Arve Åheim
Skribent i Audiophile.no
Det er etter kvart vorte ein tradisjon for Audiophile-redaksjonen å besøke Hortenmessa. Ettersom vi bur ganske spreidd, er dette ein av dei få sjansane vi har til å møtes og finne på eit kvart i lag. Så denne gongen besøkte vi tre av hifi-forhandlarane i Oslo, og det har vi allereie publisert artiklar om.
Ny dag, og fredag har vi to butikkvitjingar. Sidan vi likevel skulle til hovudstaden, tenkte vi at det kunne vere interessant å besøke Jens og Marius på Stereofil; ein annan av Oslo sine mest spennande aktørar innan HiFi.
Det var to trekk ved denne messa som bør nemnast. Det eine er bass. Så å seie alle utstillarar hadde lagt mykje arbeid i å få bassen djup og godt artikulert, både dei med store og små høgtalarar og forsterkarar. Det andre var nostalgi. For oss gråhåra er det difor naturleg å fokusere på desse sterkt fortidsutsjånadaktige greiene.

Det var kanskje færre utstillarar på messa denne gongen enn det som er vanleg, men det var likevel fleire spennande ting. Det eg merka meg spesielt:






