Tuesday, 26 September 2006 23:00

Audiofilmesse i Stavanger

Written by

Artikkelen vart sletta på grunn av ein feil, men er rekonstruert og vert no publisert på nytt, akkurat i tide til at interesserte på Nordvestlandet kan få med seg siste messedag i Molde.
Hificenterkjeden bestemte seg for å gjenta suksessen med å arrangere landets største hifimesse i Stavanger Forum, og var ikkje snauare enn å spandere reise og opphald på Arve m/frue. Så her er omtalen av messa.

 

 

Av Arve Åheim 27.september 2006

Stavanger og omegn er svært rikt på lyd- og bildeinteresserte, og med den gode økonomiske utviklinga her, er dette eit opplagt satsingsområde for seriøs lyd- og bildeattgjeving.

Fredag var fyrste messedag og hadde eit strålande ver, så frammøtet var difor ikkje så kolossalt, noko som heller ikkje kan reknast med på ein fredagsettermiddag. Men dette endra seg med storinnrykk av publikum på laurdag og søndag, slik at messa vart besøkt av totalt 1783 betalande, ei auke på 20% samanlikna med fjoråret. Altså igjen landets største lyd- og bildemesse. Dagleg leiar Anders Ertzeid var difor svært fornøgd, og det er stor spenning og forventningar til neste Audiofil-messe, som kjeda skal arrangere i Molde.

Messa var som vanleg innhaldsrik, sjølv om det naturlegvis saknast at ikkje alle landets hifi-importørar var til stades. Når det likevel ikkje lukkast å få til ei generell messe (dei som ynskjer dette, må nok vente til Horten-messa i november), er det ingen som kan mønstre like stor breidde i utstillarar som Hificenterkjeden. Som sist satsar dei ikkje berre på eigne agentur, men også alle dei norske leverandørar som Hificenterkjeden handlar med. Og det er mange, ikkje berre med audiofile varer, men også med mange utstillarar av ”videofile” produkt.

Pressa var også til stades. I tillegg til dykkar inviterte frå www.audiophile.no, var også Knut Vadseth og Gunnar Brekke der for Fidelity, og selde både abonnement og nummer i laussal på eigen stand. På Lyd og Bilde-standen vart det freista med massevis av DVD-filmar til svært låge prisar innimellom abonnementteikningane.

Knut og Gunnar hadde tatt seg fram frå hovudstaden med bil ved hjelp av GPS, men når det gjeld bilelektronikk var nok dei to messebilane ein del heftigare. Karane frå Lyd & Bilde styrte lyden på ein ”Pioneerbil”, som var utstyrt med eit utvendig anlegg beståande av fleire effektforsterkarar enn eit middels rockeband, og subwoofermodular som meir enn noko anna likna på militære installasjonar om bord på ein torpedobåt. Ikkje tenkt til å køyre rundt på vegane med, men i denne settinga var det iallfall eit blikkfang av dimensjonar.

JBL

Denne ærverdige 60-årsjubilanten hadde også med seg bil, og det vart ved iallfall eitt høve demonstrert lydtrykk som fekk halve messeklientellet til å flokke seg rundt vedunderet, på same måte som når gammaltiuren spelar opp på standplassen. Heldigvis var det erfarne audiofile som styrte lydvolumet, og ein unngjekk at JBL og Pioneer utfordra kvarandre til ein spelekappleik som kunne påført aktørar og publikum høyrselsksadar - det var iallfall potensiale nok i anlegga.

Denne legendariske produsenten er nok ikkje fyrst og framst kjent for bilstereo, men brukar si omfattande kompetanse på å utvikle også dette. Dei har 60-årsjubileum i år, og stiller ut eit representativt utval av det breie høgtalarutvalet. Her var nokre av dei mest spennande hi-end-konstruksjonane i Concept Array-serien (sett opp i anlegg av det definitivt mest ambisiøse slaget), så vel som glimrande heimekinohøgtalarar og morosame PC-høgtalarar for dei som er opptekne av designa på høgtalarane sine. Kjekt var det også å sjå at dei har lansert jubileumsutgåve av den legendariske TL 260, ein av dei mest rocka høgtalarane frå JBL gjennom 80-talet. Prisen på knapt 25 kkr burde ikkje vere særleg avskrekkande for den verkelege entusiasten, spesielt ikkje samanlikna med Concept Array-serien som startar på det doble i pris.... Elles må vi skunde oss å nemne Northrigde-serien som står for eit langt meir snusfornuftig prisnivå enn dei sakene ein gammal JBL-entusiast ynskte å bruke tid til å finhøyre på.

