onsdag, 31 desember 2003 23:00

Vincent SA 93

Skrevet av

Denne forforsterkaren er typisk utan dill (no-nonsense). Inngangsveljar, volum, muting og av/på-knapp er alt du finn på framsida, i tillegg til ein jordingsknapp. Litt lite å betale for? Slett ikkje. Dette er dei funksjonane som skal vere i ein forforsterkar.

 

 


Så er det litt snacks i tillegg: på fjernkontrollen kan du dimme lyset på displayet, dersom du tykkjer bokstavane vert litt prangande i stua kveldstid. Du kan også slå det heilt av, då dukkar ei raud diode opp på volumknappen, slik at du kan ha kontrollen på kor høgt du spelar. Så er det ein jordingsknapp. Denne slår av kontakta til jord, og du kan eksperimentere med om dette gjer meir eller mindre støy. Dette kan variere i ulike oppsett. I mitt tilfelle var effekten eit spørsmål om dei andre Vincent-apparata hadde aktivisert denne funksjonen. (Sjå meir om dette i artikkel om dei tre apparata til saman.) Uansett er Vincent-produkta svært støyfrie.

Om den praktiske bruken er det lite å seie. Seks inngangar, av desse ein balansert. Denne forforsterkaren er skikkeleg. Fjernkontrollen er skikkeleg. Displayet gjev deg den informasjonen du treng, kor sterkt du spelar, og kva signalkjelde som er i bruk. Og meir er det ikkje bruk for etter mi meining.

INNI: Etter å ha fjerna 12 skruar, kunne eg sjå det indre av SA-93. Seks av skruane kunne eg spart meg å løyse, dei over straumforsyningsdelen. Forforsterkaren er delt i to separate deler, med felles frontplate. Det einaste eg kunne sjå på straumforsyningsdelen var eit lite klistremerke med teksten "DC 5KV TESTED" Den andre delen er nok det ryddigaste og skikkelegaste eg nokon gong har sett. Ikkje eingong i Kina kan det vere billeg å få montert komponentane med slik pietisme. Høgkvalitetsdelar er no eingong høgkvalitetsdelar og kostar ein del, så at denne kostar knapt 14000 (for å vere presis: 13 998) er det absolutt ikkje noko å seie på. Så både innsida og utsida osar av kvalitet.

image

LYDEN: Det tok ei stund å spele inn Vincent-anlegget. Eg gjorde alt på ein gong, og kan ikkje ta stilling til om forforsterkaren skilde seg spesielt ut. (Sjå generell artikkel om Vincent). Då dette var gjort, tok lyttinga til. Eg brukte min gamle Audio Reserach SP 10 som referanse, og på fleire måtar må det seiast at Vincent gjorde det betre. Støy forsvann fullstendig. Mikrodetaljane kom endå betre fram, og brukskomforten auka enormt (fjernkontroll + at forforsterkaren kunne stå på heile tida) Vi har her gått bort frå det kvalitetsnivået der vi kan snakke om dårleg/god lyd. Denne forforsterkaren har sin eigen karakter, og det vert opp til deg sjølv kva du likar. Vincent SA-93 sitt særpreg er lettast å forklare gjennom å seie kva det ikkje er: Absolutt ikkje som gamle rørforsterkarar Her er fokus heller på detaljane enn klangen. Ikkje som Electrocompaniet sin klang, meir fokus på det dynamiske i musikken. Skal det samanliknast med noko, er Dynamic Presicion det næraste eg kjem på (må innrømme at det er lenge sidan eg høyrte ein Ernstsen-konstruksjon no….)? Også plasseringa av instrumenta i rommet upåklageleg, om enn ikkje som eit oppsett Conrad-Johnson, då heller som Mark Levinson.

SA-93 er ikkje nokon rimeleg forforsterkar, men kan samanliknast med langt dyrare konkurrentar. Den er blotta for svake sider, og bør absolutt vurderast, dersom du trivest med den typen særpreg som Vincent legg opp til. Dette er Vincent sin toppmodell. SA 91 er også balansert og kostar 2000 kr mindre. Svært spennande er også SA 31, som ikkje er balansert, men som er bygd opp med rør, og har ein pris på 3998(!) Einaste saknet eg har, er phonodel til platespelaren. Men importøren har lova meg å sende Vincent sin separate så snart han kjem på lager (pris 998 kr, den billegaste i landet?)

Link: [ importør ]

Lest 9560 ganger
Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.