Sunday, 21 April 2024 11:33

Tre historiske kassettspelarar – Stig Arne si dagbok Mars 2024 Featured

Written by

 

Eg har prøvd ut tre gamle kassettspelarar. Har da rabla, eller er dette heilt i tråd med tidsanden? Om ikkje anna kan du sjekka ølspalten.   

 

KASETTMEDIET

Eg må nesten be om orsaking på førehand. Det er slett ikkje vanleg å skriva om gamle kassettspelarar, so dette er sikkert ikkje like interessant for alle.  Men sidan både platespelarar og kassettspelarar opplever ein viss renessanse, er det kan hende stovereint likevel? 

For eg har huset fullt med kassettspelarar. Det byrja med ein, no nærmar det seg 10. Eg må nesten sitera Bjørn Eidsvåg frå ein av dei beste platene hans: "Det vakje sånn det sko verr, det vakje sånn det sko bli”. Med slik er det med tilfeldigheitene. Eg har hatt eit par liggjande i påvente av reparasjon, og so har eg fått ein del i tillegg frå vener og lesarar av dagboka, ofte gratis, og når eg no har fått meg ein ny lokal reparatør, har eg brått ein heil stabel  med fullt fungerande spelarar. 

Kva er “normalt”?

Dette er ikkje noko som audiofile normalt driv på med. Ja, eg må nesten få lov til å kalla meg audiofil, sjølv om det høyrest jålete ut. Eg har berre gamal og velprøvd hi-fi, men freistar i alle fall å få mest mogeleg ut av han. Som dei seier: Djevelen ligg i detaljane. Er anlegget fornuftig satt opp, rett kopla saman og godt plassert, kan det gje mykje god lyd.

Men kassettspelaren er eit “low-fi” medium. So kva skal eg med det? Eg måtte spørja meg sjølv: Kva skal du med det? Eg strever med svaret. Eg hadde kassettspelar i mine unge dagar. Det hadde jo “alle". So det er mykje nostalgi inne i biletet. Eg tykkjer det er fornøyeleg å sitje å sjå spolane gå rundt. Eit lite mekanisk underverk, som ei klokke. Er du klar over kva summar entusiastar brukar på klokker? Er det noko betre å sitja å stira på ei klokke? Sjå visarane gå rundt? Gje meg heller ein kassettspelar. Den kjem det i alle fall musikk ut av, og ikkje berre tikk takk. Tida kan du sjekka på mobilen. (Eller som russiske klokker: Tak tikk tak tikk. Eller mobilen: Tik tok, med direkteline til kinesiske styresmakter). Om du har glede av å spela gamle (eller nye) kassettar, kva er problemet? Eg kan nemna fleire ting eg tenkjer er mindre normalt, men me stoggar der.  Aktuelt tilbehør: Fyr i peisen, pizza og raudvin.   

Brukande til kva?

Kva kan du bruke ein kassettspelar til, i desse dagar? Å spela inn frå CD har liten hensikt. Du har all musikk du måtte ynskje på Spotify og denslags. Men kva om du likar analog lyd? Då kan du låna gamle LP-plater frå bibliotek, vener og uvener og spela inn på gamle kassettar. Rett gjort kan det verta vel so bra som digitalutgåva, og gratis. Og NRK sender stundom konsertar direkte, som du ikkje får høyrt elles. Rett nok digitalt, men likevel. Eg har m.a.o. planar for bruken. Og ikkje berre sitja og sjå bandet gå rundt. Du har sikkert nokre idear sjølv og! 

Kjøpa brukt

Spør alltid seljaren om spelaren har fått nye reimer. Viss ikkje, må dette alltid gjerast, for gamle reimer morknar. Det vil kosta deg minst ein tusenlapp. Ein spelar som er satt vekk for mange år sidan og er til sals støvete og utan sjekk (og dette er diverre det vanlege), er ikkje verd mange kronene. Dei seier at han virka då han vart satt vekk, og påstår at han verkar, men det gjer han aldri, for i mellomtida har reimene morkna og slitna som ein gamal gummistrikk. Tru meg. Eg har erfaring.