Ny aktør: Harman Neby

JBL er i dag eigd av Harman International, som no har inngått eit samarbeid med Neby Hifi-concept og danna Harman Neby med ansvar for nokre svært interessante agentur. Christian Åkre  demonstrerte såleis også Harman Kardon sin komplette heimekino, der ein flatskjerm-TV var i eit matchande design som DVD-receiver og høgtalar. Fornuftig pris, veldig greitt, slett ikkje prangande, og på alle måtar med Harman Kardon sitt særpreg. Eg har lenge oppfatta HK som veslebroren til McIntosh, men det står att å gjere samanliknande testing.

Også Infinity distribuerast gjennom Harman Neby, men dette er ikkje eit merke som går gjennom Hificenterkjeden. Det har vore omleggingar av både produkt og eigarsida av Infinity sidan gullalderen der IRS var rekna for å vere verdas beste høgtalar, og mykje har også skjedd sidan eg prøvde ut Epsilon og Sigma for AudioVideo for godt ti år sidan. www.audiophile.no skal difor prøve å komme attende til dette i ein seinare artikkel. Meir om dette firmaet finn du på http://www.harman-neby.no/

Neby hifi Concept

Neby elles har mange spennande, direkte agentur, og det var fokusert på to av dei mest kjende. Først var Marantz representert med nokre svært gode digitale avspelarar (for relativt rimeleg pris, iallfall samanlikna med det du får sjå sist i artikkelen), og matchande forsterkarar med flott design og glimrande handverksmessig kvalitet. Men på grunn av langt framskriden audiofili, vart eg som eit insekt ganske fort tiltrekt av  McIntosh sine lysande produkt, noko av det heftigaste som kan kjøpast for pengar. Eg merka meg spesielt det nye ”billeg”-alternativet innan integrerte forsterkarar 6300 til ”berre” 34 000 kr (relativt sett er dette småtteri om du ser på dei større modellane), men endå meir ein ny forforsterkar til akkurat same pris: Modell 220 som gjorde meg svært nyfiken, spesielt fordi han er utstyrt med phonoinngang. McIntosh har ikkje for vane å skifte modellar kvart år, og ein ny to-kanals forforsterkar bør absolutt undersøkjast nærare. Samanlikna med dei verkeleg tøffe sakene er 34 kkr for ein slik forforsterkar skikkeleg interessant.

Effektforsterkarprogrammet var representert av dei gode, gamle 1200 watts monoblokkene, (tung hifi er rette ordet). Desse skal supplerast av endå råare monoblokker på 2000 (!) watt, som skal ha ein ekstra boks til straumforsyninga….McIntosh skal også på desse ha sine særeigne 1:1-utgangstransformatorar – merkelege greier som teoretisk skal verke inn negativt på lyden. Men stikk i mot alle fornuftige teoriar, ser det altså i praksis ut som at kvalitetstransformatorar i signalvegen kan ha positive verknadar for lyden. Då kona heller ikkje i år hadde sansen for design, vart det heller ikkje no gjort noko bestilling, ein liten trøyst når eg tenkjer på at dette har eg absolutt ikkje råd til.

Då var frua langt meir positiv til ein subwoofer frå Velodyne som kunne fellast inn i ein vanleg delevegg. Heilt sant! Og med ei frontplate som ikkje gjorde meir av seg enn eit kvitt deksel på om lag 10x40 cm. Skikkeleg lurt konsept frå subwoofarspesialisten, for sjølv om det sikkert er eit godt stykke att til den legendariske monstersubben ”1812”, er dette svært kreativt og ein ny ide innan det muliges kunst. Berre dumt at saken ikkje kan prøvast ut i mine lytterom utan å gjere ein fast installasjon i veggen…

Odd- Inge kunne også lure ut litt informasjon om nye seriar frå Audio Pro med namna EVO og Avanti – rimelege ting, men sånt som skal gje svært mykje hifi for kronene. Dei minste modellane har usannsynleg låge prisar, og den dyraste utgåvene av EVO er semi-aktiv, til ein pris på knapt 7 kkr. www.nebyhifi.no


Isotek

Isotek systems frå Storbritannia lagar straumforbetringsprodukt, som reinsar straumen og gjer at anlegget ditt får mindre støy og betre lyd på fleire måtar, interessante også for dei som ynskjer spenningsvern og sikring av dyr elektronikk.

