Wednesday, 09 October 2019 18:39

Hi Fi Messen Horten - Steinway Lyngdorf Featured

Written by

Eg hadde ikkje før kome inn på utstillingshotellet før eg såg ein kjenning utanføre Sal A, trur eg det var. Den høge kraftige skapnaden med det etterkvart grånende håret var ikkje til å ta feil av. Det var Audio/Fidelity sin eigen vinylspesialist Gunnar Brekke, i avslappa prat med mellom andre Håkon Rognlien, og Fredrik frå HiFi Klubben. Eg gjekk bort for å helsa, Gunnar er jo ein veldig hyggeleg kar, og det var sanneleg Fredrik og. Han har fylgt med skrivinga mi om Nad 3020 og tipsa meg om at Peter Lyngdorf, som skulle demonstrera nokre greier om 15 min, kunne hjelpa meg med info om Nad 3020. Særs interessant! Fredrik seier det var faktisk Peter som i si tid tilsette Bjørn Erik Edvardsen, skaparen bak 3020. 

Eg gjekk difor inn for å lytta, og hadde ei von om å få ein kort samtale med Peter etterpå. Men lat meg fortelja om demoen fyrst. Eg hadde ikkje rukke å utstyra meg med korkje blyant eller papir; sette meg berre rett ned for å lytta. Og dette var verkeleg ein øyreopnar. Ei oppleving eg vil hugsa. Peter Lyngdorf er mellom anna grunnleggjaren av HiFi Klubben og Dali, i tillegg til verksemda Lyngdorf, kor han utviklar heildigitale forsterkarar og romkorreksjonssystem. Men her skal me presenterast for noko stort. I samarbeid med Steinway har han utvikla eit par svære dipole høgtalarar, som skal drivast av tilpassa Lyngdorf elektronikk, eg meiner eg såg ein for-forsterkar, fleire effektforsterkarar, og sjølvsagt ei romkorreksjonseining. Og aktive delefilter, slik at dei ulike høgtalarelementa er direktedrivne? 

Høgtalarane Model B har 6 stk. 12” basselement, vart det sagt, men eg fann berre 3 på fronten. Dei 3 andre fann eg på baksida. Resultatet er uansett at alle elementa jobbar parallelt, sidan dei er monterte på ei plate, i motsetnad til eit kabinett. Det er ikkje uvanleg å snu helvta av elementa i ein slik situasjon, slik at ulinearitetar i elementa liknar kvarandre ut. Eg hadde ikkje veldig høge forventningar til lyden, sidan høgtalarane stod relativt nær bakveggen, som ser ut som skyvedører mellom to avdelingar i salen, og som eg rekna med ville resonnera kraftig i takt med bassen. Høgtalarane var vinkla svakt inn, men berre svakt heldigvis, og sto ikkje katastrofalt langt frå kvarandre (noko som ofte lagar eit lyd-tomrom i midten). 

Eg var med andre ord ikkje førebudd på kva som var i ferd med å henda. Lyden var gjennomanalytisk frå topp til botnen, her var ikkje antydning til slasking og etterslep i bassen, slik det oftast er i bassreflekskasser. Bassen var heilt rein, lynrask, og 100% i fase med resten. Medan bassen frå ein ein liten heimehøgtalar i ei bassreflekskasse normalt er ein katastrofe, var her ei slagkraft og ein presisjon du elles berre opplever på konsert. Det var dramatisk. Bassen sat som eit sleggeslag, og i forbausende liten grad påverka av foldedørene bak. Medan bassen i småhøgtalarar normalt høyrest ut som laus avføring, kom han her gjennom som eit skikkeleg trollbrak. Basstromma kom gjennom like tørr og presis som tam-tam-ar og skarptrommer, og det er  sjeldant. Det var nesten skremmande. Som å verta skoten etter. Seks 12-tommarar har ein voldsomt areal samanlikna med ein liten stativhøgtalar. Eg kan ikkje i farta døma kor djupt i bassen dei rakk, men farta ut i frå startgropene fekk Hussein Bolt til å stå stille.  

Mellomtone-elementet såg ut til å vera eit vanleg dynamisk element kring 6-7 tommar, men stemmer og alle andre instrument i mellomtonen var uansett uvanleg levande og detaljerte. Diskantelementet såg ut til å vera ein band-diskant, i alle fall eit flatt element. Alt som gjekk føre seg i diskanten var sjokkerande detaljert. Eg berre sat og gapte. På spørsmål frå salen svarte Peter Lyngdorf at det samla anlegget - som muligens berre vert selt samla?- ville koma på rundt 1,1 million. Eg er ikkje sjokkert. I dette tilfellet får du lyd for pengane. 

Peter spelte 2-min. sekvensar frå ei rekkje melodiar, for å gje eit breitt inntrykk og for å halda fristen på 15 min. før neste demo. Det var relativt vellukka. På neste demonstrasjon gjorde han det same, men denne gongen på eit langt meir fåmælt anlegg. Her gjekk lyden gjennom eit par heilt ordinære relativt små tovegs vegghøgtalarar (MH-2), med 6,5” bass og domediskant. I hjørnet sto ei lita lukka 14 ltr. basskasse med 10" element. Det var ein total katastrofe samanlikna med kva me hadde høyrt i førevegen. Sjølvsagt spelte dette anlegget også godt, men i samanlikning vart det kleint. Det var berre so utruleg tydeleg korleis samanhengen i lydbildet no vart skadelidende. Mellomtonen var god, men S-lydane var der, og diskanten var på ingen måte like definert som meir eksotiske typar. Og bassen var ein katastrofe, som du kan venta når ein 10-tommar skal freista å gjera same jobben som 6 tolv-tommarar. Det var ikkje ein luftpistol som senka Blucher. Ein 10-tommar klarar ein del, men 14 liter er truleg litt lite. 40 er meir vanleg. Og truleg gjev hjørneplassering  mykje resonnansar og ujamn frekvensgang. Men det er visst slik dei brukar gjera det i heimekinoen.   

Uansett var dette ein godt gjennomført demonstrasjon. Eg opplever ofte at eit godt og nøye utvalt lite og rimeleg anlegg kan låte svært godt, og i mange høve like godt som eit dyrt, men ikkje i bassen. I bassen trengs volum. Peter Lyngdorf demonstrerte korleis ein stor høgtalar riktig driven kan gje dramatiske resultat, langt utover kva me vanlegvis får oppleva. 

Meir stoff frå messa i neste artikkel.      

Read 5709 times Last modified on Tuesday, 18 February 2020 06:51
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.