Billettar kan tingast på vossjazz.no. Du kan velja mellom festivalpass (kr. 2050,-), dagskort (rundt tusenlappen alt etter dag), -og huskort, som gjeld kveldskonsertane på Park Hotell. Vidare kan du kjøpa einskiltbillettar. Merk at til sume av konsertane må du kjøpa plassbillett, pågangen er stor i år, med rekordsalg av billettar.
Fredag brakar det laust med Salif Keita, Karl Seglem, Susanne Lundeng, Kaada/Storløkken og mange andre.
Laurdag kan du høyra tingingsverket med jazzaren og rockaren Hedvig Mollestad frå Ålesund; på kveldstid er trekkplasteret Aurora.
Ingen fred å få sundagen heller, med tilskipingar alt frå kl. 11, til Frida Ånnevik går på scena som sistekvinne kl. 20.30. Konsertane er stort sett konsentrert kring Gamlekinoen og Park Hotell, med behageleg gangavstand i mellom. Verdamene har meldt flott ver. Velkomne til Voss!