Saturday, 06 October 2018 09:16

Hortenmessa 2018 - messerapport med video Featured

Written by

Hortenmessa vart avvikla for 17. gongen på rad, og vi var til stades med kamera og mikrofon.

Stereofil

Stereofil hadde med seg mykje spennande. Dei har no agenturet for Luxman, ein av dei japanske hifiprodusentane med best rykte. Kjende for klasse A-konstruksjonar, men har også platespelaren som audiophile.no har testa med godt resultat.

Manley er også eit merke Stereofil har fokus på. Dei hadde med seg den vanvittige 300B Neoclassic forforsterkaren, som ikkje liknar på så mykje anna her i verda. Endå meir spennande var dei heilt nye øyretelefonforsterkarane - rørbaserte, og svært skikkelege.

 
 

McIntosh-senter

 
OHC satsa i år på å lansere McIntosh-senter, det andre i verda. Ligg i Oslo, Dronningens gate, og er eit samarbeidsprosjekt med importør Erling Neby. Senterfolka har ambisjonar om å kunne syne fram dei aller fleste McIntoshprodukt til ei kvar tid...
 
 
 

Klangfilm og Shindo

Høyrt om Klangfilm? Dersom du frekventerte tyske kinoar anno 1950, vekkjer kanskje dette minner? Jørn fortel litt om desse - og ikkje minst om elektronikken han brukar. Ikkje ideelle omgjevnadar til skikkeleg demonstrasjon, men du verda - 70 år gammal hifi kan framleis imponere.
 
 
 

Audioaktøren

Audioaktøren stilte ut Eminent Technology-høgtalarar. Dette burde vere favoritthøgtalarane til mange entusiastar. Svært mykje for pengane, etter mitt syn.  Og Terje hadde som vanleg med seg spolebandspelar.  
 
 
 

Nordic Sound

 
Nordic Sound hadde med seg ein Onedon hornhøgtalar i superklassen saman med Leben forsterkaren. Og vi kunne høyre kor god match horn + rør er....
 
 
 

Hegel

Ny forsterkar frå Hegel - H590 vart presenter av Soundgarden, og demonstert på Dynaudio, som også kom med sitt svar på livsstilslyd, med svært gjennomtenkte kontrollfunksjonar. 
 
 
 

Norsk Audio Teknikk

 
Norsk Audio Teknikk synte fram ein av verdas vakraste platespelarar. Dyr, men forbaska god...
 
 
 

Lydcompagniet

Lydcompagniet demonstrerte noko av dei mest brutale subwooferar eg har høyrt. 
 
 

Little Fwend

Little Fwend vart demonstrert, og den kjekke plateliften fungerte feilfritt. Det vart spelt på Quad anno 1957, og Big Dipper synte fram ein del av sine skattar.
 
 
 

Tonkraft

Vi fekk også høyre prototypen på ei ny, svensk oppfinning som skal hente meir informasjon ut frå lydopptak av alle slag. Noko som må prøvast ut når produktet er klart.
 
 
 

Mala Audio

Mala Audio hadde eit flott oppsett, med ein svært interessant rørforsterar - høg kvalitet til overkomeleg pris. Og så presenterte dei hornbaserte høgtalarar dei sjølv hadde utvikla.
 
 
 

Hagto Audio

Hagto er eit ekte entusiastfirma, som elskar agentura sine. Og har no også utvikla sine eigne høgtalarar, som debuterte på Hortenmessa. 
 
 
 

Hortenmessa

Messa var mykje besøkt på laurdag, medan søndagen hadde noko for fint ver til at dei heilt store folkemengdene stimla saman på hotellet. Men uansett ei god messe, som det var kjekt å besøke. Takk til alle utstillarar som tok seg umaken med å ta varene sine til Horten, og spesielt takk til folka som tek jobben med å organisere og gjere det praktiske arbeidet. Vi treng Horten-messa, og om tre år er det jubileum!
 
 
Read 7454 times Last modified on Saturday, 06 October 2018 10:23
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.