Thursday, 19 December 2019 16:58

Osafestivalen 2019 - Der tradisjon møter samtid Featured

Written by

Osafestivalen - Ole Bull-akademiet på Voss sin årlege folkemusikkfestival - vart avvikla i helga 24.-27.oktober i Voss, denne gongen under den nye festivalsjefen og daglege leiar Ida Dyrkorn Heierland si leiing, eit rivjern av ei kjerring (eigentleg ei ung pen dame), som med stort engasjemang bles liv i alt ho tek tak i. Saman med mellom andre kunstnarleg leiar Steinar Ofsdal hadde dei skipa til eit mangslungent program. Det tjuvstarta alt tysdagen i førevegen med ei tilskiping på Hangurstoppen; konsert med studentane frå akademiet pluss billett med den nye Hangursbanen for 200 kroner! Eg gjekk diverre glipp av denne grunna ei parallell tilskiping i Kulturhuset. (Men har alt kjøpt sesongkort, so det skal nok verta mange turar med den nye banen i vinter uansett, når snjoen har lagt seg og stålkantane er nyslipte.)

Men alt torsdag var eg på plass i Osasalen for opningskonserten med Johanne Flottorp, ein hardingefeleutøvar med kraftfullt spel og stor formidlingsevne, både i spelet og historiene bak. Umogeleg å ikkje hygga seg i selskap med ei so flott dame og glitrande spel. Eg hadde forresten ingen planar om å skriva noko frå festivalen, sidan eg var “friviljug” og sto i baren heile fredagen. Men redaktøren ville ha reportasje, og sidan eg tok eit par bilete kan det vel verta ein slags reportasje av det. Ser på Iphonen at eg til og med har laga ein video. Det kan eg ikkje hugsa. Det supre med denne festivalen er at du som medarbeidar får eit armband som gjev tilgjenge til samtlege konsertar, så sant du ikkje er på vakt. 

Og vakta på fredagen var knallhard. Eg tappa øl frå Voss Bryggeri sine kraner frå klokka halv 8 til halv 2 på natta, meir eller mindre samanhengande, til tyrste tilskodarar til tre konsertar etter kvarandre i Gamlekinoen. Det er faktisk ein kunst å få øl i glasa, og ikke berre skum. Fyrst ut var Skrekk og Guro, i foajeen, som eg høyrde godt fra baren. Denne svensk-norske gjengen opererte heile vegen frå folkemusikk til jazz med eit rocke-beat som var akkurat det eit feststemt publikum ville ha på ein fredagskveld. Trur eg. Dei to neste gruppene spelte i sjølve kinosalen, og når pågangen i baren var minkande midt under konsertane fekk eg nokre turar inn for å lytta til Valkyrien Allstars og svenske Hoven Droven. “Valkyrien har vorte meir og meir jazzete”, fortel Lars etter konserten, og det var som om eg skulle sagt det sjølv. For ei gruppe Valkyrien har utvikla seg til. Frå nedstemte og dvelande parti via svingande beat var musikken heile tida full av detaljar og finesser som eg trur ville gleda ein musikkelskar uansett sjanger. Og med godt skrudd lyd fra Voss Lyd var dette magisk. Ein stor, detaljert og kraftfull lyd som du berre kan drøyma om å få til i ei lita stove med eit fislete stereoanlegg. Noko av det same kan seiast om Hoven Droven, men eg høyrde diverre berre eit par melodiar. Kø i baren att.

På 3 Brør Kafe på torget midt i sentrum hadde dei plassert ein sofa på ein liten opphøga scene, kor den røynde journalisten Nils Kvamsdal fra lokalavisa “hordaland“ intervjua kjende musikarar, mellom desse felespelaren Knut Buen og Wolfgang Plagge. Eg fekk med meg praten med Buen, og han er litt av ein karakter. Låtten sat laust i salen når Buen mellom mange andre sannsoger fortalde at han ein gong vart spurt om han ikkje spelte djevelens  instrument. “Nei, eg spelar berre på mi eiga fele, eg” svarte han. 

Laurdag 16.30 var eg atter i Gamlekinoen, til “Sterke stemmer - joik før og no”, der Sara Marielle Gaup Beaska fortalde korleis joiken har utvikla seg. Det kan høyrest smalt ut, men med hennar særmerkte stemme og tydelege samfunnsengasjement fekk me eit fasinerande glimt inn i kva kraft som ligg i denne høgst levande tradisjonen, og ikkje berre i Noreg. 

Alf Cranner

“Det hadde eg i alle fall ikkje gidda å gått på” kommenterte ein kompis, han forbandt Cranner med gamal og kjedeleg visesong. So feil kan ein altså ta. Alf Cranner hadde med seg eit stjernelag av jazzmusikarar, intet mindre, Morten Qvenild på tangentar, Roger Arntzen på bass og Andreas Bye på trommer, i tillegg til Knut Reiersrud på gitar. Herlige låtar kom som perler på ei snor, eller kuler på jolatreet, og når Cranner, som ikkje er nokon ungdom lenger, tok seg ein pause i stolen, klemte musikarane til. Og for ei stemmeprakt denne mannen har! Det kom verkeleg overraskande på meg, som aldri har høyrt mannen live før. På dette punktet har alderen så visst ikkje hatt nokon negativ innverknad. Ein overraskande god konsert frå ein gamal visesongar, som i ein alder av 82 (!) har gjort comeback med plata Presang.  

 

Sjå OSAFESTIVALEN.NO for fleire artistar og annan relevant informasjon. 

 

Read 3613 times Last modified on Thursday, 23 July 2020 05:22
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.