 January 2005 23:00

Audio Pro Ace 2 subwoofer

Written by

På 70-talet var Audio Pro kjende for lanseringa av servobass i den aller første kommersielt tilgjengelege subwooferen på den norske marknaden B 2-50. Denne svært innovative svenske produsenten lanserte også spennande forsterkarløysingar som eg aldri såg i butikkane, og etter ei stund forsvann merket heilt. Audio Pro merkevaren har no dukka opp att, og leverer høgtalarar som både er spennande og rimelege. Og sjølvsagt må vi fyrst prøve ut subwooferen Ace 2…

 


Av Arve Åheim Sist oppdatert : 23.01.2005 22:09:10

 

I gamle dagar høyrte eg Audio Pro subbar fleire gonger, også den aller største modellen, som gjekk svært djupt med eit kolossalt lydtrykk. No er det over 20 år sidan sist eg høyrde ein Audio Pro sub spele, men eg hugsar at eg var imponert over kor mykje bass som kunne komme ut av ei relativt lita kasse, og kor praktisk det var med innebygd forsterkar og delefilter. Det var lett å la seg overtyde om at servobass var framtida. Samstundes hugsar eg godt irritasjonen over DIN-pluggen som skulle koblast til forsterkaren, som då gjorde at dei med finare produkt måtte til med skumle overgangskoblingar.

Nye Audio Pro har ikkje mykje med dei gamle konstruksjonane å gjere (du finn informasjon om dette på heimesidene til produsenten), men det er interessant å sjå korleis grunnkonseptet liknar, og at servoen framleis er der. Berre at forsterkaren har mangedobla effekten til 500 Watt, og kabinettet vorte endå mindre, 35 brei, 39 høg og 37 cm djup, med ei vekt på 15,2 kg. Det finnest mindre boksar som er omtala som subwoofer, men vi må ha lov å forvente av ein sub at det skal leverast kraftig lydtrykk i bassområdet minst ned til 30 Hz, gjerne vesentleg lågare. Ut frå sinnrik bruk av fire små 5 ½” høgtalarar og eitt 10” slaveelement, kan Audio Pro skryte av frekvensgong ned til 18 Hz. Ut frå dette må denne høgtalaren seiast å vere ørliten, og eg gledde meg til å høyre om dette kunne vere reelt.

Mellom alt anna som kallast "subwoofer" i våre dagar, er vel eigentleg Audio Pro Ace2 gjennomsnittleg stor. Men når vi høyrer kva han eigentleg gjer lydmessig, er det ganske radikalt at ein så liten sak klarer ein så stor jobb. Stygg er han heller ikkje....

Det må også seiast at delefilter-utforminga er svært fornuftig (etter mitt syn, mange vil meine det motsette): lavpassfilteret kan regulerast trinnlaust mellom 50 – 100 Hz, og er svært bratt 36 dB/oktaven. Medan eit høgpassfilter rullar fast av på forsiktige 100 Hz 6 dB/oktaven.

Som andre moderne subbar har også Ace 2 fullstendig automatisk drift. Ei kraftig blå diode syner når forsterkaren er aktiv. Det er automatisk avstenging etter at det ikkje kjem basstonar på ei stund, slik at du fullstendig kan gløyme å slå av/på eit apparat til når det fyrst er innstilt. Det einaste du vil merke (utanom dei lydlege forbetringane, sjølvsagt) er ei viss reaksjonstid frå fyrste basstone til forsterkaren tenner. Elles er det mange måtar å kople Ace 2 til anlegget på. Som vanleg vil eg tilrå å spele med hovudhøgtalarane fritt, og så runde av subben etter øyret. Men du kan også tappe begge kanalar frå forforsterkar og slutte til effektforsterkaren etter subben. Endeleg kan du tappe høgtalarsignalet for bass, og slutte høgtalarne til etter sub, men dette er den dårlegaste løysinga, som eg ser på som rein naudløysing for folk som ikkje har eigen pre out-funksjon. Subben er dessutan svært plasseringsvennleg, og fungerer godt med asymmetrisk plassering i rommet. Teoretisk skal dette vere greitt med alle subbar, men i praksis er det ikkje så enkelt. Ace 2 er minst like enkel som min referansesubc, Mirage HPS 150, som plasseringsmessig er svært grei å handskast med, berre du brukar kontrollane fornuftig.

