Saturday, 30 March 2019 09:04

Abrahamsen A-DAC USB Converter - Stig Arne si dagbok mars 2019 Featured

Written by

Eg har alltid sagt at ein skal ikkje testa eit produkt i ein fei. Og i alle fall ikkje midt på dagen i fullt dagslys - og klink edru. 

Likevel er det akkurat det eg har gjort denne gongen. Eg hadde ikkje noko val. Ein hifi-kompis frå Os utanfor Bergen tok ein dagstur til Voss med ein Abrahamsen DAC, som eg skulle få prøva før han selde han. Han skulle eigentleg hatt med ein Abrahamsen integrert forsterkar og, men veret var  dårleg, forsterkeren tung og vegen lang. Kan hende seinare.

Uansett er det meir enn nok med eitt apparat pr. dag, om ein skal få tid til å lytta grundig. DAC-en vart sett til oppvarming, og etter ein prat og ein kopp te kunne me byrja lytta. Eg lyttar normalt på kveldstid med dempa lys, so dette var uvant. Eg kompenserte med å senka persiennene litt, for fyrste gong i år. Eg trur naboane lurte, for ute regna det. Men me hevar oss over folkesnakk. Oppkoplinga er enkel: Frå MacBook Pro går signalet frå USB-utgongen vidare til DAC-en via ein vanleg USB-kabel, og frå DAC-en til stereoanlegget via ein vanleg signalkabel med phono-pluggar. 

 

 

Blindtest

Eg arrangerte det slik at Sturle, som han heiter, ikkje visste kva DAC som spelte, hans eigen, eller min HRT HD. Altså ein blindtest, men det var bortkasta arbeid, for Sturle er svaksynt og såg uansett ikkje kva som var kopla opp bak i kroken. Me spelte den nyleg avlidne nordnorske trubaduren Terje Nilsen, frå albumet Portrett. Me vende stadig attende til den nydelige låta Bergen i kveld, og starta med min HRT. Det let nydeleg, som det godt kan gjera med ein god DAC, sjølv om kjelda er Spotify. Lat meg leggja til at Håvard Holmedal i Stereo+, i ein samanlikning av strøymetenester, konkluderte med at Spotify låg forbausande nær Wimp/Tidal i lydkvalitet, sjølv om Tidal har CD-kvalitet (1440kb/sek), medan Spotify berre strøymer med kring 300 kb i sekundet. Dette tilsvarar grovt det best mogelege i komprimert kvalitet (MP3), medan den ringaste kvaliteten er 128. Mine eigne (avgrensa) røynsler indikerer at alt over kring 200 (som nrk nyttar) kan klassifiserast som akseptabelt, medan alt under ikkje kan. Eg burde vel eigentleg gått over til Tidal, men er sannelig ikkje sikker på om eg vil støtta ein amerikansk rappar heller enn søta bror. Etter alt bråket kring Tidal. Eg ventar til eg får undersøkt litt meir.    

 

Lydkvalitet

Etter oppkopling av Abrahamsen-dac`en var eg fyrst noko forvirra. På ein måte let det meir behagelig, men eg høyrde og at stemma til Terje var noko pressa/markert, som om han var svakt forvrengt, og dermed sto litt fram i heilskapen. Men alt i alt var inntrykket positivt, og etter å ha skrudd godt opp var eg faktisk på kanten til entusiasme. Men det er alltid slik: den som spelar høgast vinn. Dette har forskinga fortalt oss, og dette veit me. Difor er det utruleg viktig å stilla volumet likt for begge apparata, noko som i praksis er vanskeleg utan måleinstrument. Det eine apparatet har gjerne høgare utgangssignal enn det andre, og sjølv når begge apparata spelar likt, kan det høyrest ut som om det eine spelar høgare enn det andre, om det har ein annan klangkarakter. Eg og Sturle kommuniserte difor ofte om volumet var nokolunde rett. 

Etter å ha gått ein del fram og attende mellom DAC-ane tenderte Sturle til å føretrekkja sin eigen, eg trur han gissa kven som var kven, og berre det er godt gjort. Men mot slutten var han sliten og noko usikker. Eg som visste kva som spelte, hadde ein enklare jobb, og føretrekte min eigen. Ikkje til å undrast over eigentleg, sidan denne kostar over 5000 kroner, medan Abrahamsen kosta eit par tusen. So dette var jo ikkje ein rettferdig samanlikning. Men det tok tid før eg var klar til å konkludera, ein indikasjon på at begge var gode. HRT HD har, etter mi meining, eit større, opnare og glattere lydbilete med mindre forvrenging, og mindre brems. Med Abrahamsen var det turvande å skru opp litt for å få av handbrekket. 

