Wednesday, 10 May 2017 19:35

Den nye vinen – to MM-pickupar frå Audio Technica på test Featured

Written by

Det er lett å la seg begistre av alt nytt. Og i pickupjungelen har eg ikkje greidd å finne ei erstatning for det eg har sett på som den beste moving magnet-konstruksjonen eg har fått skikkeleg til, den for lengst utgådde Audio Technica AT 170 ML. Mykje betre enn 150 ML og 440. Men no...

 

Som dei fleste andre brukte eg mm-pickupar dei fyrste åra, før det vart tilgjengeleg fornuftige alternativ. Sjølv om eg etter kvart vart avhengig av MC har det aldri vore heilt svart-kvitt. Det finnest kjempegode MM-konstruksjonar. Ein Shure V-15 med moderne nål, eller ein Grace F9 har fine kvalitetar. Ein sparar også store summar ved å sleppe investeringar i riaatrinn med dei krevjande spesifikasjonane som må til for å ha skikkeleg glede av ein MC.  Eg har vore svært glad i AT170ML også fordi han oppfører seg eksemplarisk i enkle og rimelege armar, og har ikkje prinsesse-på-ert-tendensar i det heile.

Audio Technica er nok den største pickupprodusenten i verda. Og dei er gode, trass i at dei er mest kjende for modellar i den «fornuftige» prisklassen. Klassikaren AT95 er av mange rekna for å vere ekstremt mykje for pengane (ikkje alle er einige i dette, vel å merke). Men no ser det ut som firmaet har ambisjonar også i dei tøffare prisklassane. Og det er klart at Audio Technica med si lange erfaring og sine potensielle stordriftsfordelar burde kunne gjere det godt også her. Eg har til dømes latt meg begeistre over dei nye (og dyraste) modellane i MC 33-serien i den grad at eg berre måtte ha både PTG/II og SA-modellane. Så det er klart at det er spennande når det også kjem ein ny generasjon med MM-modellar. Eg har fått prøve to frå den nye generasjonen; toppmodellen VM760SLC til nesten 7000 kr (trur dette er den dyraste MM-pickupen som er på marknaden for tida, iallfall eit klart brot på Audio Technica sin prisstrategi fram til no), og den  langt rimelegare VM740ML, som kostar under det halve.

 

Ulikskapar

Reint visuelt er det berre fargen på pickupnålehusa som skil dei to modellane, der 760 har fått ein seriøs svartfarge, har 740 fått ein hissig raudfarge. Og kanskje sjølve pickupane er ganske like? Det går nemleg an å montere 760-nåla på 740-pickupen. Kanskje ein god ide, for det som verkeleg kostar, er nåleslipinga. Pickupane har identiske data, bortsett frå at 760 har litt betre kanalseparasjon  (30 mot 28 dB). Lik nålefane har dei også, men når det kjem til slipinga av diamanten, står «ML» for den relativt rimelege, om enn gode «Micro Linear». Betalar du dobbelt så mykje, får du altså «SLC», som står for «Special Line Contact» som mellom anna hevar frekvensresponsen. Dessutan verkar det som denne har nokre musikalske fortrinn det er verd å merke seg. No skal eg ikkje driste meg ut på ein lang og forvirrande artikkel om dei mange nåleslipingane som er på marknaden, for det er mange alternativ og mange sterke meiningar. Men det er verd å merke seg at krevjande og kostbare slipingar også gjev gevinst, spesielt om du har ein pickuparm som opnar for at desse slipingane får syne potensialet sitt.

 

Vi har noko liknande med dei to toppmodellane i AT33-serien, der eg ikkje greidde å bestemme meg, og måtte kjøpe både PTG/II (med mikronlinær sliping i ekstra lita utgåve) og SA (med ekte Shibatasliping). Den lydlege skilnaden mellom desse to pickupane er markant, og fører til ein meirkostnad på over tre tusen kroner mellom dei. Likevel er begge variantane såpass musikalsk tilfredsstillande, på kvar sin måte, at eg altså ikkje kunne bestemme meg, og kjøpte begge to.

 

 

Attende til 740 og 760

Her stiller ting seg noko annleis enn forholdet mellom dei to MC-pickupane i 33-serien. 760 er ein god del meir elegant når det gjeld klangbalanse, og er spesielt finare og meir nyansert når det gjeld utklinging i toppoktavane. Bassresponsen verkar dessutan ein del meir markant, og ved direkte samanlikning i min arm kan det verke som veslebror 740 held litt att i dei djupaste frekvensane, og når Virgil Fox si direktegraverte orgelplate setjast på, er det ganske tydeleg kven som er storebror.  760 er i det heile ein svært harmonisk pickup når det gjeld klangbalanse, og eg kjem faktisk ikkje på nokon MM-pickup som eg kan hugse har vore betre på dette feltet.

Det er også ei fryd å høyre at 760 gjer det så godt når det gjeld perspektiveigenskapar. Dette er eit av felta der du normalt må basere deg på MC-konstruksjonar for å få det skikkeleg bra. Men her er truleg endeleg erstatninga for min gamle favoritt AT 170 ML. Dynamisk nyanseringsevne og evna til å verkeleg sparke i frå er også til stades, og sporingseigenskapane er ekstreme – det sporast 100µ på ein sjølvsagt måte. 1812 på Telarc måtte også prøvast, og dette enda med at siste kanonskotet satt som ei kule. Så her har vi altså ein verkeleg godsak på alle måtar. Einaste atterhaldet må vere at du sannsynlegvis er avhengig av ein ganske god arm for å få ut det fulle potensialet. 

740 er likevel ikkje noko sinke på nokon som helst måte. Sporingseigenskapane er utmerka, og 90µ testplata går heilt fint. Fleirtalet av kvalitetspickupar sporar ikkje såpass, og 100µ er noko du aldri får bruk for i praksis. Også her er det svært gode perspektiveigenskapar, og eg kan ikkje utan vidare seie at 760 gjer det vesentleg betre på andre felt enn akkurat denne homogene klangbalansen og den fine evna til å nyansere.

 

AT MM eller MC? Kva skal du velje?

No fekk eg gjere direkte samanlikningar med dei fire AT-pickupane eg disponerte. For meg var valet enkelt. Med ein topp vinylrigg vert det nok slik at MC vinn kvar gong, om du då ikkje held 760 sine meisterlege 100µ sporingseigenskapar for å vere det viktigaste. (du har då også AT33PTG/II som klarer det same).  

Alle fire spelar 1812-overtura (om enn ulikt), og alle fiksar dei musikalske utfordringane på ein glimrande måte. Alle sporar minst 90µ, altså meir enn det som skal til for å unngå problem av noko slag. Den billege 740 er nok den svakaste i følgjet når det gjeld dynamisk nyanseringsevne, klangbalanse og perspektiveigenskapar, men han er langt frå dårleg på desse felta.  Det heile kokar ned til eit spørsmål om kor stor investering du er villeg til å gjere.  For alle desse fire pickupane leverer svært mykje for pengane.

 

Konklusjonar:

Eg kunne nok langt på veg levd godt saman med VM760SLC, sjølv om eg erfarar at MC-konstruksjonane frå same produsent er hakket betre, iallfall i mitt oppsett. No kan det seiast at 7000 kroner er ganske mykje for ein MM-pickup. Men denne går rett inn i ein nomal 47 kOhm MM platespelarinngang, og dersom du ser på kva du må betale for ein MC-konstruksjon av høg klasse, og ikkje minst for den riaaen som krevjest i ein slik samanheng, kjem du svært langt i lydkvalitet for vesentleg mindre investeringar. Såleis er VM760VLC lett å ha med og gjere, og ein klar kandidat til tittelen «beste MM-pickup». Einaste du må vere sikker på, er at armkonstruksjonen din held mål. Ein japansk 70-talsspelar med standardarm vil sjeldan halde tritt med AT VM760 VLC, for dette er eit krevande rasedyr, som forlangar mykje, men som også leverer, nesten like flott og sjølvsagt som dei to MC-variantane AT 33 PTG/II og SA. 

Då har vi alternativet AT VM740ML. Sjølv om han ikkje har like mykje av dei kvalitetane storebror 760 har, er det ein langt rimelegare pickup, som gjer ein framifrå jobb til prisen. Med ei god ML-sliping vil han for mange vere eit fullgodt alternativ. Eg har berre prøvd han i min ganske så brutale Kuzma 12-tomsarm, men trur ut frå diamantslipinga at det er lett å få 740 til å fungere godt også i rimelegare armkonstruksjonar. 

 

 

Read 9775 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.