Vi ser her baksida av Ace2, med dei tre potmetera som justerer volum, delefrekvens og fase, velgjaren for manuell eller automatisk påslåing, inngang for eigen subkanal og pre in/main out for den som vil bruke dei gode filtersystema i Ace 2 i stereooppsett. Legg også merke til høgtalarterminalane. Dette er eigentleg ei "fungerande naudløysing" der bass-signalet frå effektforsterkaren vert filtrert til Ace 2, og resten av signalet vert sendt vidare til hovudhøgtalarane gjennom høgtalarkablane. Kan vere påkrevd når den integrerte forsterkaren din ikkje har eigen subutgang eller pre out/main in.

 

Eg brukte Ace 2 i tre samanhengar. Det fyrste oppsettet var saman med InnerSound elektrostathybridane mine, som er oppgjevne å gå ned til 24 Hz, og har eigen bassforsterkar som fyrer ein transmisjonslinjebass på kvar høgtalar i området under 400 Hz. Som ein kunne forvente, hadde Ace 2 ingenting for seg i denne samanhengen, og verka berre forstyrrande inn, både i lydbiletet og i det dynamiske.

Så vart Ace 2 prøvd i eit oppsett med Audio Pro sine eigne Black Diamond v2. Her gjorde Ace 2 det heilt rette. Eg kan ikkje seie at eg umiddelbart vart imponert over auka bassområde i oppsettet, derimot vart dynamikken vesentleg betre, og heile anlegget spelte meir livleg og nyansert. Og når Dark Side Of The Moon kom på, var her meir anstendig lydtrykk også på 32 Hz hjarteslaga. Og til den som lurer – denne subben kan spele høgt, og er ikkje redd for å gje på. Elles er verkeleg djupbass til stades, men ikkje på ein slik måte som t.d. servobassane frå Infinity og Mirage. Men bortsett frå til imponatorbruk og til orgelmusikk, er det lite poeng med slike subsoniske tonar som eigentleg berre skapar meir problem enn du hadde i utgangspunktet. Såleis tykkjer eg Ace 2 er ein av dei meir fornuftige subbane på marknaden. Dei aller fleste normale ”bassformidlarar” (unntak for bipolare, kabinettlause, transmisjonslinje, hornlada, planare og trykkammerkonstruerte bassar) er ikkje så presise i bassattgjevinga som verkeleg og akustisk musikk. Men det er godt å ha desse lave oktavane med seg likevel, utan at det buldrar og brakar, og med akseptabel presisjon, slik Ace-systemet (les: servo-bass-systemet) har.

Det sterkaste argumentet  for å bruke Ace 2 saman med  Black Diamond er auka dynamikk og dermed større musikalitet, spesielt i mitt største lytterom på 41 m2. Kombinasjonen tener etter mi meining på å legge delefrekvensen ganske lavt, beste lyd fekk eg då eg anslo delefrekvensen var til mellom 60 og 70 Hz. Då var lydbiletet svært godt. Eg prøvde Soundcare under, og desse var obligatoriske når lydtrykket var litt høgt. Ikkje slik at Ace 2 er buldrete, men lyden vart reinare og meir ryddig med desse ekstrabeina. Eg fekk skikkeleg lyst til å prøve oppsettet med 2 stk Ace 2, men det får vere til ein annan gong. Saman med Black Diamond vert då også dette eit heller kostbart høgtalaropplegg med til saman 19 kilokroner.