Eit anna spennande og veldig økonomisk overkomeleg produkt var ein innspelings-CD, som du kan bruke når du har nye høgtalarar. Normalt tek det ein fjorten dagars tid (av og til mykje meir) før heilt nye høgtalarar har stabilisert seg med den lyden dei skal ha. Denne CD-en framskundar prosessen, og har endåtil to ulike spor, eitt for fulltonehøgtalarar, og eitt for mindre stativhøgtalarar som ikkje går så djupt i bassen. Dessutan er det også innspelt eit ”demagnetiseringsspor” som kan få ut ”grums” av lyden i anlegget. Fint med sånne ting i overkomeleg prisklasse, slik at folk flest for ein dryg hundrelapp kan finne ut om dei tykkjer sånne ting har noko for seg.

www.isoteksystems.com

Httech

På den kanskje mest innovative standen når det gjeld bildesida fann vi Bjørn Hegelstad frå Httech som viste HD Mediabox frå Pixel magic – ein harddisk du kopla til anlegget ditt via HDMI, og som kunne gå inn i eit WLAN-oppsett. Harddisken kan kjøpast så stor du har behov for, og kostar i standardutgåve 4 700 kr. Saken kjem også i ei ”audiofilutgåve” med op.amp frå Burr-Brown og 24-bit/192KHz DA-konvertar from Analog Devices til 700 kr høgre pris. Begge støtta sjølvsagt 1080 oppløysing, slik at du kunne få glede av HDMI-tilkoplinga og høgoppløyst format. Dette er eit glimrande produkt å ta med seg på messe, då det kan lagre timesvis av lyd- og bildesignal av med høgaste oppløysing og lett flyttast rundtomkring.

Enda meir spennande var Crystalio II, ein uhyre avansert videoprosessor med alle dei inn- og utgangar du kan tenkje deg, og fantastisk bildekvalitet. Men altså til ein pris på over 45 000 kr. Men skal du ha det beste kostar det. Dyr var også rosina i pølsa, ei forsatslinse tilsvarande den typen som brukast til widescreen på kino, som gjer at du kan utnytte heile bildebrikka i projektoren. Når du brukar heile brikka til vanleg, vert bildet då forvrengt (slik det vart då kinomaskinisten gløymde å skifte til widscreen-linse), og for widescreen må du nøye deg med å bruke berre ein mindre del av brikka. Når du så vel rett filmformat vert proporsjonane rette, men det vert ei svart stripe over/under bildet, som representerar det området av DLP eller LCD-brikka di som ikkje er i bruk. Brukar du ei slik linse, er det optikken som rettar opp formatet, heile brikka vert utnytta, og du får likevel 1:2,35-formatet på skjermen utan lystap og med flott oppløysing. Den brukte lerretsbreidda var fantastiske 2,90 meter. Bjørn hadde leita lenge etter ei linse av så god kvalitet som han ynskte, men slike anamorfiske linser vert ganske dyre når dei skal vere utan nemneverdige lyter. Så etter å ha forkasta ein del rimelege ting i plast, enda han opp med ei linse frå Schneider med ein pris på 27 995 kr.

Ein skikkeleg gimmick gjorde også Bjørn ved å stille ut to identiske plasmaskjermar, der han hadde sytt for at den eine var nøye kalibrert, medan den andre var fersk frå kassa. Ikkje tvil om at det løner seg å få ein fagmann til å justere skikkeleg. Sjå meir på  http://www.httech.no


Akustikk

Dette er importøren av nokre riktig spennande hifimerke, mellom anna legendariske Celestion. Men her synte Morten Caspersen dei produkta som vart selde gjennom Hificenterkjeden, fyrst og framst vel så legendariske og spennande høgtalarar frå KEF.

