Tuesday, 03 May 2005 23:00

Technics SL 1200 GLD

Written by

For nesten 30 år sidan, då eg fekk interessa for hifi, var Technics den definitivt største produsenten av platespelarar. Dei hadde drøssevis av modellar, heilt frå billege, reimdrivne opp til den fantastiske SL 1000. Technics var tidleg ute med direktedrift, og var lenge best på dette, Alle seriøse modellar derifrå var med å definere kva som var ein god platespelar.
Til discobruk har SL 1200 vore referanen i 30 år, og har levert gullfarga jubileumsmodell. Kan denne brukast til seriøs hifi?

 

Av Arve Åheim, 04.05.05

I tida før CD kom mellomklasse-spelarane frå Technics i mange variantar. Det kunne skaffast ein fullstendig manuell SL1500, halvautomatiske (dvs. automatisk armretur på slutten av plata) SL 1400, og fullautomatiske SL 1300, alle med same, halvtunge arm (bortsett frå SL 150, som var eit reint drivverk der du måtte sette på arm sjølv).

Og så var det SL 1200 – DJ-versjonen, litt meir robust enn dei til heimehifi. Denne er framleis i handelen, slik han har vore alle desse åra, nesten uforandra, og til ein pris som tilseier at alle utviklingskostnadar for lengst er nedbetalte. 
Eg har prøvd spelaren i ein del samanhangar, men ikkje på femten år. Eg hugsar frå då eg samanlikna at SL 1200 ikkje så god som min gamle SL 1000 II, men likevel ein svært robust og skikkeleg spelar som hadde ein del finessar berre DJ-ar hadde bruk for, men som var sterkare og tyngre enn heimeversjonane, ein arbeidshest det finnest mange av rundtomkring. Meir solid enn min aller første seriøse spelar SL 1500, som såg nesten identisk ut, men var litt lettare, litt meir plastikk.

 

Utsjånad og funksjonar
Då eg tok kontakt med Audio-Media i Oslo som i dag distribuerer Technics for Pamasonic, fekk eg tilsendt ei hyggjeleg overrasking.  Produsenten feirar at spelaren har vore levert så lenge utan endring, så det kom ein 30 års jubileumsmodell med gullforgylt arm og metalldeler, svart pianolakk og blå dioder. Sjølv om det lyser litt disco, er dette ein skikkeleg estetisk sak, som eg gjerne kunne ha ståande i stova utan å skjemmast.

Armen er litt meir forseggjort enn tidlegare modellar, her er ein lås for armhøgda. Når armen er ferdig justert, bør denne låsast. Du merkar betre dynamikk og fastare grep i bassen når du gjer dette. Armhøgda justerer du enkelt ved å dreie på basehjulet, og du tilpassar direkte pickuphøgd frå 17 til 23 mm, altså dei aller fleste pickupar. Er du forsiktig, kan du gjere dette medan pickupen er på plata. Still inn høgda slik at pickupen ser ut til å vere nokonlunde parallell med plata. Så skrur du opp eller ned til du merkar betre diskantattgjeving (det er best å bruke øyretelefonar for å høyre dette skikkeleg). Deretter sjekkar du at dette ikkje går ut over sporinga - bruk testplate. Når du er ferdig, låser du armen.

Anti-skating er av vanleg, god kvalitet, altså bør du ikkje stole fullstendig på skalaen, men bruke ei testplate. Antiskating er aldri råd å få 100% på ein radialarm, og du må gjere kompromiss. Normalt brukar eg ei plate utan riller, og om armen ikkje dreg seg innover frå ytterkanten, og ganske forsiktig frå midten, er eg fornøgd.

Eit ekstra lodd til å montere i pickuphuset er også med. Dette aukar massen til armen, utan at det påverkar stabiliteten. Det er nyttig når du vil arbeide med pickupar som krev skikkeleg tung arm. Fint ved bruk av Denon, men om du t.d. har Yamaha MC 7, klarar du deg godt utan. Du kan gjerne eksperimentere, men hugs å etterjustere stifttrykket. Når loddet er borte, må du utbalansere på nytt for å finne 0 på skalaen. Dette er svært enkelt, men gløym det ikkje.

Du ser det runde loddet fastskrudd på toppen av pickupshellet. Her med Denon DL 160 i arbeid, som altså helst ikkje skal ha dette loddet påmontert. Claraudio sin dyraste platestrammar i bakgrunnen.

Ein spesialfunksjon for ”scratcing” (spesiell DJ-teknikk) har eit eige hjul på indre bakside av armopphenget. Dette skruast mot klokka så langt som råd, dersom du har hifi-føremål. Diverre er denne saken i vegen for den som vil bruke det spesielle armdempesystemet, som eg omtalar seinare.

Ein sjablong i plast gjer pickupskifte til ein draum. Du berre tar av pickuphuset, monterer fast pickupen og koplar til leidningane i ro og mak. Langt enklare enn på dei fleste moderne armar med fast pickuphus. Deretter passar du på at pickupen har rett overheng (avstand frå stift til armbase) med malen. Ein liten tagg peikar på punktet der nåla skal vere. Så er det berre å montere pickuphuset på armen. Utbalanser tonearmen, og nullstill skalaen på armloddet. Deretter skrur du heile loddet til skalaen syner korrekt stifftrykk (ta alltid høgste stifftrykk som pickupprodusenten tilrår som utgangspunkt). Juster armhøgda med hjulet på armbasen, og lås dette når du er fornøgd. Så enkelt er det (dvs. dersom du har ein svært kritisk pickup, må du sjekke overhenget ein gong til – malen er 99% korrekt, men tidlegare erfaringar (m.a. med VdH MC 10) var det ørlite å hente på å vere endå meir kritisk.

Armhøgda justerast like enkelt som å fokusere eit kameraobjektiv. Du berre vrir på kransen på armsokkelen, og låser når du er fornøgd. Legg også merke til dei mange, blå diodane på pitchkontrollen. Pitch kan justerast langt ut over kva eg finn fornuftig.......

Tallerkenen er ein god del tyngre enn det eg hugsar frå min gamle SL 1510 mk II, og det skuldast ein ekstra ”brønn” under, som må ha med den raske starten og stoppen å gjere. Dette går nesten like godt som gamle SL 1000 MK II, som har ein meir komplisert ordning med ei bremsereim som skal ha korrekt stramming. Denne raske start og stopp gjer at du aldri gidd skifte plater ”i fart”, noko som ganske sikkert fører til at du har mindre plateslitasje samanlikna med ein beltedriven spelar.

Det er ein del meir eller mindre nyttig ekstrautstyr på denne DJ-spelaren. For den som likar å spele til låtane på plata, og vil sleppe å stemme gitaren (eller kanskje spesielt pianoet), kan ein regulere pitch slik at platespelaren stemmast i staden. Du kan også lage ”smurfe-lyd”, eller glissando-aktige effekter. Men pass pickupen om du har lyst til sånt. Her skal du vere DJ-orientert, for dette har ingen verdi for hifi-folket.

Eit lite stroboskop med raudt lys gjer at du kan sjekke om platetallerken dreier 100% rett, og det gjer han alltid (når du ikkje brukar pitchkontrollen. Eigentleg unødvendig, men for dei med paranoidgehør er det OK å til ei kvar tid vere sikker).

Det raude lyset lyser opp punkta på platetallerkenen. Ut frå 50 Hz (eller også 60 Hz om du bur i USA)-nettfrekvensen, vil du oppleve at punkta "står i ro" om rotasjonen er korrekt. Her er for både 33 1/3 og 45 r.p.m.

 

Dessutan er det eit blått lys du kan få til å sprette opp, som lyser opp pickupen. Svært greitt når du skal sette pickupen i rilla eller blåse støv av stiften når det er lite lys i rommet. Men kvifor blått lys, eigentleg?

 

Lyden
Det mest spesielle lydmessige med dette drivverket, er dynamikk og timing. Slikt nivå som dette, finn du berre på dei aller beste reimdrivne spelarane, og då snakkar vi om ting til mangedobbel pris. Har du rette pickup på her (vi skal sjå på dette), er du tett på fyrstedivisjon til ein pris som eigentleg er sensasjonell. Det er den enklaste sak av verda å synleggjere kva som er vitsen med vinyl om du har den rette kombinasjonen. Men dei direktedrivne platespelarane har nesten alltid ein viss eigenlyd, eit svakt metallisk sus du ikkje legg merke til ved AB-utprøving, før du lyttar over lang tid. Det sjenerer nesten ikkje, med mindre utstyret ditt er utprega analytisk og har sterk fokus på øvre mellomtone og diskant, men om du nettopp har superdiskantar og ein pickup av det råaste slaget på mikrodetaljar, er dette slikt som gjer at du kan få lyst på nettopp ein av dei verkeleg gode reimdrivne spelarane som du får frå 40 000 og oppover. Men det finnest ein kur som hjelper litt på dette.

Tips om ekstrautstyr:
Platter Matter er ei tjukk, karamellbrun matte i ein litt spesiell gummiblanding. Opprinneleg var denne utvikla i samband med Oracle-platespelaren, og vart så tilgjengeleg under dette namnet. Den er ørlite konkav, og dessutan litt klebande, slik at plata vert liggande klistra til ho, når du brukar platestrammar. Her må du vere litt kritisk, for til bruk saman med direktedrivne platespelarar bør du ikkje ha slik strammarar som fester seg til sentertappen. Dei plukkar opp litt av den metalliske eigenlyden. Sjølv om PlatterMatter fjernar mykje av denne, er det betre å bruke ein strammar som baserer seg på å tynge plata ned med vekt. Unngå difor Clearaudio sin rimelege platestrammar i plast og Michell sin elles utmerka strammar som skrur seg fast til senterspindelen. Clearaudio har tunge strammarar som fungerer svært godt, og det er lite fare for at SL 1200 skal få problem med lageret av denne ekstra vekta. Ved bruk av dette, kan SL 1200-eigaren nyte kirsebæra sine saman med dei han vil.
For den som ynskjer å bruke pickupar som ikkje er optimale med omsyn til komplianse, finnest det ein hendig, liten dempesak som skal monterast på staget på pickuparmen der armliften skal kvile. Ein liten brønn fyllast med dempegugge. Eg fekk tilsendt ein slik, og prøvde den berre med ei svært seig silikonolje. Denne greidde å få DL 160 til å spore 10 my betre. Denne fekk eg tilsendt frå nicknamet Ha_Ha på hifisentralen som hadde direkteimportert frå USA. Diverre passar ikkje denne godt på akkurat den SL 1200-versjonen eg hadde, fordi armen var utstyrt med ein skrue som stod i vegen. Eg fekk prøve dempinga på nokre kutt, men ikkje med fleire dempeoljer o.l. som eg gjerne ville. Ulik viskositet i ulike oljer (og vatn, kanskje endå til vaselin og andre feittstoff?) vil gjere at du kan få ulik grad av demping av resonansar i arm/pickupkombinasjon.

Ein slik dempesak kan ein også lage sjølv (ein kompis av meg med det noverande nicket ”Multikanal” på hifisentralen, lagde ein godt fungerande sak til ein Formula 4-arm for mange år sidan). Det beste er å ha ein pickup som passar i armen utan eit slikt arrangement, men kombinasjonen med DL 160 er elles så god at ein dempeordning løfter riggen til eit kvalitetsnivå som ikkje er å tru. Før du bestiller denne demparen, bør du sjekke om armen er utstyrt med den spesielle dj-scratch demperattet. Har du ein eldre modell utan dette, er alt ok.
Det ser greitt ut på fotoet, men karet med dempestoff står lit på skeive, og eg fekk ikkje spele heilt plata. Men den vesle "åra" som er fastskrudd på liftanlegget, fungerte greitt så langt eg kunne prøve det ut. Sjølv om dette er spesiallaga for SL 1200, var det altså skilnad på denne utgåva sin arm og standardmodellen. Sjekk om denne DJ-skrætsj-skruen står i vegen på din spelar før du evt. bestiller. Men systemet funkar.

 

Pickupalternativ
Eg tok til å skrive om nokre pickupalternativ, og dette vart så omfattande at det må komme i eigen artikkel. Eg nøyer meg her med å nemne erfaringane med dei to billegaste Denon-pickupane, og tidlegare erfaringar eg har gjort med DL 103D.

DL 160
Dette var ein klangmessig kanonkombinasjon! Også når det gjeld oppløysing gjorde DL 160 ein fantastisk jobb, og når ein i tillegg tenkjer på prisen, og at det høge utgangssignalet på 1,6 mV gjer at pickupen ikkje treng MC-stepup, er det eit svært spennande alternativ. Ettersom kompliansen er på 10, er det best å lette pickupshellet det du kan. Eg brukte det gamle Zeepa-shellet i ultralett karbonfiber, med godt resultat, men sjølv her spora ikkje 160 betre enn 70 my. Men likevel var det lydlege totalresultatet så godt at det ikkje er mykje å stusse på saman med SL 1200. Berre på svært krevjande plater kjem det fram at sporingseigenskapane ikkje er heilt topp. Klangkarakteren er nok litt for rosenraud, men du verda, kor flott dette høyrest ut når du gjer direkte samanlikningar med CD. Her tek du glatt sjølvtilliten frå hi-tech-gutane.

DL 110
Denne pickupen er ei litt røffare utgåve enn 160, og har litt mindre komplianse, 8. Den fungerer heilt greitt i SL 1200-armen, og sporer 80 my utan vidare på tilrådd stifttrykk. Klangmessig er denne ein del mørkare enn 160, og oppløysinga litt mindre. Kanalseparsjonen på mitt eksemplar var heller ikkje topp, eg måtte skru balansekontrollen ein god del før sentrum vart i midten. Men ut over dette er det ein fantastisk pickup, og om anlegget ditt er litt hi-tech og overanalytisk, eller du spelar mykje symfonisk musikk med mykje dynamikk, er dette eit betre val enn storebror 160.

DL 103
Denne pickupen finnest i fleire utgåver, men den vanlegaste er "berre 103". Denne har ein komplianse på 5, og eit utsignal på 0,3 mV. Det medfører at du treng MC-stepup, og at SL 1200-armen bør utstyrast med ekstra vektlodd på pickuphuset. Då eg prøvde denne kombinasjonen på 80-talet, var det om lag like bra som i min SL 1000 II-rigg, bortsett frå at bassattgjevinga var strammare der, men utan at bassen på nokon måte verka svekka på SL 1200. Dette har sikkert samanheng med EPA-100-armen sitt magnetiske dempesystem, som strammar opp utan å gjere nivåskilnadar. Effekten er ganske lik det du finn ved å bruke Soundcare under høgtalarane.
Eg har fått tilbakemelding frå lesarar som er svært godt fornøgde med noverande DL 103, så dette er ein kombinasjon eg også i dag føler meg trygg på å gå god for, sjølv om eg ikkje fekk høve til å prøve det ut denne gangen. Elles trur eg at SL1200 vil gjere ein god jobb med mange av dei litt tyngre MC-pickupane som kom utover 80-talet og framover, men også MM-pickupar frå Grace, Micro-Acoustic, AKG og fleire som ikkje stiller krav om at armen må vere lett.

 

Konklusjon
Klassikaren SL 1200 er høgst oppegåande, og er eit tankevekkjande alternativ til dei som trur digitalalderen har vore ein lydmessig revolusjon. Som ny spelar til under 6000 kr er dette eit godt og rimeleg alternativ i det kvalitetsnivået som elles normalt startar i prissegmentet rundt 10 000 kroner. Det finnest dessutan stadig slike spelarar på bruktmarknaden. Det skal heller ikkje vere særleg vanskeleg å få tak i reservedelar. Saman med ein Denon pickup er dette beste kjøp i prisklassen!

 

 

 

 

 

 

 

Read 11105 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.