Til sist vart Ace 2 brukt saman med JVC sine tremembranhøgtalarar. Her vart det hengekøyeeffekt, masse på frekvensfløyane og lite mellomtone. Ettersom Ace 2 ikkje speler særleg mykje over 100 Hz, og tremembranhøgtalarane ikkje leverer mykje under 200 Hz, er dette ein langt frå ideell kombinasjon.

Heimekino hadde eg ikkje rigga opp under utprøvinga, men eg ser ingen grunn til at Ace 2 ikkje skal gjere ein kjempejobb her, med ikkje alt for små hovudhøgtalarar. Det er truleg viktig at desse klarar å levere kraftig lydtrykk eit stykke under 100 Hz for å skape saumlaus overgang til Ace 2.

Av andre subbar eg har prøvd av høg kvalitet, finnest det fleire som er i stand til å gå djupare med større lydtrykk enn Ace 2, noko som mange vil finne imponerande ved fyrsteinntrykket. Spesielt servobass-systema frå Infinity og Mirage sine største modellar på 90-talet gjer dette, og sjølvsagt er det artig å få med seg frekvensar som kryp ned mot 20 Hz, og kanskje under dette også. Men Ace 2 leverer meir korrekt lyd, og gjer det som må til utan å overdrive. Såleis må dette seiast å vere ein svært god subwoofer, og på mange måtar betre å leve saman med enn dei ovannemde. For fyrste gong kan vi snakke om ein lydleg korrekt servo-sub.

Konklusjon:
Det er ikkje alltid du treng ein sub, men i mange samanhengar er dei svært nyttige, særleg for folk som ikkje har mannstore hovudhøgtalarar. Audio Pro Ace 2 er eit godt alternativ som spelar naturleg, er lett å plassere optimalt, og som tilfører dei fleste anlegg akkurat så mange kvalitetar i bassområdet som trengs, utan å gje seg til kjenne med brautete kjekkas-lyd. Ace 2 var i samanheng med Black Diamond frå same produsent diskret og nesten umerkeleg til stades, slik seriøse basskonstruksjonar bør vere. Eg vil tru at dette også vil vere tilfelle med andre mellomstore høgtalarkonstruksjonar som kan levere anstendig lydtrykk ned i mot 60-70 Hz. Er lytterommet ditt stort, vil du ha stor glede av ein Ace 2 saman med hovudhøgtalarar av "normal storleik".  Ein svært anvendeleg og god sub, spesielt godt eigna til hifi. Men til bruk i surroundoppsett med bitte små satellittar trur eg rasedyret Ace 2 ikkje kjem heilt til sin rett.

Tekniske data:

  • 500 W RMS
  • Potmeter for volum, delefrekvens og fase
  • 10” slavebass
  • 4 stk 5 ½” basselement
  • Frekevensområde 18 – 100 Hz
  • Vekt 15,2 kg
  • Pris: 6495,00

Kommentar til oppgjevne data:

Vi har fått melding frå ein av våre lesarar som er eigar av Ace 2. Effekten oppgjeven av Audio Pro er nok svært optimistisk, og sannsynlegvis såkalla "musikkeffekt" som ikkje er realistisk. No kjenner vi ikkje driftseffekt til høgtalarelementa, men om vi snakkar om aktuell effekt RMS, vil sannsynlegvis målingar syne verdiar nærare 200 Watt. Vår lesar har vidare målt - 3dB-punktet til å ligge ved 33 Hz, noko som harmonerer betre med mine kommentarar til lytteinntrykket av Dark Side Of The Moon-hjarteslaga enn dei oppgjevne 18 Hz. Etter det vår lesar skriv, er det grunn til å presisere at Ace 2 ikkje leverer "jordskjelvbass" om du har forventningar om slikt, t.d. til meir spenstig heimekinobruk.  Likevel er det naturleg og fin bass, men altså mest eigna til hifibruk. Skal du ned i det subsoniske bassområdet, må du nok til med heilt andre og større konstruksjonar.

Importør: www.nebyhifi.no

Produsent: www.audiopro.com

Read 5543 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.