Både sylinderforma og uhyre elegante surroundhøgtalar som har vunne pris frå EISA, så vel som meir ”vanlege” høgtalarar. Det vil seie ikkje heilt vanlege, korkje når det gjeld design, eller når det gjeld kvalitet ut frå prisen. Konseptet med diskantelement plassert inne i mellomtonen gjer at høgtalarane kan by på utsøkte perspektiveigenskapar og lett oppstillingsprosedyre, og skulle tilseie ein pris på vesentleg meir enn dei 3500 du må ut med for den vesle IQ3. KEF har også store, spennande høgtalarar som i liten grad syner seg salbare her i landet. Men KEF sitt konsept med diskanten plassert inne i mellomtoneelementet skal vere også på desse. Eg lurer sterkt på om dette spesialpatentet til KEF er grunnen til at dei har så godt lydbilde, også på kort lytteavstand, og i små rom. Den svært vellukka modell IQ 3 vart brukt som bakhøgtalar i ein heimekino, noko som nesten er synd, så gjennomtenkt og fin denne saken er. Sånn er det når den er prisa til fattigslege 3500 kr paret, og har ein langt meir kostbar storebror som heiter IQ 9….

Morten hadde også med seg ein Arcam-CD-receiver, der alle musikkfunksjonar (inkludert DAB-radio) var samla i eitt kabinett. Seinare denne månaden kjem også tilsvarande produkt for DVD og bilde, og det er også ein surroundreceiver i same kabinett like rundt hjørnet. Mange forbrukarar likar alt-i-eitt-løysingar, og berre lydkvaliteten er god nok, kunne det kanskje passe også for mange audiofile som ynskjer ein enkel og lettvint løysing, gjerne som anlegg nr 2. Kanskje ein verdig konkurrent til Linn? Meir opplysningar på www.akustikk.no

Hegel

Hegel-programmet vart også demonstrert. Dette norske merket som er Hificenterkjeden si satsing på hi-end er kjent for svært høg kvalitet, svært gjennomtenkte komponentløysingar og svært medviten satsing på det som gjev best lydlege resultat. Bent Holter har drive ei fornuftig og  langsiktig produktutvikling, og har no eit program som spenner frå relativt rimelege, integrerte forsterkarar, til toppmodellane som består av P4A forforsterkar, og effektforsterkaren H4A mkII. Den integrerte forsterkaren H200 er tydelegvis svært mykje for pengane, når han kan levere 200 Watt for knapt 20 000 kr. Her er dessutan nokre av dei mest intelligente løysingane innan CD-mediet som er å få i prisklassen. www.hegel.no


Presentasjonsdata

Jojo Bogh Holst demonsterte den nye Sanyo Z5 – ei vidareutvikling av superprojektoren Z4, og den nye generasjonen frå Infocus med smartare design, to HDMI-inngangar og også betre bilde. Men i år vart eg spesielt fascinert av ein av skjermane Presentasjonsdata hadde med seg. Det som gjorde meg så interessert, var opplevinga av X-screen, eit lyshevande lerretsystem med faktor 2:1. Det har så å seie eliminert effekten av sidelys, slik at det er ideelt til bruk i rom med fleire funksjonar enn heimekino, eller som ikkje kan blendast ned av andre grunnar. Dette lerretet er kostbart å produsere, og modell ”Monaco 80” kostar 16 000 kr, men er det systemet eg har sett så langt som fungerer best i kompromissløysingar. Dersom du er plaga av lys på skjermen, er nok i mange tilfelle lurare å investere dei siste 10 000 kronene i lerretet enn i projektoren. Det er likevel to atterhald mot eintydig tilråding til innkjøp, på grunn av at X-screen er sterkt retningsverkande – lerretet sender hovuddelen av lyset tilbake i den retning det kom i frå. Konsekvensen er for det fyrste at projektoren bør stå sentert mot lerretet, så lens shift og tilsvarande funksjonar gjev lystap og ikkje skikkeleg utteljing, særleg om du sit andre stadar enn ved projektoren. For det andre bør du også sitte ganske sentert mot lerretet, og sitteplassar som ligg ute på sidene har eit betydeleg lystap. Så har du eigen heimekino og høve til skikkeleg avblending, er det eigentleg best å satse på dette og eit konvensjonelt lerret. Eg fekk høve til å gjere direkte samanlikningar, og sjølv om eg lenge har vore svært begeistra for Sanyo sin LCD-baserte teknologi, er det nok meir Infocus og DLP-teknologien som har mest sprut i fargane, betre svartnivå, og det som gjev den finaste kinoopplevinga. Skilnaden er likevel ikkje stor, og eg må telje lenge på knappane i valet mellom den uhyre bruksmessig smidige og støyfrie Z5, og den tilsvarande IN 76 frå Infocus med EISA-pris for beste prosjektør. Men sannsynlegvis vil speglane i DLP-systemet vere meir varige over tid, og mindre påverkelege av dei kraftige varme/lysmengdene som pæra utsett dei for. Etter nokre tusen timar, og nokre pæreskift, er det difor kanskje LCD-projektorane som fyrst må leverast inn til resirkuleringa som elektronisk avfall. Men så har dei ikkje Z5 sin fantastiske lens shift funksjon… www.pdata.no