 

 

 

Test?

Uansett var dette ikkje ein seriøs test, berre ei uhøgtideleg utprøving. Men likevel interessann, avdi eg har lite røynsle med andre DAC-ar enn HRT og Audioquest. Og det er viktig å leggja bak seg eigne (og andre sine) fordommar. Etter lang tid med denne hobbyen veit eg veldig godt at folk har ein lei tendens til alltid å føretrekkja sitt eige apparat - om dei veit kva som spelar. Difor gjennomfører eg blindtestar so ofte eg kan, om det det let seg gjera. Det er berre å invitera ein kompis eller to eller naboen på øl, so kjem dei.         

Etter avslutta “test" sa Sturle noko eg sluttar meg til 100 prosent: Det avgjerande er kva du kjenner når du skrur ned for kvelden. Tenkjer du -åh, det var godt, eller hadde du lyst til å spela meir? 

 

PS.

Etter ein sjekk på Abrahamsen Audio på nettet ser me at DAC-ane er utgått, og at programmet i dag består av V20 UP integrert forsterkar, V30 UP forforsterkar, og V40 UP effektforsterkar, alle i tilsynelatande identiske kabinett. Og kvar har det vorte av den nye flotte og sylv-farga "25-wattaren"  “The 2 Channel Power Amplifier” som var Abrahamsen sitt fyrste produkt (trur eg) etter skilsmålet frå Electrocompaniet? Og for dei som ikkje veit det, er Abrahamsen synonymt med Per Abrahamsen, som grunnla Electrocompaniet på 70-talet med den no vidgjetne "25-wattaren" og tillhøyrande forforsterkar, som er populære på bruktmarknaden. Eg reknar med at alle seriøse audiofile har eit slikt sett? Sjå fram til ein samanliknande test av Nad og Electrocompaniet sine respektive 25-wattarar når den tid kjem. 

 

 

Ølspalten

OG VINNAREN ER…..

Eg har eigentleg slutta å utropa vinnarar. I alle fall når det gjeld øl. Øl er ei smakssak, nokre likar kraftige og smaksrike øl, andre likar mindre smak og meir lesk. Gjeld det same for hifi? Før var eg ung og sint, og utropte sigerherrar. No er eg berre ung, og innser at det og innanfor lyd finst ulik smak. Nokre vil ha lyden fyldig og romantisk, andre vil ha han ljosare og tydelegare. Men her er eg strengare: Sjølv om eg ser at lyd og er ei smakssak, vil eg gjerne finna ut kva produkt som er det beste, i den forstand at det slepper ut mest lyd og minst vreng. Slik sett går det faktisk an å kåra ein vinnar. Det er i alle fall det eg freistar å gjera, når eg no har teke føre meg dei ulike Nad 3020 for å finna ut kva som er skilnaden mellom dei, og kven som eventuelt er best. Det synte seg å vera litt av ein jobb, som eg framleis er midt i. Akkurat no lyttar eg til radio/receiver-varianten  Nad 7020, som er ei samanbygging av 3020 og tuneren 4020. Denne synte seg å vera langt meir underhaldande enn eg hadde trudd, i den grad at eg framleis lyttar til han, og nektar å kopla han ned att. Inntil vidare. Testen har difor drege ut. Men avgjersla kjem. 

 

 

Og avgjerdsla har og kome med omsyn på juleølet. Eg hadde ikkje tenkt å kåra nokon vinnar. Alle var gode, kvar på sitt vis. Men når eg ut i februar fann ut at det lokale polet faktisk hadde store mengder juleøl att av dei fleste norske sortane, kjøpte eg inn til kontoen skreik, og prøvde dei ein etter ein, nett som før jul. Og denne gongen var det faktisk ein som peikte seg ut, ikkje avdi han var best på alle punkt, men avdi han var so god på mange. Han er passeleg smaksrik, passeleg søt, høveleg humla, og har ein utsøkt maltfylde med assosiasjonar til kandis, tørka frukt, eller kva det no er. Eg skal koma attende til det når eg har klart å setja fingeren på det. Ølet er høveleg bittert, avslutninga er ikkje vassen slik Ringnes sine øl var i år (men bevares, dei var gode dei og). Og høveleg kraftig, utan for mykje “kaffi”, eller stout. Eit fint balansert og velsmakende øl, med andre ord, og vinnaren er: Christianssands Bryggeri Juleøl 6,5%. Me gratulerar.   

Read 7404 times Last modified on Sunday, 31 March 2019 04:25
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei