onsdag, 30 november 2005 23:00

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen

Skrevet av

Spelar du vinyl, kjem du ikkje utanom ein riia korreksjonsforsterkar. No utstyrast svært få forsterkarar med sånt som standard, for det kostar nokre kroner, og det er slett ikkje alle som har bruk for vinylavspeling, slik som før. Arve har lova ein artikkel om nokre separate platespelar-forsterkarar, såkalla riaa-trinn.
Her er omtalale av fleire av dei mest populære riaa-forsterkarane for tida.

 

 


Av Arve Åheim, oktober 2004 - desember 2005

Alle forforsterkarar i gamle dagar hadde phono-inngang med riaa, elles hadde du ikkje kunne spele platene dine. Signalet frå pickupen er så svakt at det treng ekstra forsterking. Dessutan er alle vinylplater spelt inn med ”anti-riaa” frekvenskorreksjon. Denne må rettast opp for å rett frekvensattgjeving. Du må lage den motsette kurva, den såkalla riaa-frekvenskurva.
Som om dette ikkje er ille nok for vinylentusiastane, finnest det også Moving Coil-pickupar som vanlegvis leverer eit langt svakare signal enn dei meir vanlege Moving Magnet-pickupane, og det må då sterkare forsterkning til. Til sist bør tradisjonelle Moving Coil (MC) pickupar belastast med heilt annan impedans enn dei standardiserte 47 kOhm som MM har.
Det er altså eit hav av utfordringar for den som vil ha det maksimale ut av dei svarte rillene, også etter at pickup er innkjøpt og arm tilpassa. Igjen gjeld regelen om at dei ulike komponentane må passe til kvarandre. Artikkelen her må altså takast med det atterhald at pickup må passe saman med riaaen.

Referansen; ein 18 år gammal Audio Research SP 10.
Eg har svært lenge  levd med denne forforsterkaren som eg kjøpte ny i 1987, sannsynlegvis den sist selde frå den dåverande skandinaviske importøren Glotta. Sannsynlegvis har denne vore sterkt medverkande til at eg brukte lang tid på å kjøpe CD-spelar og sølvplater (i 1995 vart eg overtydd om at det gjekk an å lytte også til desse), for det har aldri vore aktuelt å skifte ut denne.
Då eg endeleg fekk CD i huset, er forsterkninga til SP 10 akkurat litt for kraftig til at potmeteret kan brukast over klokka 9, så etter kvart har eg gått over til å bruke denne som rein riaa-forsterkar. Dette gjer eg med eit gammalt triks som kan brukast på alle gamle forforsterkarar med tape out. Platespelaren koplast til på vanleg måte, men signalet tek ein ut frå tape out og førar det inn i linjeinngang på den aktuelle  forforsterkaren. Då hoppar eg over ein linjedel som er lett røraktig, og som kan medføre ein viss avgrensing av lydbildet. Dette artar seg som ei slags samanpressing av perspektivet ute på sidene av scena, liksom bak kvar høgtalar. Teikninga av scena vert på ein måte som ein nymåne, breiast på midten, litt samanklemt på sidene. Dette slepp eg dersom eg brukar berre riaaen inn på ein annan fornuftig forforsterkar. SP 10 har 12 6DJ8-rør i signalvegen, 6 på kvar kanal. Linjedelen inneheld 4 stk, så med ein moderne forforsterkar (typisk 1 rør pr. kanal), gjer eg signalvegen litt enklare. Eg kuttar også fleire av kontrollane på SP10, spesielt potmeter og balansekontroll, i tillegg til fleire andre ting. På fotoet er SP 10 plassert på toppen av den nye Vincent SA31MKII, ein storarta match, men referansen har vore brukt fast i alle dei forforsterkarkonstellasjonar eg har hatt i anlegget det siste året. Vinyl vert spelt om lag like ofte som alle andre signalkjelder til saman.
Når eg har SP10 oppsett på denne måten, er mitt inntrykk (som også sikkert er prega av årelang tilvenning) at dette er ein av dei mest nøytrale måtane å høyre vinylplater og resten av vinylriggen. Klangmessig er det svært enkelt å kjenne att pickupar, som avslører sin karakter umiddelbart. Perspektivmessig er det betre enn nesten alt eg har vore bort i, bortsett frå endå dyrare amerikanske rørprodukt, og eitt og anna blodtrimma sjølvbygg. Og når det gjeld dynamikk, klang, detaljoppløysing og dei andre audiofile dyder....vel, eg får iallfall seie at eg er godt fornøgd, både generelt vurder og ut frå ei prisvurdering.

Så til utprøving
Eg prøvde å bruke så mange ulike pickupar som råd. Utprøvinga har gått føre seg over eitt år, så dei andre parametrane i anlegget har variert litt, men konklusjonar har alltid vorte kontrollerte med InnerSound Eros som endeleg høgtalarreferanse.

Lett, billeg og enkelt – NAD PP2
Ein av dei betre matchane krone for krone, er Denon og NAD PP2. Denne billege riaa-forsterkaren klarer å levere svært mykje godlyd for den som er opptatt av musikalsk klang, mest på grunn av litt framheving av det øvre bassområdet/nedre mellomtone. Du får også ganske flott dynamikk ut frå denne vesle, rimelege boksen. Men komplekse orkesterverk med mange detaljar kjem ikkje til sin rett, og det er tendensar til at lydbildet og perspektivet vert litt ”grautete”.  Du får ikkje styr på desse tinga før du brukar meir kroner enn det PP2 kostar. Dette er kanskje beste kjøpet når det gjeld riaa, og med høve til både MM og MC, er det ein flott riaa å ha i reserve for den som er vinylavhengig. Men tru ikkje at du får noko som kan måle seg med Trichord, ASR og Clearaudio når det gjeld dynamikk, og du skal heller ikkje rekne med stort lydbilde og tredimensjonalitet. Men saman med Denon DL 110 og DL 160, som er nokre av dei beste pickupkjøpa du kan gjere, passar denne forforsterkaren svært godt. Det er også interessant å merke seg at lyden vert endå betre om PP2 får ein Denon DL 103-pickup å samarbeide med, og denne kombinasjonen er aldeles utmerka. Men DL 103 har endå meir å gå på, så betre riaa-forsterkarar gjev ytterlegare utteljing for denne hi-end pickupen.
PP2 fungerer også greitt med mange MM-pickupar, som t.d. Grace, Audio Technica og Grado. PP2 er det definitive billegalternativet når det skal spelast vinyl!
Importør: www.hifiklubben.no
Pris: 698,00 kr

Vincent PHO 1– litt for slapp?
Under utprøvina av Vincent sin rimelege riaa, fann eg at denne ikkje på noko punkt kunne måle seg med NAD sin endå billegare konkurrent. Dynamikken vert avgrensa på dei fleste av pickupane eg har prøvd frå Clearaudio, Ortofon og Denon, og Grace F9 var heller ikkje nokon særleg god match. Det er muleg at Shure passar brukbart, men det har eg ikkje fått prøvd ut. Har du denne riaaen, er det fint om du tipsar oss om pickupar som passar godt. Det verkar som MM fungerar betre enn MC, men eg må innrømme at med så unyansert dynamikk er det vanskeleg å kalle lyden tilfredsstillande. Trass i lang innspelingstid og mykje eksperimentering lukkast eg ikkje med å få denne skikkeleg til.  
importør: www.nebyhifi.no
pris: 995,00 kr




Creek OBH 15
Det vesle engelske firmaet Creek lagar ein del spennande boksar, mellom anna ein riaa som passar godt saman med dei små, passive forforsterkarane dei har på programmet, t.d. OBH12.
OBH 15 er ganske rimeleg og diskre, den gjer ikkje mykje av seg og er såpass pen at han godt kan stå synleg i anlegget. På baksida er det så vidt plass til dei nødvendige tilkoplingane, og ein liten vendar mellom MM og MC som skulle gjere tilpassast alle MM-pickupar og det store gjennomsnitt av MC-pickupar på marknaden med ikkje for låg output (ned imot 0,20 mV?)
OBH 15 bør også stå på heile tida, og let då ganske nøytralt klangmessig. Ein viss ”transistorklang” må du pårekne, men om du ikkje har kjøpt deg ein svinedyr pickup, vil du truleg reagere meir på pickupen sin eigenlyd. Dynamikken er god, detaljoppløysinga flott. Også dei tredimensjonale sidene av innspelingane kjem fram på ein brukbar måte, om enn ikkje heilt i same klasse som dei dyrare riaa-trinna i denne omtalen. Klangbalansen er slik at det hallar til folk med litt analytisk innstilling til lydattgjevinga. Meir fokus på detaljar enn varme og dynamisk eksplosjonsevne, men absolutt noko som vil passe til mange gode pickupar. Til Denon er dette heilt greitt, og også dei litt rimelegare tinga frå Benz og Ortofon kan passe bra. Og så er det nok gain i OBH 15 til at du kan klare deg med Creek sitt ”fjernkontrollerte potmeter med inngangsvelgjar” – ein ”linjeforsterkar” utan aktive komponentar. Ein god kombinasjon, dersom du har ein pickup som har litt output.
Importør: www.taaimport.no
Pris: 2416 +523 for ei litt betre straumforsyning enn "minimumsløysinga"


Rega MC-riaa Fono
Rega har to riaa-forsterkarar i mellomprisklassen der konkurransen er hardast, ein for MM, og denne som eg har testa til ein knapp tusenlapp meir. Diskret og grei sak, det einaste eg har å utsetje, er at kontaktane står litt tett plasserte, slik at det vert litt plundrete å montere leidningar, men det er ikkje akkurat nokon stor sak. Når alt er på rett plass, er dette gløymt.
Rega gjer ein skikkeleg god jobb, og har god match spesielt til Ortofon Kontrapunkt frå same importør. Ei ørlita aning av varme gjer godt for Kontrapunkt a, og fungerer etter min smak slik at kombinasjonen gjev detaljrikdom og fin speleglede. Den skal tilpasse seg automatisk til alle MC-pickupar. Slike automatiske tilpassingar kan av og til ha problem med dynamikken, men avgjort ikkje her. Denne kjem svært godt fram, og det er eit tett på og detaljrikt lydbilde som vert formidla. Det er heller ikkje noko å seie på klang eller frekvensgong. Lydbildet er nært, noko stort og tredimensjonalt innskrenka i samanlikning med dei verkeleg gode på dette feltet. Men trekk vi pris inn i vurderinga, har du endå ikkje brukt så mykje kroner at du forlange den heilt store tredimensjonalitet ut av vinylriggen din. Flott til Denon 103, særleg om du finn D-utgåva eller tilsvarande.
Importør: www.mono.no
Pris: 3 400,00 kr (MM-utgåva kostar 2500,00kr)

Clearaudio Balance
Clearaudio har plassert kontaktane med stor avstand, noko som er flott når du skal kople til og frå. Elles har Clearaudio balanserte utgangar. Eg prøvde ikkje dette ut, men trur ikkje det er så mykje å hente på balansering ved dei korte kabelstrekka eg har i mitt anlegg. Clearaudio Balance er ein kjekk, liten sak som du kan gøyme og gløyme i god avstand til resten av elektronikken, all impedansetilpasning skjer automatisk.  Som mange andre riaatrinn er ikkje dette tiltenkt å stå på utstilling. Ein heilt grei boks, med ei ganske stor separat straumforsyning kan gøymast bak platespelaren. Og med balansert uttak, kan leidningsstrekket sikkert førast fram med ganske lange kablar, utan at eg prøvde dette.
Det tok tre-fire dagar med Balance påslått før eg tykte lyden var heilt stabil, så eg tilrår at den står påslått heile tida.
Lytteinntrykket var stor detaljrikdom og stort sett alle gode dyder, men dei sterkaste sidene til Balance var i samband med dynamikken. Både når du tar det heilt ut, og når det gjeld å nyansere forsiktige endringar i styrken til dei einskilde instrumenta i eit symfoniorkester. Her er det så bra du kan forvente frå ein transistorisert riaa, men ikkje heilt på høgd med SP10. Kanskje eit lite hakk betre enn Trichord og ASR på visse pickupar. Når det gjeld detaljrikdom og tredimensjonale opplevingar, er nok dei to siste eit lite hakk betre, men du skal spandere på deg ein veldig god pickup før du vil føle noko sakn av dette.
Importør: www.hificenter.no
Pris: ca 10 000,00 kr

Trichord Delphini.
Trichord har kome med ny forforsterkar som erstattar denne i prisklassen. Eg har helde meg til den gamle utgåva. Det skal også vere ein rimeleg sak frå same produsent som eg ikkje har prøvd.
Delphini er to skinande blanke boksar som du ikkje vil ha fingeravtrykk eller støv på, ei straumforsyning, og ein forsterkardel. Pickupjusteringane må her gjerast manuelt inne i forsterkaren, etter eit medfylgjande kart du må sjå etter. Det er litt irriterande at du må gå inn i kabinettet for å gjere tilpassingar til pickup. Skal du få til dette utan å lage fingermerke, må du ta på kvite hanskar. Litt krøkkete å gjere dette, men når du har fått det på plass, treng du trass alt ikkje gjere det igjen før du skiftar pickup. (Den billegare "Dino" har desse dipswitchane på undersida, og du slepp å opne kabinettet) For meg som har SP 10, der eg kan prøve ulike impedansetilpasningar ved å vri på ein brytar i fronten, er det tungvint å opne/lukke Delphini for kvar gong eg ville eksperimentere med impedansen, så det vart til at eg tok utgangspunkt i erfaringane frå SP 10.
Ved skifte til Tricord let det litt uengasjert i fyrstninga. Rett ut av kassa er det få ting som let perfekt, så eg venta med å lytte seriøst til utstyret hadde vore påslått i nesten ei veke. Og no var inntrykket totalt annleis.
Å spele med denne riiaen er noko av det råaste eg har opplevd med transistorbaserte system. Alt var så fullstendig rett, og det var som alle detaljar synte seg på scena med eit fullstendig svart bakteppe, slik at alle store og små musikalske element stod der krystallklart. Dette er eit must dersom du satsar på Nottingham platespelardrivverk, som også er fullstendig utan forstyrrande sider. All tredimensjonalitet, all oppleving av rommet og den innbyrdes avstanden mellom utøvarane stod så godt fram at eg ikkje har høyrt maken av eit transistorprodukt. Innan akkurat dette med rom trur eg vi snakkar om referanselyd av høgste klasse, der også detaljoppløysinga er heilt på høgd med mi referanse ARC SP 10, og med impedanstilpasningar som skal kunne gjere deg i stand til å bruke MC-pickupar med dei lågaste utgangssignal. Klangmessig er Delphini svært nøytral, med ei forsiktig aning av det mørke og varme, noko som skulle kle dagens toppickupar svært godt, medan ein Denon 103 vil vere eit relativt dårleg val – to gode komponentar som ikkje let kvarandre syne sine beste eigenskapar. Nyanseringsevna innan dynamikk er svært god, men ikkje heilt det same som SP10, Clearaudio Balance og ASR, og det manglar den siste spruten når du spelar plater som Vårofferet eller Stravinsky sine røffaste orkestrale verk. Likevel ein riaa som høyrer til dei absolutt beste eg har høyrt.
Når det gjeld detaljar og nøytral klangrikdom, er denne riaaen på høgd med mi referanse SP 10. Og snakkar vi om bruk saman med MC-pickupar med output under 0,3 mV må ein medgje at Delphini er betre Så lenge vi held oss mellom slike lågoutput-pickupar, vil dei dynamiske eigenskapane vere suverene, berre matcha av  Clearudio Balance, og Rotel sin Myabi (ein for lengst utgått referansemodell som er like vanskeleg å finne på bruktmarknaden som SP 10).
Importør: www.audioart.no
Pris: Sidan modellen utgår, står ikkje prisen på sidene. Du finn berre ei rimelegare utgåve "Dino", som kostar 4 500. Delphini var i utgangspunktet godt over 10 000 kr, og endå dyrare med beste straumforsyningsalternativ. Ny modell "Diablo" er på trappene, pris 14 500 kr m/god straumforsyning. Ta kontakt med importør for fleire opplysningar.

ASR Mini Basis
Dette firmaet har visstnok ein av dei aller beste riaa-forsterkarar som er laga, med mange positive omtaler, mellom anna frå The Absolute Sound. Prisen på denne er diverre ganske høg (frå 35 000 kr), og eg har ikkje fått høyrt han sjølv. Men heldigvis finnest det også ei rimelegare og enklare utgåve.
Forventingane eg hadde til denne vesle, mørke plexiglasboksen med dei innvendige blåttlysande diodene var rimeleg høge, noko som hovudsakleg skuldast det eg hadde høyrt han gjere med lyden frå ein Ortofon Kontrapunkt i butikk og på messa på Plaza 2004.
Designet er altså gjennomsiktig og mystisk, og endå vanskelegare å halde reint enn blankt metall, men heldigvis leverast riaaen med ei stor flaske poleringsmiddel, slik at du kan halde høg standard på reinhald i lytterommet. Straumspesialisten ASR er også den einaste produsenten her som har valt å montere straumforsyningane inne i forsterkarkabinettet, alle dei andre har ein meir eller mindre forseggjort trafo som plasserast andre stadar. Eg vil tippe at ein av dei viktigaste tekniske forbetringane du får når du går opp til toppmodellen, er ei langt betre straumforsyning. Mange hevdar at kvalitet på straumforsyninga er heilt avgjerande når det gjeld riaa som skal forsterke MC-pickupar.
Impedansetilpasning gjerast inne i boksen, men det er litt greiare enn dette brukar å vere frå t.d. Trichord, sidan du på ASR skal  bruke ein umbraconøkkel for å ta av loket. Dette kan stå ope, medan du bestemmer deg for kva som er rettast i ditt oppsett. (hugs å mute forforsterkaren når du flytter på dipswitchane). Saken eg fekk til utprøving var heilt ny, så eg brukte om lag 14 dagar til innbrenning og oppvarming, og tok då til med lyttinga. Diverre hadde eg denne perioden hovudsakleg MM-pickupar, berre to  MC-pickupar der den eine var 0,3 mV (ein Yamaha), så her vart det lite eksperimentering med ulike impedansar.
Likevel var dette ein riaa som gjorde at eg gliste breitt mesteparten av tida. Den dynamiske nyanseringsevna var slik at ein kan merke dei aller minste endringar i eit kor eller orkesterverk, og det same var detaljoppløysinga. Dette heng klart saman med ei fantastisk formidling av dei tredimensjonale tilhøva i opptaket, og  gjer at eg lurer på kva ASR har greidd å få til med sin større modell. Dette smakar av høgste kvalitet, og eg vil ikkje stusse på å bruke denne relativt rimelege riaaen saman med dei aller, aller flottaste pickupane på marknaden. Det einaste punktet der ASR framleis må seie seg overgått, var dei aller kraftigaste dynamiske partia i musikken. Her var Clearaudio Balance og mi referanse merkbart betre, men definitivt ikkje slik at du ville sakne det om du ikkje var klar over det.
Det hadde absolutt vore på sin plass å prøve ein låg-output MC-pickup til denne støyfrie og fine riaaen. I butikken til Stereofil har han vore oppsett saman med ein Ortofon Rohmann utan at det har støya det minste, så eg reknar med han er i stand til å ta også dei svakaste MC-signala på ein skikkeleg måte.
Importør: www.stereofil.no
Pris: 5 995,00 kr

Ting eg absolutt burde ha tatt med i utprøvinga
Diverre er det ikkje enkelt å prøve alle dei gode riaa-trinna. Den norske marknaden for slikt er ikkje staden hifibutikkane har sine største inntekter, og dei færraste importørar har dei aller dyraste modellane som demonstrasjons- eller testeksemplar, men leverer helst etter bestilling.Eg burde så avgjort fått tak i ting frå Conrad Johnson, nyare ting frå Audio Research, Esoteric Audio Research, Manley ”Steelhead” og ein del eksotiske ting med høge ambisjonar og stor perfeksjon, som t.d. Aesthetix, som eg har høyrt mykje positivt om. Det manglar difor mykje på at eg kan uttale meg med den autoritet på riaa-forsterkarar eg skulle ynskje meg.

Her kjem iallfall konklusjonen:
Riaa-forsterkarar er ein del av vinylriggen som må samsvare med eigenskapane til pickup, arm og drivverk. Berre feinschmecker-lauget vil ha bruk for ein riaa som harmonerer godt med ALLE pickupar, noko som er bra, for ein slik riaa er vanskeleg å finne, og kostar nesten hjarteblod.
Dersom ditt utgangspunkt er å finne ein svært god riaa som gjer deg i stand til å velje mellom alle snadder-pickupar på marknaden, bør du vurdere ASR, Trichord Delphini eller kanskje Clearaudio Balance, dersom du er glad i musikk med krafige dynamiske uttrykk.
Om du ikkje er innstilt på å bruke fullt så mykje pengar, men likevel vil ha høg kvalitet, har vi Rega og Creek sine utgåver. Rega har nok litt meir nøytral tonalbalanse og betre dynamiske kvalitetar, men også den ulempa at du må velje mellom ein MC eller ein MM-modell. Her har vi altså prøvd MC-utgåva, og den fungerer svært godt med dei rette pickupane. Samanliknast desse to, er det skilnad på klangbalansen, og det er din personlege smak når det gjeld dette som bør avgjere. Elles er Creek den rimelegaste og mest allsidige, så om du ynskjer å eksperimentere litt, er dette tingen.
Eg burde kanskje ikkje nemne det, sidan eg er den stolte eigar. Men det har vore svært interessant å bruke ein 18 år gammal forforsterkar som referanse, og sjå at denne i høgste grad framleis hevdar seg mellom det aller beste eg kunne få tak i. Kvart år lurer eg på om eg ikkje burde selje denne gamle greia, medan eg endå kunne få nokre kroner for han. Men det vert ikkje denne gongen heller. Eg finn det naturleg å minne om at det finnest ein masse bruktutstyr som sikkert vil vere rimelege kjøp. Hugs likevel at det er avgjerande for ein riaa at han er i samsvar med utstyret elles, spesielt pickupen.
Skal det verte fleire artiklar om riaa, ber eg om tips på aktuelle produkt for utprøving. Men helst slike produkt som finnest i handelen i dag. Det er ille nok å ha ein eksotisk, eldegammal SP 10 som referanse om eg ikkje skal finne noko endå eldre....

Lest 11106 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.