System Audio

Ole Witthøft demonstrerte sine aller siste høgtalarar, SA Ranger, eigentleg ei nedskalert utgåve av fjorårets nye modell Explorer. Men Ranger er eit funn av ein høgtalar, med bass som er eksepsjonell for ein høgtalar av denne typen. Volummessig må vi seie at det eigentleg er ein bitteliten sak med breidde på berre 13 cm, 25 liters kabinett og heilt vanleg golvhøgtalarhøgde. Små 4” element, ein diskant, ein bassport på baksida – og ein av dei herlegaste rockehøgtalarar eg har høyrt på mange år. Prisen var rundt 20 000, men så var også lyden så bra at det nesten var naturstridig – ingen subwoofer var i rommet. Med Primare elektronikk spelte det skikkeleg høgt. Messast mest engasjerande lyd, og etter konas utsegn ein høgtalar med stor appell til dei som ynskte eit smakfullt møbel når likevel to høgtalarar må til i heimen.

Når ein lagar basskonstruksjonar som baserer seg på 4” element, må ein verkeleg strekke dei fysiske lover. Eit stort element flyttar mykje meir luft enn eit lite. Så skal ein 4” høgtalar flytte like mykje luft som eit stort element, må det jobbe meir, og ha ei kolossal slaglengde. Slik er det altså gjort her. Men høgtalarar med lang slaglengde har ein tendens til å ”flabbe”, og har oftast ikkje noko særleg kontroll på transientane. Slik er det definitivt ikkje her, noko som kanskje heng saman med det heilt spesielle magnetsystemet, den ultralette membranen eller kjølesystemet.

På grunn av desse små elementa kan altså høgtalarane få eit eksepsjonelt smale kabinett. Av dette fylgjer naturleg ein høgtalar som må vere ein av dei enklaste å stille opp med gode resultat når det gjeld både perspektiv og andre lydeigenskapar. Du treng litt avstand frå bakvegg for bassporten si skuld, resten ser ut til å vere barnemat. Tek du av sokkelen på høgtalaren, får du også tilgang til eit sandkammer du kan fylle for å auke stabiliteten og dempe kabinettet. Denne juvelen må prøvast ut nærare!

Elles har eg vorte nyfiken både på storebror Explorer og dei nye Excact vegghøgtalarane, som designmessig er tilpassa flatskjerm, pen møblering så vel som eit oppsett med dei større modellane som hovudhøgtalarar. Såleis var både Explorer og Excact stilt ut saman med Primare i eit heimekinooppsett, med to subwooferar. Det luktar sterkt av svært høg hi-end, sjølv om prisen eigentleg var ganske snusfornuftig samanlikna med andre ting på same kvalitetsnivå. Men Explorer kostar altså nesten 34 000, så det er ein god del å hente om du kan vente til Ranger kjem i handelen litt seinare på hausten.


Primare

Det mest spennande produktet i frå den svenske  forsterkarprodusenten, var ein ny multiformatspelar. Den kostar 23 000, men kan altså gje glimrande bilderesultat så vel som skikkeleg god lyd frå alle format du greier å få inn i skuffa på spelaren.

Elles finnest det eit vell av modellar frå Primare, fire effektforsterkarar, ein riaa-forsterkar, ein to-kanals og ein svinedyr multikanals forforsterkar, delayboks for leppesynkronisering i heimekinoen, ein multikanals og ein svært avansert stereo receiver med svært spennande løysingar. På messa vart den nye elektronikken demonstert saman med SA-høgtalarar, og vi ser her senterhøgtalaren mellom TV og Primareelektronikken.


Nordost

Eg håpar at mange skeptikarar til kabel-voodoo tok turen inn om Nordost sitt rom på messa, for her demonstrerte Bjorn Bengtsson det nyaste innan feltet – eit innbrenningsapparat kalla ”Vidar”. Ein skikkeleg demonstrasjon av to identiske signalkabelpar gav ei svært overtydande inntrykk av at noko hadde hendt med det paret som hadde gått gjennom denne innbrenningsprosessen. Sjølv har eg lenge vore lunken til effekten av kabel-liturgi av ymse slag. Ein kabeltest eg prøvde å gjere så samvitsfullt som råd heldt på å ta knekken på konsentrasjonsevna mi, og her kom ein som ville demonstrere ikkje berre skilnad på kablar, men også skilnad på innbrenninga av desse. Men eg vart overtydd om at det var ein klar effekt av dette spesialapparatet. Bruken av dei handsama kablane gav meir ro, mindre ”flimring”, meir ”svart bakgrunn” og eg assosierte platespelardrivverk frå Nottingham sin karakter. For mine øyrer verka det som dette har noko for seg. Hificenterkjeden vurderer innkjøp av slike apparat for å kunne gje kundane eit tilbod om innbrenning – og det verkar ikkje berre på Nordost, men på alle kabeltyper. Spesielt interessant er dette med kablar til platespelarar; det kabelområdet som udiskutabelt verkar mest inn på lydkvaliteten.


Framtidsrommet

I år var det gjort mindre ut av dette enn oppsettet som vart synt på Plaza i fjor. Berre to rom, det eine ein reindyrka heimekino med mange sitteplassar, medan det andre var ei daglegromløysing med  både musikk og plasmaskjerm/surroundlyd. I dette var det mest spennande styresystema for å spreie musikk- og bildesamlinga di rundt på inntil tre ulike rom i huset. Ein liten berøringsskjerm montert på veggen kontrollerer alle dei funksjonar du har bruk for. Dette må du vurdere om du skal bygge nytt eller pusse opp. Og har du liten plass, kan det vere svært aktuelt å bruke den nye generasjonen innfellingshøgtalarar, slik at golvplassen kan nyttast til andre ting. Kvaliteten på slikt innfellingsutstyr har auka sterkt, og det er tydleg at det satsast mykje på å utvikle sånt med høg lydleg kvalitet. Sjølvsagt er det ei stor utfordring å få testa slike produkt, då du må sage hol i veggane for å prøve lyden på ein realistisk måte. Då er det ille om du angrar etterpå, eller ikkje har råd til gildet og må returnere sakene. Du bind deg også ganske sterkt til eit fast oppsett som ikkje appellerer noko særleg til dei som har for vane å byte høgtalarar kvart tredje år. Her må høgtalarkonseptet fylgje husværet! Det var JBL som var rigga opp i demonstrasjonshuset, men både Bose og KEF hadde med seg døme på innfellingsprodukt dei kan tilby. Elles var den demonstrerte lydkvaliteten så god at det vil ha stor bruksverdi også for dei med strenge lydkrav. Når ein også ser at subwooferspesialisten Velodyne kjem med ei ekstremt smal innbyggingsløysing som kan vere montert inne i ein heilt vanleg lettvegg, der den einaste synlege delen er ei ca 40 cm x 10 cm kvit rist, er det ganske freistande å tenke seg eit tilvære utan lause kablar og store boksar, særleg om rommet skal brukast til andre ting ein rein lytting/heimekino. Og når vi no opplever atkvadratmeterprisane på bustadane har blitt så høge som dei er, vil mange tenkje at golvplassen med fordel også kan brukast til anna enn store høgtalarar. Å sjå korleis slike inngyggingsløysingar kan fungere, er ei messe verd. Når ein får såpass god lyd ut av innbyggingselement, vil eg hevde at for mange musikkelskarar, men kanskje spesielt for dei mange  heimekinoentusiastane er dette  framtida!

 

Clearaudio

Her var Christian Michelsen frå Bergen på plass (ikkje han frå historiebøkene, men ein yngre namnebror. Også denne Christian er ein kombinasjon av mykje kunnskap og gode talegåver), og synte fram i alt fire ulike modellar av vinylspelarar. Her vart drive solid demonstrasjon av vinylmediet sine kvalitetar så vel som det mangfoldige musikkutvalet som er tilgjengeleg, både av nye og gamle pressingar, og for den nostalgisk interesserte var det hyggjeleg å sette seg i demonstrasjonslokalet hos Christian.