Reinhald, vedlikehald og enkle reparasjonar tek eg meg ofte sjølv. Men å byte reimer kan vera ein jobb for ekspertar, i alle fall på sume maskiner, so dette overlet eg til reparatøren. Reingjer lydhovud og kapstanaksel ein gong i veka eller når du hugsar, og i alle fall før opptak. Isopropanol/blåsprit får du på jernvarehandelen; ein dråpe på ein Q-tip. Evt. ein dråpe vodka.   

Sony TC-186SD (1976-1979)

Dette er (var) ein relativt rimeleg spelar tippar eg, men han er tung og solid, slik dei ofte var tidlegare. Eg fann han på den lokale bruktbutikken Brukt´n, og lånte han med meg heim for å hjelpa dei å finna ut om har virka eller kunne la seg berga. Det kunne han, reparatøren har satt i nye reimer og kunne fortelja at slitasjen var liten. Det er viktig.

Mange spelarar har sett sine beste dagar og er berre å levera på miljøstasjonen. Slitasje kan du t.d. merka på manglande diskant. Han meinte òg å vita at ein kunne få bra betalt for denne på e-bay. Eg trudde ikkje at ein spelar som var so gammal at han hadde piano-tangentar (70-talet?) hadde noko å stilla opp med, men vel heime imponerte han kolossalt.

Lyden er klippefast, frisk og detaljert. Nærare utprøving med ferdiginnspelte kassettar som Paul Simon “Graceland” (Dolby) og Vamp “13 humler” (utan Dolby) synte at lyden var i overkant frisk, dvs litt mykje mellomtone, slik eg har oppfatta mange Sony-produkt. Men sidan kassettmediet ofte kan gje ei noko mattere framstilling enn originalen, trur eg denne i praksis kan gje eit godt resultat generelt. Sidan eg har for mange, vert han lagt ut på Finn. Reparatøren passar òg på å leggja att ein dråpe olje på kritiske stader, og då kan ein slik spelar ha mange gode år framføre seg. Reimene kan halda kring ti år.  

Technics M 205 (1981-1984)

Dette var ein av dei aller billegaste frå Technics, men dei har godt rykte. Signalkablane er lodda fast på baksida. Liten og lett, vanleg breidd, men ganske kort (djup), so det er ikkje sikkert du kan stabla noko oppå.

På fyrste forsøk etter istandsetjing let han mørkt og uinteressant, og vart sett vekk. På andre forsøk spelte han mykje betre, men midt i kassetten byrja han å gå på halv fart, og til slutt svikta alt, med unntak av lyset på VU-metra. Utruleg nok kom han til seg sjølv att etter ei stund, men kjendest ustabil, so eg sette han på kjøkenbenken og skrudde av loket i von om å finna feil. Eg ohma sikringene med multimeter, og ja, den eine sikringen synte “uendeleg motstand”. Eg fann ny sikring (400mA) i rotekassa, og etterpå spelte han skikkeleg fint, med unntak av ein litt myrk og ikkje heilt gjennomsiktig mellomtone. Men både bass og diskant var strålande. Lyden myrkna att, men det ordna seg med Q-tips og isopropanol. Ein liten sjarmør denne, lett å betjenta, kvikk, men behagelig lyd. Merk at korleis desse spelarane oppfører seg med eigen-innspelt kassett, har eg ikkje rukke å finna ut av. Men det er alltid eit godt teikn at dei spelar bra på ferdiginnspelte. 

Nakamichi BX-100E (1984-1987)

Lei av gamle og ikkje-fungerande maskiner var eg heldig og kom over ein vaskeekte Nakamichi, og då er vi over i ein litt annan klasse. Dette var rett nok Nakamichi sin rimelegaste spelar den gong då (kring 3500 kr), men likevel dyrare enn konkurrentane. Nakamichi er kalla kassettspelarane sin Rolls Royce, og so får berre Tandberg-tilhengjarane verte so sure dei vil. Eg har høyrt fylgjande soge frå den tida kundane gjekk i butikken for å kjøpa kassettspelar: Kunden vurderte fleire spelarar, og ekspeditøren kom til for å rettleia: “Du veit, det finst to typar kassettspelarar: Nakamichi, og alle dei andre”.   