Men det som verkeleg var spennande, var demonstrasjonen av ulike riaa-trinn. Eg har aldri tidlegare fått høve til å lytte til fire ulike slike i direkte samanlikning, og iallfall ikkje på ei messe. Ganske uventa i 2006, altså 16 år etter at vinylmediet skulle vere utgått etter dei prognosane som var aktuelle etter introduksjonen av CD. Demonstrasjonsutstyret bestod av den minste høgtalaren i JBL sin Project Array-serie til 50 000, Clearaudio sitt forsterkaroppsett, også til om lag 50 000, og ein Clearaudio Solution i litt forfina utgåve.

Det var altså fire slike, Clearaudio Basis, to Project, der den eine var med rør, og Primare, på ulike prisnivå. Med Leonard Cohen-kuttet ”First we take Manhattan”  fekk vi så oppleve skilnaden på dei fire. Den fyrste, billegaste frå Project gjorde ein god jobb. Men Clearaudio Basis til ein tusenlapp meir var meir nøytralt, meir korrekt og lot oss få høyre meir dynamiske nyansar og detaljar. Project rørriaa opplevde eg subjektivt som endå betre, med Cohen si stemme meir naturleg, meir brystkasse-lyd. Primare-riaaen hadde ein feil, og fungerte tydelegvis ikkje etter intensjonane, så denne kunne vi ikkje vurdere skikkeleg.

Så sjølv om heilt sikkert ikkje alle delte mitt syn på kva som var mest for pengane, var her eit eineståande døme til å få demonstrert noko som dei færraste butikkar er i stand til. Eg kårar difor dette til messas beste pedagogiske tilbod, og ein av dei meir lærerike messeopplevingane eg har vore med på. Å kunne få gjere seg opp eiga meining om slike ting, og ikkje berre handle i blinde, er verd dei 35 kronene inngangsbilletten kostar.

Det var også utstilt ein av dei nyaste modellane frå Clearaudio, her oppstilt saman med ein Champion level 1, begge med picturedisc på tallerkenen.

Dette må vi ta som eit bevis på vinylrenessansen. Om lag 16 år etter at vinylmediet skulle vere daudt ut frå kva som vart sagt då CD vart lansert, fekk eg for fyrste gong demonstrert fire ulike riaa-trinn på ei messe. Dessutan var både musikken og demonstrasjonen svært underhaldande, og den gode Christian utnemnast med dette som ein høgt kvalifisert analogpedagog. Vi reknar med han også er på plass på messa i Molde med minst like mange riaatrinn (torer vi å be om ein pickupsamanlikning også…?)


Pioneer.

Ein av dei eldste travarane i den japanske hifi-industrien, med ansvaret for mange nyvinningar. Pioneer er kanskje mest hugsa for å ha introdusert verdas fyrste hifi-bilstereo, og er framleis ein av dei aller viktigaste på dette feltet.

Det Pioneer legg hovudfokus på no for tida, er integreringa mellom lyd og bilde, og har legg seg heilt i teten når det gjeld flatskjermteknologi, medan dei nye fleirkanalsreceiverane er fyrst ute med massevis av fasilitetar som konkurrentane garantert kjem til å kopiere. Det eg har likt best, er 2016 sitt automatiske oppsett. Ved sida av Bose er det som er det minst kompliserte og mest brukarvennlege eg har vore bort i. Og så fungerer det skikkeleg godt (snart kjem ein gladtest av VSX 2016 AV og DV696 multiformatspelar) Men Pioneer satsar også på utvikling av meir tradisjonell hifi, og synte fram eit imponerande høgtalarprogram som vitnar om svært medviten satsing på den europeiske marknaden. Mest morosame, og kanskje mest elegante, var småhøgtalarane som var bygde av gamle eikefat, impregnerte av hundreårs lagring av whisky - heilt i pakt med JVC si eksperimentering med membranar i tre, som var behandla med risvin. Kanskje den nye trenden av japanske høgtalarar betingar alkoholpåverknad? I alle fall svært flott finish, og ei lydattgjeving som kunne forsvare ein pris på 8500 kr (men no trur eg dei var handsama med MCACC-lydkorreksjonsystem) Eg skreiv meg også først på lista av dei som skal prøve ut Pioneer sin nye generasjon tokanals SACD/CD og integrerte forsterkarar… www.pioneer.no


Toppen av digitalmediet?

Messas mest fantastiske produkt var utan samanlikning Teac Esoteric sin toppmodell CD-spelar. Med eiga straumforsyning, eige drivverk, to mono-DAKar og klokke i eigen boks er dette eit produkt med ambisjonar eit godt stykke inn i himmelriket. Og her var verkeleg lydattgjeving å glede seg over. Dei største JBL Project Array-høgtalarane har eit særpreg du anten vil la deg begeistre av, eller mislike. Men det er uansett ein uvanleg godt designa hornhøgtalar, med høve til glimrande perspektiv, og like mykje sans for smådetaljar, pianissimopartia i musikken, og kvinnestemmer som dei meir brutale musikkutrykka, godt eigna til å demonstrere dei meir sublime detaljar i eit opptak, eller i eit audiofil-system. Mykje av kvalitetane som har gjeve JBL det namnet det i dag har, 60 år etter oppstarten, men då også perspektiveigenskapar som eg ikkje kan hugse å ha høyrt frå dei tidlegare hornkonstruksjonane derifrå. Med eit visst atterhald om at eg greidde å lytte forbi eit ikkje heilt vellukka rom, Hegel-effektforsterkaren sin nøytrale eigenart, og altså høgtalarne sin eigenlyd (som eg aldri har prøvd heime, men fått demonstert på messe og i butikk), verka dette som noko heilt spesielt når det gjeld lydattgjeving uansett format (dette seier altså ein innbarka vinylentusiast). Eg stussa litt over einskilde detaljar, slik ein ofte gjer når ein smakar på eit produkt som skil seg frå alt anna ein har høyrt, men opplevde slik rikdom på både medbrakte CD-ar og det som vart demonstrert, at eg måtte gjere øvinga å tenkje på om det verkeleg var verd å brenne av 480 000 kroner for ein CD-spelar. Ein kan rett nok godt klare seg godt utan både vinylrigg og forforsterkar, men det er nok ikkje realistisk for mange, korkje i dette landet eller på verdsbasis, men eg tenkte altså på dette ein heil kveld….(det er som kjent lov å drøyme).

Sjølv om dei fleste av oss, (også dei svært få som kan definerast som råskinn-adelen innan lettsindig pengebruk), må innrømme at ein halv million kroner godt kan tenkjast brukt annleis enn til innkjøp av 1 stk CD-spelar, så er det oppløftande å høyre dette, for i ein sånn nyvinning ligg potensialet til forbetringar av lyden frå CD-mediet eg aldri hadde trudd eg skulle få høyre. Slik resultata frå satsingane innan formel 1-racerbil etter kvart får konsekvensar for vanlege bilistar, ser eg med glede fram til å prøve billegalternativa som etter kvart vil dukke opp frå Esoteric.

Bose

Av ein eller annan grunn har Bose alltid vore sett på som litt kontroversielle løysingar ut frå audiofil synsstad. Prisnivået kan kanskje forklare litt av dette, men rettferdiggjerast langt på veg ved at dei lenge har hatt det enklaste systemet når det gjeld å skape diskret og god surroundlyd i både vanlege og vanskelege rom.

Trist nytt: Den legendariske Bose 901, no i mk 6-utgåve, fasast ut etter over 30 år på marknaden. Grunnen er at konstruksjonen ikkje kan stette ein del nye krav til materialsertifisering m.m. Ein annan årsak er nok at moderne opptak inneheld såpass mykje romoppleving at Bose 901 sin mekaniske surroundlyd på mange måtar kan seiast å verte ”smør på flesk”, og dermed ei anakronisme no når digitalteknikk og annan teknologi kan gjere romoppleving tilgjengeleg på enklare måtar.

Men det kjem også nye ting frå Bose. Spesielt interessant er dei ulike PC-høgtalarane med forbausande kraftig dynamikk og bassomfang – ting som mange av oss vil sette pris på. Også innbyggingsutstyr og utandørshøgtalarar er no tilgjengeleg., og prinsippet med radiostyrte fjernkontrollar gjev nok Bose ein ekstra føremon samanlikna med konkurrentane.

Alt i alt lukkast Hificenterkjeden å skape ei fantastisk messe, og om du er nyfiken og rask nok rekk du akkurat å stikke innom tilsvarande messe i Molde, siste dag er i morgon (8.oktober) Det kan vere ein god ide å legge turen dit for å oppdatere seg.

Read 7801 times Last modified on Tuesday, 19 January 2010 14:10
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.