Dette er ein enkel og elegant spelar, med full logikkstyring. Du kan trykkja på alle kontrollane i full fart, frå play til kven som helst av dei andre (utan å måtte gå via stogg), heilt utan problem eller bandsalat. Rein luksus. Og lyden ligg ganske tett opp til den presentasjonen eg får på Spotify av same musikken (eg måtte sjekka). Det spelar reint og riktig. 

Forløparen heiter BX-1. Modellen over, BX-150E er identisk med BX-100 med unntak av Dolby C i tillegg til Dolby B. Kva skal du med det? Eg brukar ikkje eingong Dolby B. Desse støyreduksjonssystema reduserer rett nok støyen litt (sus), men drep lyden. Alle eg kjenner som har litt peiling brukar ikkje Dolby. (Men om ein ferdiginnspilt kassett er spela inn med Dolby, skal han spelast av med Dolby, om han ikkje er so sliten at all diskanten er vekk. Då får du ljosare lyd ved å ikkje bruka Dolby. Neste modell opp er BX-300E, den siste med same utsjånad, men med tre lydhovud, og ein merkbart høgare pris. Mange, og endå dyrare modellar finst, og er svært ettertrakta på bruktmarknaden, til høge prisar. Saman med sveitsiske Revox og Tandberg, for å nemna dei mest ettertrakta og dyraste. Eg var ikkje ute etter ei dyr og eksklusiv maskin, men ei enkel og påliteleg. Og god nok.

Ein omtale av ein Tandberg eller to vil fylgja seinare.       

ØLSPALTA

Ja, me fann nokre påskeøl i butikkane og på Polet, men ikkje mange. Det er tydelegvis ikkje ei like stor sak som jolaølet. Kvifor ikkje forresten? Uansett er det for seint å melda påskeøl no. Det får venta til neste år. 

Men me tek med Kinn Påskeøl frå Polet, 6,5%: Det var vel den beste av dei hugsar eg rett. Fyldig, balansert, ikkje ihel-humla, aromatisk malt. Nydeleg. 

Jemimas pitchfork golden ale 5% er frå Glamorgan Brewing Company i Wales, ei halvøy sørvest i England. Nydeleg øl, malten gjev ein smak av toffee/ljos sjokolade. Myrk sjokolade er me vane med frå jolaølet, men “mjelkesjokoladen” overraska oss. Smakinga gjekk tilfeldigvis føre seg i nabohuset midt i mellom Lars og meg, hjå Steinar og Sigrid, som dimed utan store protestar debuterte i smakspanelet. “Pussig smak” var førsteinntrykket frå Lars og Steinar, men ikkje rarere enn at innhaldet forsvann raskt. Oppsummert: Moderat humle pluss toffee. 

Baren-Weisse er ein bayersk kveitebrygg, og typisk sådan. Hint av fersken og appelsin. Ikkje mykje meir å seia om det.

Hopo 6,2 IPA stong & hoppy, 6,2% er frå Skottland. Han luktar kraftig av humle, og er litt turr og bitter, ikkje noko for Sigrid. 

Sullivans Black Marble Stout (5,1%) er frå Irland, so det kremaktige skummet overraska oss ikkje. Mild og fin, denne kunne Sigrid like. Kunne vore sterkare, kommenterer Lars. 

Veltins Pilsener 4,8% frå Tyskland kunne vore selt i butikk, om har var ein tidels prosent svakere! Uansett, det var ein frisk pils, ingenting stikk seg ut. Godt humle-bet, balansert og rik smak. God!

 

Read 1600 times Last modified on Sunday, 21 April 2024 12:18
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei